Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
Innhold
MELDING OM NASJONALE FAKTORAR I PARTI- OG STATSSAKER
Framlagd på den tolvte kongressen i RKP(b) 23. april, 1923.
Kameratar dette er tredje gongen vi diskuterer det nasjonale spørsmålet sidan Oktoberrevolusjonen: Fyrste gongen var på den åttande kongressen, den andre var på den tiande, og den tredje på den tolvte. Syner dette at det har vore ei grunnleggjande endring i synet vårt på det nasjonale spørsmålet? Nei, det grunnleggjande synet vårt på det nasjonale spørsmålet har halde seg slik det var før og etter Oktoberrevolusjonen. Men sidan den tiande kongressen har den internasjonale situasjonen endra seg ved at dei tunge revolusjonsreservane som landa i Aust no utgjer, har vorte viktigare. Det er det fyrste punktet. Det andre punktet er at sidan den tiande kongressen har partiet vårt og vore vitne til visse endringar i den indre situasjonen, i samband med Den nye økonomiske politikken. Ein må rekna med alle desse nye faktorane, og slutningane må verta dregne frå dei. I denne meininga kan ein seia at det nasjonale spørsmålet vert sett fram på ein ny måte på den tolvte kongressen.
Den internasjonale tydinga av det nasjonale spørsmålet. De veit, kameratar, at etter historia sin vilje representerer vi, Sovjetføderasjonen, no den framskridne troppen til verdsrevolusjonen. De veit at vi var dei fyrste til å bryta den allmenne kapitalistfronten og at det har vore lagnaden vår å vera framom alle andre. De veit at vi nådde så langt som til Warszawa då vi rykka fram og at vi så trekte oss attende og sette oss fast i dei stillingane som vi rekna som sterkast. Frå den augneblinken vi gjekk over til Den nye økonomiske politikken, frå den augneblinken tok vi omsyn til at den internasjonale revolusjonære rørsla minska farten, og frå den augneblinken endra politikken vår seg frå å vera i åtak til forsvar. Vi kunne ikkje gå framover etter at vi hadde lide eit attendeslag i Warszawa (lat oss ikkje løyna sanninga), vi kunne ikkje rykkja fram av di vi ville ha risikert å verta avskome frå baktroppen som i vårt tilfelle er ein baktropp av bønder, og til sist ville vi ha risikert å rykkja for langt framom revolusjonsreservane som lagnaden har gjeve oss, reservane i vest og i aust. Difor vende vi oss til Den nye økonomiske politikken innanlands og til ei seinare framrykking utanlands, for vi vedtok at det var naudsynt å ha eit pusterom, å lækja såra våre, såra til den framskridne fortroppen, proletariatet, å oppretta kontakt med bondebaktroppen og å driva vidare arbeid mellom reservane som vart hengjande etter oss – reservane i vest og dei tunge reservane i aust som er hovudbaktroppen til verdskapitalismen. Desse reservane – dei tunge reservane som samstundes er baktroppen til verdsimperialismen – det er desse vi tenkjer på når vi drøftar det nasjonale spørsmålet.
Anten det eine eller det andre: anten lukkast vi i å vekkja, i å revolusjonera den fjerne baktroppen til imperialismen – dei koloniale og halvkoloniale landa i aust – og skundar med dette på imperialismen sitt fall, eller vi greier ikkje å gjera dette og styrkjer slik imperialismen og svekkjer krafta til rørsla vår. Slik står spørsmålet.
Det er slik at heile Austen ser på unionen vår av republikkar som eit forsøksfelt. Anten finn vi ei rett praktisk løysing på det nasjonale spørsmålet innom rammene av denne unionen, anten skipar vi her, innom rammene av denne unionen verkeleg brorskaplege samband og verkeleg samarbeid mellom folkeslaga – i så fall vil heile Austen sjå at føderasjonen vår er fana for frigjeringa hans, er den framskridne fortroppen hans som han må fylgja i fotefara til. Og det vil verta byrjinga til samanbrotet for verdsimperialismen. Eller så gjer vi ein tabbe her og undergrev den tiltrua dei tidlegare undertrykte folka har til proletariatet i Russland og tek ifrå republikkunionen den tiltrekningskrafta som han har i augo til Austen – i så fall vil imperialismen vinna, og vi vil tapa.
I dette ligg den internasjonale tydinga til det nasjonale spørsmålet.
Det nasjonale spørsmålet er og viktig for oss ut ifrå den indre stoda, ikkje berre av di den tidlegare herrenasjonen har omlag 75 000 000 innbyggjarar og dei andre nasjonane om lag 65 000 000 (det er i alle høve ikkje noko lite tal), og ikkje berre av di dei tidlegare undertrykte nasjonalitetane bur på område som er dei mest avgjerande for den økonomiske utviklinga vår og dei viktigaste frå ein militærstrategisk synsstad, men framfor alt av di vi i dei siste to åra har innført det som er kjent som NEP. Som resultat av han har den storrussiske nasjonalismen byrja å veksa og verta meir framtredande, Smjena Vekhist-idéen (sjå note 54 – Red.) har vakse fram, og ein kan skimta hugen til å nå med fredelege middel det som Denikin ikkje greidde, dvs. å skapa den såkalla «eine og udelelege».
Som eit resultat av NEP held det difor på å veksa fram ei ny kraft i det indre livet i landet vårt, nemleg storrussisk sjåvinisme. Han forskansar seg i institusjonane våre, trengjer seg inn i ikkje berre sovjetinstitusjonane våre, men og i partiinstitusjonane, og kan verta funnen i alle delar av føderasjonen vår. Dersom vi ikkje kjempar fast mot denne nye krafta, dersom vi Ikkje skjer ho av ved rota – og tilhøve under NEP fostrar ho – risikerer vi fylgjeleg å verta stilte andsynes eit brot mellom proletariatet i den tidelegare herrenasjonen og bøndene i dei tidlegare undertrykte nasjonane. Dette vil tyda at proletariatets diktatur vert undergrave.
Men NEP fostrar ikkje berre storrussisk sjåvinisme – han fostrar og lokal sjåvinisme, særleg i dei republikkane der det er fleire nasjonalitetar. Eg tenkjer på Grusia, Aserbajdsjan, Bukhara og delvis Turkistan. I kvar av desse er det fleire nasjonalitetar og dei framskridne elementa av desse kan snart byrja å tevla seg imellom om overhøgd. Når det gjeld styrke, er denne lokale sjåvinismen sjølvsagt ikkje ein slik fare som storrussisk sjåvinisme. Men han er likevel ein fare av di han trugar med å gjera nokre av republikkane om til skodeplassar for nasjonalt kjekl og å veikja internasjonalismen sine band der.
Slik er dei internasjonale og dei innanlandske tilhøva som gjer det nasjonale spørsmålet til eit svært viktig førsterangs spørsmål allment, og særskilt viktig no om dagen.
Kva er klasseinnhaldet i det nasjonale spørsmålet? Under dei tilhøva som no er i utviklinga av Sovjet, ligg klasseinnhaldet i det nasjonale spørsmålet i å skipa rette gjensidige samband mellom proletariatet i den tidlegare herrenasjonen og bøndene i dei tidlegare undertrykte nasjonalitetane. Spørsmålet om bandet har vorte meir enn drøfta her. Men då dette spørsmålet vart drøfta i samband med meldinga frå Kamenev, Kalinin, Sokolnikov, Rykov og Trotski, var det i hovudsak tilhøva mellom det russiske proletariatet og dei russiske bøndene ein tenkte på. Her, på det nasjonale området, har vi ein meir samansett mekanisme. Her gjeld det å skipa rette gjensidige tilhøve mellom proletariatet i den tidlegare herrenasjonen som er den mest siviliserte delen av proletariatet i heile føderasjonen vår, og bøndene, hovudsakleg i dei tidlegare undertrykte nasjonalitetane. Dette er klasseinnhaldet i det nasjonale spørsmålet. Problemet vil vera løyst dersom proletariatet lukkast i å skipa tilhøve til bøndene i dei andre nasjonalitetane som kan utrydda alle restar av mistru mot alt som er russisk – ei mistru som er innpoda og fostra gjennom tiår med den tsaristiske politikken – og dersom det russiske proletariatet dessutan lukkast i å få til full gjensidig forståing og tiltru ved å fullbyrda ein verkeleg allianse, ikkje berre mellom proletariatet og dei russiske bøndene, men og mellom proletariatet og bøndene i dei tidlegare undertrykte nasjonalitetane. For å nå dette må proletarmakta verta like kjær for bøndene frå dei andre nasjonalitetane som ho er for dei russiske bøndene. Og for at sovjetmakta skal verta kjær også for bøndene frå desse nasjonalitetane, må dei skjøna ho. Ho må fungera på målet deira, i skulane og i styringsorgana må det vera tilsett lokale folk som kjenner språket, vanane, sedvanane og leveviset til dei ikkje-russiske nasjonalitetane. Sovjetmakta som inntil heilt nyleg var russisk makt, vert ei makt som ikkje berre er russisk, men mellomnasjonal, ei makt som er kjær for bøndene frå dei tidlegare undertrykte nasjonalitetane, fyrst når og i den mon institusjonane og styringsorgana republikkane til desse landa byrjar å tala og fungera på morsmålet.
