Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
OM DET NASJONALE SPØRSMÅLET I JUGOSLAVIA
Tale halden i den jugoslaviske kommisjonen i EKKI1 , 30. mars 1925.
Kameratar, eg trur at Semich ikkje har forstått fullt ut hovudinnhaldet i den bolsjevikiske framstillinga av det nasjonale spørsmålet. Bolsjevikane skilde aldri det nasjonale spørsmålet frå det allmenne spørsmålet om revolusjon, korkje før oktober eller etter oktober. Hovudinnhaldet i den bolsjevikiske innstillinga til det nasjonale spørsmålet er at bolsjevikane alltid granska det nasjonale spørsmålet i uskiljeleg samband med det revolusjonære perspektivet.
Semich siterte Lenin, og sa at Lenin var stemt for å leggja løysinga av det nasjonale spørsmålet inn i grunnlova. Med dette ynskte han, Semich, tydelegvis å seia at Lenin såg på det nasjonale spørsmålet som eit grunnlovsspørsmål, det vil seia ikkje som eit spørsmål om revolusjon, men som eit spørsmål om reform. Dette er heilt feil. Lenin hadde aldri, og han kunne heller aldri ha hatt, konstitusjonelle illusjonar. Det er nok å slå etter i verka hans for å verta overtydd om det. Om Lenin talte om ei grunnlov hadde han ikkje i tankane den konstitusjonelle, men revolusjonære måten å avgjera det nasjonale spørsmålet på. Dette vil seia at han såg på ei grunnlov som noko som kom som eit resultat av sigeren i revolusjonen. Vi i USSR har og ei grunnlov, og ho speglar av ei be stemt løysing av det nasjonale spørsmålet. Men denne grunnlova vart ikkje skapt som resultat av ein handel med borgarskapet, men som resultat av ein sigerrik revolusjon.
Vidare synte Semich til Stalin sitt hefte om det nasjonale spørsmålet som vart skrive i 1912.(1) Og han freista å finna i det minste omveges støtte for synspunktet sitt i det. Men denne tilvisinga var nyttelaus av di han ikkje fann, og ikkje kunne finna, sjølv eit fjernt hint, for ikkje å tala om sitat, som i det minste ville rettferdiggjera den «konstitusjonelle» innstillinga hans til det nasjonale spørsmålet. For å stadfesta dette kan eg minna Semich på det avsnittet i Stalin sitt hefte der det vert trekt eit skilje mellom den austerrikske (konstitusjonelle) metoden å løysa det nasjonale spørsmålet på og dei russiske marxistane sin (revolusjonære) metode.
Her er det:
«Austerrikarane vonar å oppnå fridom for nasjonalitetar ved hjelp av småreformer, med sakte steg. Medan dei gjer framlegg om kultur-nasjonalt autonomi som eit praktisk tiltak, reknar dei ikkje med noka radikal endring. Ei demokratisk rørsle for frigjering har dei ikkje ein gong i tankane. Dei russiske marxistane assosierer fridomen for nasjonalitetar på den andre sida med ei sannsynleg radikal endring, med ei demokratisk rørsle for frigjering. Dei har ingen grunn til å rekna med reformer. Og dette endrar tinga vesentleg med omsyn til den sannsynlege lagnaden til nasjonane i Russland.»
Klårt, skulle ein tru.
Og dette er ikkje Stalin sitt personlege syn, men det allmenne synet til dei russiske marxistane, som granska og held fram med å granska det nasjonale spørsmålet i uskiljeleg samband med det allmenne spørsmålet om revolusjon.
Utan å strekkja seg for langt, kan ein seia at i historia til den russiske marxismen var det to stadium i framstillinga av det nasjonale spørsmålet: Det fyrste, eller før-oktoberstadiet, og det andre, eller oktoberstadiet. I det fyrste stadiet vart det nasjonale spørsmålet sett på som ein del av det allmenne spørsmålet om den borgarleg-demokratiske revolusjonen, det vil seia som del av spørsmålet om proletariatet og bøndene sitt diktatur. I det andre stadiet, då det nasjonale spørsmålet fekk vidare rekkjevidde og vart eit spørsmål om koloniane, då det vart omforma frå eit innom-statleg spørsmål til eit verdsspørsmål, kom det til å verta sett på som del av det allmenne spørsmålet om den proletariske revolusjonen, som del av spørsmålet om proletariatets diktatur. Som de ser, var framstillinga strengt revolusjonær i båe stadia.
