Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
Innhold
NASJONALE FAKTORAR I PARTI-OG STATSSAKER
Tesar til den tolvte kongressen i Russlands Kommunistiske Parti (bolsjevikane), godkjende av sentralkomiteen i partiet .(1)
I
1. Alt i førre hundreåret avslørte utviklinga av kapitalismen tendensen til å internasjonalisera produksjonsmåtar og bytemåtar, å skaffa bort nasjonal isolering, å føra folk inn i nærare økonomiske tilhøve, og litt etter litt sameina svære territorium til ein einaste samanbunden heilskap. Den vidare utviklinga av kapitalismen, utviklinga av verdsmarknaden, opprettinga av dei store sjø- og jamvegsrutene, kapitaleksporten, og så bortetter, styrkte denne tendensen endå meir og batt folk av særs ulike slag saman med banda til den internasjonale arbeidsdelinga og allsidig innbyrdes usjølvstende. Så langt denne prosessen spegla av den ofselege utviklinga av produktivkreftene så langt han hjelpte til å øydeleggja nasjonal avstand og interessemotseiingar mellom dei ulike folka, var og er han ein progressiv prosess, for han skaper dei materielle føresetnadene for det sosialistiske økonomiske verdssystemet i framtida.
2. Men denne tendensen utvikla seg i særeigne former som var heilt i motstrid til den ibuande historiske tydinga han hadde. Det at folka vart innbyrdes avhengig av kvarandre, og at territoria vart økonomisk sameint, gjekk føre seg ettersom kapitalismen utvikla seg – ikkje som resultat av samarbeid mellom nasjonane som einingar med like rettar. Det skjedde ved at somme nasjonar underkua andre, ved at meir utvikla nasjonar undertrykte og utbytta mindre utvikla nasjonar. Koloniplyndring og annekteringar, underkuing av nasjonane og ulikskap mellom dei, imperialistisk tyranni og vald, kolonitrældom og nasjonal underkasting, og endeleg striden mellom dei «siviliserte» nasjonane om herrevelde over dei «usiviliserte» folka,- slik var formene som utviklinga av nærare økonomiske tilhøve mellom folka gjekk føre seg i. Av den grunnen ser vi at side om side med tendensen til sameining, oppstod det ein tendens til å øydeleggja tvangsformene til slik sameining, ein strid for å frigjera dei undertrykte koloniane og usjølvstendige nasjonalitetane frå det imperialistiske åket. Ettersom den siste tendensen ville seia at dei underkua massane gjorde opprør mot dei imperialistiske formene for sameining, ettersom den tendensen kravde sameining av nasjonane på grunnlag av samarbeid og friviljug sameining, var og er han ein progressiv tendens, for han skapte dei åndelege føresetnadene for den sosialistiske verdsøkonomien i framtida.
3. Striden mellom desse to hovudtendensane, uttrykt i former som er naturlege for kapitalismen, fylte soga til dei fleir-nasjonale borgarlege statane under det siste halve hundreåret. Den uforsonlege motseiinga mellom desse tendensane innanfor ramma av den kapitalistiske utviklinga, var årsaka som låg under den indre vanhelsa og den organiske ustabiliteten til dei borgarlege kolonistatane. Uungåelege konfliktar innanfor slike statar og uunngåelege krigar mellom dei, oppløysinga av dei gamle kolonistatane og skipinga av nye, ny hug på koloniar og ny oppløysing av dei fleirnasjonale statane som førte til at det politiske verdskartet vart skipa om på ny – slik er resultata av denne grunnleggjande motseiinga. På den eine sida samanbrotet til det gamle Russland, Austerrike-Ungarn og Tyrkia, på den andre sida soga til slike kolonistatar som Storbritannia og det gamle Tyskland, og til sist, den «store» imperialistiske krigen og veksten i den revolusjonære rørsla i kolonisasjonane og dei ikkje-likestilte nasjonane – alle desse kjensgjerningane og liknande kjensgjerningar peikar klårt på at dei fleir-nasjonale borgarlege statane er ustabile og utrygge.
Difor var det den uforsonlege motseiinga mellom prosessen med økonomisk sameining mellom folka, og dei imperialistiske måtane å få til denne sameininga på, som var årsak til at borgarskapet var evnelaust, hjelpelaust og makteslaust når det galdt å finna ei rett tilnærming til å løysa det nasjonale spørsmålet.
