Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
DEI «NASJONALE» OG INTERNASJONALE OPPGÅVENE TIL REVOLUSJONEN ER EINSKAPLEGE OG UDELELEGE
Utdrag frå «Ein gong til om det sosial-demokratiske avviket i partiet vårt», melding lagt fram på det sjuande utvida plenumsmøtet i Ekki, 7. 12. 1926.
Tredje spørsmål. Det tredje spørsmålet gjeld problem I dei «nasjonale» og internasjonale oppgåvene til den proletariske revolusjonen i eit særskilt land. Partiet meiner at dei «nasjonale» og internasjonale oppgåvene til proletariatet i USSR går opp i den eine allmenne oppgåva å frigjera proletarane i alle land frå kapitalismen. Interessene til å byggja sosialismen i landet vårt, går heilt og halde opp i interessene til den revolusjonære rørsla i alle land, til den eine allmenne interessa som er sigeren til den sosialistiske revolusjonen i alle land.
Kva ville skje om proletarane i alle land ikkje sympatiserte med og støtta sovjetrepublikken? Det ville bli intervensjon og sovjetrepublikken ville verta knust.
Kva ville skje om kapitalen greidde å knusa sovjetrepublikken? Det ville setja inn ei tid med den svartaste reaksjon i alle dei kapitalistiske og koloniale landa, det ville bli teke strupetak på arbeidarklassen og dei underkua folka, stillingane til den internasjonale kommunismen ville gå tapt.
Kva kjem til å henda om sympatien og støtta sovjetrepublikken får mellom proletarane i alle land veks og vert sterkare? Det vil gjera det særs mykje lettare å byggja sosialismen i USSR.
Kva kjem til å henda om det som den sosialistiske oppbygginga I USSR utrettar, held fram med å veksa? Det kjem til å betra den revolusjonære stillinga til proletarane i alle land særs kraftig striden dei fører mot kapitalen det kjem til å undergrava stillinga til den internasjonale kapitalen i striden hans mot proletariatet, og kjem til å lyfta sjansane til verdsproletariatet mykje.
Men det fylgjer av dette at Interessene og oppgåvene til proletariatet i USSR er ivovne og udeleleg bundne til interessene og oppgåvene til den revolusjonære rørsla i alle land. Og motsett, oppgåvene til dei revolusjonære proletarane i alle land er udeleleg bundne til oppgåvene og bragdene til proletariatet j USSR, i området for den sosialistiske oppbygginga.
Difor er det å gjera ein djup politisk feil om ein set dei «nasjonale» oppgåvene til proletarane i eit særskilt land opp mot dei internasjonale oppgåvene.
Difor har den som framstiller iveren og gløden som proletarane i USSR syner i striden på fronten for den sosialistiske oppbygginga, som teikn på «nasjonal isolasjon» og «nasjonalt trongsyn», slik opposisjonsfolka våre av og til gjer, gått frå vitet eller inn i den andre barndomen.
Å stadfesta at interessene og oppgåvene til proletarane i eitt land og interessene og oppgåvene til proletarane i alle land er eitt og udelelegt, er difor den vissaste vegen til siger for den revolusjonære rørsla til proletarane i alle land.
Nett av denne grunnen er sigeren til den proletariske revolusjonen i eitt land ikkje noko mål i seg sjølv, men eit middel og ei hjelp for å utvikla revolusjonen i alle land til siger.
Difor vil det å byggja sosialismen i USSR seia å fremja den sams saka til proletarar i alle land. Det vil seia å smi siger over kapitalen ikkje berre i USSR, men i alle dei kapitalistiske landa, for revolusjonen i USSR er del av verdsrevolusjonen – byrjingja på han og utviklingsgrunnlaget hans.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.