Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
DET NASJONALE SPØRSMÅLET OG LENINISMEN
Svar til kameratane Mesjkov, Kovaltsjuk og andre
Eg har fått breva dykkar. Dei liknar ei rekkje andre brev om same emnet som eg har fått frå andre kameratar i dei siste par månadene. Men eg har avgjort at eg vil svara dykk særskilt, av di dei seier tinga meir endeframt og slik hjelper til med å nå fram til klårleik. Rett nok gjev de galne svar på dei spørsmåla som er reiste i breva dykkar, men det er ei anna sak – det skal vi tala om nedanfor.
Lat oss no koma til saka.
1 .OMGREPET «NASJON»
Dei russiske marxistane har lenge hatt sin teori om nasjonen. Etter denne teorien er ein nasjon eit stabilt menneskesamfunn som er vakse fram gjennom historia. Det er skipa på grunnlag av sameige av fire hovudkjenneteikn, nemleg: eit sams språk, eit sams territorium, eit sams økonomisk liv og ein sams psykologisk eigenart som syner seg ved sams særdrag i den nasjonale kulturen. Som vi veit, har denne teorien vorte allment godkjend i partiet vårt.
Frå breva dykkar er det klårt at de ikkje reknar denne teorien som fullgod. De gjer difor framlegg om at dei fire hovudkjenneteikna til ein nasjon skal få eit femte ved sida av seg, nemleg at ein nasjon har sin eigen særskilte nasjonalstat. De ser det slik at det ikkje er og ikkje kan vera ein nasjon, med mindre dette femte kjenneteiknet er til stades.
Eg meiner at det utkastet de gjer framlegg om, med eit nytt, femte kjenneteikn for omgrepet «nasjon», er tvers gjennom gale og at det ikkje kan forsvarast korkje teoretisk eller i praksis, politisk sett.
Etter utkastet dykkar skal ein berre godtaka som nasjonar slike nasjonar som har sin eigen stat skild frå andre, medan alle underkua nasjonar som ikkje har nokon sjølvstendig stat ville måtte verta strokne frå omgrepsklassen nasjon. Dessutan måtte kampen til dei underkua nasjonane mot nasjonal underkuing og kampen til folka i koloniane mot imperialismen verta utelatne frå omgrepet «nasjonal rørsle» og «nasjonal frigjeringsrørsle».
Og meir enn det. Etter utkastet dykkar måtte vi slå fast: a)at irane vart ein nasjon berre etter skipinga av «Den irske fristaten», og at før det var dei ikkje ein nasjon, b) at nordmennene ikkje var ein nasjon føre Noreg vart lausrive frå Sverige, og vart ein nasjon fyrst etter denne lausrivinga, c) at ukrainarane ikkje var ein nasjon då Ukraina var ein del av Tsar-Russland, at dei vart ein nasjon fyrst etter at dei gjekk ut av Sovjet-Russland under Sentralradaen og Hetman1 Skoporadski,(1) men heldt opp med å vera ein nasjon att etter at dei slutta Den Ukrainske Sovjetrepublikken sin saman med dei andre sovjetrepublikkane for å skipa Unionen av Sosialistiske Sovjetrepublikkar.
Ein kunne nemna ei heil mengd av slike døme.
Det er openbert at eit utkast som leier til slike meningslause slutningar ikkje kan reknast for eit vitskapleg utkast.
Politisk er det ikkje til å unngå at utkastet dykkar i praksis leier til rettferdiggjering av imperialistisk undertrykking av nasjonane. Talsmennene for denne undertrykkinga nektar ettertrykkjeleg å godkjenna som verkelege nasjonar slike nasjonar som er undertrykte og ikkje jamstelte, og som ikkje har nokon eigen særskild nasjonalstat, og meiner at dette tilhøvet gjev dei rett til å undertrykkja desse nasjonane.
Dette kjem ved sidan av at utkastet dykkar syter for å rettferdiggjera dei borgarlege nasjonalistane i sovjetrepublikkane våre, som hevdar at sovjetnasjonane heldt opp med å vera nasjonar då dei vart samde om å sameine dei nasjonale sovjetrepublikkane sine i ein union av sosialistiske sovjetrepublikkar.
Slik er stoda når det gjeld å «utfylla» og «betra» den russiske marxistiske teorien om nasjonen.
Det står att berre ein ting, og det er å vedgå at den russiske marxistiske teorien om nasjonen er den einaste rette teorien.
2. OPPHAVET OG UTVIKLINGA AV NASJONAR.
Eit av dei alvorlege mistaka de gjer er at de slår i hop alle nasjonar som er til og ikkje ser nokon grunnleggjande skilnad mellom dei.
Det er ymse slag nasjonar. Det finst nasjonar som utvikla seg i epoken for den framveksande kapitalismen, då borgarskapet samla delane av nasjonane og batt dei saman, medan dei øydela føydalismen og den føydale oppløysinga. Desse er dei såkalla «moderne» nasjonane.
De hevdar at nasjonar voks fram og vart til før kapitalismen. Men korleis kunne det ha vokse fram og vore nasjonar til før kapitalismen, i føydalismen sin periode då landa var kløyvde opp i einskilde, sjølvstendige fyrstedøme, som tvert mot å vera bundne saman med nasjonale band ettertrykkjeleg nekta at slike band var naudsynte? Trass i den range påstanden dykkar var det ingen nasjonar i den førkapitalistiske perioden og kunne heller ikkje vera det, av di det enno ikkje fanst nokon nasjonale marknader og ingen kulturelle eller økonomiske nasjonale senter. Fylgjeleg fanst ingen av dei faktorane som gjer ein ende på den økonomiske oppløysinga til eit visst folk, og dreg dei delane i det som har vore skilde til no, saman til ein nasjonal heilskap.