Eg trur at Semich ikkje har fatta alt dette skikkeleg enno. Difor freistar han å redusera det nasjonale spørsmålet til eit grunnlovsspørsmål, dvs. å sjå på det som eit reformspørsmål.
Dette mistaket leier han til eit anna, nemleg at han nektar å sjå at det nasjonale spørsmålet eigentleg er eit bondespørsmål. Ikkje eit jordbruksspørsmål, men eit bondespørsmål, for det er to ulike ting. Det er heilt sant at det nasjonale spørsmålet ikkje må verta identifisert med bondespørsmålet, for i tillegg til bondespørsmålet omfattar det nasjonale spørsmålet slike spørsmål som nasjonal kultur, nasjonal statsskipnad osb. Men det er og heva over tvil at, når alt kjem til alt, er bondespørsmålet grunnlaget, kvintessensen,2 i det nasjonale spørsmålet. Det forklårar at bøndene er hovudhæren i den nasjonale rørsla, at det ikkje finst noka mektig nasjonal rørsle utan bondehæren, og at det heller ikkje kan finnast noka rørsle utan bondehæren. Det er det ein meiner når det vert sagt at det nasjonale spørsmålet eigentleg er eit bondespørsmål. Eg trur at Semich sin motvilje mot å godta denne formuleringa kjem av at han undervurderer den løynde styrken til den nasjonale rørsla og at han ikkje forstår den djupt folkelege og djupt revolusjonære karakteren den nasjonale rørsla har. Denne mangelen på forståing og denne undervurderinga er ein alvorleg fare. For i praksis tyder dei ei undervurdering av den potensielle makta som ligg til dømes i rørsla til kroatane for nasjonal frigjering. Denne undervurderinga fører med seg alvorlege komplikasjonar for heile det jugoslaviske kommunistpartiet
Dette er det andre mistaket til Semich.
Ein må utan tvil også sjå på Semich sin freistnad på å handsama det nasjonale spørsmålet i Jugoslavia isolert frå den internasjonale situasjonen og dei sannsynlege framtidsutsiktene i Europa, som eit mistak. Av di det ikkje finst noka alvorleg folkerørsle for sjølvstende mellom kroatane og slovenarane nett no, kjem Semich fram til den slutninga at spørsmålet om nasjonane sin rett til lausriving er eit akademisk spørsmål, og i alle fall ikkje påtrengjande. Dette er sjølvsagt gale. Sjølv om vi vedgår at dette spørsmålet ikkje er påtrengjande nett no, kan det avgjort verta svært påtrengjande om det vert krig, eller når det vert krig, om ein revolusjon bryt ut i Europa, eller når han bryt ut. Åt det uunngåeleg vert krig og at dei, der borte, kjem til å ryka i tottane på kvarandre, kan det ikkje vera tvil om når ein har naturen og utviklinga til imperialismen i mente.
I 1912, då vi russiske marxistar streka opp det fyrste utkastet til det nasjonale programmet, fanst det inga alvorleg rørsle for sjølvstende enno i nokon av grenseregionane i det russiske keisarriket. Men ikkje dess mindre meinte vi at det var naudsynt å ta me i programmet vårt punktet om nasjonane sin sjølvråderett, det vil seia, retten alle nasjonalitetar har til å lausriva seg og eksistera som sjølvstendig stat. Kvifor? Av di vi ikkje berre bygde på det som fanst då, men også på det som utvikla seg og var i kjømda i det allmenne systemet av internasjonale samband. Det vil seia. at vi tok med i rekninga ikkje berre notida, men og framtida. Vi visste at om ein eller annan nasjonalitet skulle krevja å få lausriva seg ville dei russiske marxistane kjempa for å sikra retten til å lausriva seg for alle slike nasjonalitetar. Under talen sin synte Semich fleire gonger til Stalin sitt hefte om det nasjonale spørsmålet. Men her er det Stalin sitt hefte seier om sjølvråde og sjølvstende:
«Framvoksten av imperialismen i Europa er ikkje tilfeldig. Kapitalen i Europa byrjar å kjenna seg klemd inne, og han strekker seg mot framande land på leiting etter nye marknader, billeg arbeidskraft og nye område å investera på. Men detta fører til ytre vanskar og krig… Difor er det fullt mogleg at eit samanfall av indre og ytre vilkår kan oppstå som gjer at ein eller annan nasjonalitet i Russland finn det naudsynt å reisa og løysa spørsmålet om sjølvstendet sitt. Og det er sjølvsagt ikkje oppgåva til marxistar å leggja hindringar i vegen i slike tilfelle.»