4. Partiet vårt tok omsyn til desse omstenda, og tufta politikken sin i det nasjonale spørsmålet på nasjonane sin sjølvråderett, på retten folka har til sjølvstendig statstilvære. Partiet godkjende denne ukrenkjelege retten til nasjonane frå den stunda det vart til, på den fyrste kongressen sin (i 1898), då motseiingane i kapitalismen i samband med det nasjonale spørsmålet enno ikkje var fullt ut og klårt avgrensa. Seinare stadfeste det utan unntak det nasjonale programmet på ny i særskilte vedtak og fråsegner på kongressane og konferansane sine, fram til Oktoberrevolusjonen. Den imperialistiske krigen og den mektige revolusjonære rørsla i koloniane som han gav opphav til, sytte berre for å stadfesta på ny at partivedtaka om det nasjonale spørsmålet var rette. Kjernen i desse vedtaka er:
a) ettertrykkjeleg avvising av alle former for tvang i høve til nasjonalitetane, b) godkjenning av at folka er like og suverene når det gjeld å avgjera lagnaden sin,
c) godkjenning av prinsippet at ei varig sameining av folk berre kan verta skapt på grunnlag av samarbeid og friviljug samtykke,
d) kunngjering av den sanninga at ei slik sameining berre kan verta røyndom som resultat av at kapitalmakta vert velta.
Under arbeidet trøytna partiet vårt aldri på å fremja dette programmet om nasjonal frigjering, i motsetnad til den beintfram underkuande politikken til tsarismen og 6g mot den halvhjarta, halvimperialistiske politikken til mensjevikane og dei sosialrevolusjonære. Den tsaristiske russifiseringpolitikken skapte ein avgrunn mellom tsarismen og dei ikkje-russiske nasjonalistane i det gamle Russland, og den halvimperialistiske politikken til mensjevikane og dei sosialrevolusjonære gjorde at dei beste elementa i desse nasjonalitetane forlet kerenskiismen(2) medan den frigjeringspolitikken som partiet vårt fylgde, vann velviljen og støtta frå dei breie massane mellom nasjonalitetane, i striden dei førte mot tsarismen og det imperialistiske russiske borgarskapet. Det kan knapt vera nokon tvil om at denne velviljen og støtta var ein av dei avgjerande faktorane som fastla sigeren partiet vårt vann i oktoberdagane.
5. Oktoberrevolusjonen gjorde at partivedtaka våre i det nasjonale spørsmålet fekk praktisk verknad. Ved å velta makta til godseigarane og kapitalistane, som var hovudberarane av den nasjonale underkuinga, og ved å setja proletariatet ved makta, smadra Oktoberrevolusjonen med eitt slag lekkjene av nasjonal underkuing, velta dei gamle tilhøva mellom folka, råka rota til den gamle nasjonale fiendskapen, rydda veg for samarbeid mellom folka og vann tiltru til det russiske proletariatet, ikkje berre mellom brørne andre nasjonalitetar i Russland, men også i Europa og Asia. Ein treng knapt prova at hadde ikkje det russiske proletariatet vunne denne tiltrua, kunne det ikkje ha slått Koltsjak og Denikin, Judenitsj og Wrangel. På den andre sida er det ingen tvil om at dei underkua nasjonalitetane ikkje kunne ha vunne frigjering om ikkje proletariatets diktatur var blitt oppretta i Sentral-Russland. Nasjonal fiendskap og nasjonale konfliktar er uunngåelege, ikkje til å koma utanom, så lenge kapitalen sit ved makta, så lenge småborgarskapet og framfor alt bøndene i den tidlegare «nerve»nasjonen fylgjer kapitalistane, gjennomsyra som dei er med nasjonale fordommar. Og på den andre sida kan ein rekna nasjonal fred og nasjonal fridom som sikra, om bøndene og dei andre småborgarlege delane av folkesetnaden fylgjer proletariatet, dvs. om proletariatets diktatur står trygt. Difor er sigeren til sovjeta og opprettinga av proletariatets diktatur grunnvollen, grunnlaget som det brorskaplege samarbeidet mellom folka innanfor ein einaste statsunion kan verta oppbygd på.