Elementa for nasjonen som er språk, territorium, sams kultur osb., fall sjølvsagt ikkje ned frå himmelen, men vart forma litt etter litt endåtil i den førkapitalistiske perioden. Men desse elementa var i ein uutvikla tilstand, og var i beste høve berre noko som var mogleg. Det vil seia at dei gjorde det mogleg at det under visse gunstige vilkår kunne verta skipa ein nasjon i framtida. Det moglege vart røyndom berre i perioden med veksande kapitalisme, med den nasjonale marknaden sin og dei økonomiske og kulturelle sentra sine.
I denne samanhengen ville det vera bra å hugsa orda til Lenin om framvoksteren av nasjonar heftet hans «Kva er folkevenene, og korleis kjempar dei mot sosialdemokratiet?», ord som det er verdt å merkja seg. Lenin går imot narodniken Mikhailovski(2), som avleiar oppkoma av nasjonale band og nasjonal einskap frå utviklinga av gensband(3), og han seier:
«Og såleis er nasjonale band eit framhald og ei generalisering av gensbanda! Herr Mikhailovski låner openbert ideane sine om samfunnshistoria frå dei eventyra som vert fortalde til skuleborn. Denne skulevisdomen seier at samfunnshistoria er slik at fyrst var familien, som er kjernen i alle samfunn… så voks familien til stammen og stammen voks til staten. Dersom herr Mikhailovski i alvor tek opp att dette barnslege tøvet, syner det berre – ved sidan av alt anna – at han ikkje ein gong har den minste aning om gangen i den russiske historia. Medan ein kunne tala om eit gensliv i oldtidas Rus(4), kan det ikkje vera tvil om at innan mellomalderen, som er tidbolken til Moskva-tsarane, var desse gensbanda ikkje til lenger. Det vil seia at staten ikkje, var grunna på gens-samanslutningar i det heile, men på territoriale samanslutningar. Godseigarane og klostra tok bøndene sine frå ymse stader og landsbysamfunna som slik vart skipa, var samanslutningar som berre bygde på territorium. Men ein kunne knapt tala om nasjonale band i den rette tydinga av ordet på den tida. Staten var delt opp i einskildgods, stundom endåtil fyrstedøme, som tok vare på sterke spor av tidlegare sjølvstyre, eigne administrative særdrag, til tider eigne troppestyrkar (dei lokale bojarane gjekk i krigen i brodden for sine eigne kompani), eigne tollgrenser osb. Fyrst den moderne tida i russiske historie (ho byrjar om lag med det syttande hundreåret), er særmerkt med ei verkeleg samansmelting av alle slike område, gods og fyrstedøme til ein einaste heilskap. Høgstæra herr Mikhailovski, denne samansmeltinga kom ikkje i stand gjennom gensband, ikkje ein gong ved at dei heldt fram og vart generaliserte Ho kom i stand gjennom den veksande utvekslinga mellom område, den gradvis veksande sirkulasjonen av handelsvarar, og ved at dei små lokale marknadene vart samla til ein einaste allrussisk marknad. Sidan leiarane og herrane i denne prosessen var handelskapitalistane, var skipinga av desse nasjonale banda ikkje noko anna enn skipinga av borgarlege band».2
Slik ei stoda når det gjeld framvoksteren av dei såkalla «moderne» nasjonane.
Borgarskapet og nasjonalistpartia det hadde var gjennom heile denne tida den viktigaste leiande krafta i slike nasjonar. Klassefred innan nasjonen for den «nasjonale einskapen» si skuld, utviding av territoriet for sin eigen nasjon ved å taka nasjonale territorium frå andre, mistru og hat til andre nasjonar undertrykkinga av nasjonale minoritetar, ein samla front mot imperialismen – slik var det ideologiske, samfunnsmessige og politiske varelageret til desse nasjonane.
Slike nasjonar må reknast som borgarlege nasjonar. Døme er den franske, britiske, italienske, nord-amerikanske og andre liknande nasjonar. Den russiske, ukrainske, tatariske, armenske, grusiske og andre nasjonar i Russland var likeeins borgarlege nasjonar før proletariatets diktatur og sovjetsystemet var skipa i landet vårt.
Sjølvsagt er lagnaden til slike nasjonar lenka saman med lagnaden til kapitalismen. Når kapitalismen fell, må slike nasjonar forsvinna frå skodeplassen.
Det er nett slike borgarlege nasjonar heftet til Stalin, Marxismen og det nasjonale spørsmålet, syner til når det seier at «ein nasjon er ikkje berre ein historisk kategori, men ein historisk kategori som høyrer til ein avgrensa tidbolk. Det er tidbolken til den veksande kapitalismen,» at «lagnaden til ei nasjonal rørsle, som eigentleg er ei borgarleg rørsle, er sjølvsagt knytt i hop med lagnaden til borgarskapet,» at «ei nasjonal rørsle kan berre verta borte når borgarskapet fell,» og at «fyrst når sosialismen herskar, kan det verta fred fullt og heilt.»3
Slik står det til når det gjeld dei borgarlege nasjonane.
Men det finst andre nasjoner. Desse er dei nye sovjetnasjonane som utvikla og forma seg på grunnlag av dei gamle borgarlege nasjonane, etter at kapitalismen vart styrta i Russland, etter at borgarskapet og dei nasjonalistiske partia deira var fjerna, etter at sovjetsystemet vart oppretta.
