Denne teksten av Josef Stalin er henta fra artikkel samlinga “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” utgitt på norsk av Forlaget Oktober, 1978.
OM KINA
Utdrag frå ein tale om «Den internasjonale stoda og forsvaret av USSR». Halden under eit samla plenum i sentralkomiteen og den sentrale kontrollkommisjonen i SUKP(b), 1. august 1926
Lat oss gå over til spørsmålet om Kina.
Eg skal ikkje dvela ved mistaka til opposisjonen når det gjeld spørsmålet om innhaldet i og utsiktene for den kinesiske revolusjonen. Eg skal ikkje gjera det av di det er sagt nok, og sagt temmelig overtydande, om denne saka, og det er ikkje bryet verdt å taka det opp att her. Eg skal heller ikkje dvela ved den påstanden at i den noverande fasen er den kinesiske revolusjonen ein revolusjon for tollautonomi (Trotski). Det er heller ikkje bryet verdt å dvela ved påstanden om at det ikkje finst føydale restar i Kina, eller at dersom dei finst, så er dei ikkje viktige (Trotski og Radek). Dersom det var slik, ville jordbruksrevolusjonen i Kina verta heilt uskjøneleg. Utan tvil veit de alt frå partipressa vår om desse og liknande mistak frå opposisjonen med omsyn til det kinesiske spørsmålet.
Lat oss gå over til spørsmålet om dei grunnleggjande føresetnadene til leninismen når det gjeld å avgjera spørsmåla om revolusjon i koloniland og usjølvstendige land.
Kva er dei grunnnleggjande føresetnadene til Komintern og kommunistpartia allment når dei tek for seg spørsmåla om frigjeringsrørsla i koloniale og usjølvstendige land?
Det inneber eit strengt skilje mellom revolusjon i imperialistiske land, i land som undertrykkjer andre land, og revolusjon i koloniland og usjølvstendige land, i land som lid under imperialistisk undertrykking frå andre land. Revolusjon i imperialistiske land er ein ting: Der er borgarskapet undertrykkjaren av andre nasjonar, der er det kontrarevolusjonært på alle stadium i revolusjonen, den nasjonale faktoren som ein faktor i kampen for frigjering finst ikkje der. Revolusjon i koloniland og usjølvstendige land er ein annan ting: Den imperialistiske undertrykkinga frå andre statar er der ein av faktorane i revolusjonen. Der må denne undertrykkinga verka på det nasjonale borgarskapet og. Der kan det nasjonale borgarskapet på eit visst stadium for ei viss tid stø den revolusjonære rørsla i landet sitt, mot imperialismen. Den nasjonale faktoren, som ein faktor i frigjeringskampen, er ein revolusjonær faktor der.
Å ikkje trekkja dette skiljet, å ikkje skjøna denne skilnaden og å setja revolusjon i imperialistiske land likt med revolusjon i koloniland, det er å fjerna seg frå den marxistiske og den leninistiske vegen, det er å slå inn på same vegen som dei som stør Den andre internasjonalen.
Her er det som Lenin sa om dette i meldinga si om det nasjonale og det koloniale spørsmålet på den andre kongressen i Komintern.
«Kva er den viktigaste, den grunnleggjande ideen i tesane våre? Det er skiljet mellom undertrykte nasjonar og undertrykkjande nasjonar. Vi legg vekt på dette skiljet – i motsetnad til Den andre internasjonalen og det borgarlege demokratiet1».
Hovudfeilen til opposisjonen er at han ikkje skjønar og ikkje vil vedgå denne skilnaden mellom dei to typane av revolusjon.
Hovudfeilen til opposisjonen er at han set revolusjonen i 1905 i Russland, eit imperialistisk land som undertrykte andre nasjonar, og revolusjonen i Kina, som er eit undertrykt halvkolonialt land, som er tvinga til å kjempa mot imperialistisk undertrykking på vegner av andre statar.
Her i Russland i 1905 var revolusjonen retta mot borgarskapet, mot det liberale borgarskapet, trass i at det var ein borgarleg-demokratisk revolusjon. Kvifor? Av di det liberale borgarskapet i eit imperialistisk land må vera kontra-revolusjonært. Nett på grunn av dette var det ikkje, og det kunne heller ikkje vera noko spørsmål mellom bolsjevikane på den tida om mellombels blokker og semjer med det liberale borgarskapet. På dette grunnlaget hevdar opposisjonen at ein burde taka den same haldninga i Kina på alle nivå i den revolusjonære rørsla, og at mellombels semjer og blokker med det nasjonale borgarskapet aldri kan verta tillate i Kina på noko vilkår. Men opposisjonen gløymer at berre folk som ikkje skjønar og ikkje vedgår at det er ein skilnad mellom revolusjon i undertrykte land og i undertrykkjande land kan tala slik, at berre folk som bryt med leninismen og søkk ned på nivået til dei som stør Den andre internasjonalen, kan tala slik.
Her er det som Lenin sa når det gjeld spørsmålet om det er tillateleg å gå inn i mellombels semjer og blokker med den borgarlege frigjeringsrørsla i koloniale land:
«Den kommunistiske internasjonalen må gå inn i ein mellombels allianse med det borgarlege demokratiet i koloniane og dei attendeliggjande landa. Men han må ikkje smelta saman med dei og må stødig halda ved lag sjølvstendet til den proletariske rørsla, sjølv om ho berre er i gryande form.»2
«Som kommunistar må og vil vi stø borgarleg frigjeringsrørsla3 i koloniale land berre når desse rørslene verkeleg er revolusjonære, når representantane til desse rørslene ikkje hindrar oss i å øva opp og organisera bøndene og dei breie massane av dei utbytta i revolusjonær ånd».
4Korleis kunne det «henda» at Lenin, som lynte og tordna mot semjer med borgarskapet i Russland, vedgjekk at slike semjer og blokker kunne verta tillatne i Kina? Kanskje Lenin tok feil? Kanskje han hadde snudd frå revolusjonær taktikk til opportunistisk taktikk? Sjølvsagt ikkje! Det «hende» av di Lenin skjøna skilnaden mellom revolusjon i eit undertrykt land og revolusjon i eit undertrykkjande land. Det «hende» av di Lenin skjøna at på eit visst steg i utviklinga si kan det nasjonale borgarskapet i dei koloniale og usjølvstendige landa stø den revolusjonære rørsla i sitt eige land mot undertrykkinga frå imperialismen. Opposisjonen nektar å skjøna dette, men han nektar det av di han bryt med den revolusjonære taktikken til Lenin, bryt med den revolusjonære taktikken til leninismen.
Har de lagt merke til korleis leiarane for opposisjonen i talane sine unngjekk desse direktiva frå Lenin med omhug, av di dei var redde for å nemna dei? Kvifor unngår dei desse allment kjende taktiske direktiva frå Lenin for dei koloniale og usjølvstendige landa? Kvifor er dei redde for desse direktiva? Av di dei er redde for sanninga. Av di dei taktiske direktiva til Lenin driv attende heile den ideologiske og politiske lina til trotskismen når det gjeld spørsmål om den kinesiske revolusjonen.
Så om stadia i den kinesiske revolusjonen. Opposisjonen har vorte så forvirra at han no nektar at det i det heile er stadium i utviklinga av den kinesiske revolusjonen. Men finst det noko slikt som ein revolusjon som ikkje går gjennom avgrensa utviklingsstadium? Hadde ikkje revolusjonen vår sine utviklingsstadium? Tak apriltesane (1) til Lenin, og de ser at Lenin skil mellom to stadium i revolusjonen vår: Det fyrste stadiet var den borgarleg-demokratiske revolusjonen med jordbruksrørsla som hovudaksen. Det andre stadiet var Oktoberrevolusjonen med maktovertakinga til proletariatet som hovudaksen.