6. Men resultata av Oktoberrevolusjonen er ikkje avgrensa til å avskaffa nasjonal underkuing og skapa eit grunnlag for sameining av folka. Ettersom Oktoberrevolusjonen utvikla seg, skapte han og formene for denne sameininga, og fastsette hovudlinene for sameininga av folka i ein einaste unionsstat. I den fyrste perioden under revolusjonen, då dei arbeidande massane mellom nasjonalitetane fyrst tok til å kjenna at dei var sjølvstendige nasjonale einingar, medan trugsmålet om utanlandsk intervensjon enno ikkje hadde vorte ein røynleg fare, hadde ikkje samarbeidet mellom folka ei fullstendig fastsett og veletablert form. Under borgarkrigen og intervensjonen, då krava frå det militære sjølvforsvaret til dei nasjonale republikkane stod i fremste rekkje, då spørsmåla om den økonomiske oppbygginga enno ikkje stod på dagsorden, tok samarbeidet form av ein militærallianse. Til sist, i etterkrigstida, då spørsmålet om atterreising av produktivkreftene som krigen hadde øydelagd kom i fremste rekkje, vart militæralliansen sett til sides for ein økonomisk allianse. Sameininga av dei nasjonale republikkane til Unionen av Sosialistiske Sovjetrepublikkar merkjer av sluttsteget i utviklinga av samarbeidsformene, som no har fått karakter av ei militær, økonomisk og politisk sameining av folka i ein einaste fleir-nasjonal sovjetstat.
Slik fann proletariatet i sovjetsystemet nøkkelen til den rette løysinga på det nasjonale spørsmålet, oppdaga måten å organisera ein stabil fleir-nasjonal stat, på grunnlaget av nasjonal likerett og friviljug samtykke.
7. Men å finna nøkkelen til den rette løysinga på det nasjonale spørsmålet vil likevel ikkje seia å løysa det fullt ut og ein gong for alle, det vil ikkje seia å gje løysinga konkret og praktisk form. For å setja det nasjonale programmet som Oktoberrevolusjonen fremja ut i livet på rett vis, er det og naudsynt å stiga over hinder som vi har arva frå fortida med nasjonal underkuing, og som ikkje kan stigast over med eitt steg, innanfor kort tid.
Denne arven er fyrst og fremst restane av sjåvinismen til herrenasjonen, som speglar av den priviligerte stillinga storrussarane hadde før. Desse restane finst framleis tankane til sovjet-tenestemennene våre, både sentralt og lokalt. Dei har grave seg inn i statsinstitusjonane våre, både sentralt og lokalt. Dei vert styrkte av den «nye» Smjena Vekh,(3) den storrussiske sjåvinistånda som vert sterkare og sterkare på grunn av NEP.(4) I praksis finn dei uttrykk i ei hovmodig vanvyrdande og hjartelaust byråkratisk haldning frå dei russiske sovjet-tenestemennene andsynes trong og krav frå dei nasjonale republikkane. Den fleir-nasjonale sovjetstaten kan verta verkeleg varig, og samarbeidet mellom folka i han verkeleg brorskapleg, berre om desse restane vert utrydda, kraftig og for godt, frå verksemda til statsinstitusjonane våre. Difor er den fyrste oppgåva til partiet vårt å kjempa kraftig ned restane av den stor-russiske sjåvinismen.
For det andre finst denne arven i den røynlege dvs. økonomiske og kulturelle, ulikskapen mellom nasjonalitetane i unionen av republikkar. Den legale nasjonale likskapen som Oktoberrevolusjonen vann er ei stor vinning for folka, men han løyser ikkje i seg sjølv heile det nasjonale problemet. Fleire republikkar og folk som ikkje har gått gjennom, eller knapt hadde gått inn i, steget til kapitalismen, som ikkje har noko eller knapt noko proletariat og som difor ligg attende økonomisk og kulturelt, er ute av stand til å gjera full bruk av dei rettane og høva som den nasjonale likeretten gjev dei. Dei er ute av stand til å stiga til eit høgare utviklingsnivå og slik nå att dei nasjonalitetane som har brøyta seg fram, med mindre dei får verkeleg og langvarig hjelp utanfrå. Årsakene til denne røynlege ulikskapen ligg ikkje berre i soga til desse folka. Han ligg og i den politikken som tsarismen og det russiske borgarskapet fylgde. Det sleit med å gjera om grenseområda til område som ikkje produserte anna enn råstoff, og som var utbytta av dei sentrale distrikta som var industrielt utvikla. Denne ulikskapen kan ein ikkje ta vekk på kort tid, denne arven kan ein ikkje fjerna på eit år eller to. Allereie den tiande kongressen til partiet vårt peika på at «å avskaffa den faktiske nasjonale ulikskapen er ein langvarig prosess som inneber ein sta og langvarig strid mot alle restar av nasjonal underkuing og kolonitrældom».(5) Men det er heilt naudsynt å overvinna han. Og han kan vinnast over berre ved at det russiske proletariatet gjev dei attendeliggjande folka i unionen røynleg og langvarig hjelp til å koma seg fram økonomisk og kulturelt. Elles kan det ikkje finnast grunnlag for å venta at eit varig og skikkeleg samarbeid mellom opp innanfor ramma av ein einaste unionsstat skal verta oppretta. Difor ligg den andre påtrengjande oppgåva til partiet i kampen for å avskaffa den røynlege ulikskapen mellom nasjonalitetane, kampen for å reisa det økonomiske og kulturelle nivået til dei attersliggjande folka.
