Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
Tre år med revolusjon og borgarkrig i Russland har synt at dersom ikkje det sentrale Russland og grenseregionane støttar einannan, vil det vera uråd å vinna sigar for revolusjonen og frigjera Russland frå klørne til imperialismen. Sentral-Russland, eldstaden til verdsrevolusjonen, kan ikkje halda ut lenge utan hjelpa frå grenseregionane som har rikeleg med råvarer, brennstoff og matvarer. Grenseregionane i Russland vil i sin tur verta uomgjengeleg dømde til imperialistisk trældom utan den politiske, militære og organisatoriske støtta frå det meir utvikla sentrale Russland. Dersom det er rett å seia at det høgre utvikla proletariske Vesten ikkje kan gjera ende på verdsborgarskapet utan støtte frå bonde Austen, som er lågare utvikla, men som har rikeleg med råvarer og brennstoff, er det like rett å seia at det høgre utvikla sentrale Russland ikkje kan føra revolusjonen til endes utan støtte frå grenseregionane i Russland, som er lågare utvikla, men som har rikeleg med vesentlege ressursar.
Ententen rekna utan tvil med dette tilhøvet frå dei aller fyrste dagane i livet til sovjetregjeringa, då han (Ententen) fylgde planen med økonomisk innringing av Sentral-Russland ved å skjera bort dei viktigaste grenseregionane hennar. Og planen med økonomisk innringing av Russland er framleis det uendra grunnlaget for alle felttoga Ententen fører mot Russland, frå 1918 til 1920, for ikkje å rekna med intrigane han driv no i Ukraina, Aserbajdsjan og Turkestan.
Det vert difor så endå mykje viktigare å få til ein fast union mellom sentrum og grenseregionane i Russland.
Ut frå dette veks trongen for å få skipa heilt klåre samband, faste band mellom sentrum og grenseregionane i Russland som kan tryggja ein nær og ubrytande union mellom dei.
Kva slags samband må dette vera, kva former må dei taka?
Med andre ord, kva er politikken til sovjetregjeringa i det nasjonale spørsmålet i Russland?
Kravet om lausriving av grenseregionane frå Russland, som forma for sambandet mellom sentrum og grenseregionane, må avvisast, ikkje berre av di det står i motstrid til sjølve formuleringa av spørsmålet om å oppretta ein union mellom sentrum og grenseregionane, men fyrst og fremst av di det står i grunnleggjande motstrid til interessene til folkemassen, både i sentrum og i grenseregionane. Bortsett frå at lausriving av grenseregionane ville undergrava den revolusjonære krafta til Sentral-Russland, som kveikjer rørsla for frigjering i Vesten og Austen, ville dei lausrivne grenseregionane uomgjengeleg falla i den internasjonale imperialismen sin trældom. Ein treng berre sjå på Grusia, Armenia, Polen, Finland osb., som har rive seg laus frå Russland, men som berre har fått halda på eit tilsynelatande sjølvstende og i røynda er vortne omskapte til vilkårslause vasallar(1) under Ententen. Ein treng til sist berre å minnast det nyare dømet med Ukraina og Aserbajdsjan, den fyrste vart plyndra av tysk kapital og den siste av Ententen, for å skjøna den heilt ut kontrarevolusjonære karakteren av kravet om lausriving av grenseregionane under dei rådande internasjonale tilhøva. Når det utviklar seg ein strid på liv og daude mellom det proletariske Russland og den imperialistiske Ententen, finst det berre to moglege resultat for grenseregionane:
Anten går dei saman med Russland, og då vil dei arbeidande massane i grenseregionane verta fridde frå imperialistisk undertrykking, eller så går dei saman med Ententen, og då er åket til imperialismen uomgjengeleg.
Det finst ikkje nokon tredje kurs.
Det såkalla sjølvstendet til det såkalla sjølvstendige Grusia, Armenia, Polen, Finland osb., er berre ein illusjon, og gøymer unna at desse dårlege etterlikningane av statar heilt og fullt er avhengige av den eine eller den andre gruppa av imperialistar.
