Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
UNIONEN AV SOVJETREPUBLIKKAR
Melding lagt fram på Den tiande allrussiske sovjetkongressen(1),
26. desember 1922
Kameratar for nokre få dagar sidan, før denne kongressen tok til, fekk presidiet i den allrussiske sentrale eksekutivkomiteen fleire fråsegner frå sovjetkongressar i dei transkaukasiske republikkane, Ukraina og Kviterussland, om kor ynskjeleg og naudsynt det er å sameina desse republikkane i ein einaste unionsstat. Presidiet i den allrussiske sentrale eksekutivkomiteen har hatt dette spørsmålet oppe til drøfting, og har kunngjort at det høver med ein slik union. Som resultat av fråsegna frå presidiet er spørsmålet om å sameina republikkane teke med på saklista for denne kongressen. .
Kampanjen for å sameina dei sosialistiske sovjetrepublikkane tok til for vel tre eller fire månader sidan. Opptaket kom frå republikkane Aserbajdsjan, Armenia og Grusia som seinare fekk fylgje av republikkane Ukraina og Kviterussland. Tanken med kampanjen er at dei gamle traktattilhøva – dei tilhøva som vart oppretta gjennom avtalane mellom RSFSR og dei andre sovjetrepublikkane – har spela ut rolla si og ikkje strekk til lenger. Tanken med kampanjen er at vi uunngåeleg må gå over frå dei gamle traktattilhøva til tilhøve som tuftar seg på ei tettare sameining – tilhøve som inneber at det vert skapt ein einaste unionsstat med tilsvarande utøvande og lovgjevande unionsorgan, med ein sentral eksekutivkomite og eit unionsråd av folkekommissærar. Stutt sagt er det no, under kampanjen, kome framlegg om at det som før vart avgjort frå gong til gong, innanfor ramma av avtaletilhøva, skal verta avgjort på permanent grunnlag.
Kva for grunnar er det som tvingar republikkane til å ta unionsvegen? Kva for omstende er det som har avgjort at union er naudsynt?
Tre grupper omstende har gjort sameininga av sovjetrepublikkane til ein einaste unionsstat uunngåeleg.
Den fyrste gruppa med omstende er kjensgjerningar som er knytta til den økonomiske stoda innanlands.
For det fyrste er dei økonomiske ressursane som republikkane framleis har rådvelde over etter sju år med krig, magre. Dette tvingar oss til å slå saman desse magre ressursane for å bruka dei meir rasjonelt og utvikla dei hovudgreinene av økonomien som dannar ryggrada i sovjetmakta i alle republikkane.
For det andre, den historisk utvikla arbeidsdelinga, den økonomiske arbeidsdelinga, mellom dei ulike regionane og republikkane i føderasjonen vår.
Til dømes skaffar nord sør og aust tekstil, sør og aust skaffar nord bomull, brensle, osb. Og denne arbeidsdelinga som er oppretta mellom regionane kan ein ikkje fjerna berre med eit pennestrok. Ho er skapt historisk av heile den økonomiske utviklingsgangen i føderasjonen. Og denne arbeidsdelinga, som gjer det uråd å utvikla dei einskilde regionane heilt og fullt, all den tid kvar republikk lever for seg sjølv tvingar republikkane til å gå saman i ein einaste økonomisk heilskap.
For det tredje, sameininga av dei viktigaste kommunikasjonsmidla i heile føderasjonen, som er nervane og grunnlaget for at nokon som helst slags union skal vera mogleg. Det seier seg sjølv at kommunikasjonsmidla ikkje kan få lov til å vera oppdelte, til rådvelde for einskildrepublikkane og underordna interessene deira, for det ville omskipa hovudnerven i det økonomiske livet – transporten – til eit konglomerat1 av skilde delar som vert brukte utan plan. Dette omstendet dreg og republikkane mot samanslåing i ein einaste stat.
Til slutt, dei magre finansielle ressursane våre. Kameratar, det må seiast beint ut at den finansielle stillinga vår no, i det sjette året til sovjetregimet gjev langt færre høve til utvikling i stor målestokk enn til dømes under det gamle styresettet. Det hadde vodka, som vi ikkje vil ha, som kasta av seg 500 000 000 rublar i året, og det hadde kredittar i utlandet på fleire hundre millionar rublar som vi heller ikkje har. Alt dette syner at med slike skrinne høve for den finansielle utviklinga vår kjem vi ikkje til å greia å løysa dei grunnleggjande og aktuelle problema for finanssystema i republikkane våre, med mindre vi slår saman kreftene og set saman den finansielle styrken til einskildrepublikkane i ein einaste heilskap.
