Omsett for Tjen Folket Media av ein bidragytar.
Proletarar i alle land, gå saman!
Rapport frå Colombias Kommunistiske Parti (Raud Fraksjon): Om det kolombianske folket sin store oppstand
Det har alt gått tre veker sidan den landsomfattande streiken i Colombia byrja 28. april. Desse vekene med uavbrutte protestar som opphaveleg var retta mot ei antifolkeleg skattereform foreslått i kongressen, men som har blitt eit verkeleg folkeleg opprør mot regjeringa til den reaksjonære Iván Duque og partiet Centro Democrático,1 leia av landeigaren og den paramilitære leiaren, og folkemordansvarlege Álvaro Uribe Vélez, ein folkefiende djupt hata av dei kolombianske massene, særleg for å ha beordra tusenvis av utanomrettslege henrettingar (kjent som “falsos positivos“) utført i landet av dei reaksjonære væpna styrkane (2002-2010) midt i krigen som den gamle staten førte mot den revisjonistiske FARC-geriljaen2 og ELN.3
Rekneskapen etter desse mobiliseringane dei første 20 dagane gjer det mogleg for oss å måle den massive deltakinga og kampviljen til folket i dei pågåande protestane, lik eins den gamle kolombianske staten si blodtørstige rolle i storborgarskapet og dei store landeigarane si tjeneste. Konfrontasjonane har førebels kosta den gamle staten og dei reaksjonære ein politimann drepen og om lag 941 såra, meir enn 1000 offentlege transportkøyretøy og 156 transportterminalar råka, minst 30 tollbodar, 87 service stasjonar øydelagte, anslagsvis 80 politiinstalasjonar meldt å ha materielle skadar, over 421 bankkontor og 400 minibankar valdsamt angripne av folket, omtrent 300 sabotasjeaksjonar og angrep frå folket mot komersielle føretak (hovudsakleg storkapitalen) og meir enn 7000 tilfeller av folkeleg mobilisering (demonstrasjonar, sittestreikar, blokadar, overtakingar osb.) fordelt på 784 kommunar landet over, slik at styresmaktene heng i taua, som desperat har truga med å eskalere represjonen for å heve vegblokadane med makt. Blodprisen folket har betalt i kampane desse dagane har også vore høg: minst 50 barn drepne av politiet eller væpna sivile, ca. 800 skadde, det rapporterast om meir enn 500 sakna og 1400 arrestert, 37 menneske med augeskadar, 21 registrerte høve med seksualisert vald mot kvinner og militarisering av nokre byar. Alle desse tala kan oppsummerast i ei stor sanning syntetisert av maoismen: etter hundreår med underordning, elende og utbytting, det er rett å gjere opprør!
Dette stadfestar den korrekte maoistiske tesen om den revolusjonære situasjonen si ujamne utvikling som heile verda i dag befinn seg i og som Colombia, som ein nasjon undertrykt hovudsakleg av USA-imperialismen, ikkje kan flykte frå. Slik Lenin mesterleg skildra for over 100 år sidan: dei på toppen kan ikkje lenger styre som før og dei på botnen vil ikkje lenger leve slik dei har levd. Og dette er akkurat det som skjer i Colombia, og for å forstå det held det å sjå på dei to åsane, folket sin ås og åsen til reaksjonen.
Framom reaksjonen sin ås, er det kaos under himmelen som har herska under den ultra-høgre Iván Duque si regjering, under dei tre åra han har administrert den gamle staten. Ei stor økonomisk krise som det har brygga opp til ei stund, har brutt laus under styret hans. Denne eksploderte tydeleg i 2020 saman med utbrotet av covid-19-pandemien i landet, som nådde eit kriminelt høgt tal på over 21 millionar kolombianarar (42,5 prosent) i fattigdom innan 2020, ei arbeidsløyse i mars dette året på 14,2 prosent, ei uformell arbeidsrate i første kvartal av 2021 på 49 prosent og meir enn 20 millionar sveltande som følgje av at dei ikkje har tilgang på tre måltid for dagen. Innan herskarklassene har det vore intenst hemmeleghald og kamp, som har kome til uttrykk i delingane internt i ytre høgre som har makta i dag og den manglande evna til å danne ein solid og stabil koalisjon med andre segment av herskarklassane slik som dei andre høgrepartia og «sentrumspartia», men når det kjem til å fordømme opprøret til folket og forsøka på å kvele det med alle moglege middel, samlast dei utan nøling. Og som om det ikkje var nok, har folket stilt Duqueregjeringa til veggs kvart år under styringsperioden med storslagne protestdagar som har gjort den illegitim, senka populariteten til svært låge tal (91 prosent av dei unge vil kaste den, ifølge ei nyleg undersøking) og det har tvinga den til å gi etter, eller endre planane stilt overfor nokre antifolkelege tiltak innretta av imperialistiske fleirnasjonale organisasjonar som dei har forsøkt å intensivere utbyttinga av folket med, på nytt forsterke byråkratkapitalisme og hindre revolusjonen i landet.