Kva er stadia den kinesiske revolusjonen?
Slik eg ser det skulle det vera tre:
Det fyrste stadiet er revolusjonen med ein allnasjonal einskaps-front, Kanton-perioden (2), då revolusjonen i hovudsak var retta mot utanlandsk imperialisme, og det nasjonale borgarskapet støtta opp om den revolusjonære rørsla.
Det andre stadiet er den borgarleg-demokratiske revolusjonen, etter at dei nasjonale troppane nådde Yangtse-elva, då det nasjonale borgarskapet deserterte frå revolusjonen og jordbruksrørsla voks til ein mektig revolusjon med titals millionar bønder (den kinesiske revolusjonen er no på det andre utviklingsstadiet).
Det tredje stadiet er sovjetrevolusjonen som enno ikkje har kome, men som kjem.
Dei som ikkje skjønar at det ikkje finst noko slikt som ein revolusjon utan avgrensa utviklingsstadium, dei som ikkje skjønar at det er tre utviklingsstadium i den kinesiske revolusjonen, skjønar ikkje noko av marxismen eller av det kinesiske spørsmålet.
Kva kjenneteiknar det fyrste stadiet i den kinesiske revolusjonen? Særdraget ved det fyrste stadiet i den kinesiske revolusjonen er for det fyrste at det var revolusjonen til ein allnasjonal einskapsfront, og for det andre at han i hovudsak var retta mot utanlandsk imperialistisk undertrykking (streiken i Hongkong osb.)(3). Var så Kantonsentret, la place d’armes5 til den revolusjonære rørsla i Kina? Ja, sjølvsagt. Berre dei som er blinde kan nekta for det no.
Er det rett at det fyrste stadiet i ein koloni-revolusjon må ha nett eit slikt innhald? Eg trur det. I dei «utfyllande tesane» frå den andre kongressen til Komintern som tek føre seg revolusjonen i Kina og India, er det med klåre ord slege fast at i desse landa «hindrar utanlandsk dominans heile tida den frie utviklinga av samfunnslivet», og at det fyrste steget6 i ein revolusjon i koloniane må difor vera å styrta den utanlandske kapitalismen» (sjå Munnleg melding frå den andre kongressen til Komitem, s. 605).
Særdraget red den kinesiske revolusjonen er at han har teke dette «fyrste steget». Han har gått gjennom det fyrste utviklingsstadiet, han har gått gjennom tidbolken med revolusjonen til ein allnasjonal einskapsfront og gått over til det andre utviklingsstadiet som er tidbolken for jordbruksrevolusjonen.
Særdraget ved til dømes den tyrkiske revolusjonen (kemalistane (4) er tvert om at han vart ståande på det «fyrste steget», på det fyrste utviklingsstadiet, på stadiet til ei borgarleg frigjeringsrørsle utan ein gong å freista å gå over til det andre utviklingsstadiet, som er stadiet for jordbruksrevolusjonen.
Kva var Kuomintang (5) og Kuomintang-regjeringa på det fyrste stadiet i revolusjonen som er Kanton-tidbolken? Dei var ei blokk av arbeidarar, bønder, borgarleg intellektuelle og det nasjonale borgarskapet. Var Kanton på den tida senteret for den revolusjonære rørsla, la place d’armes for revolusjonen? Var det på den tida rett politikk å stø Kuomintang i Kanton, den regjeringa som stridde for frigjering frå imperialismen? Gjorde vi rett når vi gav hjelp til Kanton i Kina og til dømes Ankara i Tyrkia, når Kanton og Ankara kjempa mot imperialismen? Ja, vi gjorde rett. Vi gjorde rett, og vi fylgde då i fotefara til Lenin. For den kampen som Kanton og Ankara førte, spreidde kreftene til imperialismen, svekka imperialismen og sette han i dårleg lys. Slik gjorde han utviklinga av senteret i verdsrevolusjonen, utviklinga av USSR lettare. Er det rett at dei som no er leiarar i opposisjonen vår stod saman med oss i å stø både Kanton og Ankara og gav dei ei viss hjelp i den tida? Ja, det er rett. Lat kven som helst freista å prova noko anna.
Men kva tyder ein einskapsfront med det nasjonale borgarskapet under det fyrste stadiet i ein kolonial revolusjon? Tyder det at kommunistane ikkje må intensivera arbeidarane og bøndene sin kamp mot godseigarane og det nasjonale borgarskapet, at proletariatet bør ofra sjølvstendet sitt om enn berre svært lite, om enn berre for ei svært stutt tid? Nei, det tyder det ikkje. Ein einskapsfront kan einast ha ei revolusjonær tyding dersom, og berre dersom, han ikkje hindrar kommunistpartiet i å gjera det sjølvstendige politiske og organisatoriske arbeidet sitt, i å organisera proletariatet til ei sjølvstendig politisk kraft, i å reisa bøndene mot godseigarane, i å organisera ope ein arbeidar og bonde-revolusjon og i å førebu vilkåra for hegemoniet til proletariatet på dette viset. Eg trur at han som gav meldinga på grunnlag av allment kjende dokument fullt ut prova at det var nett denne oppfatninga av einskapsfronten Komitem innprenta Kinas Kommunistiske Parti.
Kamenev og Sinovjev synte her til eit einskilt telegram som vart sendt til Shanghai oktober 1926. Det vart der slege fast at Inntil vidare, til Shanghai var teken, skulle ikkje jordbruksrørsla verta intensivert. Eg hevdar slett ikkje at det telegrammet var rett. Eg har aldri rekna med og reknar heller ikkje no med at Komitem ikkje kan gjera mistak. Det hender at det vert gjort mistak, og det telegrammet var tvillaust eit mistak. Men for det fyrste kalte Komintern sjølv attende det telegrammet nokre få veker seinare (i november 1926) utan at opposisjonen skunda på eller gav noko signal. For det andre. Kvifor har opposisjonen tagd med dette heilt til no? Kvifor hugsa han dette telegrammet fyrst etter ni månader? Og kvifor held han det løynt for partiet at Komintern kalte attende telegrammet for ni månader sidan? Det er difor vondskapsfull slarv å hevda at dette telegrammet gav lina for leiarskapet vår. I røynda var det eit isolert, tilfeldig telegram som på ingen måte er typisk for lina til Komintern, for lina til leiarskapen vår. Eg tek opp att at dette er klårt, om ikkje anna så ut frå den røynsla at det vart kalla attende innan nokre få veker med ei rekkje dokument som slo fast lina, og som verkeleg var typiske for leiarskapen vår.
Tillat meg å gje att frå desse dokumenta.
Her er til dømes eit utdrag frå fråsegna frå det sjuande plenumet i Komintern i november 1926, dvs. ein månad etter det telegrammet som er nemnt ovanfor
«Særdraget ved den noverande stoda er at ho har overgangskarakter. Proletariatet må velja mellom utsikta til ei blokk med monalege delar av borgarskapet, og utsikten til at det må grunnfesta alliansen sin med bøndene vidare. Dersom proletariatet ikkje set fram eit radikalt jordbruksprogram, greier det ikkje å trekkja bøndene inn i den revolusjonære kampen. Det vil då tapa hegemoniet sitt i den nasjonale frigjeringsrørsla.»7
Og vidare:
«Folkeregjeringa i Kanton greier ikkje å halda på makta i revolusjonen. Ho kjem ikkje til å greia å vinna full siger over utenlandsk imperialisme og innanlandsk reaksjon før den nasjonale frigjeringssaka vert identifisert med jordbruksrevolusjonen». 8 (Sjå fråsegna frå det sjuande utvida plenumet til EKKI).
Her har de eit dokument som verkeleg slår fast lina til leiarane i Komintern.
