Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
OM Å LÆRA OPP OG KONSOLIDERA MARXISTISKE KADRAR I DEI NASJONALE REPUBLIKKANE OG REGIONANE
(Utdrag frå meldinga om andre emnet på saklista: Praktiske tiltak for å setja ut i livet fråsegna om det nasjonale spørsmålet frå den tolvte partikongressen.)
10. juni, 1923.
Eg går over til den fyrste gruppa med spørsmål – dei som gjeld metodane for å læra opp og styrkja marxistiske kadrar av lokale folk, som vil vera i stand til å tena som den viktigaste, og over tid, som det avgjerande bolverket for sovjetmakta i grenseregionane. Dersom vi granskar utviklinga til partiet vårt (eg tenkjer på den russiske delen av det, som er hovuddelen) og strekar opp hovudstadia i utviklinga til det, og så, gjennom ein analogi teiknar eit bilete av utviklinga til dei kommunistiske organisasjonane i republikkane og regionane den næraste tida framover, trur eg vi skal finna nøkkelen til å skjøna dei særdraga i desse landa som særmerkjer utviklinga av partiet i grenseregionane.
Hovudoppgåva i den fyrste bolken i utviklinga av partiet, utviklinga av den russiske delen av det var å skapa kadrar marxistiske kadrar. Desse marxistiske kadrane vart skapte og smidde i striden vi førde mot mensjevismen. Oppgåva til desse kadrane var då i denne tidbolken – eg tenkjer på tidbolken frå bolsjevikpartiet vart skipa til likvidatorane vart kasta ut av partiet som dei mest uttalte talsmennene for mensjevismen hovudoppgåva då var å vinna dei mest aktive, ærlege og framståande medlemane av arbeidarklassen over til bolsjevikane, å skapa kadrar, å skapa ein fortropp. Striden då vart i hovudsak ført mot borgarlege tendensar – særleg mot mensjevismen – som hindra kadrane å verta samansveisa til ei einaste eining, til hovudkjernen i partiet. På denne tida var enno ikkje oppgåva til partiet, dvs. som ein nærliggjande og livsviktig trong, å få i stand brei kontakt med dei store massane arbeidarklassen og mellom dei arbeidande bøndene, å vinna desse massane, å vinna fleirtal i landet. Partiet var enno ikkje kome så langt.
Fyrst i det neste stadiet i utviklinga til partiet, fyrst på det andre stadiet, når desse kadrane hadde vakse, når dei hadde fått form som grunnkjemen i partiet vårt, når ein hadde vunne eller nesten vunne godviljen til dei beste elementa i arbeidarklassen – fyrst då sto partiet andsynes oppgåva, og då som ein nærliggjande og særs viktig trong, med å vinna dei store massane, å skapa partikadrane om til eit verkeleg masseparti for arbeidarane. I denne tidbolken måtte kjernen i partiet føra strid, ikkje så mykje mot mensjevismen som mot «venstre»-element innanfor partiet, mot «otzovistar» (1) av alle slag som prøvde å setja revolusjonært frasemakeri staden for alvorlege studiar av særdraga i den nye situasjonen som voks fram etter 1905, som med den overforenkla «revolusjonære» taktikken sin hindra at partikadrane våre vart skapte om til eit ekte masseparti, og som med verksemda si skapte fare for at partiet skulle verta skilt frå dei breie massane av arbeidarar. Ein treng knapt prova at utan viljefast strid mot denne «venstre»-faren, utan at han vart overvunnen, kunne ikkje partiet ha vunne dei store arbeidande massane over til seg.
Omlag slik er biletet av striden på to frontar, mot høgrefolka, dvs. mensjevikane, og mot «venstrefolka», biletet av utviklinga til den viktigaste delen av partiet vårt den russiske delen.
Kamerat Lenin teikna eit svært overtydande bilete av denne viktige, uomgjengelege utviklinga kommunistpartia må gjennom i skriftet «Venstre»-kommunismen – ein barnesjukdom1. Der synte han at kommunistpartia i vesten må gå gjennom, og alt går gjennom, omlag dei same utviklingsstadia. Vi vil for vår del leggja til at det same må seiast om utviklinga til dei kommunistiske organisasjonane og kommunistpartia i grenseregionane.
Ein må likevel leggja seg på minnet at trass i analogien mellom røynsla til partiet i fortida og røynsla til partiorganisasjonane i grenseregionane no, er det likevel visse viktige særdrag i utviklinga til partiet vårt i dei nasjonale republikkane og regionane, drag vi støtt må ta omsyn til. Tek vi ikkje nøye omsyn til dei kan vi koma til å gjera svært store feil når vi skal fastsetja oppgåvene når det gjeld å læra opp marxistiske kadrar av lokale folk i grenseregionane.
Lat oss gå over til å granska desse særdraga.
