Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
OKTOBERREVOLUSJONEN OG SPØRSMÅLET OM MELLOMLAGA
Spørsmålet om mellomlaga er utan tvil eit av dei grunnleggjande spørsmåla l arbeidarrevolusjonen. Mellomlaga er bøndene og dei arbeidande småfolka i byane. Dei underkua nasjonalitetane, der ni tidelar høyrer med i mellomlaga, bør Og setjast inn i denne gruppa. Som de ser er dette lag som har ei slik økonomisk stilling at dei kjem halvvegs mellom proletariatet og kapitalistklassen. Kor viktige desse laga er, relativt sett, vert avgjort av to omstende: for det fyrste at desse laga utgjer fleirtalet, eller i alle høve eit stort mindretal, i folkesetnaden desse statane: for det andre, er dei dei viktige reservane som kapitalistklassen vervar hæren sin frå mot proletariatet. Proletariatet kan ikkje halda på makta med mindre det har velviljen og støtta frå mellomlaga, fyrst og fremst’ bøndene, særskilt i eit land som vår union av republikkar. Proletariatet kan ikkje ein gong tenkja alvorleg på å ta makta, om ikkje desse laga i det minste har vorte nøytraliserte, om dei enno ikkje har greid å riva seg laus frå kapitalistklassen og om mengda av dei fremleis gjer teneste som hæren til kapitalen. Av det kjem striden om mellomlaga, striden om bøndene, som var eit framskote drag ved heile revolusjonen vår frå 1905 til 1917, ein strid som framleis er langt frå slutt, og som kjem til å verta ført vidare i framtida.
Ei av årsakene til nederlaget i 1848-revolusjonen i Frankrike (1) var at han ikkje greide å kalla fram eit velviljug svar frå dei franske bøndene. Ei av årsakene til at Pariskommunen(2) fall var at han møtte motstand frå mellomlaga, særskilt frå bøndene. Det same må seiast om den russiske revolusjonen i 1905.
Visse vulgærmarxistar med Kautsky brodden kom, med utgangspunkt i røynsla frå dei europeiske revolusjonane, til den slutninga at mellomlaga, særskilt bøndene, mest er fødde fiendar av arbeidarrevolusjonen og at vi difor må rekna med ein lengre utviklingsperiode som vil føra til at proletariatet vert fleirtal i nasjonen, og med det vert dei rette vilkåra for siger i arbeidarrevolusjonen skapte. På grunnlag av den slutninga åtvara dei, desse vulgærmarxistane, proletariatet mot «forhasta» revolusjon. På grunnlag av den slutninga let dei «på prinsippgrunnlag» mellomlaga stå heilt til rådvelde for kapitalen. På grunnlag av den slutninga spådde dei undergang for den russiske Oktoberrevolusjonen, utfrå det at proletariatet i Russland var i mindretal, at Russland var eit bondeland, og at ein sigerrik arbeidarrevolusjon i Russland difor var uråd.
Det er verd å merkja seg at Marx sjølv hadde ei heilt ulik vurdering av mellomlaga, særskilt av bøndene. Vulgærmarxistane vil ikkje ha noko med bøndene å gjera, og overlet dei fullstendig til til det politiske rådveldet til kapitalen, og skryt høglydt av dei «faste prinsippa» sine. Men Marx, den mest prinsippfaste av alle marxistar, rådde stadig kommunistpartiet til å ikkje missa bøndene av syne, til å vinna dei over på proletariatet si side og gjera seg viss på støtte frå dei i den framtidige proletariske revolusjonen. Vi veit at i femtiåra etter at februarrevolusjonen1 var slegen ned i Frankrike og Tyskland, skreiv Marx til Engels, og gjennom han til kommunistpartiet i Tyskland:
«I Tyskland kjem heile greia til å stå eller falla med om det er råd å gje den proletariske revolusjonen ryggstø ei slags andreutgåve av bondekrigen».(3)
Dette vart skrive om Tyskland i femtiåra, eit bondeland, der proletariatet var i eit lite mindretal, der proletariatet var mindre organisert enn proletariatet var i Russland i 1917, og der bøndene på grunn av stillinga si var mindre innstilte på å stø ein proletarisk revolusjon enn bøndene i Russland i 1917.
Oktoberrevolusjonen var utan tvil den lukkelege kombinasjonen av «bondekrig» og «proletarisk revolusjon» som Marx skreiv om, trass i alle dei «særs prinsippfaste» skravlebøttene. Oktoberrevolusjonen synte at proletariatet kan ta makta og halda på henne om det greier å riva mellomlaga, fyrst og fremst bøndene, laus frå kapitalistklassen, om det lukkast i å omskipa desse laga frå reservar for kapitalen til reservar for proletariatet.