Dette er noko av det grunnleggjande i det nasjonale spørsmålet allment, og under sovjettilhøve særskilt.
Kva er særdraget i løysinga av det nasjonale spørsmålet no i 1923? Kva form har dei problema som må verta løyste på det nasjonale området teke i 1923? Forma med å skipa samarbeid mellom folkeslaga i føderasjonen vår på det økonomiske militære og politiske området. Eg tenkjer på mellomnasjonale tilhøve Oppgåvene med å skipa rette tilhøve mellom proletariatet i den tidlegare herrenasjonen og bøndene frå dei andre nasjonalitetane ligg til grunn for det nasjonale spørsmålet som no tek den særskilde forma med å skipa samarbeid og brorskapleg samlivnad mellom dei nasjonane som tidlegare var splitta og som no sameiner seg i ein einaste stat.
Dette er kjernen i det nasjonale spørsmålet i den forma det har teke i 1923.
Den konkrete forma til denne statsunionen er unionen av republikkar som vi alt drøfta på sovjetkongressen på slutten av siste året, og som vi då skipa.
Grunnlaget for denne unionen er det friviljuge samtykket og den juridiske likskapen for medlemane i unionen. Friviljug samtykke og likskap – av di det nasjonale programmet vårt tek utgangspunkt i regelen om retten for nasjonar til å vera til som sjølvstendige statar, det som tidlegare vart kalla sjølvråderett. Når vi går ut i frå dette, må vi avgjort seia at ingen union av folkeslag i ein einaste stat kan verta varig utan han er grunna på fullt friviljug samtykke, utan at folka sjølve ynskjer å sameina seg. Det andre grunnlaget er den juridiske likskapen mellom folka som er med i unionen. Det er naturleg. Eg talar ikkje om verkeleg likskap – eg kjem til det seinare – for å skipa verkeleg likskap mellom nasjonar som har smidd saman attendeliggjande og framskridne nasjonar, er ei svært innvikla og svært vanskeleg sak som må taka fleire år. Eg talar no om juridisk likskap. Denne likskapen vert uttrykt ved at alle republikkane, i dette høvet dei fire republikkane Transkaukasia, Kvitrussland, Ukraina og RSFSR som utgjer unionen, nyt føremonene ved unionen i same mon, og samstundes i same mon gjev slepp på visse av sjølvstenderettane sine til føremon for unionen. Dersom RSFSR, Ukraina, Kvitrussland og Den transkaukasiske republikken ikkje skal ha sine eigne folkekommisariat for utanrikssakar så er det klårt at å skaffa desse kommisariata og å skipa eit sams kommisariat for utanrikssaker for heile republikkunionen vil føre med seg at det sjølvstendet som desse republikkane tidlegare hadde, i ei viss mon vil verta avgrensa. Denne avgrensinga vert lik for alle republikkane som er med i unionen. Det er klårt at dersom desse republikkane tidlegare hadde sine eigne folkekommisariat for utanrikshandel og desse kommisariata no er avskaffa både i RSFSR og i dei andre republikkane for å bana vegen for eit sams folkekommisariat for utanrikshandel for republikkunionen, så fører dette og med seg ei viss avgrensing av det sjølvstendet dei før hadde i full mon, men som no er skore ned til bate for den sams unionen, osb., osb. Nokre stiller eit reint skolastisk(1) spørsmål, nemleg: Held republikkane fram med å vera sjølvstendige etter at dei har sameint seg? Det er eit skolastisk spørsmål. Sjølvstendet deira er avgrensa, for ein kvar union fører med seg ei viss avgrensing av dei tidlegare rettane til dei som er med i unionen. Men det er klårt at dei grunnleggjande elementa for sjølvstendet til kvar av desse republikkane held seg ved lag, om Ikkje anna av di kvar republikk enno har retten til å lausriva seg frå unionen etter eige skjøn.
Den konkrete forma som det nasjonale spørsmålet har teke under dei tilhøva som no rår i landet vårt, er difor korleis ein skal nå fram til samarbeid mellom folka i økonomiske og militære saker og i utanrikssaker. Vi må sameina republikkane etter desse linene til ein einaste union som vert kalla USSR. Dette er dei konkrete formene som det nasjonale spørsmålet har teke no.
Men dette er lettare sagt enn gjort. I røynda er saka den at ved sidan av dei faktorane som verkar til at folka vert sameinte i ein stat, er det ei rekkje med faktorar som hindrar denne sameininga under dei tilhøva som rår i landet vårt.
De veit at dei faktorane som fremjar sameining, fyrst og fremst er den økonomiske sameininga mellom folka som kom i stand føre sovjetmakta og som vart grunnfest av sovjetmakta, og ei viss arbeidsdeling mellom folka som vart skipa før vår tid, men som vart grunnfest av oss, av sovjetmakta. Det er den grunnleggjande faktoren som gjer at republikkane vert sameinte til ein union. Ein må sjå på innhaldet i sovjetmakta som den andre faktoren som fremjar unionen. Det er naturleg. Sovjetmakta er arbeidarmakt, proletariatets diktatur som ved sjølve innhaldet sitt gjev dei arbeidande elementa i republikkane og folka i unionen hug til å leva i venskaplege tilhøve til kvarandre. Det er naturleg. Og den tredje faktoren som fremjar unionen er den imperialistiske omlægringa ho formar ein omgivnad som republikkunionen må verka innanfor.
Men det er og faktorar som hindrar som hemmar denne sameininga. Hovudkrafta som hemmar at republikkane sameiner seg til ein union, er, slik eg har sagt, den krafta som veks i landet vårt under NEP-tilhøva: Storrussisk sjåvinisme. Kameratar, det er ikkje på noko vis eit slumpetreff at smjena-vekhistane har fått mange tilhengarar mellom sovjet-tenestemennene. Det er på ingen måte eit slumpetreff. Det er heller ikkje slump at dei gode herrar smjena-vekhistane syng lovsonger til bolsjevik-kommunistane. Dei seier beint fram: De kan tala om bolsjevisme så mykje de vil, de kan preika om dei internasjonalistiske tendensane dykkar alt de vil. Men vi veit at de vil nå det som Denikin ikkje nådde, at de bolsjevikar har vekt til nytt liv, eller i alle høve vil vekkja til nytt liv idéen om eit Stor-Russland. Alt dette er ikkje noko slumpetreff. Det er heller ikkje slump at denne idéen endåtil har trengt inn i nokre av partiinstitusjonane våre. Ved februarplenumet der spørsmålet om eit andre-kammer fyrst vart reist, la eg merke til korleis visse medlemar av sentralkomiteen heldt talar som ikkje er i samsvar med kommunismen
– talar som ikkje hadde noko med internasjonalisme å gjera. Alt dette er eit teikn i tida, ein farsott. Hovudfåren som oppstår frå dette er at det på grunn av NEP, forstøkkjande snøgt veks fram i landet vårt ein sjåvinisme som går inn for ein einaste nasjon. Han strevar etter å tyna alt som ikkje er russisk, å samla alle styringstrådar på russiske hender og å kjøva alt som ikkje er russisk. Hovudfåren er at med ein slik politikk risikerer vi at dei russiske proletarane misser den tiltrua frå dei tidlegare undertrykte nasjonane som dei vann i oktoberdagane, då dei styrta godseigarane og dei russiske kapitalistane då dei knuste lekkjene med nasjonal undertrykking Russland, trekte attende troppane frå Persia og Mongolia, kunngjorde sjølvstende for Finland og Armenia og allment gav eit heilt nytt grunnlag for det nasjonale spørsmålet. Dersom vi alle ikkje væpnar oss mot denne nye, eg tek opp att, storrussiske sjåvinismen som veks fram, som listar seg og lurer seg drope på drope inn i augo og øyro på tenestemennene våre og fordervar dei steg for steg, kan vi missa den tiltrua som vi vann på den tida, ned til siste trevlen. Kameratar, det er denne faren vi må knusa for einkvar pris. Elles er vi truga av framtidsutsikter til å missa all tiltru frå arbeidarane og bøndene i dei tidlegare undertrykte folka. Vi er truga av framtidsutsikter til at banda mellom desse folka og det russiske proletariatet vert brotne, og dette trugar oss med faren for at det vert ei rivne i systemet til diktaturet vårt.