Kva med opportunisme og revisjonisme? Dei gjer det dei kan best: kastar ei livline til den gamle forfalne staten ved å tøyle og avleie folket sin kamp, kanaliserar den intense folkelege indignasjonen uttrykt på gatene mot den reaksjonære utvegen på krisa som best passar dei smålege interessene deira, i dette høvet fornyinga av byråkratpostar innad i staten for å få ei ny regjering gjennom valfarsen. Ved å dra fordel av den sterke anti-Uribista-stemninga4 har dei ope propagandert ideen om at dei pågåande kampane bør føre til ei “ansvarleg røysting” i det neste valsirkuset som etter planen skal vere i 2022, å få inn ei ny “alternativ regjering” for å administrere den byråkratiske staten til storgodseigarane dei neste fire åra. Med presidentvalet nært føreståande har opportunistane vore svært aktive i den landsomfattande streiken ved å propagandere dei reaksjonære tesene sine om pasifisme og fraternalisering med politiet blant massene, det abstrakte fredspratet og avvisinga av “infiltratørar og hooligans” (dvs. alle som går utover den etablerte ordenen). Opportunistar og revisjonistar av alle fargar har spela ei nøkkelrolle i forsøka på å demobilisere folket med “virtuelle sittestreikar” i starten av protestane eller vekentlege oppmodingar om fred for å stoppe det dei kallar “konstant, dagleg og hasardiøs mobilisering”. Etter å ha mislyktes med å tøyle massene sitt raseri, har dei skamlaust fremma ideen om “sløsing av krefter” i den pågåande streiken, som i følgje dei alt har oppnådd måla, og det er best å “styrke seg” med tanke på valet neste år. Denne avskyelege påverknaden frå opportunistiske og revisjonistiske organisasjonar som Colombia Humana, Partido Verde, Dignidad, Polo Democrático, det revjsionistiske CKP, UP, Comunes (former FARC), blant mange andre, har klart å få ein viss effekt på delar av massene ved å så forvirring og frykt i folket, med mål om demobilisering og avvising av den antagonistiske karakteren til den pågåande kampen mellom undertrykte og undertrykkarar, gjennom å fremme den utdaterte tesa deira om nasjonal forsoning.
Når det gjeld åsen til folket, har dei ufråvikeleg tillempa læresetninga syntetisert av Mao Tsetung: kjempe, mislykkes, kjempe på nytt, mislykkast på nytt og kjempe igjen til siger. Dei siste fire åra har det vore minneverdige dagar med kamp frå det kolombianske folket som uttrykker den veksande folkelege motstanden slik som den landsomfattande universitetsstreiken i 2018, Urfolket sin “Minga” [eit slags kollektivt arbeid] i 2019, dei historiske dagane med landsomfattande mobilisering som byrja 21. november 2019, dei heroiske kampane mot politirepresjon frå 9. til 11. september 2020 og den pågåande storslagne nasjonale streiken som starta 28. april i år. Alle desse kampane er prov på den djupe misnøya til dei breie folkemassene med det rottne og dekadente økonomiske og politiske systemet som styrer dette gamle samfunnet, så vell som lengsla deira etter ein søt smak av makt, deira sterke behov for endring, deira framleis umedvitne men underliggande ramaskrik etter ein ekte demokratisk revolusjon i landet som vil verkeleggjere alle drøymane deira: drive ut imperialistane som har invadert, feie vekk dei reaksjonære landeigarane og knuse det elendige storborgarskapet i landet ved å steg for steg bygge den nye makta under kommunistpartiet si leiing og basert på alliansen av arbeidarar og bønder. Dette er det massene ropar etter på gatene, skake den gamle ordenen ved å reise seg i nye opprørsbølger slik dei har gjort gjennom desse dagane med legitime masse- og militante protestar med brei deltaking frå ungdom der dei har tatt til gatene i opprør, angripe symbola til storborgarskapet og landeigarene slik som finanskapitalen sine institusjonar, statlege kontor og dei store supermarknadskjedene og kjøpesenter. Men i kvar av desse kampane, utan unntak, har den naudsynte løysinga på krisa dominert, og illusjonane til massene i desse kampane har endt i demobilisering av folket, fruktlause forhandlingsbord og systematisk ikkje-oppnåing av staten sine forpliktingar som opportunistiske og revisjonistiske forrædarar har gjort seg til kriminelle ved å inngå.