Arbeidarklassen og det internasjonalistiske partiet hans er krafta som støyper desse nye nasjonane og leier dei. Eit forbund mellom arbeidarklassen og dei arbeidande bøndene i nasjonen for å fjerna restane av kapitalismen slik at sosialismen kan byggjast sigerrikt, avskaffing av restane av nasjonal undertrykking, slik at nasjonane og nasjonale minoritetar kan vera like og kan utvikla seg fritt, fjerning av restane av nasjonalisme slik at det kan verta knytt venskap mellom folka og internasjonalismen kan verta fast skipa, ein sameint front med alle undertrykte og ikkje-likestilte nasjonar i kamp mot annekterings-polikken og annekteringskrigar i kampen mot imperialismen – slik er det åndelige, sosiale og politiske lynnet til desse nasjonane.
Slike nasjonar må reknast som sosialistiske nasjonar.
Desse nye nasjonane voks fram og utvikla seg på grunnlag av dei gamle borgarlege nasjonane, som eit resultat av at kapitalismen vart fjerna – ved at dei vart radikalt omforma etter sosialistiske liner. Ingen kan nekta for at dei sosialistiske nasjonane som no er i Sovjetunionen -den russiske, den ukrainske, den kviterussiske, den tatariske, den basjkirske, den usbekiske, den kasakhske, den aserbajdsjanske, den grusiske, den armenske og andre nasjonar – skil seg grunnleggjande frå dei tilsvarande gamle borgarlege nasjonane i det gamle Russland, både når det gjeld klassesamansetjing og åndeleg eigenart, og i sosiale og politiske interesser og ynskjemål.
Slik er dei to nasjonstypane som historia kjenner.
De er ikkje samde i at ein bind nasjonane sin lagnad, i dette høvet dei gamle borgarlege nasjonane, saman med kapitalismen sin lagnad. De er ikkje samde i tesen at når kapitalismen vert fjerna, så vil dei gamle borgarlege nasjonane verta fjerna. Men kva i all verda kunne lagnaden til desse nasjonane verta bunde saman med, om ikkje med kapitalismen sin lagnad? Er det så vanskeleg å skjøna at når kapitalismen forsvinn, så må dei borgarlege nasjonane som han gav opphav til og forsvinna? De meiner vel sikkert ikkje at dei gamle borgarlege nasjonane kan vera til og utvikla seg under sovjetsystemet, under proletariatets diktatur? Det ville få begeret til å flyta over. …
De er redde for at å fjerna dei nasjonane som er til under kapitalismen er det same som å fjerna nasjonane allment, som å fjerna alle nasjonar. Kvifor, på kva grunnlag? Er de verkeleg ikkje klåre over at ved sidan av borgarlege nasjonar så finst det andre nasjonar, sosialistiske nasjonar som er mykje fastare sameinte og betre i stand til å overleva enn nokon borgarleg nasjon?
Mistaket dykkar ligg nett i at de ikkje ser andre nasjonar enn borgarlege nasjonar, og fylgjeleg har de oversett heile tidbolken for skipinga av sosialistiske nasjonar i Sovjetunionen, nasjonar som voks fram på ruinane av dei gamle borgarlege nasjonane.
Saka er at når dei borgarlege nasjonane vert fjerna, så tyder ikkje det at nasjonar vert fjerna allment, men berre dei borgarlege nasjonane. På ruinane av dei gamle borgarlege nasjonane veks det fram og utviklar det seg nye, sosialistiske nasjonar. Og dei er mykje fastare sameinte enn nokon borgarleg nasjon, av di dei er frie frå dei uforsonlege klassemotseingane som tærer dei borgarlege nasjonane sund. Dei er mykje meir representative for heile folket enn nokon borgarleg nasjon.
3. FRAMTIDA TIL NASJONANE OG NASJONALSPRÅKA
De gjer eit grovt mistak når de set likskapsmerke mellom tidbolken for sosialismen sin siger i eitt land, og tidbolken for sosialismen sin siger i verdsmålestokk, når det hevdar at det er mogleg og naudsynt at nasjonale skilnader og nasjonalspråk kan forsvinna, at nasjonar kan smelta saman og at det vert forma eit sams språk, ikkje berre når sosialismen sigrar i verdsmålestokk, men og når sosialismen sigrar i eitt land. Dessutan blandar de saman heilt ulike saker: at «nasjonal underkuing vert avskaffa» med at «nasjonale skilnader vert fjerna» at «grensene for nasjonalstatane vert oppheva» med at «nasjonane døyr bort» og med at «nasjonane smeltar saman».
Det må verta påpeikt at det er absolutt utillateleg at marxistar blandar saman desse ulike omgrepa. Nasjonal underkuing i landet vårt vart avskaffe for lenge sidan, men det fylgjer på ingen måte av dette at nasjonale skilnader har kome bort og at nasjonane i landet vårt har vorte fjerna. Nasjonale statsgrenser, i lag med grensevakt og toll, vart avskaffa i landet vårt for lenge sidan. Men det fylgjer ikkje på noko vis av dette at nasjonane alt har smelta saman og at nasjonalspråka har forsvunne, at det i staden for desse språka har kome eitt eller anna språk som er sams for alle nasjonane våre.
De er misnøgde med den talen eg heldt ved Kommunistuniversitetet for folka i Aust (1925)4. Eg gjekk der imot tesen at med sosialismen sin siger i eitt land, landet vårt til dømes, så vil nasjonalspråka døy ut, nasjonane smelta saman og eit sams språk koma i staden for nasjonalspråka.