Kameratar, gløym ikkje at når vi kunne marsjera mot Kerenski med flammande faner og styrta den provisoriske regjeringa, så var det mellom anna av di vi vart stødde av tiltrua frå dei undertrykte folka som venta at dei skulle verta frigjorde av dei russiske proletarane. Gløym ikkje slike reservar som dei undertrykte folka som teier, men som gjennom togna si pressar på og avgjer ein god del. Ofte kjenner ein ikkje dette, men desse folka lever, dei er til, og dei må ikkje verta gløymde. Gløym ikkje at dersom vi ikkje hadde hatt dei såkalte «framande» i baklandet til Koltsjak, Denikin, Wrangel og Judenitsj, dersom vi ikkje hadde hatt dei tidlegare undertrykte folka som løyste opp baklandet til desse generalane med den stillteiande sympatien sin for dei russiske proletarane, dersom det ikkje var for denne sympatien, kunne vi ikkje ha slege ein einaste av desse generalane. Kameratar, dette er ein særskild faktor i utviklinga vår denne stillteiande samhugen som ingen ser eller høyrer, men som avgjer alt. Medan vi marsjerte mot generalane, byrja oppløysinga i baklandet deira. Kvifor? Av di desse generalane var avhengige av kolonistelementa mellom kosakkane. Dei heldt fram for dei undertrykte folka framtidsutsiktar til vidare undertrykking, og dei undertrykte folka vart difor drivne inn i armane våre medan vi falda ut fridomsfana til desse undertrykte folka. Dette avgjorde lagnaden til desse generalane. Slik er den endelege summen av dei faktorane som, når alt kom til alt, avgjorde det heile sjølv om dei vart overskugga av sigrane til hærane våre. Det må ein ikkje gløyma. Difor må vi gjera ein skarp sving for å kjempa mot dei nye sjåvinistiske kjenslene og setja i gapestokken dei byråkratane i institusjonane våre og dei partikameratane som gløymer kva vi vann i oktober, nemleg tiltrua frå dei tidlegare undertrykte folka. Denne tilliten må vi pleia.
Ein må skjøna at dersom ei kraft som den storrussiske sjåvinismen blømer og spreier seg, så vert det ikkje nokon tillit frå dei tidlegare undertrykte folka, vi får ikkje noko samarbeid innom ein einskilt union, og vi får ikkje nokon republikkunion.
Slik er den fyrste og farlegaste faktoren som hemmar sameininga av folk og republikkar i ein einaste union.
Kameratar, den andre faktoren som og hindrar at dei tidlegare undertrykte folka sameiner seg kring det russiske proletariatet, er den verkelege ulikskapen mellom nasjonane som vi har arva frå den tsaristiske tidbolken.
Vi har kunngjort juridisk likskap og praktiserar han. Men sjølv om juridisk likskap i seg sjølv er svært viktig i utviklingssoga til sovjetrepublikkane, så er han langt frå å vera verkeleg likskap. I forma har alle dei attendeliggjande nasjonalitetane og alle folka nett like mange rettar som dei andre meir framskridne nasjonane som utgjer føderasjonen vår. Men problemet er at nokre nasjonalitetar ikkje har eigne proletarar, dei har ikkje gått gjennom noko industriell utvikling, dei har ikkje eingong starta på denne vegen. Kulturen deira er uhorveleg attendeliggjande, og dei er heilt ute av stand til å dra føremon av dei rettane revolusjonen har gjeve dei. Kameratar, dette er eit mykje viktigare spørsmål enn skulespørsmålet. Nokre av kameratane våre her meiner at knuten kan verta løyst ved at ein set skule- og språkspørsmålet i forgrunnen. Det er ikkje slik, kameratar. Skular vil ikkje føra dykk særleg langt. Desse skulane utviklar seg, og det gjer språka og. Men verkeleg ulikskap held seg som grunnlaget for all misnøyen og gnissinga. Skular og språk vil ikkje avgjera saka. Det som trengst er verkeleg, systematisk, ærleg og ekte proletarisk hjelp frå oss til dei arbeidande massane i dei nasjonalitetane som står kulturelt og økonomisk attende. Ved sidan av skular og språk må det russiske proletariatet gjera alle tiltak for å sikra at det vert bygt industrisenter i grenseområda, i dei republikkane som har attendeliggjande kultur – og dei er ikkje attendeliggjande av di dei sjølve har feil, men av di dei tidlegare art rekna som råvarekjelder. Det har vorte gjort visse freistnader i denne retninga. Grusia har teke ein fabrikk frå Moskva, og han skulle starta verksemda snart. Bukhara har teke ein fabrikk, men kunne ha teke fire. Turkistan tek ein stor fabrikk. Alle røynsler syner difor at desse økonomiske attendeliggjande republikkane som ikkje har noko proletariat, må skipa sine eigne industrisenter sjølv om dei er små, med hjelp frå det russiske proletariatet. Dette må dei gjera for å skipa grupper med lokale proletarar i desse sentra som kan tena som bru mellom dei russiske proletarane og bøndene og dei arbeidande massane i desse republikkane. På dette området har vi mykje å gjera, og berre skular avgjer ikkje saka.
Men det er endå ein tredje faktor som hemmar sameininga av republikkar i ein einaste union: at det er nasjonalisme i dei einskilde republikkane. NEP verkar ikkje berre på russarane, men og på den ikkje-russiske folkesetnaden. Den nye økonomiske politikken utviklar ikkje berre privat handel og industri i sentret av Russland, men og i dei einskilde republikkane. Og det er denne same NEP og den private kapitalen som er knytt til han, som nærer og fostrar grusisk, aserbajdsjansk, usbekisk og annan nasjonalisme. Sjølvsagt, dersom det ikkje fanst nokon storrussisk sjåvinisme – som er aggressiv av di han er sterk og av di han og var sterk tidlegare og har halde på vanen med å undertrykkja og audmjuka – dersom det ikkje fanst nokon storrussisk sjåvinisme, så ville kanskje den lokale sjåvinismen og berre vera til i mykje minska form,så å seia i miniatyr som hemn mot storrussisk sjåvinisme. For når alt kjem til alt er anti-russisk nasjonalisme ein måte å forsvara seg på, ei stygg form å forsvara seg på mot storrussisk nasjonalisme, mot storrussisk sjåvinisme. Dersom denne nasjonalismen berre var til forsvar, var han kanskje ikkje verd å gjera noko ståk om. Vi kunne konsentrera heile krafta verksemda vår, heile krafta kampen vår mot den storrussiske sjåvinismen, i vona om at så snart denne mektige fienden er overvunnen, så ville antirussisk nasjonalisme vera overvunnen samen med han. For, eg tek opp att, når alt kjem til alt, er denne nasjonalismen ein reaksjon mot storrussisk nasjonalisme, eit mottiltak mot han, ein viss måte å forsvara seg på. Ja, det ville vera slik dersom anti-russisk nasjonalisme på dei lokale stadene ikkje var meir enn ein reaksjon mot storrussisk nasjonalisme. Men problemet er at i nokre republikkar sleg denne nasjonalismen over i å verta aggressiv nasjonalisme.
Tak Grusia. Meir enn 30 prosent av innbyggjarane er ikkje-grusarar. Mellom desse er det armenarar, abkhazarar, arajar, ossetarar og tatarar. Grusarane er i leiinga. Mellom nokre av dei grusiske kommunistane har den idéen kome opp og vunne fram at det ikkje er særskilt naudsynt å rekna med desse små nasjonalitetane. Dei seier at dei er mindre siviliserte og mindre utvikla, og at det difor ikkje er naudsynt å rekna med dei. Det er sjåvinisme – ein farleg og skadeleg sjåvinisme. For det kan gjera den vesle grusiske republikken til ein stridsskodeplass. I røynda har det alt gjort han til ein stridsskodeplass.
Aserbajdsjan – nasjonaliteten her er aserbaidsjanar, men det er og annenarar der. Mellom ein del av aserbajdsjanarane er det og ein tendens som av og til er heilt open, til å meina at aserbajdsjanarane er dei eigentlege innbuarane og at armenarane er inntrengjarar. Difor er det mogleg å skuva armenarane noko i bakgrunnen og vanvyrda interessene deira. Det er og sjåvinisme. Det undergrev likskapen mellom nasjonalitetane som sovjetsystemet grunnar seg på.
Bukhara. I Bukhara er det tre nasjonalitetar – usbekarar som er den opphavlege nasjonaliteten, turkmenarar som er ein «mindre viktig» nasjonalitet frå synsstaden til bukharisk sjåvinisme, og kirgisarar som er få i tal her, og openbert «mindre viktige».
I Khorezm har ein det same, turkmenarar og usbekarar. Usbekarane er den opphavlege nasjonaliteten, og turkmenarane er «mindre viktige».
Alt dette fører til konfliktar og veikjer sovjetstyret. Denne tendensen til lokal sjåvinisme må og verta skoren av ved rota. Samanlikna med storrussisk sjåvinisme som i den allmenne framstillinga av det nasjonale spørsmålet utgjer tre fjerdedelar av heilskapen, er lokal sjåvinisme sjølvsagt ikkje så viktig. Men for lokalt arbeid, for dei lokale innbyggjarane og for den fredelege utviklinga av dei nasjonale republikkane sjølve, er denne sjåvinismen ei sak som er svært viktig.
Av og til byrjar denne sjåvinismen å gå gjennom ei svært interessant utvikling. Eg tenkjer på Transkaukasia. De veit at det er tre republikkar med ti nasjonalitetar i Transkaukasia. Frå svært tidlege tider har Transkaukasia vore skodeplass for massakrar og strid, og under mensjevikane og dasjnakane(2) var det stridsskodeplass. De kjenner den grusisk-armenske krigen. De veit og om massakrane i Aserbajdsjan i byrjinga og på slutten av 1905. Eg kunne nemna ei heil rekkje med distrikt der den armenske majoriteten slakta ned heile resten av innbyggjarane som var tatarar. Eitt døme er Zangesur. Eg kunne nemna ein annen provins -Nakhitsjevan. Tatarane dominerte der, og dei slakta ned alle armenarane. Det var rett før Armenia og Grusia vart frigjorde frå det imperialistiske åket. (Røyst: «Det var deira måte å løysa det nasjonale spørsmålet på»). Sjølvsagt er dette og ein måte å løysa det nasjonale spørsmålet på. Men det er ikkje sovjetmåten. Dei russiske arbeidarane kan sjølvsagt ikkje klandrast for denne stoda med gjensidig nasjonal fiendskap, for det er tatarane og armenarane som slåst, utan russarane. Difor krevst det eit særskilt organ i Transkaukasia for å ordna tilhøva mellom nasjonalitetane.
