Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
DET NASJONALE SPØRSMÅLET EIN GONG TIL1
Om artikkelen til Semich
Ein kan berre helsa velkomen at Semich no, etter den diskusjonen som gjekk føre seg i den jugoslaviske kommisjonen, i artikkelen sin sluttar seg heilt og fullt til det standpunktet sendelaget frå RKP(b) i Komintern har teke. Men det ville vera gale å meina at det på grunn av dette ikkje har vore usemje mellom sendelaget frå RKP(b) og Semich, før eller under diskusjonen i den jugoslaviske kommisjonen. Tydelegvis er det nett det Semich hallar til å meina om usemja om det nasjonale spørsmålet, når han freistar å skjera ho ned til berre misforståingar. Uheldigvis tek han djupt feil. Han hevdar artikkelen sin at diskusjonen med han er bygd på ei «rekkje misforståingar» på grunn av «ein ikkje fullt ut omsett» tale han heldt i den jugoslaviske kommisjonen. Med andre ord, det fylgjer av dette at vi må gjera den personen til syndebukk som, av ein eller annan grunn, ikkje omsette heile talen til Semich. I sanninga si interesse må eg seia frå at denne påstanden til Semich står heilt i strid med kjensgjerningane. Det ville sjølvsagt ha vore betre om Semitsj hadde underbygd påstanden sin med sitat frå talen han heldt i den jugoslaviske kommisjonen – meldinga om den er teken vare på i arkiva til Komitern. Men av ein eller annen grunn gjorde han ikkje dette. Fylgjeleg er eg nøydd til å gå gjennom denne ikkje særleg hyggelege, men svært naudsynte saksgangen for han.
Dette er dess meir naudsynt av di det framleis er mykje uklårt den haldninga han tek, sjølv no etter at han slutta seg heilt til standpunktet sendelaget fra RKP(b) har teke.
I talen min i den jugoslaviske kommisjonen (sjå Bolsjevik (1) nr. talte eg om usemje i tre spørsmål:
1) Spørsmålet om måtane å løyse det nasjonale spørsmålet på, 2) spørsmålet om det indre samfunnsmessige innhaldet i den nasjonale rørsla i den historiske tidbolken no, og 3) spørsmålet om rolla til den internasjonale faktoren i det nasjonale spørsmålet.
Om det fyrste spørsmålet sa eg at Semich hadde «ikkje fullt ut forstått kjerna i den bolsjevikiske framstillinga av det nasjonale spørsmålet», at han skilde det nasjonale spørsmålet frå det allmenne spørsmålet om revolusjonen, og at han fylgjeleg halla til å skjera ned det nasjonale spørsmålet til ei konstitusjonell sak.2
Er alt det sant?
Les det fylgjande avsnittet frå talen til Semich i den jugoslaviske kommisjonen (30.mars 1925) og døm sjølve:
«Kan det nasjonale spørsmålet skjerast ned til ei konstitusjonell sak? Lat oss fyrst tenkja oss eit teoretisk tilfelle. Lat oss tenkja oss at i staten X er det tre nasjonar A, B og C. Desse tre nasjonane uttrykkjer ynskjet om å leva i ein stat. Kva er saka i dette høvet? Det er, sjølvsagt, reguleringa av dei indre sambanda innanfor denne staten. Såleis er det ei konstitusjonell sak. I dette teoretiske tilfellet er
det nasjonale spørsmålet ei konstitusjonell sak… Om vi, i dette
teoretiske tilfellet, reduserer det nasjonale spørsmålet til ei konstitusjonell sak, må det seiast – som eg alltid har understreka – at sjølvråderetten til nasjonane, medrekna retten til lausriving, er eit vilkår for å løysa det konstitusjonelle spørsmålet. Og det er berre på dette planet eg set fram det konstitusjonelle spørsmålet.»