De meiner at denne utsegna mi motseier den velkjende tesen til Lenin, nemleg at det er sosialismen sitt mål ikkje berre å avskaffa delinga av menneskeætta i små statar og alle former for nasjonsisolering, ikkje berre å føra nasjonane nærare kvarandre, men og å smelta dei saman.
Vidare meiner de at ho og motseier ein annan av tesane til Lenin, nemleg at med sosialismen sin siger i verdsmålestokk kjem nasjonale skilnader og nasjonalspråk til å byrja å døy ut og at etter denne sigeren kjem eit sams språk til å byrja å koma i staden for nasjonalspråka.
Det er heilt gale, kameratar. Det er heilt og fullt ein illusjon.
Eg har alt sagt at det ikkje kan tillatast for marxistar å blanda saman og slå i hop slike ulike ovringar som «sosialismen sin siger i eitt land» og «sosialismen sin siger i verdsmålestokk». Ein bør ikkje gløyma at desse ulike ovringane speglar to heilt ulike tidbolkar som er skilde frå kvarandre ikkje berre i tid (noko som er svært viktig), men i sjølve innhaldet.
Nasjonal mistru, nasjonal isolering, nasjonal fiendskap og nasjonale samanstøytar vert sjølvsagt ikkje kveikte og fostra av ei eller anna «medfødd» kjensle av nasjonalhat, men av imperialismen sitt strev etter å leggja andre nasjonar under seg, og av den redsla som dette trugsmålet om nasjonal trældom kveikjer i desse nasjonane. Det ei ikkje tvil om at dette strevet og denne redsla kjem til å vera til så lenge verdsimperialismen er til – og fylgjeleg vil nasjonal mistru nasjonal isolering, nasjonalt fienskap og nasjonale samanstøytar vera til i det store fleirtalet av land. Kan ein slå fast at sigeren for sosialismen og avskaffinga av imperialismen i eitt land tyder at imperialismen og nasjonal undertrykking vert avskaffa i dei fleste land? Sjølvsagt ikkje. Men det fylgjer av dette at siger for sosialismen i eitt land ikkje skapar, og ikkje kan skapa, dei vilkåra som er naudsynte for å smelta saman nasjonane og nasjonalspråka i verda til ein uskiljande heilskap, trass i at han svekkjer verdsimperialismen kraftig.
Tidbolken for sosialismen sin siger i verdsmålestokk skil seg fyrst og fremst frå tidbolken for sosialismen sin siger i eitt land ved at han kjem til å avskaffa imperialismen i alle land, avskaffa både strevet etter å leggja under seg andre land og otten som vert kveikt av trugsmålet om nasjonal trældom. Han vil undergrava nasjonal mistru og nasjonalt fiendskap radikalt, og vil binde saman nasjonane til eitt verdssosialistisk økonomisk system. Slik vil han skapa dei verkelege vilkåra som er naudsynte for at alle nasjonar litt etter litt kan smeltast saman til ein. Slik er den grunnleggjande skilnaden mellom desse to tidbolkane. Men det fylgjer av dette at å blanda saman og slå i hop desse to tidbolkane er eit mistak som ikkje let seg orsaka. Tak talen som eg heldt ved Kommunistuniversitetet til slitarane i Austen. Eg sa då:
«Nokre (til dømes Kautsky), talar om at det vert skapt eit einaste verdsspråk og at alle andre språk skal døy ut i den sosialistiske tidbolken. Eg har lita tru på denne teorien om eit einaste altfemnande språk. I alle høve talar røynsla heller mot enn for ein slik teori. Det som har skjedd til no, er at den sosialistiske revolusjon ikkje har minska, men heller auka talet på språk. For ved å vekkja dei lågaste delane av menneskeætta og skyva dei fram på den politiske skodeplassen, vekkjer han til nytt liv ei rekkje nasjonalitetar som til no har vore ukjende eller lite kjende.
Kven kunne ha tenkt seg at det var ikkje mindre enn femti nasjonar og nasjonale grupper i det gamle tsaristiske Russland? Men då Oktoberrevolusjonen braut dei gamle banda og førte ei rekkje med gløymde folkeslag og nasjonalitetar fram på skodeplassen, så gav han dei nytt liv og ei ny utvikling».5
Frå dette avsnittet er det klårt at eg gjekk imot folk av Kautsky sin type, som alltid var og har halde fram med å vera ein dilettant i det nasjonale spørsmålet, som ikkje skjønar mekanikken i nasjonutviklinga og ikkje har noka aning om den veldige evna nasjonane har til stabilitet. Dei trur at det er mogleg at nasjonane smeltar saman alt under den borgarleg-demokratiske ordninga, lenge føre sosialismen har sigra, og medan dei underdanig lovpriser samansmeltings«arbeidet» til tyskarane i Bøhmen, slår dei med lett hjarte fast at tsjekkarane mest har vorte tyskarar og at tsjekkarane ikkje har noka framtid som nasjon.
Vidare er det klårt frå dette avsnittet at det eg tenkte på i talen min ikkje var tidbolken for sosialismen sin siger i verdsmålestokk, men berre tidbolken for sosialismen sin siger i eitt land. Og eg slo fast (og slår enno fast) at tidbolken for sosialismen sin siger i eitt land ikkje skapar dei vilkåra som er naudsynte for at nasjonane og nasjonalspråka vert samansmelta, men tvert om at denne tidbolken skaper gunstige vilkår for nyføding og bløming for dei nasjonane som tidlegare var undertrykte av den tsaristiske imperialismen, og som sovjetrevolusjonen no har frigjort frå den nasjonale undertrykkinga.