Å stri mot høgre- og «venstre»-elementa i organisasjonane våre i grenseregionane er naudsynt og påkravd. Elles vert vi ikkje i stand til å læra opp marxistiske kadrar som er nært knytte til massane. Dette er klårt. Men særdraget ved situasjonen i grenseregionane, det som skil han frå utviklinga til partiet tidlegare, er at kaderfostringa i grenseregionane, og arbeidet med å skapa dei om til eit masseparti ikkje går føre seg under eit borgarleg system slik tilfellet var i soga til partiet, men under sovjetsystemet, under proletariatets diktatur. På den tida, under det borgarlege systemet, var det mogleg og naudsynt på grunn av tilhøva på dei tider, fyrst å nedkjempa mensjevikane (for å kunna fostra marxistiske kadrar) og så otzovistane (for å skapa desse kadrane om til eit masseparti). Striden mot desse to avvika fylte to heile tidbolkar i soga til partiet vårt. Under dei tilhøva som rår no kan vi slett ikkje gjera det slik, for partiet er ved makta no, og sidan det har makta, treng partiet i grenseregionane pålitande marxistiske kadrar av lokale folk som er knyttet til dei breie massane i folket. No kan vi ikkje fyrst overvinna høgrefaren med hjelp av «venstrefolka», slik tilfellet var soga til partiet vårt, og så «venstre»-faren med hjelp av høgrefolka. No må vi stri på begge frontar samstundes og streva for å overvinna begge farane, for så å få øvde marxistiske kadrar av lokale folk som er knytte til massane i grenseregionane som resultat. På den tida kunne vi tala om kadrar som enno ikkje var knytte til dei breie massane, men som skulle verta det på det neste utviklingsstadiet. No er det låttleg til og med å tala om slikt, for under sovjetstyret er det uråd å tenkja seg marxistiske kadrar som ikkje er knytte til massane på eit eller anna vis. Det ville vera kadrar som korkje ville ha noko sams med marxismen eller med eit masseparti. Alt dette gjer sakene ein god del meir innfløkte og gjer det påkravd at partiorganisasjonane våre i grenseregionane fører strid mot høgre og «venstrefolka» samstundes. Difor tek partiet det standpunktet at det er naudsynt å føra strid på to frontar, mot begge avvika samstundes.
Vidare må ein merkja seg at utviklinga av dei kommunistiske organisasjonane i grenseregionane ikkje går føre seg i isolat, slik tilfellet var i soga til partiet når det gjeld den russiske delen, men under beinveges tilsyn frå hovudkjernen i partiet som ikkje berre har røynsle med å fostra marxistiske kadrar men og med å knyta desse kadrane saman med dei breie massane i folket og med revolusjonær manøvrering i striden for sovjetmakta. Særdraget ved situasjonen i grenseregionane i dette stykket, er at partiorganisasjonane våre i desse landa, på grunn av vilkåra sovjetstyret utviklar seg under der, kan og må manøvrera kreftene sine for å styrkja banda sine til dei breie massane i folket, og nytta den rike røynsla partiet vårt har frå tidlegare tider til dette føremålet. Til nyst var det sentralkomiteen i RKP som til vanleg gjennomførte manøvreringa i grenseregionane beinveges, over hovuda på dei kommunistiske organisasjonane der. Av og til omgjekk han jamvel desse organisasjonane og drog alle meir eller mindre lojale nasjonale element inn i det almenne arbeidet med sovjetoppbygging. No må dette arbeidet gjerast av organisasjonane i grenseregionane sjølve. Dei kan gjera det og må gjera det, og ha det klårt føre seg at dette er den beste måten å skapa dei marxistiske kadrane av lokale folk om til eit ekte masseparti som evnar å leia fleirtalet av folket i landet.
Dette er dei to særdraga ein må ta strengt omsyn til når partilina i spørsmålet om å læra opp marxistiske kadrar skal fastleggjast i grenseregionane, og når desse kadrane skal vinna dei breie massane i folket.
Notar
1. Otzovismen – av otzyvatj, kalla attende. «I 1908 kravde ein del av bolsjevikane at dei sosialdemokratiske utsendingane skulle verta kalla attende frå riksdumaen. Namnet «otzovistar» kjem av dette.» «Otzovistane freista å sprenga ei kile inn mellom partiet og arbeidarklassen og taka frå det dei tilknytningene det hadde til dei partilause massane. Dei ville lukka seg inne i den illegale organisasjonen, samstundes som dei sette han i ei farleg stilling, for dei tok frå han sjansen til å nytta legale dekningsmiddel.» «Bolsjevikane kunngjorde at dei ikkje hadde noko til felles med otzovistane, og ekskluderte dei frå den bolsjevikiske organisasjonen.» (Sjå SUKP (b)s, historie norsk utgåve, Forlaget Oktober 1974, s. 142.)
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.