Eg trur ikkje at dette sitatet frå talen til Semich treng vidare kommentarar. Det er heilt klårt at kven det enn er som ser på det nasjonale spørsmålet som ein del av det allmenne spørsmålet om den proletariske revolusjonen, så kan han ikkje skjera det ned til eit konstitusjonelt spørsmål. Og omvendt – berre ein som skil det nasjonale spørsmålet frå det allmenne spørsmålet om den proletariske revolusjonen, kan skjera det ned til eit konstitusjonelt spørsmål.
Talen til Semich inneheld ei utsegn som går ut på at den nasjonale sjølvråderetten ikkje kan vinnast utan revolusjonær kamp. Semich seier: «Sjølvsagt kan slike rettar vinnast berre gjennom revolusjonær kamp. Dei kan ikkje vinnast på parlamentarisk vis, dei kan berre koma som eit resultat av revolusjonære masseaksjonar.» Men kva tyder «revolusjonær kamp» og «revolusjonære aksjonar» ? Kan «revolusjonær kamp» og «revolusjonære aksjonar» identifiserast med å styrta herskarklassen, med å gripa makta, med siger for revolusjonen som eit vilkår for løysinga at det nasjonale spørsmålet? Sjølvsagt ikkje. Å tala om siger for revolusjonen som de grunnleggjande vilkåret for å løysa det nasjonale spørsmålet er ein ting. Men det er ein heilt annan ting å setja «revolusjonære aksjonar» og «revolusjonær kamp» som vilkår for å løysa det nasjonale spørsmålet. Ein må merkja seg at vegen med reformar, den konstitusjonelle vegen, ikkje på nokon måte utelet «revolusjonære aksjonar» og «revolusjonar kamp». «Revolusjonære aksjonar» i seg sjølve er ikkje avgjerande når ein skal avgjera om eit parti er revolusjonært eller reformistisk, men dei politiske måla og føremåla som partiet går inn for og nyttar desse aksjonane til. Som kjent, gjorde dei russiske mensjevikane i 1906, etter at den fyrste dumaen var splitta, framlegg om å organisera ein «generalstreik» og til og med ein «væpna oppreist». Men det hindra dei slett ikkje frå å verta verande mensjevikar, for kvifor gjorde dei framlegg om alt dette på den tida? Sjølvsagt ikkje for å knusa tsarismen og å organisera den fullstendige sigeren for revolusjonen, men for å «øva press» på tsarregjeringa med det føremålet å utvida «konstitusjonen», med det føremålet å sikra at ein «betre» duma vart kalla saman. «Revolusjonære aksjonar» med det føremålet å reformera det gamle medan makta vert verande i hendene på herskarklassen, det er ein ting – det er den konstitusjonelle vegen. «Revolusjonære aksjonar» med det føremålet å riva opp det gamle systemet og styrta herskarklassen er ein annan ting – det er den revolusjonære vegen, vegen til full siger for revolusjonen. Det er ein grunnleggjande skilnad her.
Dette ei grunnen til at eg trur at når Semich viser til «revolusjonær kamp», samtidig som han skjer det nasjonale spørsmålet ned til eit konstitusjonelt spørsmål, så er ikkje dette motprov, men berre ei stadfesting av det eg sa om at Semich «ikkje hadde forstått fullt ut kjerna i den bolsjevikiske framstellinga av det nasjonale spørsmålet». For han skjøna ikkje at ein ikkje må sjå det nasjonale spørsmålet isolert frå spørsmålet om sigeren i revolusjonen, men uskiljeleg knytt til det, som ein del av det allmenne spørsmålet om revolusjonen.
Når eg står hard på dette, meiner eg slett ikkje å freista å få fram at eg har sagt noko nytt om mistaket til Semich dette spørsmålet. Ikkje i det heile. Dette mistaket til Semich vart nemnt alt av kamerat Manulski på den femte kongressen til Komitem79 då han sa:
«I heftet «Det nasjonale spørsmålet i lys av marxismen» og i ei rekkje artiklar prenta i Radnik, organet til Jugoslavias Kommunistparti, fører Semich kamp for revisjon av grunnlova som eit praktisk slagord for kommunistpartiet. Det vil seia at han i røynda reduserer heile spørsmålet om sjølvråderetten for nasjonane til eit rent konstitusjonelt spørsmål». (Sjå Stenografisk rapport frå den femte kongressen, s. 596-597.