Slik er den første gruppa omstende som tvingar republikkane våre til å taka unionsvegen.
Den andre gruppa omstende som har avgjort at republikkane kjem til å gå saman, er kjensgjerningar som gjeld den internasjonale situasjonen vår. Eg har den militære stoda i tankane. Eg har tilhøvet vårt til utanlandsk kapital gjennom kommissariatet for utanrikshandel i tankane. Til sist har eg i tankane dei diplomatiske tilhøva våre til dei borgarlege statane. Ein må hugsa på, kameratar, at trass i at republikkane våre heldigvis er komne lukkelege ut or borgarkrigstilstanden, er faren for åtak utanfrå ikkje på nokon måte borte. Denne faren krev at den militære fronten vår må vera absolutt sameint, at hæren vår må vera ein absolutt sameint hær, særskilt no som vi har teke vegen, med verkeleg, materiell reduksjon i væpninga, men sjølvsagt ikkje med moralsk avvæpning. No som vi har skore ned hæren vår til 600 000 mann er det særskilt avgjerande å ha ein einaste og samanhengande militær front som er i stand til å vakta republikken mot fare utanfrå.
Bortsett frå den militære faren er det vidare fare for at føderasjonen vår skal verta isolert økonomisk. De veit, sjølv om den økonomiske boikotten av republikken vår mislukkast etter Genova og Haag, og etter Urquhart,(2) er det ikkje noko stor innsprøyting av kapital å sjå, i høve til trongen økonomien vår i. Denne nye intervensjonsforma som ikkje er mindre farleg enn militær intervensjon, let seg berre fjerna ved å skipa ein samla økonomisk front av sovjetrepublikkane våre andsynes den kapitalistiske innringinga.
Til sist er det den diplomatiske stoda. De har alle sett korleis Entente-statane nyleg, rett før Lausannekonferansen,(3) gjorde alt dei kunne for å isolera føderasjonen vår. Diplomatisk sett lukkast dei ikkje. Den organiserte diplomatiske boikotten av føderasjonen vår vart broten. Ententen var tvinga til å rekna med føderasjonen vår og trekkja seg, dra seg attende i ein viss mon. Men det er ingen grunn til å gå ut frå at desse og liknande kjensgjerninger om den diplomatiske isolasjonen av føderasjonen vår ikkje kjem til å taka seg opp att. Difor er det naudsynt med ein samla front i diplomatiet og.
Det er den andre gruppa omstende som tvingar dei sosialistiske sovjetrepublikkane til å taka unionsvegen.
Men både den fyrste og den andre gruppa av omstende har vore verksame under heile perioden då sovjetstyret har vore til, og verka fram til i dag. Den økonomiske trongen som eg nett har snakka om, og den militære og diplomatiske trongen på utanrikspolitikken sitt område, var utan tvil og merkjande før. Men desse omstenda veg særskilt tungt fyrst no, etter at borgarkrigen er over, og når republikkane for fyrste gong har fått høve til å gå gang med økonomisk oppbygging, og for fyrste gong skjønar kor særs skrinne dei økonomiske ressursane deira er, og kor særs naudsynt unionen er både når det gjeld økonomien innanlands og utanrikstilhøva. Det er grunnen til at spørsmålet om å slå saman dei sjølvstendige sosialistiske sovjetrepublikkane er vorte eit spørsmål som krev avgjerd med ein gong, i det sjette leveåret til sovjet-styret.
Til sist er det ei tredje gruppe kjensgjerningar som og krev samanslåing og som er knytt til oppbygnaden av sovjetstyret, til klasseinnhaldet til sovjetstyret. Sovjetstyret er internasjonalt i sjølve naturen sin, og det er slik bygt at det på alle vis fostrar unionstanken i massane og i seg sjølv tvingar dei til å taka unionsvegen. Kapitalen, privateige og utbyttinga skil folk frå kvarandre, kløyver dei i innbyrdes fiendslege læger. Døme på det finn ein i Storbritannia, Frankrike og til og med små, fleirnasjonale statar som Polen og Jugoslavia, med dei uforsonlege indre nasjonale motseiingane som tærer vekk sjølve grunnlaget for desse statane. Som sagt, sjølve statsgrunnlaget der borte, i vest, der det kapitalistiske demokratiet rår og statane er grunna på privateigedom, fostrar nasjonal småkrangel, samanstøytar og strid. Men her i sovjetverda, der styresettet ikkje er bygt på kapital, men på arbeid, der styresettet ikkje er bygt på privateigedom, men på kollektiveige, der styresettet ikkje er bygt på at menneske utnyttar menneske, men på striden mot slik utbytting – her fostrar tvert om sjølve naturen til styresettet ein naturleg trong i dei arbeidande massane til union i ein einaste sosialistisk familie.