Til sist er det klårt frå dette avsnittet at de har oversett dei veldige skilnadene mellom dei to ulike historiske tidbolkane, og at de på grunn av dette ikkje har skjøna kva talen til Stalin tyder. Som ei fylgje av dette har de gått dykk bort i villnisset av dykkar eigne mistak.
Lat oss gå over til Lenin sine tesar om korleis nasjonane døyr ut og smeltar saman etter sigeren for sosialismen i verdsmålestokk.
Her er ein av tesane til Lenin. Han er teken frå artikkelen hans «Den sosialistiske revolusjonen og sjølvråderetten til nasjonane», som vart prenta i 1916. Av ein eller annan grunn er han ikkje attgjeven i full lengd i breva dykkar:
«Målet for sosialismen er ikkje berre å avskaffa delinga av menneskeætta i små statar og all isolering av nasjonar, ikkje berre å trekkja nasjonane saman, men å smelta dei saman … Nett som menneskeætta kan nå fram til å avskaffe klassane berre ved å gå gjennom ei overgangstid med diktaturet til den undertrykte klassen, slik kan menneskeætta berre nå fram til den tidvisse samansmeltinga av nasjonane ved å gå gjennom ei overgangstid med full frigjering av alle dei undertrykte nasjonane, dvs. med deira fridom til lausriving.»(5)
Og her er ein annan tese av Lenin som de likeeins ikkje gjev att i full lengd:
«Så lenge det finst nasjonale og statlege skilnader mellom folk og land – og desse skilnadene vil halda fram med å vera til i svært, svært lang tid, endåtil etter at proletariatets diktatur har vorte oppretta i verdsmålestokk – krev einskapen i den internasjonale taktikken til den kommunistiske arbeidarrørsla i alle land, ikkje at ulikskapen vert avskaffa, ikkje at nasjonale skilnader vert avskaffa (det er ein tåpeleg draum i denne augneblinken), men at dei nyttar dei grunnleggjande prinsippa til kommunismen (sovjetmakt og proletariatets diktatur) slik at dei på rett måte vert omforma i visse detaljar og på rett måte vert tilpassa og nytta på nasjonale og nasjonalstatlege skilnader».(6)
Ein bør merkja seg at dette avsnittet er frå Lenin sitt hefte «Venstre»-kommunismen, ein barnesjukdom, som vert prenta i 1920, det vil seia etter sigeren for den sosialistiske revolusjonen i eitt land, etter at sosialismen hadde sigra i landet vårt.
Frå desse avsnitta er det klårt at Lenin ikkje legg prosessen med at dei nasjonale skilnadene døyr ut og nasjonane smeltar saman til tidbolken for sosialismen sin siger i eitt land, men berre til tiden etter at proletariatets diktatur har kome i stand i verdsmålestokk, det vil seia til tidbolken for sosialismen sin siger i alle land, når grunnlaget for ein sosialistisk verdsøkonomi alt har vorte lagt.
Frå desse avsnitta er det vidare klårt at freistnaden på å leggja prosessen med at nasjonale skilnader døyr ut til tidbolken for sosialismen sin siger i eitt land, i landet vårt, vert stempla av Lenin som ein «tåpeleg draum».
Frå desse avsnitta er det dessutan tydeleg at Stalin hadde heilt rett når han i talen sin ved kommunistuniversitetet til slitarane i Austen nekta at det var mogleg for nasjonal eskilnader og nasjonal språk å døyut i tid bolken for sosialismen sin siger i eitt land, i landet vårt, og at de tok heilt feil når de stødde noko som er tvert imot tesen til Stalin.
Til sist er det klårt frå desse avsnitta at når de blanda saman dei to ulike tidbolkane i sosialismen sin siger, så skjøna de ikkje Lenin, de rengde Lenin sin tese om det nasjonale spørsmålet,og fylgjeleg gjekk de ufriviljug i retning av eit brot med leninismen.
Det ville ikkje vera rett å tru at nasjonale skilnader vil verta avskaffa og nasjonalspråka døy ut med eit slag, så og seia etter diktat ovanfrå, med ein gong verdsimperialismen er slegen. Ikkje noko er galnare enn dette synet. Å freista å få nasjonane til å smelta saman etter diktat ovanfrå, ved tvang, villeveraåspelaihendene på imperialistane. Det ville tydakatastrofe for frigjeringssaka til nasjonane, og verta lagnadstungt for saka med å organisera samarbeid og brorskap mellom nasjonane. Ein slik politikk ville vera så godt som det same som ein assimileringspolitikk.
De veit sjølvsagt at assimileringspolitikken slett ikkje høyrer heime i marxismen-leninismen, ettersom han er ein antifolkeleg og kontrarevolusjonær politikk, ein lagnadstung politikk.
Vidare veit vi at nasjonar og nasjonalspråk er umåteleg stabile og har ei veldig motstandskraft mot assimileringspolitikk. Dei tyrkiske asslmilatorane – dei mest brutale av alle assimilatorar – reiv sund og skamfér Balkannasjonane i hundrevis av år. Likevel greidde dei ikkje å øydeleggja dei, men vart til sist tvinga til å gje seg. Russifiseringsfolka i Tsar-Russland og dei tyskprøyssiske germaniseringsfolka, som låg lite etter dei tyrkiske assimilatorane i valdsferd, reiv sund og skamfor den polske nasjonen i meir enn hundre år, nett slik dei persiske og tyrkiske assimilatorane i hundrevis av år reiv sund og skamfor og slakta ned den armenske og den grusiske nasjonen. Likevel, langt frå å øydeleggja desse nasjonane vart dei og til sist tvinga til å gje seg.