Ein kan slå fast for visst at tilhøva mellom proletariatet i den tidlegare herrenasjonen og slitarane frå alle dei andre nasjonalitetane utgjer tre fjerdedelar av heile det nasjonale spørsmålet. Men ein fjerdedel av dette spørsmålet må ein leggja til tilhøva mellom dei tidlegare undertrykte nasjonalitetane sjølve.
Og dersom sovjetregjeringa i denne atmosfæren med gjensidig mistru ikkje hadde lukkast i å få til eit organ for nasjonal fred i Transkaukasia som var i stand til å semja alle gnissingar og konfliktar, så ville vi ha gått attende til den tsaristiske tidbolken eller til tidbolken til dasjnakane, mussavatistane(3) og mensjevikane, då folk skamfor og slakta ned kvarandre. Difor har sentralkomiteen ved tre høve stadfest at det er naudsynt å halda ved lag Den transkaukasiske føderasjonen som eit organ for nasjonal fred.
Det har vore og er enno ei gruppe med grusiske kommunistar som ikkje protesterer mot at Grusia sameiner seg med republikkunionen, men som protesterer mot at denne unionen vert fullbyrda gjennom Den transkaukasiske føderasjonen. De skjønar, dei ville gjeme verta nærare knytte til unionen. Dei seier at det ikkje er naudsynt å ha denne skiljeveggen i form av den transkaukasiske føderasjonen mellom seg sjølve – gruserane – og republikkunionen. Dei seier at føderasjonen er overflødig. Dei meiner at dette høyrest svært revolusjonært ut.
Men det er eit anna motiv bakom dette. For det fyrste tyder desse fråsegnene på at haldninga til russarane kjem i andre rekkje i Grusia når det gjeld det nasjonale spørsmålet. For desse kameratane, avvikarane (det er det dei vert kalla), protesterer ikkje på at Grusia sluttar seg til unionen beinveges. Det vil seia at dei ottast ikkje den storrussiske sjåvinismen og trur at røtene hans har vorte skorne av på eitt eller anna vis, eller i alle høve at han ikkje er avgjerande viktig. Det dei ottast mest er openbert Den transkaukasiske føderasjonen. Kvifor? Kvifor skulle dei tre hovudnasjonane i Transkaukasia som kjempa seg imellom så lenge, slakta kvarandre ned og kriga mot kvarandre, kvifor skulle desse nasjonane bryta desse føderale banda no, no då sovjetmakta endeleg har knytt dei saman med banda til ein brorskapleg union i form av ein føderasjon, no som denne føderasjonen har gjeve positivt resultat? Kva er poenget, kameratar?
Vitsen er at banda til Den transkaukasiske føderasjonen tek frå Grusia den noko priviligerte plassen det kunne få i kraft av den geografiske plasseringa det har. Sjå sjølve. Grusia har si eiga hamn Batum, som det strøymer varer gjennom frå vesten. Grusia har eit jamvegsknutepunkt som Tbilisi som armenarane ikkje kan unngå og heller ikkje Aserbajdsjan, for det får varane sine gjennom Batum. Dersom Grusia var ein særskild republikk, dersom det ikkje var ein del av Den transkaukasiske føderasjonen, så kunne det setja fram noko slikt som eit lite ultimatum både for Armenia som ikkje kan greia seg utan Tbilisi, og for Aserbajdsjan som ikkje kan greia seg utan Batum. Det ville vera nokre føremoner for Grusia i dette. Det var ikkje noko slumpetreff at det illgjetne barbariske påbodet som skipa grensesperringar, vart skrive i Grusia. Serebijakov får no skulda for dette. Lat oss gå med på at han bør klandrast, men påbodet kom opphavleg frå Grusia. ikkje frå Aserbajdsjan eller Armenia.
Dessutan er det ei anna årsak. Tbilisi er hovudstaden i Grusia, men grusarane der er ikkje meir enn 30 prosent av folketalet. Armenarane er ikkje mindre enn 35 prosent, og så kjem alle dei andre nasjonalitetane. Slik er hovudstaden i Grusia. Dersom Grusia var ein særskild republikk, kunne innbyggjarane verta flytta noko om. Dei armenske innbyggjarane kunne til dømes verta flytte frå Tbilisi. Vart det ikkje vedteke eit velkjend påbod i Grusia for å «regulera» folketalet i Tbilisi som kamerat Makharadze sa ikkje var retta mot armenarane? Meininga var å flytta om på innbyggjarane for å minska talet på armenarar i Tbilisi frå år til år og få dei færre enn grusarane, og slik gjera Tbilisi til ein verkeleg grusisk hovudstad. Eg vedgår at dei har avskaffa utkastingspåbodet, men dei har ei veldig mengd med utvegar, ei veldig mengd med tøyelege former – slik som «uttynning» – som ville gjera det mogleg å ordna sakene på ein slik måte at armenarane i Tbilisi ville verta i mindretal samstundes som ein heldt på eit skin av internasjonalisme.
Det er desse geografiske føremonene som dei grusiske avvikarane ikkje ynskjer å missa. Og den ugunstige stoda for grusarane i sjølve Tbilisi der det er færre grusarar enn armenarar får avvikarane våre til å gå mot føderasjon. Mensjevikane kasta heilt enkelt armenarar og tatarar ut or Tbilisi. Men no under sovjetstyret er utkasting umogleg. Difor ynskjer dei å gå ut or føderasjonen, og dette vil skapa legale høve til å gjera visse operasjonar på eiga hand, som får som resultat at den gunstige stoda for grusarane vert heilt utnytta mot Aseibajdsjan og Armenia. Og alt dette ville skapa ei priviligert stilling for grusarane i Transkaukasia. I dette ligg hele faren.
Kan vi sjå bort frå interessene av nasjonal fred i Transkaukasia og tillata at det vert skapt tilhøve som ville gje grusarane ei priviligert stilling samanlikna med den armenske og den aserbajdsjanske republikken? Nei, det kan vi ikkje tillata.
Det er eit gamalt, særskilt system for å styra nasjonar der ein borgarleg autoritet set visse nasjonalitetar framom dei andre, gjev dei særrettar og audmjuker dei andre nasjonane av di han ikkje ynskjer å verta plaga med dei. Ved å setja ein nasjonalitet framom dei andre på dette viset, nyttar han han til å halda dei andre nede. Slik var til dømes den styringsmetoden som vart nytta i Austerrike. Alle hugsar fråsegna frå den austerrikske statsråden Beust som kalla til seg den ungarske statsråden og sa: «Styr du hordane dine så skal eg hamla opp med mine.» Med andre ord: Hald du i taume og hald nede nasjonalitetane dine i Ungarn, så skal eg halda nede mine i Austerrike. Du og eg representerer priviligerte nasjonar lat oss halda nede resten.
Det same var tilfellet med polakkane i sjølve Austerrike. Austerrikarane sette polakkane føre dei andre og gav dei særrettar for at polakkane skulle hjelpa austerrikarane til å styrkja stillinga si i Polen. Til gjengjeld let dei polakkane kjøva Galitsja.
Dette systemet med å skilja ut nokre nasjonalitetar og gje dei særrettar for å greia å halda dei andre i age, er reint og særskilt austerriksk. Frå byråkratiet sin synsstad er det ein «økonomisk» styringsmetode av di han berre må bry seg med ein nasjonalitet. Men frå den politiske synsstaden tyder det den visse daude for staten. For å gjera vald på prinsippet med likskap mellom nasjonalitetar og å gje særrettar til nokon einskild nasjonalitet, tyder å døma den nasjonale politikken sin til eit sikkert nederlag.
Storbritannia styrer no over India nett på same viset. For å gjera det lettare – utfrå byråkratiet sin synsstad – å handsama nasjonalitetane og rasane i India, delte Storbritannia India i Britisk India (folketal på 240
000 000) og Det Innfødde India (folketal på 72 000 000). Kvifor? Av di Storbritannia ynskte å skilja ut ei gruppe med nasjonar og gje ho særrettar for å gjera det lettare å styra dei nasjonalitetane som stod att. Det er fleire hundre nasjonalitetar i India, og Storbritannia vedtok at heller enn å bry seg med desse nasjonalitetane så var det betre å skilja ut nokre få nasjonar, gje dei visse særrettar og styra resten gjennom dei. For, for det fyrste ville misnøyen til dei andre nasjonane verta retta mot dei som hadde særrettar, og ikkje mot Storbritannia, og for det andre ville det verta billegare å måtta «bry seg» med berre to eller tre nasjonar.