Sinovjev talte også i den jugoslaviske kommisjonen om dette same mistaket då han sa:
I det perspektivet Semich trekkjer opp, syner det seg at berre ein liten ting manglar, nemlig revolusjon», at det nasjonale spørsmålet er eit «revolusjonært og ikkje eit konstitusjonelt» problem (sjå Pravda nr. 83).
Desse kommentarane frå representantar for RKP(b) i Komitern om mistaket til Semich, kan ikkje ha vore tilfeldige, grunnlause. Det er ingen røyk utan eld. Slik står saka når det gjeld det fyrste og grunnleggjande mistaket til Semich.
Dei andre mistaka hans kjem beinveges frå dette grunnleggjande mistaket.
Om det andre spørsmålet se eg i talen min (sjå Bolsjevik nr. 7) at Semich «nektar å sjå på det nasjonale spørsmålet som fyrst og fremst eit bondespørsmål.»3
Er dette sant?
Les dette avsnittet frå den talen som Semich heldt i den jugoslaviske kommisjonen og døm sjølve:
«Kva tyder den nasjonale rørsla i Jugoslavia samfunnsmessig?» spør Semich, og han svarar der: «Samfunnsinnhaldet er kappestriden mellom serbisk kapital på den eine sida og kroatisk og slovensk kapital på den andre». (Sjå talen til Semich i den jugoslaviske kommisjonen).
Det kan sjølvsagt ikkje vera tvil om at kappestriden mellom det slovenske og kroatiske borgarskapet og der serbiske borgarskapet er bunden til å spela ei viss rolle her. Men det er like mykje heva over tvil at ein mann som meiner at den samfunnsmessige tydinga til den nasjonale rørsla ligg i kappestriden mellom borgarskapet i dei ulike nasjonalitetane, ikkje kan sjå på det nasjonale spørsmålet som i hovudsak eit bondespørsmål. Kva er kjernen i det nasjonale spørsmålet i dag, når dette spørsmålet har vorte omforma frå eit lokalt spørsmål innanfor staten til eit verdsspørsmål, eit spørsmål om kampen som koloniar og usjølvstendige nasjonalitetar fører mot imperialismen? Kjernen i det nasjonale spørsmålet i dag ligg i kampen som folkemassane i koloniane og dei usjølvstendige nasjonalitetane fører mot at det imperialistiske borgarskapet i herskarnasjonen skal utbytta desse koloniane og nasjonalitetane finansielt, trælbinda dei politiske og utsletta kulturen deira. Kva for tyding kan kappestriden mellom borgarskapet i ulike nasjonalitetar ha når det nasjonale spørsmålet vert lagt fram på denne måten? Det har avgjort ikkje avgjerande tyding og er i visse tilfelle ikkje ein gong særs viktig. Det er heilt klårt at kjernen her ikkje er at borgarskapet i ein nasjonalitet slår, eller kan slå, borgarskapet i ein annen nasjonalitet i kappestriden. Kjernen er at den imperialistiske gruppa i den herskande nasjonaliteten utbyttar og underkuar størstedelen av massane, framfor alt massane av bønder, i koloniane og dei usjølvstendige nasjonalitetane, og at underkuinga og utbyttinga dreg dei inn i kampen mot imperialismen, dei vert omforma til allierte i den proletariske revolusjonen. Det nasjonale spørsmålet kan ikke verta sett som i hovudsak eit bondespørsmål, om samfunnstydinga av den nasjonale rørsla er skoren ned til kappestrid mellom borgarskapa i ulike nasjonalitetar. Og omvendt, kan ein ikkje sjå kappestriden mellom borgarskapa i ulike nasjonalitetar som det som utgjer det samfunnsmessige innhaldet i den nasjonale rørsla, dersom det nasjonale spørsmålet vert sett på som i hovudsak eit bondespørsmål. Det er ikkje mogleg å taka desse to formuleringane som likeverdige.