Det er svært merkeleg at opposisjonsleiarane unngår å nemna dette allment kjende Komintern-dokumentet.
Det vert kanskje ikkje teke for skryt om eg gjev att frå den talen eg heldt i november det same året, i 1926, i den kinesiske kommisjonen i Komintern. Han sette sjølvsagt, utan at eg var med, opp fråsegna om det kinesiske spørsmålet frå det sjuande utvida plenumet. Denne talen vart seinare gjeve ut i hefteform med tittelen Utsiktane for den kinesiske revolusjonen. Her er nokre avsnitt frå denne talen:
«Eg veit at det finst Kuomintang-folk og endåtil kinesiske kommunistar som ikkje reknar det for mogleg å sleppa laus revolusjon på landsbygda, av di dei ottast for at det ville riva opp den anti-imperialistiske einskapsfronten dersom bøndene vart dregne inn i revolusjonen. Det er ein alvorleg feil, kameratar. Di snøggare og grundigare dei kinesiske bøndene vert dragne inn i revolusjonen, di sterkare og kraftigare vert den anti-imperialistiske fronten i Kina».
Og vidare:
«Eg veit at det finst kameratar mellom dei kinesiske kommunistane som ikkje godtek at arbeidarar går til streik for å få betra dei materielle vilkåra sine og den legale statusen sin, og som freistar å tala arbeidarane ifrå å streika. (Ei røyst: «Det hende i Kanton og Shanghai»). Det er eit stort mistak, kameratar. Det er ei svært alvorleg undervurdering av rolla til det kinesiske proletariatet og av kva det har å seia. Dette må nemnast i tesane som noko avgjort forkasteleg. Det ville vera eit stort mistak dersom dei kinesiske kommunistane ikkje utnytta den gunstige situasjonen til å hjelpa arbeidarane med å betra dei materielle vilkåra sine og den legale statusen sin endåtil gjennom streikar. Kva tener revolusjonen i Kina elles til?» (Sjå Stalin, Utsiktene for revolusjonen i Kina.) Samla verk, eng. utg. band 8, s. 385 og 389. -Red.)
Og her er eit tredje dokument frå desember 1926. Det vart prenta på ei tid då kvar einaste by i Kina bombarderte Komintern med påstandar om at å utvida arbeidarane sin kamp ville føra til krise og arbeidsløyse, og til at fabrikkar stengde:
«Ein allmenn politikk med retrett i byane og med å avgrensa arbeidarane sin kamp med å betre kåra sine ville vera galen. Kampen på landsbygda må verta utvida. Men samstundes må ein taka føremon av den gunstige stoda ved at ein betrar dei materielle vilkåra og den legale statusen til arbeidarane, samstundes som ein på alle vis strevar etter å gje kampen til arbeidarane ein organisert karakter, noko som hindrar overdrivingar eller at ein går for langt. Ein må gjera særskilte tiltak for å dirigera kampen i byane mot storborgarskapet og framom alt mot imperialistane, for så langt som mogleg å halda det kinesiske småborgarskapet og mellomborgarskapet innom ramma for einskapsfronten mot den sams fienden. Vi ser på systemet med forsoningsutval, skilsdomstolar osb. som tenlege, føresett at det er sikra ein rett arbeidarpolitikk i desse institusjonane. Samstundes meiner vi at det er naudsynt å seia frå om at vedtak som er retta mot streikeretten, mot forsamlingsretten til arbeidarane osb. på ingen måte kan verta tillatne».
Her er eit fjerde dokument som vart prenta seks veker før kuppet til Chiang Kai-shek:(6)
«Arbeidet til Kuomintang og kommunist-einingane i hæren må verta intensivert. Dei må verta organiserte alle stader der dei no ikkje finst og der det er mogleg å organisere dei. Der det ikkje er mogleg å organisere kommunisteiningar, må ein intensivera arbeidet med hjelp av løynlege kommunistar.
Det er naudsynt å slå inn på vegen med at ein væpnar arbeidarane og bøndene og skaper om bondekomiteane på kvar stad til verkelege organ med styringsmakt, utrusta med væpna sjølvforsvar osb.
Kommunistpartiet må alle stader stå fram som seg sjølv. Ein politikk med friviljug halv-legalitet kan ikkje tillatast. Kommunistpartiet må ikkje stå fram som ei bremse på masserørsla. Kommunistpartiet skulle ikkje dekka til den svikefulle og reaksjonære politikken til høgrefolka i Kuomintang, og må mobilisera massane kring Kuomintang og Kinas Kommunistiske Parti på grunnlag av å avsløra høgrefolka.
Alle politiske arbeidarar som er trugne mot revolusjonen, må verta gjort merksame på at den kinesiske revolusjonen no går gjennom ei krisetid samband med omgrupperinga av klassekreftene og konsentrasjonen av imperialisthærane, og at revolusjonen berre kan vinna nye sigrar ved at ein djervt slår inn på vegen med å utvikla masserørsla. Elles trugar ein veldig fare revolusjonen. Det er difor meir naudsynt enn nokon gong før at direktiva vert utførte».
Og endåtil tidlegare, alt i april 1926, eit år før kuppet til høgrefolka i Kuomintang og Chiang Kai-shek, åtvara Komitem Kinas Kommunistiske Parti, og peikte på at det var «naudsynt å arbeida for at høgrefolka trekte seg ut or eller vart viste ut or Kuomintang».
Slik skjøna og skjønar enno Komintern taktikken for ein einskapsfront mot imperialismen på det første stadiet i ein koloni-revolusjon.
Veit opposisjonen om desse rettleiande dokumenta? Sjølvsagt gjer han det. Kvifor seier han då ikkje noko om dei? Av di målet hans er å få til strid, ikkje å få fram sanninga.
Og likevel var det ei tid då dei noverande opposisjonsleiarane, særleg Sinovjev og Kamenev, skjøna noko av leninismen og i hovudsak var talsmenn for den same politikken for den kinesiske revolusjonære rørsle som den Komintern førte, og som kamerat Lenin trekte opp for oss tesane sine(7) Eg tenkjer på det sjette plenumet i Den kommunistiske internasjonalen som vart halde i februar-mars 1926, då Sinovjev var formann Komintern, då han enno var leninist og enno ikkje hadde gått over til Trotski-lægeret. Eg nemner det sjette plenumet i Den kommunistiske internasjonalen av di det finst ei fråsegn frå dette plenumet om den kinesiske revolusjonen(8) som var samrøystes vedteken i februar-mars 1926. Ho gjev omlag den same vurderinga av det fyrste stadiet i den kinesiske revolusjonen, av Kuomintang i Kanton og av Kantonregjeminga, som Komitem og SUKP(b) gjev, men som opposisjonen no syner attende. Eg nemner denne fråsegna av di Sinovjev røysta for ho på den tida, og ikkje ein einaste; medlen av sentralkomiteen, ikkje eingong Trotski, Kamenev eller dei andre leiarane av den noverande opposisjonen, hadde innvendinger mot ho.
Tillat meg å gje att nokre få avsnitt frå denne fråsegna.
Her er det fråsegna seier om Kuomintang:
«Dei politiske streikane til dei kinesiske arbeidarane i Shanghai og Hongkong (juni-september 1925) står som eit vendepunkt i det kinesiske folket sin kamp for frigjering frå dei utanlandske imperialistene …. Den politiske aksjonen til proletariatet sette kraftig fart i den vidare utviklinga og grunnfestinga av alle dei revolusjonære-demokratiske organisasjonane landet, serleg det revolusjonære folkepartiet, Kuomintang, og den revolusjonære regjeringa i Kanton. Kuomintang-partiet, der hovudmassen handla i allianse med dei kinesiske kommunistane, er ei revolusjonær blokk av arbeidarar bønder, intellektuelle og demokratar byane. Ho har grunnlag i sams klasseinteresser hjå desse laga i kampen mot dei utanlandske imperialistane og mot heile den militær-føydale levemåten, for landet sitt sjølvstende og for ei einaste revolusjonær-demokratisk regjering» (sjå Fråsegn frå det sjette plenumet i EKKI).9
Kuomintang i Kanton er slik ein allianse av fire «klassar». Som de ser er dette mest «martynovisme»(9) godkjent av ingen annan enn han som var formann Komintern då, Sinovjev.