Er det ikkje verd å merkja seg at medan vi der borte, i vesten, i verda med borgarleg demokrati, er vitne til at dei fleirnasjonale statane smått om senn går nedover og løyser seg opp i einskilddelane (slik som i Storbritannia, som må koma til ei ordning med India, Egypt og Irland, og ikkje veit eg korleis, eller Polen, som må koma til ei ordning med kviterussarane og ukrainarane sine og heller ikkje her veit eg på kva vis) – er vi her, i føderasjonen vår, som sameinar ikkje mindre enn 30 nasjonalitetar, tvert om vitne til ein prosess der statsbanda mellom dei sjølvstendige republikkane vert sterkare. Det er ein prosess som fører til ein endå nærare union av dei sjølvstendige nasjonalitetane i ein einaste sjølvstendig stat! Såleis har vi to slag statsunionar der den fyrste, det kapitalistiske slaget, fører til oppløysing av staten, medan det andre, sovjetslaget, tvert om fører til ein gradvis men varig union av tidlegare sjølvstendige nasjonalitetar i ein einaste sjølvstendig stat.
Slik er den tredje gruppa med kjensgjerningar som tvingar einskildrepublikkane til å taka unionsvegen.
Kva slags form bør unionsrepublikken ha? Prinsippa for unionen er streka opp i fråsegnene som presidiet for den allrussiske sentrale eksekutivkomiteen har fått frå sovjetrepublikkane Ukrania, Kviterussland og Transkaukasia.
Fire republikkar skal gå saman: RSFSR, som ei heilskapleg føderal eining, den transkaukasiske republikken, og som ei heilskapleg føderal eining, Ukraina og Kviterussland. To sjølvstendige sovjetrepublikkar, Khorezm og Bukhara, som ikkje er sosialistiske republikkar, men sovjetiske folkerepublikkar, står inntil vidare utanfor denne unionen einast og åleine av di desse republikkane enno ikkje er sosialistiske. Eg er ikkje i tvil, om at ettersom dei utviklar seg innanlands mot sosialismen, kjem desse republikkane og til å slutta seg til unionsstaten som no vert skipa.
Det kunne verka meir lagleg for RSFSR å ikkje slutta seg til republikkunionen som ei heilskapleg føderal eining, men at dei republikkane som er med i RSFSR skulle slutta seg til ein for ein. I så fall ville det opplagt vera naudsynt å oppløysa RSFSR i einskilddelane sine. Eg meiner dette ville vera ein urasjonell og ulagleg måte, og at sjølve gangen i kampanjen stengjer for det. For det fyrste ville verknaden vera at parallelt med den prosessen som fører fram til union av republikkane, ville vi ha ein prosess med å løysa opp dei føderale einingane som alt finst. Det ville vera ein prosess som ville velta den verkeleg revolusjonære sameiningsprosessen til republikkane som alt har teke til. Om vi tok denne galne vegen ville vi for det andre koma fram til ei stode der vi i tillegg til å måtte skilja ut dei åtte autonome republikkane frå RSFSR, måtte skilja ut ein særskilt russisk sentral eksekutivkomite og eit russisk råd av folkekommissarar. Og dette ville føra med seg ein heil del organisasjonsmessige forstyrringar, som er heilt unaudsynte og skadelege no, og som korkje stoda innanlands eller stoda utanlands krev i det heile. Det ei grunnen til at eg meiner dei partane som skal skipa unionen skal vera dei fire republikkane: RSFSR, Den transkaukasiske føderasjonen, Ukraina og Kviterussland.