Alle desse omstenda må reknast med, for at ein på rett måte kan sjå føreåt kva som truleg vil henda når det gjeld nasjonsutviklinga rett etter at verdsimperialismen er slegen.
Det ville vera eit mistak å tru at det fyrste steget i tidbolken med verdsdiktaturet til proletariatet kjem til å markera byrjinga til at nasjonar og nasjonalspråk vil døy ut, og byrjinga til at eit sams språk vert forma. Tvert om vert det fyrste steget då den nasjonale underkuinga vert avskaffa, heilt ut eit steg som er merkt ut ved vokster og bløming for nasjonane og nasjonal språka som tidlegare var underkua,ved at likskapen mellom nasjonane vert grunnfest, at gjensidig nasjonal mistru vert avskaffa og dei internasjonale banda mellom nasjonane vert skipa og styrkte.
Fyrst på det andre steget i tidbolken for verdsdiktaturet til proletariatet, i den mon ein einaste sosialistisk verdsøkonomi er bygd opp i staden for den kapitalistiske verdsøkonomien – berre på det steget vil noko som liknar på eit sams språk taka til å få form. For berre på det steget vil nasjonane kjenna at dei ved sida av sine eigne nasjonalspråk treng eit sams internasjonalt språk til bate for omgjenge og økonomisk, kulturelt og politisk samarbeid. På dette steget vil fylgjeleg nasjonalspråk og eit sams internasjonalt språk finnast side om side. Det er mogleg at det ikkje vert skipa eit verdsøkonomisk sentrum i fyrstninga som er sams for alle nasjonar og har eitt sams språk, men fleire sonevise økonomiske senter for skilde nasjonsgrupper med eit særskilt sams språk for kvar nasjonsgruppe, og at desse sentra fyrst seinare vil gå saman til eitt sams sosialistisk verdsøkonomisk senter med eitt språk som er sams for alle nasjonane.
På det neste steget i tidbolken for verdsdiktaturet til proletariatet – når det sosialistiske verdsøkonomiske systemet vert fullgodt grunnfest og sosialismen vert heilt Inngrodd i livet til folkeslaga og når praksis overtyder nasjonane om føremonene ved eit sams språk framfor nasjonalspråk – då vil nasjonale skilnader og språk byrjar å døy ut og gjera rom for eit verdsspråk som er sams for alle nasjonar.
Etter mi meining er biletet av framtida til nasjonane om lag slik, eit bilete av nasjonane si utvikling på vegen til å smelta saman framtida.
4. POLITIKKEN TIL PARTIET I DET NASJONALE SPØRSMÅLET
Eitt av mistaka dykkar er at de ikkje reknar det nasjonale spørsmålet som ein del av det allmenne spørsmålet om den sosiale og politiske samfunnsutviklinga, og som underlagt dette allmenne spørsmålet, men som noko som er eins og seg sjølv nok, med ei retning og eit innhald som held seg grunnleggjande uendra gjennom historia. Difor ser de ikkje det som kvar marxist ser. nemleg at det nasjonale spørsmålet ikkje har same innhald støtt, og at innhaldet og oppgåvene til den nasjonale rørsla endrar seg med dei ulike tidbolkane i utviklinga av revolusjonen.
Logisk sett er det dette som forklårer den syrgjelege kjensgjerninga at de så lettvint blandar saman og slår i hop ulike tidbolkar i utviklinga av revolusjonen, og at de ikkje skjønar at endringane i innhaldet og oppgåvene til revolusjonen på dei ulike utviklingsstega gjev vokster til samsvarande endringar i innhaldet og måla for det nasjonale spørsmålet. De skjønar ikkje at politikken til partiet i det nasjonale spørsmålet og endrar seg i samsvar med dette, og at politikken til partiet i det nasjonale sprørsmålet i ein tidbolk i utviklinga av revolusjonen fylgjeleg ikkje kan verta skild med vald frå denne tidbolken, og verta ført vilkårleg over til ein annan tidbolk.
Del russiske marxistane har alltid gått ut i frå den setninga at det nasjonale spørsmålet er ein del av det allmenne spørsmålet om utviklinga av revolusjonen, at det nasjonale spørsmålet har ulike mål på dei ulike stadia i revolusjonen, i samsvar med innhaldet i revolusjonen ved kva. historisk augneblink, og at partiet sin politikk i det nasjonale spørsmålet endrar seg i samsvar med dette.
I tida før den fyrste verdskrigen då historia gjorde ein borgarleg-demokratisk revolusjon til oppgåva for rørsla i Russland, kopla dei russiske marxistane løysinga av det nasjonale spørsmålet saman med lagnaden til den demokratiske revolusjonen i Russland. Partiet vårt hevda at den beste moglege løysinga på det nasjonale spørsmålet innanfor rammene til kapitalismen, var å styrta tsarismen, fjerna restane av føydalismen og å demokratisera landet fullt ut.
Slik var politikken til partiet i denne tidbolken. Dei vedkjende artiklane til Lenin om det nasjonale spørsmålet er frå denne tidsbolken. Mellom desse er «Kritiske merknader om det nasjonale spørsmålet», der Lenin seier:
«… eg vil hevda at det berre finst ei løysing på det nasjonale spørsmålet i den mon ei løysing i det heile er mogleg i den kapitalistiske verda – og den løysinga er konsekvent demokrati. Til prov ville eg mellom andre syna til Sveits»(7).