Om Kuomintang-regjeringa i Kanton:
«Den revolusjonære regjerninga som er skapt av Kuomintang-partiet i Kanton har alt greidd i å skapa kontakt med dei breiaste massane av arbeidarar, bønder og demokratar i byane. Og med di ho tok grunnlaget sitt i dei, har ho knust dei kontrarevolusjonære bandane som vart stødde av imperialistane (og arbeider for ei radikal demokratisering av heile det politiske livet i Kwantung-provinsen). Som fortroppen i frigjeringskampen til det kinesiske folket, tener Kanton-regjeringa slik som modell for den revolusjonær-demokratiske utviklinga i landet i framtida10 (same stad).
Det syner seg at Kuomintang-regjeringa i Kanton, som var ei blokk av fire «klassar», var ei revolusjonær regjering, og ikkje berre revolusjonær, men endåtil ein modell for den framtidige revolusjonær-demokratiske regjeringa Kina.
Om einskapsfronten av arbeidarar, bønder og borgarskapet:
«Stilte andsynes dei nye farane må Kinas Kommunistiske Parti og Kuomintang utvikla ei svært vidspreidd verksemd. Dei må organisera masseaksjonar til støtte for kampen til folkehærane, take føremon av motseiingane innom imperialistlægeret og setja mot dei ein nasjonal revolusjonær einskapsfront av dei breiaste laga i folkesetnaden (arbeidarar, bønder og borgarskapet) under leiing av dei revolusjonær-demokratiske organisasjonane» (same stad).11
Det fylgjer at blokker og semjer med borgarskapet i koloni-land på eit visst stadium av koloni-revolusjonen ikkje berre kan verta tillate, men er svært vesentleg.
Er det ikkje rett at dette liknar svært mykje på det Lenin seier oss i dei velkjende direktiva om taktikken til kommunistar i koloni-land og usjølvstendige land? Men det er synd at Sinovjev alt har greidd å gløyma det.
Spørsmålet om å trekkja seg ut or Kuomintang:
«Visse delar av det kinesiske storborgarskapet som mellombels hadde gruppert seg ikring Kuomintang-partiet, trekte seg ut or det siste året. Dette fekk til fylgje at det forma seg ei lita gruppe på høgrefløya i Kuomintang som sette seg ope imot ein nær allianse mellom Kuomintang og massane av det arbeidande folket. Ho kravde at kommunistane skulle verta viste ut or Kuomintang og gjekk imot den revolusjonære politikken til Kanton-regjeringa. At denne høgrefløya vart fordømd på det andre landsmøtet til Kuomintang (januar 1926) og at ein stadfesta at det er naudsynt med eit kjempande forbund mellom Kuomintang og kommunistane, stadfester den revolusjonære lina i verksemda til Kuomintang og Kanton-regjeringa, og sikrar den revolusjonære støtta frå proletariatet for Kuomintang» (same stad)12.
Ein ser at det hadde vore eit alvorleg mistak dersom kommunistane hadde trekt seg ut or Kuomintang under det fyrste stadiet av den kinesiske revolusjonen. Men det er synd at Sinovjev, som røysta for denne fråsegna, alt hadde greidd å gløyma ho på om lag ein månad, for det var ikkje seinare enn i april 1926 (innan ein månad) at Sinovjev kravde at kommunistane skulle trekkja seg ut or Kuomintang med ein gong.
Om avvika innom Kinas Kommunistiske Parti og at det ikkje kan verta tillate å hoppa over Kuomintang-fasen i revolusjonen:
«Det politiske sjølvrådet til dei kinesiske kommunistane kjem til å utvikla seg i kampen mot to like skadelege avvik: Mot høgre-likvida-sjonisme som ikkje bryr seg om dei sjølvstendige klasseoppgåvene til det kinesiske proletariatet og fører til ei formlaus samansmelting med den allmenne demokratiske nasjonale rørsla. Dessutan vil det utvikla dei ytterleggåande venstre-kjenslene som er for å hoppa over det revolusjonær-demokratiske stadiet i rørsla for å koma beinveges over til oppgåvene til proletariatets diktatur og sovjetmakta. Ein gløymer då bøndene, som er den grunnleggjande og avgjerande faktoren i den kinesiske rørsla for nasjonal frigjering»13 (same stad).
Her er som de ser alle grunnane for å døma opposisjonen no for å ville hoppa over Kuomintang-fasen i den kinesiske utviklinga, for å undervurdera bonderørsla og for å styrta i bråhast mot sovjet. Det råkar spikeren rett på hovudet.
Veit Sinovjev, Kamenev og Trotski om denne fråsegna?
Vi må gå ut i frå at dei gjer det. I alle høve må Sinovjev vita om ho. For det var medan han var formann at denne fråsegna vart vedteken under det sjette plenumet i Komintern, og han røysta sjølv for ho. Kvifor unngår no leiarane for opposisjonen denne fråsegna frå det høgste organet til den kommunistiske verdsrørsla? Kvifor teier dei om ho? Av di ho vender seg mot dei i alle spørsmål som gjeld den kinesiske revolusjonen. Av di ho driv attende heile det trotskistiske standpunktet som opposisjonen no har. Av di dei har svike Komintern, svike leninismen. Og no som dei fryktar fortida si, fryktar sine eigne skuggar, er dei tvinga til å unngå fråsegna frå det sjette plenumet i Komintern på stakkarsleg vis.
Slik er stoda når det gjeld det fyrste stadiet i den kinesiske revolusjonen.
Lat oss no gå over til det andre stadiet i den kinesiske revolusjonen.
Medan særdraget på det fyrste stadiet var at spydodden i revolusjonen i hovudsak var vend mot utanlandsk imperialisme, er særdraget på det andre stadiet at spydodden i revolusjonen no i hovudsak er vend mot indre fiendar i fyrste rekkje mot dei føydale godseigarane, mot det føydale styret.
Vart oppgåva med å styrta den utanlandske Imperialismen fullført i det fyrste stadiet? Nei, det vart ho ikkje.
Fullføringa av denne oppgåva gikk i arv til det andre stadiet i den kinesiske revolusjonen. Det fyrste stadiet berre ruska opp i revolusjonære massane og reiste dei mot imperialismen, berre for å gå sin gang og gje løysinga av oppgåva over til framtida.
Ein må gå ut ifrå at heller ikkje det andre stadiet i revolusjonen vil lukkast heilt og fullt i å fullføra oppgåva med å kaste ut imperialistane. Det vil gje dei breie massane av dei kinesiske arbeidarane og bøndene ei ny opprusking for å reisa dei mot imperialismen, men det vil det gjera for å gje fullføringa av denne oppgåva over til det neste stadiet i den kinesiske revolusjonen, til sovjetstadiet.
Dette er ikkje å undrast over. Veit vi ikkje at tilsvarande ting hende i historia til vår revolusjon, sjølv om det var i ei anne stode og under andre tilhøve? Veit vi ikkje at det fyrste stadiet i revolusjonen vår ikkje heilt ut greidde oppgåva med å fullføra jordbruksrevolusjonen, og at det gav denne oppgåva over til det neste stadiet i revolusjonen, til Oktoberrevolusjonen, som heilt og fullt greidde oppgåva å rykkja dei føydale restane opp med rota? Det vil difor ikkje vera til å undrast over om det andre stadiet i den kinesiske revolusjonen Ikkje lukkast i å fullføre jordbruksrevolusjonen heilt, og om det andre stadiet i revolusjonen gjev fullføringa av denne oppgåva over til det neste stadiet i revolusjonen, til sovjet-stadiet, etter at det har ruska opp i massane og reist dei mot imperialismen. Det vil fyrst verta eit storverk under sovjetrevolusjonen som kjem i framtida i Kina.