Sjølvsagt har grenseregionane i Russland, nasjonane og rasane som bur i desse regionane, same ukrenkjelege retten som andre nasjonar til å riva seg laus frå Russland og dersom nokon av desse nasjonane med fleirtal vedtok lausriving frå Russland, slik Finland gjorde det i 1917, ville Russland venteleg vera nøydd til å merkja seg dette og godkjenna lausrivinga. Men spørsmålet her står ikkje om nasjonane sine rettar, som er heva over tvil, men om interessane til massane i folket både i sentrum og i grenseregionane. Det er eit spørsmål om karakteren av agitasjonen partiet vårt må driva – og denne vert avgjort av desse interessane – dersom det ikkje vil gje avkall på sine eigne prinsipp, og dersom det ynskjer å påverka viljen til dei arbeidande massane i nasjonalitetane i ei viss lei. Og massane sine interesser gjer kravet om lausriving av grenseregionane til eit gjennomført kontrarevolusjonært krav på det noverande stadiet i revolusjonen.
Likeeins må det som er kjent som kulturnasjonalt autonomi, avvisast som ei form for union mellom sentrum og grenseregionane i Russland. Røynsla frå Austerrike-Ungarn (fødestaden til kulturnasjonalt autonomi) gjennom dei siste ti åra har avslørt kor heilt ut forbigåande og ikkje leveført kulturnasjonalt autonomi er, som form for allianse mellom dei arbeidande massane i nasjonalitetane i ein fleirnasjonal stat. Springer og Bauer, opphavsmennene til det kulturnasjonale autonomiet, som no vert stilte andsynes nederlaget for det lurt uttenkte nasjonale programmet sitt, er levande stadfestingar på dette. Og til sist, sjølve forkjemparen for kulturnasjonalt autonomi i Russland, det ein gong vidgjetne Bund, måtte nyst offisielt vedgå kor overflødig kulturnasjonalt autonomi er, og sa offentleg at:
«Kravet om kulturnasjonalt autonomi, som vart sett fram under det kapitalistiske systemet, misser meininga under vilkåra til ein sosialistisk revolusjon.» (sjå Den tolvte konferansen til Bund, 1920, s. 21).
Då står regionalt autonomi for grenseregionar som skil seg ut med ein særskild levemåte og nasjonal samansetjing, att som den einaste høvelege forma for union mellom sentrum og grenseregionane, eit autonomi som har som mål å knyta saman grenseregionane i Russland og sentrum med eit føderalt band. Dette er sovjetforma for autonomi, som vart utropt av sovjetregjeringa frå dei aller fyrste dagane ho fanst. Og denne vert no sett ut i livet i grenseregionane i form av administrative kommunar og autonome sovjetrepublikkar.
Sovjetautonomi er ikkje noko fastlåst, som er fastlagt ein gong for alle. Det tillet dei mest ulike former og utviklingsgradar. Det går frå trongt administrativt autonomi (Volga-tyskarane, tsjuvasjane, karelarane) til eit vidare, politisk autonomi (basjkirane, Volga-tatarane, kirgisarane), frå vidtgåande politisk autonomi til ei endå meir vidtgåande form (Ukraina, Turkistan), og til sist frå det ukrainske slaget av autonomi, til den høgste forma for autonomi – til avtalebundne samband (Aserbajdsjan). Denne tilpassingsevna til sovjetautonomiet er ein av dei største føremonane det kan visa til, for denne tilpassingsevna gjer at det evnar å femna om alle dei ulike slaga av grenseregionar i Russland som skil seg svært mykje frå einannan, når det gjeld nivået i kulturell og økonomisk utvikling. Dei tre åra med sovjetpolitikk i det nasjonale spørsmålet Russland, har synt at sovjetregjeringa med å nytta sovjet-autonomi i ulike former er på rett veg, for det er berre denne politikken som har gjort det råd å opna vegen til dei mest avsides hjørna i grenseregionane i Russland, å vekkja dei mest tilbakeliggjande og nasjonalt ulike massane til politisk aktivitet, og å knyta desse massane samen med sentrum med dei mest ulike slag band – eit problem inga regjering elles i verda har løyst, eller eingong har sett seg føre å løysa (av di dei er redde for å gjera det!). Den administrative nyoppdelinga av Russland på grunnlag av sovjetautonomi er enno ikkje vorten fullført. Nord-kaukasarane, kalmykkane, tsjeremisane, votjakane, buijatane og andre ventar framleis på at dette problemet skal verta løyst. Men same korleis det administrative kartet i det framtidige Russland kjem til å sjå ut, og same kva manglar det har vore på dette området – for ein del manglar har det visseleg vore – må ein vedgå at Russland med å gjennomføra ei administrativ nyoppdeling på grunnlag av regionalt autonomi, har teke eit stort steg mot å fylka grenseregionane rundt det proletariske sentret, og å få nærare kontakt mellom regjeringa og dei breie massane i grenseregionane.