Til same tidbolken høyrer heftet til Stalin, Marxismen og det nasjonale spørsmålet som mellom anna seier:
Ei nasjonal rørsle kan berre verta heilt borte nå borgarskapet fell. Fyrst når sosialismen herskar, kan det verta heilt og fullt fred. Men til og med innom ramma til kapitalismen er det mogleg å minka den nasjonale kampen til eit minstemål, å undergrava han ved rota og å gjera han så lite skadeleg som mogleg for proletariatet. Dette er stadfest av til dømes Sveits og Amerika. Det som skal til, er at landet vert demokratisert og at nasjonane får høve til å utvikla seg fritt6
Den neste tidbolken var tidbolken til den fyrste verdskrigen, då den lange krigen mellom dei to imperialist-koalisjonane undergrov makta til verdsimperialismen, då krisa i det kapitaliske verdssystemet vart ovstor, då kolonilanda og dei usjølvstendige landa og slutta seg til frigjeringsrørsla side om side med arbeidarklassen i «moderlanda», då det nasjonale spørsmålet vart eit nasjonalt og kolonialt spørsmål, då einskapsfronten til arbeidarklassen dei framskridne kapitalistiske landa og til dei undertrykte folka i koloniane og dei usjølvstendige landa byrja å verta ei verkeleg kraft, då den sosialistiske revolusjonen fylgjeleg vart det aktuelle spørsmålet. Dei russiske marxistane kunne då ikkje lenger slå seg til ro med politikken frå den tidlegare tidbolken, og dei fann det naudsynt å binda løysinga på det nasjonale og koloniale spørsmålet saman med lagnaden til den sosialistiske revolusjonen.
Partiet meinte at den beste løysinga på det nasjonale og koloniale spørsmålet under dei rådande tilhøva var å styrta kapitalmakta og å skipa proletariatets diktatur, å kaste imperialiststyrkane ut or koloniane og dei usjølvstendige landa og tryggja retten til desse landa til å lausriva seg og skipa sine eigne nasjonalstatar, å fjerna nasjonal fiendskap og nasjonalisme og styrkja dei internasjonale banda mellom folka, å organisera ein einaste sosialistisk nasjonaløkonomi og å skipa brorskapleg samarbeid mellom folka på dette grunnlaget.
Slik var politikken til partiet i denne tidbolken.
Denne tidbolken har enno langt frå kome i full kraft, for han har fyrst nett byrja, men det er ikkje tvil om at han alt no vil ha eit avgjerande ord med i laget…
Den tidbolken vi no har for utviklinga av revolusjonen i landet vårt og politikken til partiet no er eit spørsmål for seg sjølv.
Ein bør merkja seg at til no har landet vårt synt seg å vera det einaste som er klårt til å styrta kapitalismen. Og det har verkeleg styrta kapitalismen og skipa proletariatets diktatur.
Fylgjeleg har vi enno lang veg fram før proletariatets diktatur vert skipa i verdsmålestokk, og endå lenger til sosialismen sigrar i alle land.
Ein bør vidare merkja seg at då vi gjorde ende på styret til borgarskapet, som for lenge sidan har gått bort frå dei gamle demokratiske tradisjonane sine, så løyste vi samstundes problemet med «full demokratisering av landet». Vi avskaffa systemet med nasjonal undertrykking og skipa likskap mellom nasjonane i landet vårt.
Som vi veit synte desse tiltaka seg å vera den beste måten for å fjerna nasjonalisme og nasjonal fiendskap og for å skipa tiltru folkeslaga imellom.
Til sist bør ein merkja seg at avskaffinga av den nasjonale undertrykkinga førte til ei nasjonal nyvakning for dei tidlegare undertrykte nasjonane i landet. Ho førte til at dei nasjonale kulturane deira utvikla seg, til at dei venskapelege internasjonale banda mellom folkeslaga i landet vårt vart styrkte, og til at dei samarbeidde seg imellom med å byggja sosialismen.
Ein bør hugsa at desse oppattnya nasjonane ikkje er dei gamle, borgarlege nasjonane som var leidde av borgarskapet, men nye sosialistiske nasjonar som har vakse opp på ruinane av dei gamle og er leidde av det internasjonalistiske partiet til dei arbeidande massane.
På bakgrunn av dette rekna partiet det som naudsynt å hjelpa dei atterfødde nasjonane i landet vårt på føtene og til full kraft, å oppattnya og utvikla dei nasjonale kulturane deira, å utvikla breitt skular teater og andre kulturinstitusjonar som nyttar nasjonalspråka, å nasjonalisera – det vil seia å tilsetja medlemar frå den særskilde nasjonen i partiet, fagforeiningar, kooperativ, det statlege og økonomiske apparat, å øva opp deira eige nasjonale parti og sovjetkadrar, og å hindra alle element -som visseleg er få i tal – som freistar å hindra denne politikken til partiet.
Dette tyder at partiet stør og vil halda fram med å stø at dei nasjonale kulturane til folkeslaga i landet vårt utviklar seg og blømer, at det vil hjelpa fram styrkinga av dei nye sosialistiske nasjonane våre, at det vernar og verjar denne saka mot anti-leninistiske element av eit kvart slag.