Dette vart skrive så langt attende som i 1912. De veit at seinare vart dette synet stadfest til fulle både under krigen og etter, og særleg etter sigeren for proletariatets diktatur i Russland.
Og dess meir grunn er det difor til at vi må rekna med at slikt er mogleg i Europa allment og i Jugoslavia særskilt, særleg no når den nasjonale revolusjonære rørsla i dei underkua landa har vorte djupare, og etter sigeren for revolusjonen i Russland. Ein må og ha minne at Jugoslavia ikkje er eit heilt sjølvstendig land, at det er bunde til visse imperialistgrupper, og at det fylgjeleg ikkje kan sleppa unna det store maktspelet som går føre seg utanfor Jugoslavia. Om de strekar opp eit nasjonalt program for det jugoslaviske partiet – og det er nett det vi driv med no – må de hugsa at dette programmet ikkje berre må gå ut frå det som eksisterer nett no, men og frå det som utviklar seg og det som uunngåeleg vil skje i kraft av internasjonale tilhøve. Dette er grunnen til at eg meiner at spørsmålet om nasjonane sin sjølvråderett må sjåast som eit nærståande og livsviktig spørsmål.
No om det nasjonale programmet. Utgangspunktet for det nasjonale programmet må vera tesen om ein sovjetrevolusjon i Jugoslavia, tesen om at det nasjonale spørsmålet ikkje kan løysast til fullnøye på noko vis om ikkje borgarskapet er styrta og revolusjonen har sigra. Sjølvsagt kan det finnast unntak. Det var til dømes eit slikt unntak før krigen, då Noreg skilde seg frå Sverige noko Lenin tek opp i detalj i ein av artiklane sine. (2) Men dette var før krigen, og under ein uvanleg kombinasjon av gunstige omstende. Etter krigen, og særleg etter sigeren for sovjetrevolusjonen Russland, er slike tilfelle neppe moglege. I alle fall er sjansane for at dei er moglege no så små at dei kan setjast lik null. Men om det er slik, er det klårt at vi ikkje kan byggja opp programmet vårt av element med ein verdi som er lik null. Dette er grunnen til at tesen om ein revolusjon må vera utgangspunktet for det nasjonale programmet.
Vidare, er det tvingande naudsynt å taka med eit særskilt punkt om nasjonane sin sjølvråderett i det nasjonale programmet, medrekna retten til å lausriva seg. Eg har alt sagt kvifor ein ikkje kan lata ute eit slikt punkt under dei indre og nasjonale tilhøva vi har no.
Til slutt må programmet og omfatta eit særskilt punkt som tek seg av nasjonalt territorialt autonomi for dei nasjonalitetane i Jugoslavia som kan hende ikkje ser det som naudsynt å lausriva seg frå dette landet. Dei som meiner at ein må sjå bort frå eit slikt tilfelle tek feil. Dette er gale. Under visse tilhøve, som eit resultat av sigeren for ein sovjetrevolusjon i Jugoslavia, kan det godt vera at nokre nasjonalitetar ikkje ynskjer å lausriva seg, nett slik det hende her i Russland. Det er klårt at for å møta eit slikt tilfelle, er det naudsynt å ha eit punkt om autonomi i programmet, der ein ser på omforminga av staten Jugoslavia til ein føderasjon av autonome nasjonalstatar tufta på sovjetsystemet.
Såleis må ein syta for retten til å lausriva seg for dei nasjonalitetane som vil det, og ein må syta for retten til autonomi for dei nasjonalitetane som heller vil verta verande innanfor rammene av den jugoslaviske staten.
For å sleppa misforståing, må eg seia at retten til å lausriva seg ikkje må verta oppfatta som ei plikt, som ei plikt til å lausriva seg. Ein nasjon kan dra nytte av denne retten og lausriva seg men han kan og seia frå seg retten. Og om han ikkje ynskjer å nytta han, er det hans eiga sak og vi må berre rekna med de kjensgjerningane. Nokre kamerater vender denne retten til å lausriva seg til ei plikt og krev at kroatane, til dømes, skal lausriva seg same kva som skjer. Denne haldninga er galen og må avvisast. Vi må ikkje forveksla ein rett og ei plikt.
Tidsskriftet Bolsjevik, nr.7
15.april 1925.
Notar
1. Sjå J. V. Stalin, Marxismen og det nasjonale spørsmålet, denne boka s. 13. 5. 187.
2. Sjå V. I. Lenin, Nasjonenes rett til sjølbestemmelse, Utvalgte verker i 12 bind, band 5, Forlaget Oktober 1977, s. 178-186. s. 190.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.