Kva var oppgåva til kommunistane på det andre stadiet i revolusjonen i Kina, då senteret for den revolusjonære rørsla openbert hadde flytt frå Kanton til Wuhan, og då det parallellt med det revolusjonære senteret i Wuhan vart sett opp eit kontrarevolusjonært senter i Nanking?
Oppgåva var å nytta fullt ut at det var mogleg å organisera ope partiet, proletariatet (fagforeiningar), bøndene (bondeorganisasjonar) og revolusjonen allment.
Oppgåva var å skuva Kuomintang-folka i Wuhan til venstre, fram mot jordbruksrevolusjonen.
Oppgåva var å gjera Kuomintang Wuhan til senter for kampen mot kontrarevolusjon og til kjernen i eit revolusjonært-demokratisk proletariatets og bøndenes diktatur i framtida.
Var denne politikken rett?
Røynslene har synt at han var den einaste rette politikken, den einaste politikken som kunne øva opp massane av arbeidarar og bønder til å utvikle revolusjonen vidare.
Opposisjonen på den tida kravde at det med ein gong skulle verta skipa sovjet av bonde- og arbeidarutsendingar. Men det var reine eventyrpolitikken, eit eventyrarsprang framover. For dersom det med ein gong skulle ha vorte skipa sovjet på den tida, hadde det tydd at ein hadde hoppa over venstre-kuomintangfasen i utviklinga.
Kvifor?
Av di Kuomintang i Wuhan som stødde alliansen med kommunistane, enno ikkje hadde avslørt seg og kome i vanry i augo til massane av arbeidarar og bønder og enno ikkje hadde vorte uttømd som borgarleg revolusjonær organisasjon.
For om ein hadde sett fram slagordet som sovjet og om å styrta Wuhan-regjeringa, på ei tid då massane enno ikkje hadde vorte overtydde gjennom eigne røynsler om kor verdlaus denne regjeringa var og kor naudsynt det var å styrta ho. så ville det vore det same som å byksa framom og lausriva seg frå massane, missa støtta frå massane og slik vera årsak til at den rørsla som alt hadde starta, vart mislukka.
Opposisjonen meiner al dersom han sjølv skjønar at Kuomintang i Wuhan ikkje var å lita på, at det var ustødig og ikkje revolusjonært nok (og det er ikkje vanskeleg for nokon skikka politisk arbeidar å skjøna det), så er det fullstendig nok for massane og til å skjøna alt dette. Det vil seia nok til å setja sovjet i staden for Kuomintang og til å sikra at massane sluttar seg til. Men dette er det vanlege «ultra-venstre»-mista-ket som opposisjonen gjer: Opposisjonen set sitt eige politiske medvit og kva han sjølv skjønar, lik det politiske medvitet til dei veldige arbeidar- og bondemassane og kva dei skjønar.
Opposisjonen har rett når han seier at partiet må gå framover. Det er eit vanleg marxistisk bod, og partiet kan ikkje vera noko verkeleg kommunistparti dersom det ikkje held fast ved det. Men det er berre ein del av sanninga. Heile sanninga er at partiet ikkje berre må gå framover, men det må og sikra at dei veldige massane fylgjer etter. Å gå framover utan å sikra at dei veldige massane fylgjer etter, tyder i røynda å slita seg laus frå rørsla. Å gå framover, å slita seg laus frå baktroppen utan å vera i stand til å sikra at baktroppen fylgjer etter, tyder å gjera eit byks framover som for ei tid kan hindra massane gå framover. Det vesentlege i leninistisk leiarskap er nett at fortroppen skulle vera i stand til å sikra at baktroppen fylgjer etter, at fortroppen skal kunne gå framover utan å slita seg laus frå massane. Men for at fortroppen ikkje skal slita seg laus frå massane, for at fortroppen verkeleg skal sikra at dei veldige massane fylgjer etter, trengst det eit avgjerande vilkår, nemleg at massane sjølve må verta overtydde gjennom si eiga røynsle om at instruksjonane, direktiva og slagorda som vert sette fram av fortroppen, er rette.
Ulukka for opposisjonen er at han ikkje godtek denne enkle leninistiske regelen for å leia dei veldige massane, at han ikkje skjønar at partiet åleine, ei framskriden gruppe åleine utan støtte frå dei veldige massane, ikkje kan gjera revolusjon, og at revolusjonen «vert gjort» av dei veldige massane av det arbeidande folket.
Kvifor heldt vi bolsjevikar i april 1917 oss attende frå å setja fram det praktiske framlegget om at den provisoriske regjeringa skulle styrtast og om å skipa sovjetmakt Russland, sjølv om vi var overtydde om at vi i svært nær framtid skulle stå andsynes den kjensgjerninga at det var naudsynt å styrta den provisoriske regjeringa og skipa sovjetmakt?
Av di dei breie massane av det arbeidande folket både i bakre og fremre rekkje og til sist sovjeta sjølve, ikkje var klåre til å godtaka eit slikt slagord enno. Dei trudde enno at den provisoriske regjeminga var revolusjonær.
Av di den provisoriske regjeringa enno ikkje hadde skjemt seg ut og kome i vanry ved å stø kontrarevolusjonen både på og bak fronten.
Kvifor fordømde Lenin i april 1917 Bagdatjev-gruppa(10) i Petrograd som sette fram slagordet om å styrta den provisoriske regjeringa straks og skipa sovjetmakt?
Av di freistnaden til Bagdatjev var eit farleg sprang framover som skapte fare for at bolsjevikpartiet skulle slita seg laus frå dei veldige arbeidar- og bondemassane.
Eventyrpolitikk, bagdatjevisme i saker som gjeld den kinesiske revolusjonen – det er det som no tek livet av trotskist-opposisjonen vår.
Sinovjev hevdar at når eg talar om bagdatjevisme, set eg likskapsteikn mellom den noverande kinesiske revolusjonen og Oktoberrevolusjonen. Det er sjølvsagt tøv. For det fyrste gjorde eg sjølv det atterhaldet i artikkelen min «Merknader om dagsaktuelle emne» at «analogien er avgrensa» og at «eg gjer han med alle naudsynte atterhald og har i minne skilnaden mellom stoda i Kina i dag og Russland i 1917»(11) For det andre ville det vera tåpeleg å påstå at ein aldri må trekkja analogiar med revolusjonar i andre land når ein karakteriserer visse tendensar og visse mistak som er gjort i revolusjonen i eitt land. Lærer ikkje revolusjonen i eitt land frå revolusjonen i andre land, endåtil om alle desse revolusjonane ikkje er av same type? Dersom ikkje, kva er vitskapen om revolusjon verd?
I røynda nektar Sinovjev for at det kan finnast ein vitskap om revolusjon. Er det ikkje slik at Lenin i perioden rett før Oktoberrevolusjonen skulda Tsjkheidze, Tsereteli, Steklov og andre for «Louis Blancismen(12) frå den franske revolusjonen i 1848? Sjå på Lenin-artikkelen «Louis Blancismen»(13), og de vil oppdaga at Lenin gjorde brei nytte av analogiar frå den franske revolusjonen i 1848 når han karakteriserte dei mistaka som ymse leiarar gjorde før oktober sjølv om Lenin visste svært godt at den franske revolusjonen i 1848 ikkje var av same type som Oktoberrevolusjonen vår. Og dersom vi kan tala om «Louis Blancismen» til Tsjkheidze og Tsereteli i perioden før Oktoberrevolusjonen, kvifor kan vi då ikkje tala om «bagdatjevismen» til Sinovjev og Trotski i perioden før jordbruksrevolusjonen i Kina?