Denne arven finst til slutt i restane av nasjonalisme mellom fleire nasjonar som har bore det tunge åket med nasjonal underkuing, og enno ikkje har greidd å reinska tankane sine for gamle nasjonale ankemål. Desse restane finn praktisk uttrykk i ein viss nasjonal fråstand og i at dei før underkua folka ikkje har full tiltru til dei åtgjerdene som kjem frå russarane. Men i somme av republikkane som er samansette av fleire nasjonalitetar, vert denne forsvarsnasjonalismen gjort om til åtaksnasjonalisme, til skrikande sjåvinisme frå ein sterk nasjonalitet som vert retta mot dei veike nasjonalitetane i desse republikkane. Grusisk sjåvinisme (i Grusia) retta mot armenarane, ossetane, ajarane og abkhazarane, aserbajdsjansk sjåvinisme (i Aserbajdsjan) retta mot armenarane, usbekisk sjåvinsime (i Bukhara og Khorezm) retta mot turkmenarane og kirgisarane – alle desse formene for sjåvinisme, som attpå til vert fostra av tilhøva under NEP, og av kappestrid, er eit alvorleg mein som trugar med å omskipa somme av dei nasjonale republikkane til skodeplassar for krangel og småhakking. Det seier seg sjølv at alt dette hindrar den røynlege sameininga av folka i ein einaste unionsstat. Så langt restane av nasjonalisme er ei tydeleg forsvarsform mot den storrussiske sjåvinismen, ligg den tryggaste måten å vinna over dei på, i kraftig strid mot den storrussiske sjåvinismen. Men så langt som desse restane vert omgjorde til lokal sjåvinisme som er retta mot veike nasjonalgrupper i einskildrepublikkar, har partimedlemane skyldnad til å retta beinveges strid mot desse restane. Difor er den tredje påtrengjande oppgåva til partiet vårt å slåst mot nasjonalistiske restar og særskilt dei sjåvinistiske formene av desse restane.
8. Som eit av dei klåre uttrykka for arven frå fortida må vi sjå den kjensgjerninga at ein etter måten stor del av sovjet-tenestemennene sentralt og lokalt ikkje ser på unionen av republikkar som ein union av statseiningar med like rettar, som har som oppgåve å tryggja den frie utviklinga til dei nasjonale republikkane, men som eit steg mot tilinkjegjeringa av desse republikkane, som opptaket til å skipa det som vert kalla den «eine og udelelege». Kongressen fordømmer denne tanken som anti-proletarisk og reaksjonær, og oppmodar partimedlemar til å syta vaktsamt for at sameininga av republikkane og samansmeltinga av kommissariata ikkje vert brukte av sovjet-tenestemenn med sjåvinistisk innstilling som dekkje for freistnaden deira på å sjå bort frå den økonomiske og kulturelle trongen til dei nasjonale republikkane. Samansmeltinga av kommissariata er ei prøve for sovjet-apparatet! Om dette eksperimentet i praksis skulle få ein herrenasjon-tendens, ville partiet verta nøydd til å bruka svært målmedvitne åtgjerder mot slik ei renging, og til og med gå så langt at det reiser spørsmålet om å oppheva samansmeltinga av visse kommissariat, til den stunda er komen då sovjetapparatet er vorte skikkeleg nyopplært, slik at det syner verkeleg proletarisk og verkeleg brorskapleg merksemd andsynes trongen og krava frå dei små og attendeliggjande nasjonalitetane.
