Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
AVVIK I NASJONALISTISK LEI
Utdrag frå meldinga om arbeidet til sentralkomiteen i SUKP(b). Halden på den syttande partikongressen, 26. januar 1934.
Eller ta til dømes det nasjonale spørsmålet. Også her, når det gjeld det nasjonale spørsmålet, nett som når det gjeld andre spørsmål, er det forvirring i synspunkta til ein del av partiet, som skaper ein viss fare. Eg har talt om kor seigliva restane av kapitalismen er. Ein bør merkja seg at restane av kapitalismen er mykje meir seigliva i tankane til folk i det nasjonale spørsmålet enn på nokon anna område. Det er mykje meir seigliva av di dei kan gøyma seg godt i nasjonalbunad. Mange meiner at då Skrypnik fall i unåde så var det ei einskildsak, eit unntak frå regelen. Det er ikkje rett. Det er ikkje eit unntak at Skrypik og gruppa hans i Ukraina fall i unåde. Ein har og sett liknande avvik hjå visse kameratar i andre nasjonalrepublikkar.
Kva er avviket i nasjonalistisk lei – utan omsyn til om det gjeld avviket i retning av storrussisk nasjonalisme eller avviket i retning av lokal nasjonalisme? Det nasjonalistiske avviket er at ein tilpassar arbeidarklassen sin internasjonalistiske politikk til borgarskapet sin nasjonalistiske politikk. Det nasjonalistiske avviket speglar freistnadene til «det eigne», «nasjonale» borgarskapet på å undergrava sovjetsystemet Og å gjenopprette kapitalismen. Som de ser er kjelda til båe desse avvika den same. Det er eit avvik frå leninistisk internasjonalisme. Dersom de ynskjer å skyta på avvika, sikt i fyrste rekkje på denne kjelda, på dei som tek avskil med internasjonalismen – utan omsyn til om det gjeld avviket i retning av lokal nasjonalisme eller avviket i retning av storrussisk nasjonalisme. (Stormande applaus).
Det er strid om kva avvik som er hovudfåren: avviket i retning av storrussisk nasjonalisme eller avviket i retning av lokal nasjonalisme. Under dei vilkåra som er no er det ein formell og difor ein meiningslaus strid. Det ville vera toskut å freista å gje ferdiggjorte oppskriftar som høver til alle tider og under alle vilkår når det gjeld den viktigaste og den mindre faren. Slike oppskrifter finst ikkje. Hovudfåren er det avvikefsom vi har slutta å kjempa mot, og med det tillate det å veksa tit å verta ein fare for staten. (Lang applaus).
Til heilt nyleg var ikkje avviket i Ukraina i retning av ukrainsk nasjonalisme hovudfåren. Man då kampen mot han stogga, og han fekk lov til å veksa så mykje at han knytte seg saman med intervensjonistane 115, vart dette avviklet hovudfåren. Spørsmålet om kva som er hovudfåren når det gjeld det nasjonale spørsmålet vert ikkje avgjort av formelle, gagnlause stridar, men av ei marxistisk analyse av stoda i augneblinken, og ved at ein studerer dei mistaka som har vorte gjorte på dette området.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.