Opposisjonen hevdar at Wuhan ikkje var senteret i den revolusjonære rørsla. Kvifor sa Sinovjev då at ein skulle «gje allslags hjelp» til Kuomintang i Wuhan for å gjera det til senteret i kampen mot dei kinesiske Cavaignacane?(14) Kvifor vart Wuhan-territoriet og ikkje noko anna senteret for den største utviklinga i jordbruksrørsla? Er det ikkje rett at det nett var Wuhan-territoriet (Hunan, Hupeh) som var senteret for den største utviklinga i jordbruksrørsla i byrjinga av dette året? Kvifor skulle Kanton, der det ikkje var noka massejordbruksrørsle, verta kalla «la place d’armes» i revolusjonen (Trotski) medan Wuhan som er i territoriet der jordbruksrevolusjonen byrja og utvikla seg, ikkje må verta rekna som senteret som «la place d’armes» i den revolusjonære rørsla? Korleis kan vi i det høvet forklåra at opposisjonen kravde at kommunistane skulle halda seg i Kuomintang i Wuhan og i Wuhan-regjeringa? Var opposisjonen i april 1927 verkeleg for ei blokk med det «kontrarevolusjonære» Kuomintang i Wuhan? Kvifor er opposisjonen så «gløymsk» og forvirra?
Opposisjonen frydar seg over at blokka med Kuomintang i Wuhan synte seg å få eit stutt liv. Dessutan hevdar han at Komintern ikkje åtvara dei kinesiske kommunistane om at det var mogleg at Kuomintang i Wuhan ville bryta saman. Det er knapt turvande å prova at den vondskapsfulle gleden som opposisjonen syner, ber vitne om den politiske fallitten hans. Opposisjonen meiner openbert at blokker med det nasjonale borgarskapet i koloniland. bør vara lenge. Men berre menneske som har mist dei siste restane av leninismen kan meina det. Berre dei som er smitta av defaitisme14 kan fryda seg over at dei føydale godseigarane og imperialistene i Kina på det noverande stadiet har synt seg å vera sterkare enn revolusjonen, at presset frå desse fiendslege kreftene har tvinga Kuomintang i Wuhan til å svinga til høgre og har ført til førebels nederlag for den kinesiske revolusjonen. Når det gjeld påstanden frå opposisjonen om at Komintern ikkje åtvara Kinas Kommunistiske Parti om at det var mogleg at Kuomintang i Wuhan ville bryta saman, så er det ei av dei vanlege bakvaskingane som det no er så rikeleg av i våpenlageret til opposisjonen.
Tillat meg å gje att nokre dokument for å syna attende bakvaskingane frå opposisjonen.
Fyrste dokumentet frå mai 1927:
«Det viktigaste i den innanlandske politikken til Kuomintang er no å utvikla jordbruksrevolusjonen systematisk i alle provinsar særskilt i Kwantung, under slagordet «All makt til bondeorganisasjonane og komiteane på landsbygda.» Dette er grunnlaget for at revolusjonen og Kuomintang skal lukkast. Dette er grunnlaget for at ein i Kina kan skapa ein stor og mektig politisk og militær hær mot imperialismen og agentane hans. I praksis er slagordet om å kverrsetja jorda temmeleg høveleg no i dei provinsane der det er ei sterk jordbruksrørsle, slik som i Hunan, Kwangtung osb. Utan dette er det umogleg å utvida jordbruksrevolusjonen … 15
«Det er naudsynt å starta med ein gong med å organisera åtte eller ti divisjonar med revolusjonære bønder og arbeidarar med heilt pålitande offiserar. Dette vil verta ei vaktstyrke i Wuhan både ved fronten og bak fronten for å avvæpna upålitelege einingar. Ein må ikkje utsetja dette.
«Ein må intensivera oppløysande verksemd bak fronten og i einingane til Chiang Kai-shek, og ein må hjelpe opprørsbøndene i Kwangtung der godseigarstyret er særleg utoleleg.»
Det andre dokumentet frå mai 1927:
«Utan ein jordbruksrevolusjon er sigeren umogleg. Utan han vil sentralkomiteen i Kuomintang verta omvandla til eit usselt leikety med upålitelege generalar. Ein må kjempa mot overdrivingar ikkje med troppar men gjennom bondeorganisasjonane. Vi er avgjort for at massane verkeleg tek jorda. Otte når det gjeld oppgåva til Tan Pin-shan(15) er ikkje utan grunnlag. De må ikkje riva dykk laus frå arbeidarklassen og bonderørsla, men de må hjelpa ho på alle vis. Elles øydelegg de arbeidet.
«Nokre av dei gamle leiarane i sentralkomiteen i Kuomintang er skremde av det som hender, dei er vaklande og forsonlege. Eit auka tal med nye bønder og leiarar frå arbeidarklassen må verta trekte frå massane og inn i sentralkomiteen i Kuomintang. Dei djerve røystane deira vil anten stramme opp dei gamle leiarane, eller ha til fylgje at dei vert fjerna. Oppbygginga av Kuomintang slik ho no er, må verta endra. Den øvste leiarskapen i Kuomintang må avgjort verta nya opp att og styrkt med nye leiarar som har kome fram under jordbruksrevolusjonen, medan dei lokale organisasjonane må verta gjort breiare frå dei milliontals medlemane i arbeidar- og bondeorganisasjonane. Dersom dette ikkje vert gjort, risikerer Kuomintang å verta skilt frå livet og å missa alt ry.
«Ein må gå heilt bort ifrå å vera avhengig av upålitelege generalar. Mobiliser om lag 20 000 kommunistar, legg til om lag 50 000 revolusjonære arbeidarar og bønder frå Hunan og Hupeh, skip fleire nye hærkorps, bruk studentar ved offisersskulane som offiserar og organiser dykkar eigen pålitelege hær før det er for seint. Dersom dette ikkje vert gjort, finst det ikkje noka trygging mot å mislukkast. Det er ei vanskeleg sak, men det finst ikkje noko val.
«Organiser ein revolusjonær militær domstol med ikkje-kommunistiske framståande Kuomintang-folk i spissen. Straff offiserar som har samband med Chiang Kai-shek eller som kveikjer opp soldatane mot folket, arbeidarane og bøndene. Å overtala er ikkje nok. Det er tid for å handla. Skurkar må verta straffa. Dersom Kuomintangfolka ikkje lærer å vera revolusjonære jakobinarar(16) vil dei ikkje lenger spela noka rolle for folket og revolusjonen.16
Som de ser, såg Komintern på førehand kva som ville henda. Det åtvara i rett tid om farane og fortalde dei kinesiske kommunistane at Kuomintang i Wuhan ville bukka under dersom Kuomintang-folka ikkje vart revolusjonære jakobinarar.