Kort sagt: Oktoberrevolusjonen var den fyrste av alle revolusjonar i verda som førte spørsmålet om mellomlaga, og fyrst og fremst bøndene, fram i fremst rekkje, og den fyrste som greide å løysa det med framgang, trass i alle «teoriane» og klagesongane til heltane i Den andre internasjonalen.
Dette er den fyrste fortenesta til Oktoberrevolusjonen, om ein kan snakka om forteneste i ein slik samanheng.
Men saka stogga ikkje med det. Oktoberrevolusjonen gjekk vidare og freista å samla dei underkua nasjonalitetane rundt proletariatet. Vi har alt sagt at ni tidelar av folkesetnadene desse nasjonalitetane er bønder og arbeidande småfolk i byane. Men omgrepet «underkua nasjonalitet» inneber meir enn det. Underkua nasjonalitetar er til vanleg underkua ikkje berre som bønder og som arbeidsfolk i byane, men som nasjonalitetar, dvs. som arbeidsfolk med avgrensa nasjonalitet, språk, kultur, livsmåte, vanar og skikkar. Denne doble underkuinga kan ikkje anna enn å revolusjonera dei arbeidande massane i dei underkua nasjonalitetane, kan ikkje anna enn tvinga dei til å slåst mot hovudkrafta bak underkuinga – kapitalen. Dette omstendet skapte grunnlaget for at proletariatet greidde å kombinera den proletariske revolusjonen ikkje berre med ein bondekrig», men og med ein «nasjonalkrig». Alt dette kunne ikkje anna enn breia ut verkefeltet for den proletariske revolusjonen langt utanfor grensene til Russland Det kunne ikkje la vera å setja dei djupaste reservane for kapitalen i fare. Striden for mellomlaga i ein eller annan herrenasjonalitet er ein kamp for dei næraste reservane til kapitalen, medan striden for å frigjera dei underkua nasjonalitetane må verta ein strid for å vinna særeigne reservar frå kapitalen, dei djupaste av dei, ein strid for å frigjera kolonifolka og dei ikkje-like stilte folka frå kapitalåket. Denne siste striden er på langt nær slutt. Ikkje berre det, han har enno ikkje nådd dei fyrste avgjerande sigrane ein gong. Men denne striden for dei djupe reservane vart sett gang av Oktoberrevolusjonen, og han kjem utan tvil til å utvida seg, steg for steg, etter som imperialismen utviklar seg vidare, etter som makta til republikkunionen vår veks, og etter som den proletariske revolusjonen i vest utviklar seg.
Kort sagt: Oktoberrevolusjonen sette faktisk i gang striden proletariatet fører for å vinna dei djupe reservane til kapitalen i form av massane av folket i dei underkua og ikkje-like stilte landa. Han var den fyrste som lyfta stridsfana for å vinna desse reservane. Det er den andre fortenesta hans.
I landet vårt vart bøndene vunne for oss under fana til sosialismen. Bøndene fekk jord frå proletariatet sine hender, slo godseigarane med hjelp frå proletariatet og steig til makta under leiing av proletariatet. Som fylgje av det kunne dei ikkje anna enn kjenna, kunne dei ikkje anna enn skjøna at frigjeringsprosessen deira gjekk frametter og kom til å halda fram under fana til proletariatet, under den raude fana. Dette kunne ikkje anna enn gjera om fana til sosialismen, som før var elt skrømt for bøndene, til ei fane som vann merksemda til bøndene og hjelpte til å frigjera dei frå underkasting, fattigdom og underkuing.