Semich syner til eit avsnitt i heftet til Stalin, Marxismen og det nasjonale spørsmålet, som er skrive på slutten av 1912. Der står det at «under vilkåra med veksande kapitalisme er den nasjonale striden ein strid som dei borgarlege klassane fører mellom seg sjølve».
Det er tydeleg at Semich freistar å slå frampå om at formelen hans, som fastset samfunnstydinga av den nasjonale rørsla under dei noverande historiske vilkåra, er rett. Men heftet til Stalin var skrive før den imperialistiske krigen, då marxistar enno ikkje såg på det nasjonale spørsmålet som eit verdsspørsmål, då det grunnleggjande kravet som marxistane reiste om sjølvråderett ikkje vart rekna som del av den proletariske revolusjonen, men som del av den borgarleg-demokratiske revolusjonen. Det ville vera låttleg å ikkje skjøna at etter den tida har den internasjonale situasjonen endra seg radikalt. Krigen på den eine sida og Oktoberrevolusjonen i Russland på den andre, har omforma det nasjonale spørsmålet frå å vera ein del av den borgarleg-demokratiske revolusjonen til å vera ein del av den proletarisk-sosialistiske revolusjonen. Så langt attende som i oktober 1916, i artikkelen «Oppsummering av diskusjonen om sjølråderetten»(1) sa Lenin at hovudpunktet i det nasjonale spørsmålet, sjølvråderetten, hadde slutta å vera ein del av den allmenne demokratiske rørsla, og at sjølvråderetten alt hadde vorti ein del av den allmenne proletariske, sosialistiske revolusjonen. Eg nemner ikke ein gong seinare verk om det nasjonale spørsmålet av Lenin og andre talsmenn for russisk kommunisme. Etter alt dette, kva synes Semich si tilvising til avsnittet i heftet til Stalin, som var skrive i perioden med den borgarleg-demokratiske revolusjonen i Russland, no når vi som ein fylgje av den nye historiske situasjonen har gått inn i ein ny tidbolk, tidbolken med proletarisk revolusjon? Det kan berre syna at Semich siterer utanfor rom og tid, utan tilvising til den levande historiske situasjonen, og dermed gjer vald mot dei mest elementære krava i dialektikken og overser at det som er rett i ein historisk situasjon kan syna seg å vera gale i ein annan historisk situasjon. I talen min i den jugoslaviske kommisjonen sa eg at ein må skilja mellom to stadium i den framstillinga dei russiske bolsjevikane gjev av det nasjonale spørsmålet: Før-oktober-stadiet, då den borgarleg-demokratiske revolusjonen var saka og det nasjonale spørsmålet vart sett på som ein del av den allmenne demokratiske rørsla, og oktober-stadiet, då den proletariske revolusjonen alt var saka og det nasjonale spørsmålet hadde vorte ein del av den proletariske revolusjonen. Det trengst neppe prov på at denne skilnaden er avgjerande viktig. Eg er redd Semich framleis ikkje skjønar meininga og innhaldet i denne skilnaden mellom dei to stadia i framstillinga av det nasjonale spørsmålet.
Dette er grunnen til at eg trur at Semich sin freistnad på å sjå på den nasjonale rørsla ikkje som i hovudsak eit bondespørsmål, men som eit spørsmål om kappestrid mellom borgarskapet i ulike nasjonalitetar, «kjem av at han undervurderer den løynde styrken til den nasjonale rørsla, og at han ikkje forstår den djupe folklege og djupt revolusjonære karakteren den nasjonale rørsla har» (sjå Bolsjevik, nr. 74).
Slik står saka når det gjeld det andre mistaket til Semich.
Det er typisk at dei same tinga vart sagde av Sinovjev om dette mistaket til Semich i talen hans i den jugoslaviske kommisjonen:
«Semich tek feil når han seier at bonderørsla i Jugoslavia er leidd
av borgarskapet og difor ikkje er revolusjonær (sjå Pravda, nr. 83).