Frå breva dykkar er det openbert at de ikkje er samde i denne politikken til partiet vårt. For det fyrste kjem dette av at de blandar saman dei nye sosialistiske nasjonane med dei gamle borgarlege nasjonane og ikkje skjønar at dei nasjonale kulturane til dei nye sovjetnasjonane våre i innhald er sosialistiske kulturar. For det andre – orsak at eg er så beintfram – kjem det av at de har eit svært dårleg grep på leninismen og er langt på vidotta når det gjeld det nasjonale spørsmålet.
Sjå til dømes på denne enkle saka. Vi seier alle at det trengst ein kulturrevolusjon i landet vårt. Dersom vi meiner dette alvorleg og ikkje berre gjev oss til med tomt prat, må vi i det minste taka det fyrste steget i denne retninga: Vi må oppretta tvungen grunnutdanning og seinare vidaregåande utdanning for alle innbyggjarane i landet utan omsyn til kva nasjonalitet dei er av. Det er klårt at inga kulturutvikling, for ikkje å tala om den såkalla kulturrevolusjonen, vil vera mogleg i landetvårt utan dette. Og vidare, utan dette vert det korkje nokon verkeleg framgang i industrien og jordbruket vårt eller noko pålitande forsvar av landet vårt.
Men korleis skal ein gjera dette når ein tenkjer på at prosenten av analfabetar i landet vårt enno er svært høg, at i ei rekkje av nasjonane i landet vårt er det 80 – 90 prosent med analfabetar?
Det som trengst er å dekkja landet med eit vidt nett av skular som nyttar morsmåla og tilsetja lærarar som kan morsmåla.
Det som trengst er å nasjonalisera – det vil seia å tilsetja medlemar av den særskilde nasjonen – i heile administrasjonsapparatet, frå parti til fagforeining til stat og økonomi.
Det som trengst er å utvikla breitt pressa, teateret, kinoen og andre kulturinstitusjonar som nyttar nasjonalspråka.
Ein kan spørja: Kvifor skal ein nytta morsmåla?
Av di dei store massane av folket berre kan lukkast i å utvikla seg kulturelt, politisk og økonomisk på sitt eige nasjonale morsmål.
På bakgrunn av alt det som er sagt, trur er at det ikkje skulle vera så vanskeleg å skjøna at leninistar ikkje kan føra nokon annan politikk i det nasjonale spørsmålet enn den som no vert ført i landet vårt. Føresetnaden den er sjølvsagt at dei ynskjer å halda fram med å vera leninistar.
Er det ikkje slik?
Vel, då let vi det vera med det.
Eg trur at eg har svart på alt det de spør om og tvilar på.
Med kommunistisk helsing, 18. mars 1929 J.Stalin
Notar
1. Skoropadski Hetman – eigentleg hovding Skoropadski, for hetman Russland motsvarar ein hovding for kossakkane. Pavel Petrovitsj Skoropadski vart født i 1873 og var ein nær ven av tsar Nikolai sitt hoff. Som storgodseigar vart han leiar for dei ukraniske kontrarevolusjonære etter oktober 1917. Han var agent for den tyske imperialismen og hetman i Ukraina frå 30 april 1918 til desember.
2. Narodnismen – eit småborgarleg straumdrag innanfor den russiske revolusjonære rørsla som voks fram på 1860-70-talet. N. gjekk inn for at godseigar-jorda skulle gå til bøndene, og var mot sjølvherskardømmet. Narodnikane meinte at dei var sosialistar, men sosialismen deira var utopisk. N. nekta for den lovmessige utviklinga av kapitalismen i Russland, og hevda at den revolusjonære hovudkrafta var bøndene og ikkje proletariatet. Vidare nekta han for massane si rolle i den historiske utviklinga, og hevda at historia vart til av store personar, heltar. Narodnikane gjekk ut til folket på landsbygda for å få støtte mot sjølvherskardømmet (namet narod tydar folk), men dei fekk ikkje særleg mykje støtte.
Dei som kom etter, dei liberale narodnikane i 1880 og 1890-åra, gav opp den revolusjonære kampen mot tsarismen og byrja å slåss for forsoning og semje med det tsaristiske sjølvherskardømmet. I røynda stod dei for interessane til kulakkane. Sjå vidare Lenin sin artikkel «Hva er «Folkevennene», og hvordan kjemper de mot sosialdemokratene?», norsk utgåve Utvalgte verker i 12 bind, bind 1, Forlaget Oktober 1977.
3. Gensband – ætteband. Syner til ættesamfunnet, siste steget av urkommunismen før samfunnet vert delt i klassar.
4. Rus – eigentleg den stammen (under leiing av Rurik) som gjennomførte den fyrste store russiske statsdanninga. Her tyder det stammefellesskapet i det gamle Russland. s. 251.
5. Tilvisinga i teksten er Stalin si tilvising. Det står i Lenin, Samla verk, eng.utg., band 22, s. 146-147.
6. Lenin, «Venstre»-kommunismen – en barnesjukdom (1920) Utvalgte verker i 12 bind, band 11, s. 169 f, Forlaget Oktober 1976. – Red.
7. Lenin, Samla verk, eng.utg. band 20, s. 40.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.
- Hetman – i Russland ein kosakkhovding. – Red.
- Sjå Lenin, «Hva er folkevennene, og hvordan kjemper de mot sosialdemokratane?» (1894), Utvalgte verker b.l, (s.122-124) Forlaget Oktober, 1977.
- Sjå J. V Stalin, denne boka s. 22-27. – Red.
- Sjå J.V. Stalin, «Dei politiske oppgåvene til Universitetet for folka i Austen», denne boka s. 193-205. Red.
- Sjå ovanfor, s. 196-197. – Red.
- Sjå denne boka s. 27.