Det same gjeld, men i endå større grad, om dei underkua nasjonalitetane. Krigsropet for frigjering av nasjonalitetane, med ryggstø i slike kjensgjerningar som at Finland vart frigjort og troppane dregne attende frå Persia og Kina, at Unionen av republikkar vart skipa, at folka i Tyrkia, Kina, Hindustan og Egypt fekk open moralsk støtte – dette krigsropet høyrdest fyrst frå folket som sigra i Oktoberrevolusjonen. Den kjensgjerninga at Russland, som dei underkua nasjonalitetane tidlegare såg på som eit symbol for underkuing, no, etter at det er vorte sosialistisk, har vorte omforma til eit symbol for frigjering, kan ein ikkje kalla eit slumpetreff. Det er heller ikkje eit slumpetreff at namnet til leiaren for Oktoberrevolusjonen, kamerat Lenin, no er det kjæraste namnet som vert uttalt av dei nedtrakka, underkua bøndene og dei revolusjonære intellektuelle i koloniane og dei ikkje-likestilte landa. I gamle dagar såg dei underkua og nedtrakka trælane i det enorme Romarriket på kristendomen som ei frelsarklippe. No held vi på å nå det punktet der sosialismen kan tena (og alt no tek til å tena!) som frigjeringsfane for dei millionane som bur i dei enorme kolonistatane til imperialismen. Ein kan knapt tvila på at dette omstendet har gjort oppgåva å kjempa ned fordomane mot sosialismen mykje lettare, og har rydda vegen for at sosialistiske tankar skal kunna trengja inn i dei fjernaste krokane av dei underkua landa. Før var det vanskeleg for ein sosialist å stå ope fram mellom dei ikkje-proletariske mellomlaga i underkua land eller underkuarland. Men i dag kan han stå ope fram og gå inn for sosialistiske tankar i desse laga og venta at dei høyrer på han og til og med bryr seg om det, for han har så kraftig eit argument i ryggen som Oktoberrevolusjonen. Det er eit resultat av Oktoberrevolusjonen.
Kort sagt: Oktoberrevolusjonen rydda veg for sosialistiske tankar i mellomlaga, mellom ikkje-proletarane, mellom bøndene i alle nasjonalitetar og rasar. Han gjorde fana til sosialismen populær mellom dei. Det er den tredje fortenesta til Oktoberrevolusjonen.
Pravda, nr. 253,
7. november 1923 Underskriva: J. Stalin
Notar
1. 1848-revoIusjonen – fellesnamn på dei revolusjonære hendingane i ulike europeiske land i 1848. Frankrike og Austerrike-Tyskland var sentrum for 1848-revolusjonen. Den felles hovudårsaka var den kapitalistiske krisa i åra 1846-47 og motsetnadstilhøva som var vokse fram mellom ulike delar av borgarskapet, mellom finansaristokratiet og industriborgarskapet. Det opposisjonelle borgarskapet sigra over finansaristokratiet med hjelp frå arbeidarklassen, som stod fram som ei sjølvstendig kraft i kampen for eigne krav for fyrste gongen i 1848-revolusjonen. Dette skilde 1848-revolusjonen frå alle tidligare revolusjonar. Arbeidarklassen sin sjølvstendige kamp dreiv borgarskapet over i kontrarevolusjon og allianse med representantar for føydalismen (monarkia), dels før borgarskapet sine eigne krav var innfridde (Tyskland). Frå då hadde borgarskapet ei medvite fiendsleg innstilling til proletariatet, og arbeidaroppreisten i 1848 vart slegen ned med stor råskap.
1848-revolusjonen fekk fylgjer for arbeidarrørsla i dei fleste europeiske landa, i Noreg kom det fyrst og fremst til uttrykk i Thrane-rørsla og den lagnaden ho fekk. s. 175.
2. Pariskommunen: Under omlægringa av Paris under den fransk-tyske krigen 1870-71 hadde Paris fått utstrekt sjølvstyre og de fleste mennene var væpna og med i militsen, nasjonal-garden. Etter våpenstilla krigen gjekk regjeringa inn for demobilisering, og avvæpning av nasjonalgarden. Pariserane gjekk imot dette, og nasjonalgarden i byen sette seg fast i rådhuset og dei fleste offentlege bygningane i Paris. Makta i byen gjekk over til sentralkomiteen i nasjonalgarden. Det vart nyval på kommunestyret, og det nye styret ville vera eit revolusjonært styre. Kommunen gjennomførte nokre sosiale reformar, men rørte ikkje gullet i nasjonalbanken. Kommunen fekk ikkje noka støtte frå provinsen, og i «den blodige veka» 21.-28. mai 1871, vart Paris teken av regjeringstroppar etter valdsame gatekampar.
I organisasjonsform og prinsipielle avgjerder var Pariskommunen ein forgjengar for proletariatets diktatur. Marx, Engels og Lenin har drøfta Pariskommunen utførleg, både artiklar og særskilde verk (Marx, Pariskommunen. Lenin, Staten og revolusjonen og Om Pariskommunen). s. 175.
3. J. V. Stalin siterer her brevet frå Karl Marx til Friedrich Engels den 16. april 1856 slik det er gjeve att i boka Karl Marx og Friedrich Engels, Brev, Moskva 1922. (Sjå Karl Marx og Friedrich Engels, Utvalde verk band II, Moskva 1951, s. 412.) s. 176.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.