Det britiske systemet er og eit styringssystem. Kva fører det til? Til at apparatet vert «billegare» – det er sant. Men, kameratar, når ein ser bort ifrå kva som høver for byråkratiet, så tyder det den visse daude for det britiske styret i India. Dette systemet huser uunngåeleg daude så visst som at to og to er fire, dauden for britisk styre og britisk herrevelde.
Det er utpå denne farlege stigen kameratane våre, dei grusiske avvikarane, skuver oss ved å setja seg mot føderasjonen medan dei krenkjer alle partilovene, og ved at dei vil trekkja seg ut or føderasjonen for å få ei gunstig stilling. Dei skuver oss ut på vegen med å gje dei visse særrettar på kostnad av den armenske og den aserbajdsjanske republikken. Men dette er ein veg vi ikkje kan slå inn på, for han tyder den visse daude for heile politikken vår og for sovjetmakta i Kaukasus.
Det var ikkje noko slumpetreff at kameratane våre i Grusia skjøna denne faren. Denne grusiske sjåvinismen som hadde kome på offensiven mot armenarane og aserbajdsjanarane, uroa det grusiske kommunistpartiet. Det grusiske kommunistpartiet, som har halde to kongressar sidan det vart legalt, synte ved båe høve heilt naturleg samrøystes attende standpunktet til dei avvikande kameratane. For under dei tilhøva som no er, er det umogleg å halda oppe freden i Kaukasus, og umogleg å få til likskap utan Den transkaukasiske føderasjonen. Ein nasjon må ikkje få fleire særrettar enn ein annan. Dette har kameratane våre skjøna. Difor er Mdivani-gruppa(4) etter to års strid ein liten handfull som fleire gonger er støytt ut av partiet i sjølve Grusia.
Det er heller ikkje noko slumpetreff at kamerat Lenin hadde det så travelt og heldt så sterkt på at føderasjonen skulle verta skipa med ein gong. Det var heller ikkje noko slumpetreff at sentralkomiteen vår ved tre høve stadfesta at det var naudsynt med ein føderasjon i Transkaukasia med ein eigen sentrale eksekutivkomite og si eiga utøvande makt med avgjerder som skulle vera bindande for republikkane. Det var ikkje noko slumpetreff at båe kommisjonane – han til kamerat Dzerzsjinski, og han til Kamenev og Kujbysjev, slo fast då dei kom til Moskva at ein ikkje kunne vera føderasjonen forutan.
Til sist er det heller ikkje noko slumpetreff at mensjevikane i Sotsialistisjeski Vestnilé(5) lovpriser dei avvikande kameratane våre og roser dei opp i skyene for å ha gått imot føderasjonen. Dei er alen av same stykkjet.
Eg går no over til å undersøkja dei måtane vi må nytta for å reinska ut desse tre hovudfaktorane som hindrar sameining: Stor-russisk sjåvinisme, verkeleg ulikskap mellom nasjonar og lokal nasjonalisme, særleg når han veks til sjåvinisme. Eg vil nemna tre av dei midla som smertelaust kan hjelpa oss til å kvitta oss med heile den arven frå fortida som hindrar folka i å koma saman.
Det fyrste midlet er å nytta alle tiltak for å gjera sovjetstyret forstått og elska i republikkane, å gjera sovjetstyret ikkje berre russisk, men mellomnasjonalt. For dette er det naudsynt at ikkje berre skulane, men alle institusjonar og alle organ, både i partiet og sovjetorgana, steg for steg vert gjort nasjonale i innhald, at dei må verta drivne i det språket som massane skjønar og at dei fungerar på eit vis som samsvarer med leveviset til den nasjonen det gjeld. Berre på dette vilkåret vil vi verta i stand til å gjera sovjetstyret om frå eit russisk til eit mellom-nasjonalt styre som vert skjøna og er nært og kjært for dei arbeidande massane i alle republikkar særskilt dei som er attendeliggjande i økonomi og kultur.
Det andre midlet som smertelaust kan hjelpa oss til å verta kvitt arven frå tsarismen og borgarskapet, er å byggja opp kommisariata i republikkunionen på eit slikt vis at i det minste dei viktigaste nasjonalitetane vert i stand til å ha sine folk i kollegia, og å skapa ei stode der trongen og krava til dei einskilde republikkane vert stetta utan unntak.
Det tredje midlet er: Det er naudsynt at det mellom dei øvste sentrale organa våre er eitt som utan unntak uttrykkjer det som alle republikkane og nasjonalitetane treng og krev.
Eg vil særleg gjera dykk merksame på dette siste midlet.
Dersom vi kunne skapa to kammer med lik makt innan sentraleksekutivkomiteen i unionen, der det eine vert valt på unionkongressen til sovjeta utan omsyn til nasjonalitet, og det andre av republikkane og dei nasjonale regionane (republikkane vert likt representerte, og dei nasjonale regionane vert likt representerte) og godkjend av den same sovjetkongressen i republikkunionen, så meiner eg at då ville dei øvste institusjonane våre ikkje berre unntakslaust uttrykkja klasseinteressene til heile det arbeidande folket, men og reint nasjonale krav. Vi ville ha eit organ som ville utrykkja dei særskilte interessene til nasjonalitetane, folka og rasane som bur i republikkunionen. Under dei tilhøva som rår i unionen vår som alt i alt sameiner 140 000 000 menneske, mellom desse 65 000 000 ikkje-russarar, i eit slikt land er det umogleg å styra dersom vi her i Moskva i det øvste organet vårt ikkje har med oss utsendingar frå desse nasjonalitetane som ikkje berre skal uttrykkja dei sams interessene til heile proletariatet, men og særleg og særskilde nasjonale interesser. Kameratar, utan dette vil det vera umogleg å styra. Dersom vi ikkje har dette barometeret og folk som greier å formulera kva dei einskilde nasjonalitetane særskilt treng, så vert det umogleg å styra.
Det er to måtar å styra eit land på. Ein måte er å ha eit «forenkla» apparat med, lat oss seie ei gruppe menneske eller ein mann i toppen, som har guvernørar til hender og augo på dei lokale stadene. Dette er ei svært enkel styringsform. Under ho får herskaren når han styrer landet, slike opplysningar som han kan få frå guvernørar, og han trøystar seg med vona om at han styrer ærleg og godt. Så oppstår gnissing. Gnissinga veks til samanstøytar og samanstøytane til opprør. Seinare vert opprøra knuste. Eit slikt styringssystem er ikkje vårt system, og dessutan er det for dyrt sjølv om det er enkelt. Men det finst eit anna styringssystem, sovjetsystemet. I sovjetlandet vårt har vi dette andre styringssystemet som er eit system som set oss i stand til å sjå heilt nøye på førehand alle endringar, alle tilhøve mellom bøndene, mellom innbuarane, mellom dei såkalte «framande» og mellom russarane. Dette systemet med øvste organ har ei rekkje barometer som varslar kvar endring, som registrerer og åtvarar mot ei Basmatsj-rørsle,(6) som er ei bandittrørsle, mot Kronstadt(7) og alle moglege stormar og katastrofer. Det er det sovjetiske styringssystemet. Det er kalt sovjetmakt, folkemakt. For, av di det lit på det vanlege folket, er det det fyrste til å registrera kva endring som helst. Det gjer dei tiltake som høver, og korrigerer lina i tide dersom ho har vorte rengd. Det gjer sjølvkritikk og korrigerer lina. Dette styringssystemet er sovjetsystemet, og det krev at systemet med dei høgre organa våre skulle femna om organ som utrykkjer absolutt alt det som nasjonane treng og krev.
Ein har innvendt at dette systemet vil gjera administrasjonsarbeidet meir innfløkt, at det tyder å setja opp fleir og fleir organ. Det er sant. Til no hadde vi sentraleksekutivkomiteen til RSFSR. Så skapte vi sentraleksekutivkomiteen for unionen, og no vert vi nøydde til å kløyva sentraleksekutivkomiteen for unionen i to. Men det får ikkje hjelpa. Eg har alt sagt at den enklaste styringsforma er å ha ein mann og å gje han guvernørar. Men no, etter Oktoberrevolusjonen, kan vi ikkje gje oss i kast med slike forsøk. Systemet har vorte meir samansett, men det gjer det lettare å styra og gjev heile styringssystemet ein grunnleggjande sovjetisk karakter. Difor meiner eg at kongressen må vera samd i at det vert sett opp eit særskild organ, eit andrekammer innan sentraleksekutivkomiteen for unionen, sidan det er heilt avgjerande.
Eg seier ikkje at dette er ein fullkomen måte å få til samarbeid mellom folka i unionen på. Eg seier ikkje at det er det siste ordet i vitskapen. Vi skal setja fram det nasjonale spørsmålet gong på gong, for dei nasjonale og dei internasjonale tilhøva endrar seg og kan endra seg igjen. Eg nektar ikkje for at det er mogleg at kanskje nokre av dei kommisariata som vi smeltar inn i republikkunionen må skiljast ut att dersom røynsla syner at dei ikkje er tilfredsstillande etter at dei er smelta inn. Men ein ting er klår, nemleg at under dei tilhøva og i dei omstenda som er no, er det ikkje tilgjenge på nokon betre metode og eit meir høveleg organ. Til no har vi ikkje nokon betre måte eller noko betre middel til å skapa eit organ som er i stand til å registrera alle svingingane og alle endringane som finn stad i dei einskilde republikkane, enn å oppretta eit andrekammer.