Er dette samantreffet tilfeldig? Sjølvsagt ikkje! Ein gong til: Det er ingen røyk utan eld.
Til slutt, om det tredje spørsmålet slo eg fast at Semich gjer ein «freistnad på å handsama det nasjonale spørsmålet i Jugoslavia isolert frå den internasjonale situasjonen og dei sannsynlege framtidsutsiktene i Europa5
Er det sant?
Ja, det er det. For i talen sin gav ikkje Semich det minste hint om at den internasjonale situasjonen under dei noverande tilhøva, særleg i samband med Jugoslavia, er ein hovudfaktor i å løysa det nasjonale spørsmålet. Det at den jugoslaviske staten sjølv vart skipa som resultat av samanstøyten mellom dei to store imperialistkoalisjonane, at Jugoslavia ikkje kan sleppa unna det store spelet av krefter som no går føre seg i dei kringliggjande imperialiststatane – alt dette vart verande utanfor synsfeltet til Semich. Utsegna til Semich om at han fullt ut kan tenkja seg at visse endringar finn stad i den internasjonale situasjonen og kan gjera at spørsmålet om sjølvråderetten vert eit presserande og praktisk spørsmål må no, i den noverande internasjonale situasjonen, reknast som utilstrekkjeleg. No er det på ingen måte eit spørsmål om å vedgå at spørsmålet om sjølvråderetten kan verta brennande, med visse endringer i den internasjonale situasjonen i ei tenkjeleg og fjern framtid. Dersom det er naudsynt, kunne til og med borgarlege demokratar gå med på at dette no kunne vera ei framtidsutsyn. Det er ikkje poenget no. Poenget no er å hindra at dei grensene den jugoslaviske staten har no, som kom til som resultat av krig og vald, vert gjorde til utgangspunkt og lovleg grunnlag for løysinga av det nasjonale spørsmålet. Anten det eine eller det andre: Anten er spørsmålet om nasjonal sjølvråderett, det vil seia spørsmålet om radikal endring av dei jugoslaviske grensene, eit tillegg til det nasjonale programmet som lyser svakt i ei fjern framtid, eller så er nasjonal sjølvråderett grunnlaget for det nasjonale programmet. I alle høve er det klårt at punktet om sjølvråderetten på ei og same tid ikkje kan vera både eit tillegg til og grunnlaget for det nasjonale programmet til Jugoslavias Kommunistparti. Eg er redd for at Semich framleis held fram med å sjå på sjølvråderetten som eit tillegg om framtidsutsiktene som er føydd til det nasjonale programmet.
Det er grunnen til at eg trur at Semich skil det nasjonale spørsmålet frå spørsmålet om den allmenne internasjonale situasjonen. Og som ein fylgje av dette er spørsmålet om sjølvråderetten, det vil seia spørsmålet om å endra Jugoslavia sine grenser, i hovudsak ikkje noko presserande spørsmål, men eit akademisk eit for han.
Slik står saka når det gjeld det tredje mistaket til Semich.
Det er karakteristisk at den same tingen vart sagt om dette mistaket til Semich av kamerat Manuilski i rapporten hans til den femte kongressen til Komintern:
«Den grunnleggjande føresetnaden for heile Semich si framstilling av det nasjonale spørsmålet er tanken om at proletariatet må godta den borgerlege staten innanfor dei grensene som ei rekkje krigar og valdshandlingar har sett»6, (sjå Stenografisk rapport frå den femte kongressen til Komitem, s. 597).
Kan ein sjå på dette samantreffet som tilfeldig? Sjølvsagt ikkje!
Ein gong til: Det er ingen røyk utan eld.
Tidsskriftet Bolsjevik, nr. 11-12,
30. juni 1925
Underteikna: J. Stalin
Notar
1. Bolsjevik – eit politisk og teoretisk tidsskrift som kom ut kvar fjortande dag som organ for sentralkomiteen I SUKP (b). Byrja å koma ut i april 1924.
2. Lenin, Samla verk, eng.utg., band 22, s. 306-44. s. 212
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.