Kamenev sa at politikken til Komintern var skuld i nederlaget for den kinesiske revolusjonen, og at vi «fostra cavaignacar i Kina». Kameratar, berre ein som er klår til å gjera eit brotsverk mot partiet kan seie noko slikt om partiet. Det er det same som mensjevikane sa om bolsjevikane under julinederlaget i 1917(17) då dei russiske cavaignacane dukka opp på skodeplassen. I artikkelen «Om slagord»(18), skreiv Lenin at julinederlaget var «ein siger for cavaignacane». Mensjevikane hevda på den tida frydefullt at dei russiske cavaignacane hadde dukka opp på grunn av politikken til Lenin. Meiner Kamenev at dei russiske cavaignacane dukka opp under julinederlaget i 1917 på grunn av politikken til Lenin, på grunn av politikken til partiet vårt og ikkje av andre grunnar? Er det ved dette høvet passande for Kamenev å apa etter mensjevikherrane? (Latter.) Eg trudde ikkje at kameratane i opposisjonen ville søkka så djupt…
Vi veit at revolusjonen i 1905 leid nederlag. Dessutan var det nederlaget hardare enn det noverande nederlaget for den kinesiske revolusjonen. Mensjevikane sa på den tida at nederlaget for revolusjonen i 1905 kom på grunn av den ytterleggåande revolusjonære taktikken til bolsjevikane. Ynskjer Kamenev her og å taka mensjevik-tolkinga av soga til revolusjonen vår til sin modell, og å kasta stein på bolsjevikane?
Og kva skal vi finna som grunn for nederlaget for den bayerske sovjetrepublikken?(19) Politikken til Lenin, kanskje, og ikkje tilhøvet mellom klassekreftene?
Kva skal vi finna som grunnlag for nederlaget for den ungarske sovjetrepublikken? (20) Politikken til Komintern kanskje, og ikkje tilhøva mellom klassekreftene?
Korleis kan ein påstå at taktikken til det eine eller det andre partiet kan fjerna eller snu om tilhøvet mellom klassekreftene? Var politikken vår i 1905 rett eller ikkje? Kvifor leid vi nederlag på den tida? Syner ikkje røynslene at dersom politikken til opposisjonen hadde blitt fylgd, så ville revolusjonen i Kina ha nådd nederlag snøggare enn det som verkeleg var tilfellet? Kva skal vi seia om menneske som gløymer tilhøvet mellom klassekreftene i revolusjonstid og som freistar å forklåra alt berre ut i frå taktikken til det eine eller det andre partiet? Ein kan seia berre ein ting om slike menneske – at dei har brote med marxismen.
Slutningar. Hovudmistaka til opposisjonen er:
1) Opposisjonen skjønar ikkje karakteren av og framtidsutsiktene for den kinesiske revolusjonen.
2) Opposisjonen ser ikkje nokon skilnad mellom revolusjonen i Kina og revolusjonen i Russland, mellom revolusjon i koloniland og revolusjon i imperialistiske land.
3) Opposisjonen fjernar seg frå leninistisk taktikk spørsmålet om haldninga til det nasjonale borgarskapet i koloniland på det fyrste stadiet i revolusjonen.
4) Opposisjonen skjønar ikkje spørsmålet om kommunistane si deltaking i Kuomintang.
5) Opposisjonen gjer vald på prisippa i den leninistiske taktikken når det gjeld spørsmålet om tilhøvet mellom fortroppen (partiet) og baktroppen (dei veldige massane av det arbeidande folket).
6) Opposisjonen fjernar seg frå fråsegnene frå det sjette og det sjuande plenumet i eksekutivkomiteen i Den kommunistiske internasjonalen.
Opposisjonen skryt ståkande av politikken sin på det kinesiske spørsmålet, og hevdar at stoda i Kina i dag ville ha vore betre enn ho er dersom denne politikken hadde vorte vedteken. Det er knapt turvande å prova at når ein ser på dei store mistaka som opposisjonen har gjort, ville Kinas Kommunistiske Parti ha enda opp i eit fullstendig uføre dersom det hadde vedteke den anti-lenistiske eventyrpolitikken til opposisjonen.
Den sanninga at Kinas Kommunistiske Parti på stutt tid har vakse frå ei lita gruppe med fem-seks tusen til eit masseparti med 60 000 medlemmar den sanninga at Kinas Kommunistiske Parti har lukkast i å organisera mest 3 000 000 proletarar i fagforeiningar i denne tida, den sanninga at Kinas Kommunistiske Parti har lukkast i å vekkja dei mange millionane med bønder frå dvalen og i å trekkja titals millionar bønder inn i dei revolusjonære bondeorganisasjonane, den sanninga at Kinas kommunistiske Parti i denne tida har lukkast å vinna til seg heile regimet og divisjonar av nasjonale troppar, den sanninga at Kinas Kommunistiske Parti i denne tida har lukkast i å skapa om ideen om proletariatets hegemoni frå ei von til røyndom – den sanninga Kinas Kommunistiska Parti på stutt tid har lukkast i å nå alle desse nyvinningane, er mellom anna på grunn av at det har fylgt den vegen som Lenin har streka opp, den vegen som Komintern har synt til.
Det er ikkje naudsynt å seia at dersom opposisjonen sin politikk hadde blitt fylgd, med mistaka hans og den anti-leninistiske lina hans i spørsmål om koloni-revolusjon, så ville anten desse nyvinningane til den kinesiske revolusjonen ikkje ha vorte nådd i det heile, eller dei ville ha tydd svært lite.
Berre «ultra-venstre»-renegater og eventyrar kan tvila på dette.
Notar
1. V. I. Lenin, «Oppgåvene til proletariatet under den noverande revolusjonen», Samla verk, eng. utg., band 24, s. 1-7. 5. 223.
2. Kanton-perioden – 1920-29. I 1920 utarbeidde Sun Yat-sen Folkets tre prinsipp, KKP vart skipa og Komintern heldt den første Austen-kongressen i Baku. Kontakten mellom Sun Yat-sens Kuomintang og Sovjetunionen vart nærare, og i 1923 vart det skipa fast kontakt mellom sendemannen frå Sovjetunionen i Kina og Kuomintang. I januar 1924 var KKP anerkjent som del av Kuomintang med fridom til eigen organisasjon, propaganda og kritikk. Det vart organisert ein hær med russisk hjelp der kjerna var elevar frå krigsskulen i Kanton. I 1925 døydde Sun Yat-sen, og i 1927 kuppa den storborgarlege fløya med Chiang Kai-shek i brodden leiinga i Kuomintang, braut med Sovjetunionen og Sette igang kvit terror, s. 224.
3. Streiken i Hongkong. Dei kinesiske arbeidarane byrja streiken den 19. juni 1925. og han varte seksten månader. Streiken hadde eit politisk innhald, og var retta mot utanlandsk imperialistisk undertrykking, s. 224.
4. Kemalistane – tilhengjarane av Kemal Atatyrk. Etter den fyrste verdskrigen fekk dei britiske imperialistane undersåtten sin, Hellas, til å gå til åtak på Tyrkia. Men det tyrkiske folket slo dei greske troppane i 1922, med hjelp frå Sovjetunionen. I 1923 vart Kemal vald til president Tyrkia. Stalin sa:
«Ein kemalist-revolusjon er ein revolusjon i toppsjiktet, ein revolusjon for det nasjonale handelsborgarskapet, som reiser seg i strid mot utanlandske imperialistar og utviklinga den går gjennom etter det er i hovudsak retta mot bøndene og arbeidarane, mot sjølve tanken om bonderevolusjonen.»
«Samtalar med studentane frå Sun Yat-sen-universitetet» 1927), Verk, eng. utg., band 9, s. 261. s. 225.