Det er sjølvsagt at andrekammeret må ha utsendingar ikkje berre frå dei fire republikkane som har gått saman, men frå alle folka. For spørsmålet gjeld ikkje berre dei republikkane som har sameint seg formelt (det er fire av dei), men alle folka og nasjonalitetane i republikkunionen. Difor krev vi ei form som unntakslaust uttrykkjer kva alle nasjonalitetane og republikkane treng.
Eg skal no oppsummera, kameratar.
Kor viktig det nasjonale spørsmålet er, vert difor avgjort av den nye internasjonale stoda, av at her i Russland, i føderasjonen vår, må vi løysa det nasjonale spørsmålet på ein rett måte som kan stå som førebilete for Austen som utgjer dei tunge reservane for revolusjonen. Ved dette vil vi auka tilliten deira til føderasjonen vår og gjera han meir tiltrekkjande for dei.
Ut frå den indre stode tvingar dei tilhøva som er skapte av NEP og den aukande stor-russiske sjåvinismen og lokal sjåvinisme oss og til å leggja vekt på kor særs viktig det nasjonale spørsmålet er.
Vidare sa eg at det vesentlege i det nasjonale spørsmålet ligg i å få til rette tilhøve mellom proletariatet i den tidlegare herrenasjonen og bøndene dei tidlegare undertrykte nasjonane, og at frå denne synsstaden er den konkrete forma til det nasjonale spørsmålet i augneblinken uttrykt ved at ein må finna vegar og middel for å få til samarbeidet mellom folka innom ein republikkunion, innom ein einskild stat.
Eg talte vidare om dei faktorane som er avgjerande for at folka slik kjem saman. Eg talte om dei faktorane som hindrar ei slik sameining. Eg snakka særskilt lenge om stor-russisk sjåvinisme som ei kraft som veks i styrke. Den krafta er hovudfåren og er i stand til å undergrava den tilliten dei tidlegare undertrykte folka har til det russiske proletariatet. Ho er ein svært farleg fiende som vi må vinna over. For med ein gong vi har vunne over ho, skal vi vinna over ni tidelar av den nasjonalismen som har overlevt og som veks i visse republikkar.
Vidare står vi andsynes den faren at visse grupper av kameratar kan skuva oss ut på vegen med å gje særrettar til nokre nasjonalitetar på kostnad av andre. Eg har sagt at vi ikkje kan slå inn på denne vegen av di han kan undergrava den nasjonale freden og drepa tilliten til sovjetmakta frå massane i dei andre nasjonane.
Vidare sa eg at hovudmidla som vil setja oss i stand til å gjera det av med dei faktorane som hindrar samaining mest smertefritt, ligg i at det vert skipa eit andrekammer i sentraleksekutivkomiteen. Eg talte opnare om dette under februarplenumet i sentralkomiteen, og det er handsama i ei meir tilslørt form i tesane, for å kanskje setja kameratane sjølve i stand til å peika på ei eller anna meir bøyeleg form, eit eller anna meir høveleg organ som er i stand til å uttrykkja interessene til nasjonalitetane.
Slik er slutningane.
Eg meiner at berre på dette viset vil vi verta i stand til å nå ei rett løysing på det nasjonale spørsmålet og verta i stand til å falda fana til den proletariske revolusjonen vidt ut, og vinna for han sympatien og tilliten frå landa i Austen som er dei tunge reservane til revolusjonen. Desse kan spela ei avgjerande rolle i dei slaga som kjem i framtida mellom proletariatet og imperialismen. (Applaus.)
SVAR TIL DISKUSJONEN
25. april
Kamerater, før eg går over til å leggja fram meldinga om kva som er gjort i komiteen som arbeider med det nasjonale spørsmålet, lat meg gå lov til å ta opp to hovudpunkt som svar til dei som har hatt ordet i diskusjonen om meldinga mi. Det vil taka tjue minutt, ikkje meir.
Det fyrste punktet er at ei gruppe kameratar, med Bukharin og Rakovski i brodden, har lagt for mykje vekt på det nasjonale spørsmålet, har overdrive det og har late det overskugga samfunnsspørsmålet, spørsmålet om makta til arbeidarklassen.
Det er klårt for oss som kommunistar at grunnlaget for alt arbeidet vårt ligg i at vi styrkjer makta til arbeidarane, og at vi fyrst etter det står andsynes det andre spørsmålet, elt svært viktig spørsmål, men underordna det fyrste, nemleg det nasjonale spørsmålet. Vi får høyra at vi ikkje må støyta dei ikkje-russiske nasjonalitetane. Det er heilt sant, eg er samd i at vi ikkje må støyta dei. Men frå dette å utvikla ein ny teori som går ut på at det storrussiske proletariatet må stillast ulikt i høve til dei nasjonane som var undertrykte tidlegare, er meiningslaust. Noko som berre var ein talemåte i den velkjende artikkelen til kamerat Lenin, har Bukharin skapt om til eit regelrett slagord. Ikkje dess mindre er det klårt at det politiske grunnlaget for proletariatets diktatur fyrst og fremst og i hovudsak er dei sentrale, industrialiserte regionane, og ikkje grenseregionane som er bondeland. Dersom vi gjer for mykje av bonderegionane ved grensene på kostnad av dei proletariske distrikta, kan dette føra til ei rivne i systemet med proletariatets diktatur. Det er farleg, kameratar. Vi må ikkje overdriva noko i politikken på same måten som vi ikkje må undervurdera noko.
Ein bør ha i tankane at i tillegg til nasjonane sin sjølvråderett, finst og retten arbeidarklassen har til å grunnfesta makta si, og sjølvråderetten er underordna den retten. Det finst tilfelle då sjølvråderetten støyter mot ein annan, høgre rett, – retten arbeidarklassen som er komen til makta har, til å grunnfesta makta si. I slike høve – dette må seiast rett ut – kan og må ikkje sjølvråderetten tena som ei hindring for arbeidarklassen når det gjeld å utøva retten til diktatur. Det fyrstnemnde må vika for det sistnemnde. Slik var det til dømes i 1920 då vi var nøydde til å marsjera mot Warszawa for å forsvara makta til arbeidarklassen.
Det må difor ikkje gløymast at når ein deler ut alle slag lovnader til dei ikkje-russiske nasjonalitetane når ein bukkar og skrapar for representantane frå desse nasjonalitetane, slik visse kameratar har gjort på denne kongressen, må ein halda det klårt føre seg at i den indre og ytre situasjonen vi står i, vert rekkevidda av det nasjonale spørsmålet og grensene for kva område det gjeld, så å seia, avgrensa av rekkevidda til og området «aibeidarspørsmålet» gjeld for. Det sistnemnde er det mest grunnleggjande spørsmålet.
Mange talarar viste til notat og artiklar av Vladimir Iljitsj. Eg vil ikkje sitera læremeisteren min, kamerat Lenin, sidan han ikkje er her, og av di eg er redd for at eg kanskje skulle koma til å sitera han gale og uheldig. Eg er likevel nøydd til å sitera ei setning som er aksiomatisk1 og som ikkje kan føra til mistydingar så det ikkje skal finnast tvil att i tankane til kameratane når det gjeld den relative vekta det nasjonale spørsmålet har. Då han analyserte Marx sitt brev om det nasjonale spørsmålet i ein artikkel om sjølvråde, drog kamerat Lenin denne slutninga:
«Marx var ikkje i tvil om at det nasjonale spørsmålet veg lettast når det vert samanlikna med arbeidarspørsmålet.(8)
Dette er berre to liner, men dei er avgjerande. Og dette skulle ein del av kameratane våre som er meir nidkjære enn kloke, få banka inn i hovudet.
Det andre punktet gjeld stor-russisk sjåvinisme og lokal sjåvinisme. Rakovski og særleg Bukharin talte om dette, og den sistnemnde gjorde framlegg om at det punktet som handlar om kor skadeleg den lokale sjåvinismen er, skulle strykast. Argumentet deira var at det ikkje er naudsynt å bry seg med ein liten orm som lokal sjåvinivme når vi står andsynes ein «Goliat» som stor-russisk sjåvinisme. Allment sto Bukharin der med angrande sinn. Det er naturleg – han har synda mot nasjonalitetane i åretal og nekta dei sjølvråderett. Det var på høg tid at han angra. Men då han angra, gjekk han over til den andre ytterkanten. Det er pussig at Bukharin oppfordrar partiet om å fylgja hans døme og angra, sjølv om heile verda veit at partiet ikkje på nokon måte er innblanda, for heilt frå skipinga (1898) har det godkjent sjølvråderetten og det har difor ikkje nokon grunn til å angra. Saka er at Bukharin ikkje har forstått innhaldet i det nasjonale spørsmålet. Når det vert sagt at kampen mot stor-russisk sjåvinisme må gjerast til hjørnesteinen i det nasjonale spørsmålet, er meininga å peika på kva plikter den russiske kommunisten har. I det ligg det at kvar russisk kommunist sjølv har plikt til å nedkjempa russisk sjåvinisme. Dersom striden mot russisk sjåvinisme vart teken opp av turkistanske eller grusiske kommunistar, men ikkje av dei russiske kommunistane, ville dette verta tolka som antirussisk sjåvinisme. Det ville rota til heile saka og styrkja den stor-russiske sjåvinismen. Berre dei russiske kommunistane kan taka på seg striden mot den stor-russiske sjåvinismen og føra han til endes.