9. Ettersom unionen av republikkar er ei ny form for samlivnad mellom folka, er ny form for samarbeid mellom dei i ein einaste unionsstat, som dei restane som er skildra før må verta fjerna frå medan folka er i verksemd i lag må dei øvste organa i unionen vera skipa slik at dei speglar fullstendig av ikkje berre den sams trongen og krava til alle nasjonalitetane i unionen, men og den særeigne trongen og krava frå kvar einskild nasjonalitet. I tillegg til dei sentrale unionsorgana som finst, som representerer dei arbeidande massane i heile unionen utan omsyn til nasjonalitet, bør det og verta skapt eit særorgan som representerer nasjonalitetane på grunnlag av likskap. Ein slik oppbygnad av dei sentrale unionsorgana ville gjera det fullt mogleg å lyda merksamt til trongen og krava til folka, å gje dei den hjelpa som trengst i god tid, å skapa ei stemning av full innbyrdes tiltru, og slik fjerna den arven som før er nemnd så smertefritt som mogleg.
10. På grunnlag av alt dette tilrår kongressen at partimedlemane sikrar at desse praktiske åtgjerdene vert gjennomførde:
a) Innanfor systemet av høgare organ i unionen bør det verta oppretta eit særorgan som skal representera alle dei nasjonale republikkane og dei nasjonale regionane utan unntak på grunnlag av likskap.
b) Kommissariata i unionen bør vera oppbygde på ein slik måte at det sikrar at trongen og krava til folka i unionen vert oppfylde.
c) Organa i dei nasjonale republikkane og regionane bør i hovudsak ha tilsette som høyrer til folkesetnaden på staden og som kan språket og kjenner livsmåten, skikkane og vanane til dei folka det gjeld.
II
1. Utviklinga av partiorganisasjonane våre i fleirtalet av dei nasjonale republikkane går føre seg under vilkår som ikkje er heilt ut gode, for at dei skal veksa og verta grunnfesta. Desse republikkane ligg attende økonomisk, det nasjonale proletariatet er lite, dei har for få eller manglar heilt kadrar av gamle partiarbeidarar som høyrer til den lokale folkesetnaden, dei manglar seriøs marxistisk litteratur på morsmåla sine, fostringsarbeidet til partiet er veikt, og vidare er det restar av radikal-nasjonalistiske tradisjonar der som ikkje er fullstendig utsletta enno. Alt dette har gjeve opphav til eit klårt avvik mellom dei lokale kommunistane til å overvurdera dei særeigne nasjonale draga og undervurdera klasseinteressene til proletariatet, eit avvik i nasjonalistisk lei. Dette fenomenet held på å verta særleg farleg i republikkar der det finst mange nasjonalitetar, der det mellom kommunistane frå den sterke nasjonaliteten ofte tek form av eit avvik i sjåvinistisk lei som vert retta mot kommunistane frå dei veike nasjonalitetane (Grusia, Aserbajdsjan, Bukhara, Khorezm.) Avviket i nasjonalistisk lei er skadeleg av di det hindrar det nasjonale proletariatet i å frigjera seg frå den ideologiske påverknaden frå det nasjonale borgarskapet, og med det står det i vegen for arbeidet med å sameina proletarane frå dei ulike nasjonalitetane i ein einaste internasjonalistisk organisasjon.
2. På den andre sida finst det, både i dei sentrale parti-institusjonane og i organisasjonane til kommunistpartiet i dei nasjonale republikkane, grupper med gamle partiarbeidarar av russisk opphav som er ukjende med skikkane, vanane og språket til dei arbeidande massane i desse republikkane, og som av denne grunnen ikkje alltid fylgjer nøye med i krava deira. Dette har gjeve opphav til eit avvik i partiet vårt i retning av å undervurdera dei særeigne nasjonale draga og dei nasjonale språka i partiarbeidet vårt, og til ei hovmodig og vanvyrdande haldning andsynes desse særdraga – eit avvik i storrussisk sjåvinistisk lei. Dette avviket er skadeleg ikkje berre av di det hindrar at det vert danna kommunistkadrar mellom dei lokale innbyggjarar som kan nasjonalspråket, og slik skapar fare for at partiet kan verta isolert frå dei proletariske massane i dei nasjonale republikkane, men og, og fyrst og fremst av di det fostrar og avlar det avviket eg nemnde før i nasjonalistisk lei, og kampen mot det.
3. Kongressen fordømmer båe desse avvika som skadelege og farlege for den kommunistiske saka. Kongressen gjer partimedlemmane merksame på den uvanlege skaden og uvanlege faren som avviket i storrussisk-sjåvinistisk lei står for, og oppmodar partiet til å fjerna desse restane av fortida frå partiarbeidet raskt.