Men å utropa denne eller hi forma for sovjetautonomi, å ferda ut tilsvarande lover og påbod, og tilmed å skipa regjeringar i grenseregionane i forma av regionale råd av folkekommisærar i dei autonome republikkane, er likevel så langt frå nok til å grunnfesta unionen mellom grenseregionane og sentrum. For å grunnfesta denne unionen trengst det fyrst og fremst at ein gjer ende på framandgjeringa og isoleringa for grenseregionane, på den patriarkalske(2) og ukultiverte levemåten deira og på mistilliten dei har til sentrum, som framleis står ved lag i grenseregionane som ein arv etter den brutale politikken til tsarismen. Tsarismen dyrka med vilje fram patriarkalsk og føydal undertrykking i grenseregionane for å halda massane i trældom og vankunne. Tsarismen busette med overlegg dei beste områda grenseregionane med kolonistelement for å tvinga massane av dei innfødde nasjonalitetane bort til dei verste områda, og for å styrka nasjonalt kiv. Tsarismen innskrenka og heldt stundom rett og slett nede skular, teater og utdanningsinstitusjonar for dei innfødde for å halda massane i vankunne. Tsarismen gjorde til fånyttes alt initiativ hjå dei beste medlemmane av den innfødde folkesetnaden. Og endeleg undertrykte tsarismen all verksemd hjå massane i grenseregionane. Med alle desse rådgjerdene poda tsarismen inn ei djup mistru mot alt russisk mellom massane av dei innfødde nasjonalitetane, ei mistru som til tider gjekk over til beinveges fiendskap. Dersom unionen mellom Sentral-Russland og grenseregionane skal verta grunnfest, må ein få fjerna denne mistrua og skapa ein atmosfære med innbyrdes forståing og brorskapleg tillit. Men for å fjerna denne mistrua må vi fyrst hjelpa massane i grenseregionane til å frigjera seg frå leivningane etter den føydal-patriarkalske undertrykkinga. Vi må i praksis, og ikkje berre i ord, avskaffa alle særrettane til kolonistelementa. Vi må la massane sjølve få oppleva dei materielle føremonene revolusjonen gjev.
Stutt sagt må vi prova for massane at det sentrale, proletariske Russland forsvarer deira interesser, og berre deira. Dette må ikkje berre provast med tvangstiltak mot kolonisatorane og dei borgarlege nasjonalistane, tiltak som ofte er heilt uskjønelege for massane, men fyrst og fremst med ein prinsippfast og nøye gjennomtenkt økonomisk politikk.
Alle kjenner liberalarane sitt krav om pliktig allmennutdanning. Kommunistane i grenseregionane kan ikkje stå lengre til høgre enn liberalarane, dei må setja i verk allmenn skulegang der dersom dei ynskjer å gjera enda på vankunna til folket og dersom dei ynskjer å skapa nærare åndsband mellom sentrum i Russland og grenseregionane. Men for å gjera dette må ein utvikla lokale nasjonale skular, nasjonalt teater og nasjonale utdanningsinstitusjonar og heva kulturnivået til massane i grenseregionane. Det er knapt turvande å syna at vankunne er den farlegaste fienden til sovjetstyret. Vi veit ikkje kva framganger vi når i arbeidet vårt på dette feltet allment, men vi har fått vita at det lokale folkekommisariatet for utdanning i ein av dei viktigaste grenseregionane berre brukar ti prosent av pengane dei får på skular for lokalfolket. Dersom dette er sant, må ein vedgå at vi diverre ikkje er komne særleg mykje lengre enn «det gamle styret» på dette feltet.
Sovjetmakt er ikkje ei makt som er skild frå folket. Tvertom, det er den einaste makta i sitt slag, av di ho er runnen ut frå dei russiske massane og er nær og kjær for dei. Dette forklårer i røynda den uliknelege styrken og motstandskrafta sovjetstyret vanlegvis syner i kritiske stunder.