Unionstraktaten må byggja på desse prinsippa: Kommissariata for utanrikshandel, militære og marine, utanrikssaker, transport, post og telegraf skal berre verta skipa innanfor unionsrådet for folkekommissarar. Folkekommissariata for finans, nasjonaløkonomi, mat, arbeid og statsinspeksjon skal halda fram med å verka innanfor kvar av republikkane som er med på traktaten, med det atterhaldet at dei arbeider i samsvar med pålegga frå dei tilsvarande sentrale kommissariata for unionen. Dette er naudsynt for å sameina dei arbeidande massane i republikkane under unionssenteret si styring når det gjeld matforsyning, det øvste rådet for nasjonaløkonomien, folkekommissariatet for finansar og folkekommissariatet for arbeid. Og til sist må dei kommissariata som er att, dvs. kommissariata for innanrikssaker rettsvesen, særskilde former for jordfordeling, særskilde former for lovprosedyre, og med språket og kulturen til folka som dannar republikkane, få stå som sjølvstendige kommissariat under kontroll av dei sentrale eksekutivkomiteane og råda av folkekommissærar i republikkane som sluttar traktaten. Dette er naudsynt for å skaffa ei verkeleg trygging av fri nasjonal utvikling for folka i sovjetrepublikkane.
Etter mi meining er dette prinsippa som må leggjast til grunn for traktaten som republikkane våre snart skal skriva under på.
Fylgjeleg gjer eg framlegg om dette fråsegnsutkastet, som presidiet for den allrussiske sentrale eksekutivkomiteen innstiller på:
1. Samanslåinga av Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikken, Den transkaukasiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken og Den kviterussiske sosialistiske sovjetrepublikken til ein union av sosialistiske sovjetrepublikkar er å sjå på som høveleg.
2. Unionen skal tuftast på prinsippet om friviljug samtykke og likerett mellom republikkane, og kvar av dei skal framleis ha rett til å gå fritt ut or republikkunionen.
3. Sendelaget frå RSFSR skal i samarbeid med sendelaga frå Ukraina, Den transkaukasiske republikken og Kviterussland, få i oppgåve å laga utkast til ei kunngjering om skipinga av republikkunionen, som set fram dei omsyna som gjer det påtvingande at republikkane vert sameinte i ein einaste unionsstat.
4. Sendelaget skal få i oppgåve å setja opp vilkåra for at RSFSR skal gå inn i republikkunionen, og, under gransking av unionstraktaten, halda seg til desse prinsippa:
a) å skipa dei lovgjevande og utøvande unionsorgana som må til,
b) å smelta saman kommissariata for hær- og marinesaker transport, utanrikssaker utanrikshandel, post og telegraf,
c) å underordna kommissariata for finans, mat, nasjonaløkonomi, arbeid, og arbeidar- og bondeinspeksjon i dei republikkane som sluttar traktaten under pålegga frå dei tilsvarande kommissariata for republikkunionen,
d) å gje fullstendig garanti for nasjonal utvikling for folka som høyrer til dei republikkane som sluttar traktaten.
5. Traktatutkastet skal leggjast fram til godkjenning for den allrussiske sentrale eksekutivkomiteen, representert ved presidiet, før det vert lagt fram for den fyrste kongressen til republikkunionen.
6. På grunnlag av at den allrussiske sentrale eksekutivkomiteen godkjenner vilkåra for union, skal sendelaget få fullmakt til å slutta ein traktat mellom RSFSR og dei sosialistiske sovjetrepublikkane Ukraina, Transkaukasia og Kviterussland for å skipa Unionen av Sosialistiske Sovjetrepublikkar.
7. Traktaten skal leggjast fram for den fyrste kongressen til republikkunionen til ratifisering2.
Dette er fråsegnsutkastet som eg legg fram for dykk til vurdering. Kameratar, etter at sovjetrepublikkane vart skipa har statane i verda kløyvd seg i to læger: lægeret til sosialismen og lægeret til kapitalismen. I lægeret til kapitalismen er det imperialistiske krigar, nasjonal strid, underkuing, kolonitrældom og sjåvinisme. I sovjetlægeret, i lægeret til sosialismen er det tvert om innbyrdes tiltru nasjonal likerett og fredeleg samlivnad og broskapleg samarbeid mellom folka. Det kapitalistiske demokratiet har slitt i tiår for å fjerna nasjonale motseiingar ved å kombinera den frie utviklinga til nasjonalitetane med utbyttingsstystemet. Til no har det ikkje lukkast, og kjem aldri til å gjera det. Tvert om vert renningen av nasjonale motseiingar meir og meir flokut, og trugar kapitalismen med dauden. Berre her, i sovjetverda, i lægeret til sosialismen, har det vore råd å utsletta den nasjonale underkuinga og oppretta innbyrdes tiltru og brorskapleg samarbeid mellom folka. Og berre etter at sovjeta greidde å gjera dette, vart det råd for oss å byggja føderasjonen vår og forsvara han mot åtak frå fiendar både innanlandske og utanlandske.