Og kva er så meininga når det vert gjort framlegg om å stri mot lokal sjåvinisme? Meininga er å peika på plikta til lokale kommunistar, plikta dei ikkje-russiske kommunistane har til å kjempa mot sine eigne sjåvinistar. Kan ein nekta for at det finst avvik retning anti-russisk sjåvinisme? Heile kongressen har faktisk sett sjølv at det finst lokal sjåvinisme, – grusisk, basjkirsk og andre slag og at denne må nedkjempast. Russiske kommunistar kan ikkje nedkjempa, tatarisk, grusisk eller basjkirsk sjåvinisme. Om ein russisk kommunist skulle taka på seg den vanskelege oppgåva med å nedkjempa tatarisk eller grusisk sjåvinisme, ville det verta sett på som ein strid ein storrussisk sjåvinist førde mot tatarane eller grusarane. Det ville rota til heile saka. Berre tatariske, grusiske og andre kommunistar kan nedkjempa tatarisk, grusisk og anna sjåvinisme. Berre dei grusiske kommunistane kan nedkjempa grusisk nasjonalisme og sjåvinisme med framgang. Dette er plikta til dei ikkje-russiske kommunistane. Difor er det naudsynt å visa til denne tosidige oppgåva i tesane, – dei russiske kommunistane si oppgåve (eg tenkjer på striden mot stor-russisk sjåvinisme) og dei ikkje-russiske kommunistane si oppgåve (eg tenkjer på striden dei må føra mot anti-armensk, anti-tatarisk, anti-russisk sjåvinisme). Elles vil tesane verta einsidige, det vil ikkje verta nokon internasjonalisme, korkje i stats- eller partisaker.
Om vi berre kjempar mot storrussisk sjåvinisme vil dette mørkleggja den striden tatariske og andre sjåvinistar fører, ein strid som utviklar seg i lokalområda og som er særskilt farleg no under vilkåra med NEP. Vi kan ikkje unngå å stri på to frontar, for vi kan berre vinna framgang om vi kjempar på to frontar – på den eine sida mot storrussisk sjåvinisme som er hovudfåren i oppbyggingsarveidet vårt, og på den andre sida mot lokal sjåvinisme. Om vi ikkje fører ein slik tosidig strid vil det ikkje kunna verta nokon solidaritet mellom dei russiske arbeidarane og bøndene og arbeidarar og bønder frå andre nasjonalitetar. Dersom vi ikkje fører denne striden, kan det føra til at lokal sjåvinisme vert nørt, ein politikk med lefling for lokalsjåvinismen. Det kan vi ikkje tillata.
Lat meg få lov til å sitera kamerat Lenin her. Eg skulle ikkje ha gjort det, men sidan det er så mange kameratar her på kongressen vår som siterer kamerat Lenin i aust og vest og rengjer det han seier, så lat meg få lov til å lesa opp nokre få ord frå ein velkjend artikkel han har skrive:
«Proletariatet må krevja fridom til politisk lausriving for dei koloniane og nasjonane som er undertrykte av deira nasjon. Om det ikkje gjer det, vil proletarisk internasjonalisme berre verta ein meiningslaus frase, og det vil korkje verta råd å få til innbyrdes tillit eller klassesolidaritet mellom arbeidarane i den undertrykkjande og den undertrykte nasjonen.»(9)
Dette er så å seia pliktene til proletarane i herrenasjonen eller den tidlegare herrenasjonen. Så går han over til å tala om pliktene proletarane eller kommunistane i dei tidlegare undertrykte nasjonane har:
«På den andre sida må sosialistane i dei undertrykte nasjonane særleg kjempa for og setja ut i livet full og absolutt einskap, medrekna organisatorisk einskap, mellom arbeidarane i den undertrykte nasjonen og arbeidarane i undertrykkjarnasjonen. Om dei ikkje gjer det, er det uråd for proletariatet å halda på ein sjølvstendig politikk og på klassesolidaritet med proletariatet i andre land mot all svik og lureri frå borgarskapet. For borgarskapet i dei undertrykte nasjonane gjer stendig slagorda om nasjonal frigjering om til eit middel for å lura arbeidarare.»
Som de ser, dersom vi skal fylgja i kamerat Lenin sine fotefar – og ein del kameratar har svore til han – må begge tesane framleis vera med i fråsegna, både tesen om å nedkjempa storrussisk sjåvinisme og tesen om å nedkjempa lokal sjåvinisme, som to sider av same sak, som tesar om å nedkjempa sjåvinismen allment.
Med dette sluttar eg av svara mine til dei som har hatt ordet her.
Lat meg no få leggja fram melding om det som er gjort i komiteen som arbeider med det nasjonale spørsmålet. Komiteen brukte tesane til sentralkomiteen som utgangspunkt. Det endra ikkje på noko på seks punkt desse tesane, nemleg nr. 1,2, 3,4,5, og 6. Det var usemje i komitéen, fyrst og fremst i spørsmålet om dei autonome republikkane fyrst skulle eller ikkje skulle gå ut av RSFSR, og om dei sjølvstendige republikkane i Kaukasus skulle ut av Den transkaukasiske føderasjonen, for så å gå med i unionen av republikkar kvar for seg. Dette var eit framlegg frå ein del av dei grusiske kameratane, men som vi veit er det eit framlegg som ikkje møter nokon velvilje i sendelaga fra Grusia, Armenia og Aserbajdsjan. Komiteen drøfta dette spørsmålet og gjekk med overveldande fleirtal inn for å halda på framlegget i tesane, nemleg at RSFSR skal halda fram å vera ei heilskapleg eining, at Den transkaukasiske føderasjonen og skal halda fram å vera ei heilskapleg eining, og at begge skal gå inn i unionen av republikkar slik. Ikkje alle framlegga denne delen av dei grusiske kameratane la fram vart sette til røysting, av di forfattarane trekte dei attende då dei såg at framlegga ikkje møtte nokon velvilje. Striden om dette spørsmålet var alvorleg.
Det andre spørsmålet det var strid om, var spørsmålet om korleis andrekammeret skulle setjast saman. Ein del kameratar (mindretalet) gjorde framlegg om at andrekammeret ikkje skulle vera sett saman av utsendingar frå alle republikkane, nasjonalitetane og regionane, men at det skulle byggjast på representasjon frå fire republikkar, nemleg RSFSR, Den transkaukasiske føderasjonen, Kviterussland og Ukraina. Fleirtalet avviste dette framlegget og komiteen gjekk mot det på grunn av at det ville vera meir tilrådeleg å skipa andrekammeret etter prinsippet om lik representasjon frå alle republikkane (både dei sjølvstendige og dei autonome) og frå alle nasjonale regionar. Eg skal ikkje leggja fram argumenta på dette punktet då Rakovski, talsmannen for mindretalet, har tenkt å ta ordet for å underbyggja framlegget sitt som komiteen avviste. Etter at han har hatt ordet, skal eg leggja fram argumenta mine.
Det var og strid, men ikkje så svært hard, om spørsmålet om det skulle gjerast eit tillegg i tesane for å peika på at det er naudsynt å ta omsyn både til Austen og Vesten når ein skal løysa det nasjonale spørsmålet. Dette tillegget vart sett til røysting. Det var mindretalet sitt tillegg, lagt fram av Rakovski. Komiteen avviste det. Eg skal ta ordet om dette spørmålet og når Rakovski har tala.
Eg skal lesa tillegga vi godkjende. Seks punkt vart vedtekne slik dei sto. I punkt sju, andre avsnittet, tredje lina, før orda «Difor er den fremste av dei næraste oppgåvene til partiet å nedkjempa med stor styrke», skal fylgjande setjast inn:
«Situasjonen i fleire nasjonale republikkar (Ukraina, Kviterussland, Aserbajdsjan, Turkestan) vert floka til av at ein stor del av arbeidarklassen, som er den viktigaste skansen til sovjetsystemet, høyrer til den storrussiske nasjonaliteten. I desse distrikta møter arbeidet med å knyta eit band mellom by og land, mellom arbeidarklassen og bøndene, umåteleg sterke hindringar i form av leivningar av storrussisk sjåvinisme både i parti- og sovjetorgan. Under slike tilhøve er snakk om at russisk kultur er overlegen og det å hevda at den høgre russiske kulturen heilt uomgjengelg må sigra over kulturen til dei meir tilbakeliggjande folka (ukrainarar, aserbajdsjanar, usbekar, kirgisarar, osb.) ikkje noko anna enn ein freistnad på å eviggjera dominansen til den storrussiske nasjonaliteten».
Eg godtok dette tillegget av di det gjer tesane betre.