5. Kuomintang var eit politisk parti i Kina som vart grunnlagt av Sun Yat-sen i 1912 for å kjempa for republikk og for det nasjonale sjølvstendet. I 1924 slutta Kinas Kommunistiske Parti seg til Kuomintang og hjelpte slik til med å skapa det om til eit folkets revolusjonære masseparti. På det fyrste utviklingsstadiet i den kinesiske revolusjonen, 1925-27, då revolusjonen var ein anti-imperialistisk revolusjon ved ein allnasjonal einskapsfront, var Kuomintang partiet til blokka av proletariatet, småborgerskapet i byane og på landsbygda og ein del av det nasjonale storborgarskapet. På det andre stadiet, i tidbolken for den borgarleg-demokratiske jordbruksrevolusjonen etter at det nasjonale borgarskapet hadde gått over til det kontrarevolusjonære lægeret, var Kuomintang ei blokk av proletariatet, bøndene og småborgarskapet i byane, og førte ein antimperialistisk revolusjonær politikk. Utvidinga av jordbruksrevolusjonen og presset på Kuomintang frå dei føydale godseigarane på den eine sida, og på den andre sida presset ein måtte tola frå imperialistane som kravde at Kuomintang skulle bryta med kommunistane, skremde den småborgarlege intelligentsiaen (venstrefolka i Kuomintang). Han gjekk over til den kontrarevolusjonære sida. Då venstrekuomintangfolka byrja å desertera frå revolusjonen (sommaren 1927). trekte kommunistane seg frå Kuomintang, som vart sentret i kampen mot revolusjonen. (Om Kuomintang, sjå J. V. Stalin, Verk, eng.utg. bind 9, ss. 246-55 og 346-55). s. 225.
6. Dette syner til det kontrarevolusjonære kuppet i Kina som vart gjennomført 12. april 1927 av høgrefløya i Kuomintang med Chiang Kai-shek i spissen. Som eit resultat av dette vart det sett opp ei kontrarevolusjonær regjering i Nanking. (Om kuppet til Chiang Kai-shek, sjå J. V. Stalin, Verk, eng.utg., band 9, s. 229-31.) 5. 228.
7. Lenin, «Førebels framlegg til tesar om det nasjonale og det koloniale spørsmålet», Samla verk, eng. utg., band 31, s. 122-28. x. 229
8. Fråsegna om det kinesiske spørsmålet vart skriven av Aust-kommisjonen i det sjette utvida plenumet i ekskutivkomiteen i Komintern. Ho vart vedteken på eit plenumsmøte den 13. mars 1926. (Sjå Det sjette utvida plenumet i eksekutivkomiteen i Komintern. Tesar og fråsegner, Moskva-Leningrad 1926, s. 131-36.) s. 229.
9. I ein artikkel om utviklinga den kinesiske revolusjonen i 1925-27, sette A. Martynov (ein tidlegare mensjevik som fekk medlemsskap i RKP (b) av den tolvte partikongressen) fram tesen om at revolusjonen Kina kunne utvikla seg fredeleg frå ein borgarleg-demokratisk revolusjon til ein proletarisk revolusjon. Den anti-sovjetiske blokka til Trotski og Sinovjev freista å kasta ansvaret for den galne tesen til Martynov over på leiarane i Komintern og i SUKP (b). s. 230.
10. Bagdatjev-gruppa – ei gruppe innanfor partikomiteen i Petrograd, april 1917. I demonstrasjonane mot regjeringa som fylgde då folk fekk vita at den provisoriske regjeringa ville halda fram med krigen, fremja B. ein parole om at den provisoriske regjeringa måtte styrtast med ein gong. Sentralkomiteen og Lenin fordømde dette kvasst. som eit slagord som braut med partilina for å vinna sovjeta og for fredeleg utvikling av revolusjonen (Sjå SUKP (b)s historie, norsk utg., s. 196). s. 234.
11. J. V. Stalin. «Merknader om dagsaktuelle emne» Verk, eng. utg., band 9, s. 366. s. 235.
12. Louis-blancisme – etter den franske småborgarlege sosialisten Louis Blanc (1811-1898). Står for ein forsoningspolitikk andsynes borgarskapet og for å avleia arbeidarane frå den revolusjonære kampen, s. 235.
13. Lenin, Samla verk, eng.utg., band 24, s. 15-18. s. 235.
14. Cavaignacar – etter den franske generalen og borgarlege politikaren Louis Eugene Cavaignac. Han var fransk forsvarsminister i 1848 under juni-oppieisten som arbeidarane i Paris starta dette året, og hadde diktatorisk makt til å slå ned oppreisten. Dette gjorde han med blodig villskap, s. 235.
15. Oppgåva til Tan Pin shan (1887-1965), sentralt medlem av KKP i tida for statskuppet til Chiang Kai-shek, gjekk mars 1927 inn i Wuhanregjeringa som jordbruksminister, s.237.
16. Jakobinarar (el. Jakobinar-klubben) eigentleg eit politisk parti under den franske revolusjonen. Medlemane i klubben var liberale og revolusjonære borgarar i og utanfor den franske nasjonalforsamlinga. Tå 1791 var klubben reint republikansk og tok den raude lua og den raude fana til symbol. Jakobinarklubben samla del leiande revolusjonære fram til 1794, då klubben vart stengd av styresmaktene, s. 238.
17. Julinederlaget i 1917, Den fyrste sovjetkongressen kom saman sist i juni 1917 i Petrograd. I samband med kongressen gjennomførte arbeidarane i Petrograd svære demonstrasjonar mot den provisoriske koalisjonsregjeringa, der mensjevikane og dei sosialrevolusjonære var med. Rett før demonstrasjonen vart det kjend at koalisjonsregjeringa hadde tvinga hæren til ein offensiv som hadde brote saman. Dette hadde regjeringa gjort, trass i lovnader om i trekkja Russland ut or krigen. Demonstrasjonane mot regjeringa vart til ein veldig, væpna demonstrasjon. SUKP (b) var mot væpna oppstand på dette tidspunktet, men slutta seg likevel til demonstrasjonen for å gje han organisert og fredeleg karakter. Dette greidde SUKP (b) men likevel sende regjeringa reaksjonære troppestyrkar mot demonstrantane, og mange vart drepne og såra. Koalisjonsregjeringa nytta julidemonstrasjonen som påskot til å forby SUKP (b), stengja Pravda og andre revolusjonære aviser, og forfylgja leiande bolsjevikar, s. 238.
18. Lenin, «Om slagord». Utvalgte verker i 12 bind, norsk utgave, band 7, Forlaget Oktober 1978. s. 238.
19. Den bayerske sovjetrepublikken – 7 april 1919 vart Bayern sovjetrepublikk. Men alt 1. mai braut republikken saman etter ville åtak fra den høgresosialdemokratiske regjeringa i Berlin, s. 238.
20. Den 31. oktober 1918 fann det stad ein borgarleg-demokratisk revolusjon i Ungarn. Statsmakta gjekk til det liberale borgarskapet, som kom til ei semje med det sosialdemokratiske partiet. Men den nye regjeringa gjorde ikkje noko for å betra tilhøva til det arbeidande folket. Dette førte til misnøye, og folket byrja skipa sine eige maktorgan, sovjeta. 16. november var Ungarn utropt som republikk og det gamle parlamentet oppløyst. Borgarskapet starta då ein kampanje for å kalla saman ei grunnlovsgjevande forsamling, medan Ungams Kommunistiske Parti reiste parolen «All makt til sovjeta!»
Partiet leidde ei rad masseaksjonar mot slutten av 1918 og byrjinga av 1919 – det hadde vorte ein revolusjonær situasjon i Ungarn.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.
- Lenin, Samla verk, bd. 31, eng. utg. s. 240 – Red. Mi utheving – J. St.
- Lenin, Samla verk, eng. utg., bd. 31, s. 150.
- Mi utheving – J. St.
- Lenin, Samla verk, eng. utg., bd. 31, s. 242.
- La place d’armes-basen (fransk). – Red.
- Mi utheving. – J. St.
- Mi utheving. – J.St.
- Mi utheving. – J. St.
- Mi utheving. – J.St.
- Mi utheving. – J.St.
- Mi utheving – J. St.
- Mi utheving – J.St.
- Mi utheving – J.St.
- Defaitisme – manglande tru på siger for saka si, overdreven tru på nederlag, det å gje opp på førehand. – Red.
- Mi utheving. – J. St.
- Mi utheving. – J. St.