Sovjetmakta må verta like nær og kjær for massane i grenseregionane i Russland. Dette krev fyrst og fremst at ho er skjøneleg for dei. Difor må alle sovjetorgan i grenseregionane – domstolane, administrasjonen, dei økonomiske organa, dei beinveges maktorgana (og partiorgana og) -så langt som råd er verta rekruttert frå lokale folk som kjenner levemåten, vanane, sedane og språket til den innfødde folkesetnaden. Alle dei beste folka mellom dei lokale massane må dragast inn i desse institusjonane. Dei arbeidande massane i lokalområda må taka del på alle område for å administrera landet, irekna skipinga av militæreiningar, for at massane skal få sjå at sovjetmakta og dei organa ho har er eit produkt av deira eige strev, sjølve oppfyllinga av vonene deira. Berre på denne måten kan det verta skipa faste åndelege band mellom massane og sovjetmakta, og berre på denne måten kan sovjetmakta verta forståeleg og kjær for dei arbeidande massane i grenseregionane.
Ein del kameratar ser på dei autonome republikkane i Russland og sovjetautonomiet som ein mellombels, om enn naudsynt, uting, som på grunn av særskilde omstende måtte tolast, men som ein må kjempa mot med det for augo å avskaffa det til sist. Det er knapt turvande å visa at dette synet er grunnleggjande gale, og at det i alle høve er heilt framandt for politikken til sovjetregjeringa i det nasjonale spørsmålet. Sovjetautonomiet må ikkje verta sett på som noko abstrakt eller kunstig, endå mindre må ein sjå det som ein tom og deklamatorisk1 lovnad. Sovjetautonomiet er den mest røynlege og konkrete forma for unionen mellom grenseregionane og Sentral-Russland. Ingen vil nekta for at Ukraina, Aserbajdsjan, Turkistan, Kirgisia, Basjkir Tatarland og dei andre grenseregionane må ha lokale skular, domstolar, administrasjon og maktorgan som fyrst og fremst rekrutterer lokale folk dersom dei ynskjer kulturell og materiell velstand for massane sine. Vidare er verkeleg sovjetisering av desse regionane, det å gjera dei om til sovjetland som er nært bundne til Sentral-Russland i ein heilskapleg stat, utenkjeleg utan ein vidgreint organisasjon av lokale skular utan at det vert skipa domstolar, administrative organ, maktorgan osb., der arbeidsstokken kjenner livet og språket til folkesetnaden. Men å skipa skular, domstolar. administrasjon og maktorgan som nyttar morsmålet – det er nett å setja sovjetautonomiet ut i livet, for sovjetautonomi er ikkje anna enn den samla summen av alle desse institusjonane, kledde i ukrainske, turkistanske, kirgisiske osb. former.
Korleis kan ein etter dette på alvor seia at sovjetautonomi er forbigåande, at det må nedkjempast osb.?
Det er anten det eine eller det andre:
Anten er ukrainsk, aserbajdsjansk, kirgisisk, usbekisk, basjkirsk og andre språk ein levande røyndom, og då er det heilt vesentleg å utvikla lokale skular, domstolar, administrative organ og maktorgan som er rekrutterte frå lokalfolket – og då må sovjetautonomiet setjast i verk fullt ut og utan atterhald i desse regionane.
Eller så er ukrainsk, aserbajdsjansk og andre språk reint oppspinn, og då er det uturvande å skipa skular og andre institusjonar som nyttar det lokale språket – i så fall må ein kasta vrak på sovjetautonomiet som ubrukande skrot.
Leitinga etter ein tredje måte må skuldast anten vankunne om emnet eller forkasteleg toskeskap.
Eit alvorleg hinder for å gjera sovjetautonomiet verkeleg, er den akutte mangelen på intellektuelle krefter med lokalt opphav i grenseregionane, mangelen på lærekrefter i alle greiner av sovjet- og partiarbeidet utan unntak. Denne mangelen kan ikkje anna enn hindra både utdanningsmessig og revolusjonært oppbyggingsarbeid i grenseregionane. Men nett på grunn av dette ville det vera uklokt og skadeleg å støyta frå seg dei altfor få gruppene av innfødde intellektuelle som kanskje gjerne vil tena massane, men som ikkje kan gjera det, kanskje av di dei ikkje er kommunistar og trur at dei er omringa av ein atmosfære av mistru og er redde for at det kan koma undertrykkingsåtgjerder. Politikken med å dra slike grupper inn i sovjetarbeidet, politikken med å rekruttera dei til industrien, jordbruket, matforsyning og andre stillingar med tanke på å sovjetisera dei litt etter litt, kan nyttast med framgang. Ein kan knapt påstå at desse intellektuelle gruppene er mindre pålitande enn til dømes dei kontrarevolusjonære militærekspertane, som trass i det kontrarevolusjonære sinnelaget sitt vart dregne med i arbeidet og seinare vart sovjetiserte og hadde svært viktige stillingar.