Det andre tillegget gjeld og punkt sju. Før orda «Elles er det ikkje nokon grunn til å venta», skal fylgjande leggjast til:
«Denne hjelpa må fyrst og fremst få uttrykk i at ein gjennomfører ei rad praktiske tiltak i republikkane til dei tidlegare undertrykte nasjonalitetane for å skipa industrisentra med størst mogleg deltaking frå folk frå området. I samsvar med fråsegna frå den tiande kongressen, må endeleg denne hjelpa verta fylgd opp med at dei arbeidande massane strir for å styrkja stillinga si i samfunnet andsynes dei lokale og innvandra øvre utbyttarlaga, som aukar som fylgje av NEP. Sidan desse republikkane i hovudsak er jordbruksdistrikt, må dei indre samfunnsmessige tiltaka fyrst og fremst gå ut på å dela ut jord til dei arbeidande massane frå det ein har til rådvelde av statsjord.»
Vidare, i det same punkt sju, i midten av andre avsnittet der det er tale om grusisk sjåvinisme, aserbajdsjansk sjåvinisme, osb., skal det setjast inn: «armensk sjåvinisme, osb.». Dei armenske kameratane ville ikkje at armenarane skulle haldast ute i kulden, dei ville at deira sjåvinisme skulle nemnast og.
Vidare, i punkt åtte i tesane, etter orda «ein og udeleleg», set de inn:
«Vi må sjå det som ein liknande arv frå fortida at somme regjeringsdepartement i RSFSR strevar for å underordna under seg dei sjølvstendige kommisariata i dei autonome republikkane og for å bu grunnen for å gjera desse siste til inkje.»
Vidare, punkt åtte set de inn:
«og kunngjera at det er absolutt naudsynt at det finst nasjonale republikkar og at dei vert utvikla vidare».
Vidare, punkt ni. Det skal byrja slik:
«Unionen av republikkar som er skipa etter prinsippa om likskap og friviljug samtykke frå arbeidarane og bøndene i dei ulike republikkane, er det fyrste eksperimentet proletariatet har gjort når det gjeld å regulera dei innbyrdes internasjonale tilhøva til sjølvstendige land, og det fyrste steget mot å skapa ein Arbeidets sovjetrepublikk for heile verda i framtida».
Punkt ti har eit underpunkt «a» – eit nytt underpunkt «a» vart sett inn før dette, og det lyder slik:
«a) når ein byggjer opp dei sentrale organa i unionen, må ein tryggja like rettar og plikter for dei einskilde republikkane både i tilhøva deira til kvarandre og i tilhøva deira til dei sentrale styresmaktene i unionen».
Så fylgjer underpunkt «b» med same teksten som det tidlegare underpunkt :«a»:
«b) innanfor systemet med høgre organ i unionen må det skipast eit særskilt organ som representerer alle dei nasjonale republikkane og nasjonale regionane utan unntak og med grunnlag likskap. Så langt som råd må det syta for at alle nasjonalitetar i desse republikkane vert representerte».
Så kjem det som var underpunkt «b» og som no er underpunkt «c», med fylgjande ordlyd:
«c) dei utøvande organa til unionen bør byggjast på prinsipp som tryggjar at representantar for republikkane verkeleg blir med desse organa, og stetta trongen og krava til folka i unionen».
Så kjem underpunkt «d», eit tillegg:
«d) republikkane bør få tildelt så store finansielle fullmakter, og særleg budsjettfullmakter, at dei vert i stand til å syna initiativ statsadministrasjonen og i kultursaker og økonomiske saker».
Så kjem det tidlegare underpunktet «c» som underpunkt «e».
«e) i organa i dei nasjonale republikkane og regionane bør arbeidsstokken i hovudsak vera lokale innbyggjarar som kjenner språket, levemåten, sedene og skikkane til folka det gjeld».
Vidare er eit nytt underpunkt lagt til, nemleg «f»:
«f) det bør vedtakast særskilde lover som tryggjer at morsmålet vert nytta i alle statsorgan og i alle institusjonar som tener den lokale og nasjonale folkesetnaden og nasjonale minoritetar – lover som vil tiltala og straffa med full revolusjonær strengleik alle som krenkjer dei nasjonale rettane, og særleg rettane til nasjonale minoritetar».
Så kjem underpunkt «g», eit tillegg:
«g) opplæringsverksemda i den raude hæren bør aukast med det for augo å poda inn ideane om brorskap og solidaritet mellom folka i unionen, og praktiske tiltak for å organisera nasjonale militæreiningar må setjast i verk. Alt dette er naudsynte tiltak som må gjerast for å tryggja at republikkane har full forsvarsevne».
Dette er tillegga som vart vedtekne av komiteen. Eg har ikkje nokon innvendingar mot dei, sidan dei gjer tesane meir konkrete.
Når det gjeld Del II vart det ikkje sett fram nokon viktige tillegg. Det var nokre små tillegg som den kommisjonen som komiteen for det nasjonale spørsmålet peika ut, vedtok å leggja fram for den komande sentralkomiteen.
Såleis vert Del II ståande slik han vart delt ut i det trykte materialet.
Notar
1. Skolastisk av skolastikk, ei retning innanfor mellomalderfilosofien som hadde som oppgåve å prova at dei kristne religiøse tesane var rette. Her tyder det hårgrant, noko som har med ordkløyving å gjera.
2. Dasjnakane – medlemar av «Dasjnaktsutjun»-partiet, eit armensk borgarleg-nasjonalistisk parti som vart danna i 1890-åra. I 1918-20 leia d. den borgarleg-nasjonalistiske regjeringa i Armenia, og omdanna landet til ein britisk intervensjonistisk base for kampen mot Sovjet-Russland. Dasjnak-regjeringa vart styrta i november 1920 som resultat av den kampen det arbeidande folket i Armenia førte mot ho, og folket fekk hjelp frå den raude hæren.
3. Mussavatistane – medlemar av «Mussavat»-partiet, eit nasjonalistisk parti av borgarar og godseigarar i Aserbajdsjan, som vart skipa i 1912. I tidbolken med Oktoberrevolusjonen og borgarkrigen var M. den viktigaste kontrarevolusjonære krafta Asberbajdsjan. M. fekk støtte frå Tyrkia og seinare og frå dei britiske intervensjonistane. Dei sat med makta i Aserbajdsjan frå september 1918 til april 1920, då M.-regjeringa vart styrta av arbeidarane i Baku og bøndene i Aserbajdsjan, samt Raudehæren som hjelpte dei.
4. Mdivani-gruppa: Denne gruppa har namnet sitt etter leiaren Mdivani. Gruppa sto i brodden for avviket i det nasjonale spørsmålet i partiet i Grusia. Ho var imot å skipa Den transkaukasiske føderasjonen, utviste alle ikkje-grusarar frå Tbilisi, særlig armenarar, og kunngjorde ei lov om at grusiske kvinner som gifta seg med ein ikkje-grusar, mista grusisk borgarskap. Jfr. SUKP (b)’s historie, Forlaget Oktober 1974, s. 275.
5. Sotsialistisjeki Vestnik (Sosialistkureren) – organ for dei mensjevikiske kvitegardist-emigrantane. Ho var grunnlagt av Martov februar 1921. Til mars 1933 kom ho ut i Berlin, frå mai 1933 til juni 1940 Paris, og seinare Amerika. Ho er talerøyret til dei mest reaksjonære Imperialistkrinsane.
6. Basmatsj-rørsla var ei kontrarevolusjonær nasjonalistrørsle i Sentral-Asia (Turkistan, Bukhara, og Khorezm) i 1918-24. Med bejar og mullaher i spissen tok ho form av open politisk bandittverksemd. Målet hennar var å skilja dei sentralasistiske rupublikkane frå Sovjetrussland og å setja inn att styret til utbyttarklassane. Ho fekk aktiv støtte frå dei britiske imperialistane som streva etter å gjera Sentral-Asia om til koloni for seg.
7. Kronstadt: By, festning og flåtehamn i USSR på øya Kotlininst Finskebukta. Garnisonen Kronstadt gjorde oppreise i 1905-06, og var aktivt med i revolusjonen 1917 og i forsvaret av Petrograd (Leningrad) i 1919. I mars 1921 var det ein kontrarevolusjonær soldatoppstand i Kronstadt. I spissen for oppstanden var kvitegardistar som stod i samband med mensjevikar, sosialrevolusjonære og representantar frå framande makter. Oppstanden hende i ei tid då dei fleste gamle revolusjonære soldatane var ved fronten i den raude hæren. Dei fleste av soldatane Kronstadt var såleis urøynde bondesoldatar, som reflekterte misnøyen mellom bøndene over leveringsplikta av overskotet frå jordbruket. Samstundes var den bolsjevikiske organisasjonen i Kronstadt veik på grunn av mobiliseringar til fronten. Festninga vart difor teken av dei kontrarevolusjonære styrkane og kontrarevolusjonen jubla over sigeren. Men sovjettroppane likviderte den reaksjonære oppreisten i eit stormåtak på festninga. (Sjå SUKP (b)’s historie, Forlaget Oktober 1974, s. 261-62).)
8. Sjå V. I. Lenin, Nasjonenes rett til sjølbestemmelse, Utvalgte verker i 12 bind, band 5. Forlaget Oktober 1977 s. 143-216. Red.
9. V. I. Lenin, Den sosialistiske revolusjonen og nasjonane sin sjølvråderett, Samla verk, eng.utg. band 22, s. 136.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.