Kongressen pålegg sentralkomiteen å gjennomføra desse praktiske åtgjerdene:
a) Å skipa framskridne marxistiske studieringar mellom dei lokale partiarbeidarane i dei nasjonale republikkane.
b) Å utvikla ein litteratur som byggjer på marxistiske prinsipp på morsmåla.
c) Å styrkja Universitetet til folka i Aust og dei lokale avdelingane av det.
d) Å oppretta grupper med instruktørar som er verva frå lokale partiarbeidarar under sentralkomiteane i dei nasjonale kommunistpartia.
e) Å utvikla ein partilitteratur for massane på morsmåla.
f) Å styrkja fostringsarbeidet til partiet i republikkane.
g) Å styrkja arbeidet mellom ungdommen i republikkane.
Pravda, nr 65,
24. mars 1923
Underskrive J. Stalin
Notar
1. Utkastet til tesane om det nasjonale spørsmålet til den tolvte partikongressen vart drøfta på plenumsmøtet til sentralkomiteen RKP (b) den 21. februar 1923. Ein kommisjon med J. V. Stalin som formann vart sett ned for å laga det endelege utkastet. Den 22. mars granska politbyrået i sentralkomiteen i RKP (b) desse tesane og godkjende dei, og den 24. mars vart dei prenta i Pravda nr. 65.
2. Kerenskiismen – etter Aleksander Fjodorovitsj Kerenski, den sosialrevolusjonære leiaren for den borgarlege provisoriske regjeringa, som vart skipa i juli 1917. Han førte ein anti-folkeleg politikk – heldt fram med den imperialistiske krigen, let storborgarskapet og godseigarane ha makta og undertrykte revolusjonen. Sjå note 1 i teksten “Melding om det nasjonale spørsmålet” .
3. Smjena Vekh – (Flytt merkesteinar) – eit borgarleg politisk straumdrag som steig fram i 1921 mellom russiske kvitegardist-emigrantar i utlandet. Leiaren for straumdraget var ei gruppe der N. Ustijalov, J. Klutsjnikov og andre var med, som gav ut tidsskriftet Smjena Vekh (fyrst vart eit samleverk med denne tittelen prenta). Smjena Vekhist-ideologien uttrykte syna til den delen av borgarskapet som hadde gjeve opp den opne væpna striden mot sovjetregjeringa. Dei meinte at sovjetsystemet i og med at det hadde vedteke den Nye økonomiske politikken (NEP) litt etter litt ville endra seg til eit borgarleg demokrati.
4. NEP-politikken eller Den nye økonomiske politikken vart innført i 1921. Stalin karakteriserar NEP-politikken slik: «Då vi innførde NEP i 1921, retta vi brodden i han mot krigskommunismen, mot eit regime og ei ordning som ikkje tillet noka form for privat handelsfridom … NEP tyder ein viss handelsfridom. Men … NEP har og ei anna side. Saka er at NEP ikkje tyder full fridom for privathandelen, fritt spel for marknadsprisane. NEP tyder fridom for privathandelen innom visse grenser, innom ei viss ramme, slik at den regulerande tolla til staten på marknaden er sikra. Nett dette er den andre sida av NEP. Og denne sida av NEP er ikkje mindre enn den fyrste, om ho då ikkje er endå viktigare. Hjå oss har ikkje marknadsprisane fritt spel, slik det er vanleg i dei kapitalistiske landa. Vi fastset i det store og heile kornprisane. Vi fastset prisane på industrivarar. Vi legg vinn på å gjennomføra ein politikk som tek sikte på å minska produksjonen sin sjølvkostnad, å setja ned prisane på industrivarane, og vi strevar etter å halda på stabile prisar på jordbruksprodukta. Er det ikkje klårt at det slett ikkje finst slike særeigne tilhøve på marknaden i dei kapitalistiske landa?» (Sjå Stalin, «Om høyreavviket i SUKP (b)» (1929), i Spørsmål i leninismen, Forlaget Oktober 1976, s. 235.).
5. Sjå fråsegna frå den tiande kongressen til RKP (b) om «Dei næraste oppgåvene til partiet i det nasjonale spørsmålet» i «Fråsegner og vedtak frå SUKP (b) sine kongressar, konferansar og plenumsmøte for sentralkomiteen,» del 1,1941.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.