For fem år sidan greidde sovjetmakta å leggja grunnen for fredeleg samlivnad og brorskapleg samarbeid mellom folka. No, når vi her avgjer spørsmålet om union er ynskjeleg og naudsynt, er oppgåva framfor oss å reisa ein ny bygning på denne grunnen ved å skipa ein ny og mektig unionsstat av det arbeidande folket. Viljen til folka i republikkane våre, som nyleg kom saman på kongressane sine og samrøystes vedtok å skipa ein republikkunion, er umotstrideleg prov på at unionssaka er på rett veg, at ho byggjer på det store prinsippet om friviljug samtykke og likerett for nasjonane. Lat oss vona, kameratar, at vi ved å skipa unionsrepublikken vår skal skapa eit pålitande bolverk mot den internasjonale kapitalismen, og at den nye unionsstaten vert nok eit avgjerande steg mot sameininga av det arbeidande folket i heile verda i ein sovjetisk sosialistisk verdsrepublikk. (Langvarig applaus. «Internasjonalen» vert sungen.)
Pravda nr. 295,
28. desember 1922
Notar
1. Den tiande allrussiske sovjetkongressen vart halden i Moskva i dagane frå 23. til 27. desember 1922. Det var 2215 utsendingar til stades. 488 av dei var frå traktat-republikkane Transkaukasia, SFSR, Den Ukraniske SSR og Den Kviterussiske SSR. Dei var komne til Moskva for å vera med på den fyrste sovjetkongressen USSR. Dei var innbedne som æresgjester til den tiande allrussiske kongressen. Den tiande allrussiske sovjetkongressen drøfta fylgjande saker: Melding frå den allrussiske sentraleksekutivkomiteen og folkekommisiariatsrådet om innanriks- og utanrikspolitikken til republikken, melding om stoda i industrien, melding frå folkekommisariatet for jordbruk (oppsummering om arbeid som var gjort for å betra bondejordbruket), melding frå folkekommisariatet for utdanning, melding frå folkekommisariatet for finansar, framlegg til avtale for sovjetrepublikkane om å skipa ein union av sosialistiske sovjetrepublikkar. Den 26. desember gav J.V. Stalin ei melding om å slå saman sovjetrepublikkane. Fråsegna som han la fram vart vedteken samrøystes. Etter at J. V. Stalin hadde lagt fram meldinga si, talte målsmenn frå Ukraina, Asberbajdsjan, Grusia, Armenia og Kviterussland til kongressen, og på vegner av folka i landa sine ynskte dei unionen av sovjetrepublikkar velkomen som ein einaste unionsstat – USSR.
2. Dette viser til tingingane regjeringa i Sovjet hadde med den britiske industrimannen Urquhart for å koma fram til ein avtale og ei semje om utnyttinga av mineralførekomstane i Ural og Kasakhstan. Utkastet til semje vart forkasta av folkekommissariatsrådet den
6. oktober 1922. Grunnen til dette var dei harde vilkåra Urquhart sette, men også den fiendslege politikken den konservative britiske regjeringa førte andsynes Sovjet-Russland. Avslaget frå sovjetregjeringa om å koma fram til ei semje med Urquhart vart brukt av borgarpressa som eit påskot til å trappa opp den anti-sovjetiske kampanjen.
3. Lausanne-konferansen (frå 20. november 922 til 24. juli 1923) vart kalla saman etter initiativ frå Frankrike, Storbritannia og Italia for å drøfta spørsmålet om det nære austen (slutta ein fredsavtale mellom Hellas og Tyrkia, avgrensing av dei tyrkiske grensene, vedtak om ein konvensjon som skulle styra sunda, osb.). I tillegg til dei landa som er nemde ovanfor, var også desse med: Japan, Romania, Jugoslavia, Hellas, Bulgaria og Tyrkia (representantar frå USA var til stades som observatørar). Sovjet-Russland vart beden inn til konferansen berre for å drøfta spørsmålet om sunda (Bosporos, Dardanellane). I kommisjonen som diskuterte sunda på konferansen gjekk det sovjetiske sendelaget mot framlegget om at desse sunda skulle vera opne for krigsskip både i krigs- og fredstid. Sendemennene frå Sovjet la fram sitt eige framlegg om at sunda skulle vera heilt stengde for krigsskip frå alle makter utanom Tyrkia. Dette framlegget vart avvist av kommisjonen.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.