Men å gje arbeid til dei nasjonale gruppene av intellektuelle vil framleis vera langt frå nok til å oppfylla trongen for lærekrefter. Vi må samstundes utvikla eit vidgreint system av studiekurs og skular i alle greiner av administrasjonen i grenseregionane for å skapa kadrar av lærekrefter av lokale folk. Det er klårt at utan slike kadrar vil det verta umåteleg vanskeleg å organisera lokale skular, domstolar administrative og andre institusjonar som fungerar på morsmålet.
Eit like alvorleg hinder for å setja sovjetautonomiet ut i livet, er hastverket, som ofte vert til grov taktløyse, visse kameratar har i spørsmålet om å sovjetisera grenseregionane. Når slike kameratar er frekke nok til å gje seg ut på den «heltemodige oppgåva» med å innføra «rein kommunisme» i regionar som ligg ein heil historisk tidbolk etter Sentral-Russland, regionar der mellomalderskipnaden enno ikkje er heilt avskaffa, kan ein trygt seia at det ikkje kan koma noko godt ut av slike kavalleritokt, av «kommunisme» av dette slaget. Vi vil gjerne minna desse kameratane om det punktet i programmet vårt der det står:
«RKP2 held fast ved det historiske standpunktet og klassestandpunktet, og tek omsyn til det historiske utviklingssteget ein viss nasjon er på -om han er på veg frå mellomalder til borgarleg demokrati eller frå borgarleg demokrati til sovjet- eller proletarisk demokrati, osb.»
Og vidare:
«I alle høve må proletariatet i dei nasjonane som var undertrykkjarar vera særleg varsame og ha særleg omtanke for leivningar av nasjonalkjensle hjå dei arbeidande massane i dei undertrykte eller ikkje-likestilte nasjonane.» (Sjå program for RKP).
For Aserbajdsjan til dømes tyder dette at dersom den beinveges metoden med å kverrsetja overflødig bustadsplass støyter frå oss dei aserbajdsjanske massane, som ser heimen, den heimlege eldstaden, som heilag og ukrenkjeleg, er det opplagt at den beinveges måten å kverrsetja overflødig bustadsplass må bytast ut med ein omveges, krokveges måte å nå same målet på. Eller dersom til dømes dei daghestanske massane, som er djupt innpoda med religiøse fordommar, fylgjer kommunistane «med grunnlag i Shariaen»(3), er det opplagt at den beinveges måten å nedkjempa religiøse fordommar på i dette landet må bytast ut med omveges og meir varsame måtar. Og så bortetter og så bortetter.
Stutt sagt må kavaleriraid med det føremålet å gjera dei tilbakeliggjande massane «kommunistiske straks» leggjast bort og bytast ut med ein varsam og nøye uttenkt politikk for å dra desse massane inn i den allmenne straumen med sovjetutvikling steg for steg.
Slik er allment dei praktiske vilkåra som må til for å verkleggjera sovjetautonomiet. Og om dette vert innført, vil det sikra nærare åndelege band og ein fast revolusjonær sameining mellom sentrum og grenseregionane i Russland.
Sovjet-Russland gjennomfører eit eksperiment utan sidestykke til no i verda gjennom å organisera samarbeid mellom ei rad nasjonar og rasar innanfor ein einaste proletarisk stat med grunnlag i gjensidig tillit, friviljug og brorskapleg semje. Dei tre åra med revolusjon har synt at dette eksperimentet har alle sjansar for å lukkast. Men dette eksperimentet vil vera heilt visst på å lukkast berre om den praktiske politikken vår i det nasjonale spørsmålet i lokalområda ikkje står i motstrid til krava til det sovjetautonomiet som alt er kunngjort i sine ulike former og grader, og om kvart einaste praktiske tiltak vi set i verk i lokalområda hjelper til med å gje massane i grenseregionane ein høgare, proletarisk, åndeleg og materiell kultur i former som samsvarar med levemåten og dei nasjonale draga til desse massane.
I dette ligg garantien for at den revolusjonære unionen mellom det sentrale Russland og grenseregionane skal kunna grunnfestast, og mot denne vil alle intrigane til Ententen verta knuste.
Pravda, nr. 226.
10. oktober, 1920 Underteikna: J. Stalin
Og vidare:
«I alle høve må proletariatet i dei nasjonane som var undertrykkjarar vera særleg varsame og ha særleg omtanke for leivningar av nasjonalkjensle hjå dei arbeidande massane i dei undertrykte eller ikkje-likestilte nasjonane.» (Sjå program for RKP).
For Aserbajdsjan til dømes tyder dette at dersom den beinveges metoden med å kverrsetja overflødig bustadsplass støyter frå oss dei aserbajdsjanske massane, som ser heimen, den heimlege eldstaden, som heilag og ukrenkjeleg, er det opplagt at den beinveges måten å kverrsetja overflødig bustadsplass må bytast ut med ein omveges, krokveges måte å nå same målet på. Eller dersom til dømes dei daghestanske massane, som er djupt innpoda med religiøse fordommar, fylgjer kommunistane «med grunnlag i Shariaen»(2), er det opplagt at den beinveges måten å nedkjempa religiøse fordommar på i dette landet må bytast ut med omveges og meir varsame måtar. Og så bortetter og så bortetter.
Stutt sagt må kavaleriraid med det føremålet å gjera dei tilbakeliggjande massane «kommunistiske straks» leggjast bort og bytast ut med ein varsam og nøye uttenkt politikk for å dra desse massane inn i den allmenne straumen med sovjetutvikling steg for steg.
Slik er allment dei praktiske vilkåra som må til for å verkleggjera sovjetautonomiet. Og om dette vert innført, vil det sikra nærare åndelege band og ein fast revolusjonær sameining mellom sentrum og grenseregionane i Russland.
Sovjet-Russland gjennomfører eit eksperiment utan sidestykke til no i verda gjennom å organisera samarbeid mellom ei rad nasjonar og rasar innanfor ein einaste proletarisk stat med grunnlag i gjensidig tillit, friviljug og brorskapleg semje. Dei tre åra med revolusjon har synt at dette eksperimentet har alle sjansar for å lukkast. Men dette eksperimentet vil vera heilt visst på å lukkast berre om den praktiske politikken vår i det nasjonale spørsmålet i lokalområda ikkje står i motstrid til krava til det sovjetautonomiet som alt er kunngjort i sine ulike former og grader, og om kvart einaste praktiske tiltak vi set i verk i lokalområda hjelper til med å gje massane i grenseregionane ein høgare, proletarisk, åndeleg og materiell kultur i former som samsvarar med levemåten og dei nasjonale draga til desse massane.
I dette ligg garantien for at den revolusjonære unionen mellom det sentrale Russland og grenseregionane skal kunna grunnfestast, og mot denne vil alle intrigane til Ententen verta knuste.
Pravda, nr. 226.
10. oktober, 1920 Underteikna: J. Stalin
Notar
1. Vasall – den underordna i det personlege truskapstilhøvet som bestemte samfunnsrangen under føydalismen, eller lensvesenet. T.d. var hertugen vasall under kongen, riddaren vasall under hertugen osv. Vasallordninga er ikkje det same som liveigenskap – vasallen kunne velja herre, den liveigne bonden var bunden til staden og godset.
2. Patriarkalsk – ættesamfunnet på det steget der ættesamanhengen vert rekna etter faren. Patriarkatet avløyser matriarkatet (morsretten) og er nær knytt til oppløysinga av ættesamfunnet, klassedelinga og utviklinga av privat eigedomsrett.
3. Sharia – ei samling religiøse og juridiske føreskrifter frå det islamske føydale lovverket. Samlinga vart til i det nære Austen i perioden frå det 7. til det 12. hundreåret. Sharia heilagar makta til dei rike over dei fattige, oppmuntrar til open fiendskap mot ikkje-muslimar og set barbariske lovreglar for kvinnene. Sharia-føreskriftene overlevde og galdt på Balkan-halvøya heilt fram til den andre verdskrigen.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.