Mot denne bakgrunnen har maoistane i landet ei nøkkelrolle. I byane der maoistane har opptrådt med auka fastheit og fryktlause, endrar klassekampen raskt utsjånad, massene så vel som opportunismen og reaksjonen merkar seg at ei ny kraft, radikalt annleis enn dei andre, har kome og nærværet har betydning for alle. Midt i den aktive deltakinga i klassekampen og den intense tolinjekampen i denne, har ei ny raud linje herda seg og gjort viktige kvalitative sprang i denne prosessen med å føre fram kommunistane si strategiske og overmodne oppgåva i landet med å rekonstituere Colombias Kommunistiske Parti, initiere og utvikle folkekrigen fram mot proletariatet og folket si maktovertaking. Dei vellykka aksjonane til den framleis lille men faste Maoistkontingenten i Colombia reflekterast i aukande breie oppmodingar til og mobilisering av massene som i noverande situasjon har sikta på å sabotere reaksjonen sine anti-kriseplanar; den verdifulle utdanninga det har vore å gi til massene i revolusjonær vald, kampen mot opportunisme og behovet for ein langvarig kamp mot fienden som ikkje vil løysast endeleg midt i den pågåande mobiliseringa; den harde kampen mot høgreopportunistiske tendensar (valdeltaking, byråkratisme og pasifisme) og “venstretendensar” (eventyrpolitikk og militarisme) innad i masserørsla; forminga av ein glødande og disiplinert militantskap; bygginga av ein enda breiare massebase under si påverknad og av ein solid revolusjonær front; framstega i organiseringa og leiinga av større og større delar av massene ved å knytte dagskampen, gjennom krav om dekking av folket sine mest grunnleggande behov, saman med kampen om makt, ved å gi utdanning i revolusjonære perspektiv slik formann Gonzalo lærar oss osb.
Den store oppgåva for ekte kommunistar er å ta aktivt del i den nye bølga av folkeleg opprør ved å kjempe på gata saman med folket, agitere og propagandere sterkare for det store revolusjonære perspektivet blant massene, hjelpe massene å syntetisere lærdomane fått gjennom kamp, skille venner frå fiender så vel som vegen dei må ta for å erobre rettane sine, og organisere dei under maoismen si rettleiing “avupg” [akronym som dei kolombianske kameratane nyttar for dei universelt gyldige bidraga til formann Gonzalo] mot den sanne revolusjonære løysinga på den økonomiske, politiske og sosiale krisa som landet gjennomgår, og slik smi krafta som gjennom år med intenst arbeid blant massene vil bli i stand til å konfrontere den gamle makta storborgarskapet og landeigarane utøvar i landet. Endeleg er maoistane sitt ansvar at dette nye avgjerande augeblikket for klassekampen i landet tjener til å heve folket sitt medvitsnivå og styrke organiseringa deira, ta nye konkrete skritt i prosessen med å bygge dei tre reiskapa (parti, hær og front) som gjennom folkekrig vil øydelegge den gamle staten og dei reaksjonære væpna styrkane, bygge den nye maktkonstruksjonen basert på arbeidar- og bondealliansen opp frå oska. Til dette er den revolusjonære organiseringa av bondemassene under proletariatet si leiing grunnleggande og kommunistane i landet må utrøytteleg arbeide for utviklinga av denne organiseringa.
Til slutt bør ein merke seg at den landsomfattande streiken i Colombia held fram. Trass i nokre framstøt frå opportunismen på å demobilisere og oppløyse streiken, den siste dagen med oppfordringar til nasjonal mobilisering, 12. mai hadde igjen massiv deltaking og kampsakene har gått vidare utover skattereforma. Så langt, som følge av massemobiliseringa, har nokre viktige krav blitt vunne: tilbaketrekkinga av det kriminelle skattereformforslaget som utløyste protestane, avgangen til den upopulære bankmann-finansministeren Alberto Carrasquilla som utforma og forsvara forslaget, helsereformforslaget stilt for kongressen er i ferd med å falle, regjeringa har lova ikkje å endre skolepengane for universitetsstudentar frå dei lågaste laga og at den vil skape tusener av jobbar for unge i eit forsøk på å roe ned ungdommen, arrestasjonane av nokre politibetjentar anklaga for å ha drepe barn under protestane og avgangen til nokre andre offentlege tjenestepersonell og høgtståande politileiarar, men ingenting av dette har klart å slukke den folkelege opprørsflammen. Det kolombianske folket på gatene krev at den blodige represjonsbølga mot dei stoppast, rettferd og at bødlane ansvarlege for dei over 50 drapa begått direkte av staten gjennom det undertrykkande rettsapparatet (politi, ESMAD, hær) og den ulovlege væpna greina deira (leigemordarar og paramilitære) straffast; dei krev løyslating av dei over 1400 politiske fangane tatt i protestane; Den krev endeleg tilbaketrekking av den nye helsereforma som siktar på vidare privatisering, nektar dei breie massene tilgang til denne retten; den krev konkrete løysingar og verkeleg økonomisk støtte til å lindre sulten, arbeidsløysa og uformelt arbeid som florerar i dei fattigaste familiane; Den krev at dei rike betalar for den noverande økonomiske krisa, storborgarskapet og landeigarane i landet har vanvittige formuer som reknar seg til miliardar, mens den harde verkelegheita til over 70 prosent av dei kolombianske massene er at dei lev på minstelønn (8 dollar dagen) eller mykje mindre.
Etter opptøyane i Brasil, Chile, Ecuador, Bolivia, Peru, USA, Frankrike, Spania og andre land, er det no Colombia sin tur med sitt tredje store opprør dei siste tre åra. Med denne nye opne perioden med revolusjonar i verda, har massene sin eksplosivitet nådd imponerande dimensjonar, medan imperialismen og alle reaksjonære sin veikskap har blitt tydelegare, som viser at dei strategisk er papirtigrar og at dei er i si djupaste krise sidan byrjinga av førre hundreåret. Dei objektive forholda for framgangen til den proletariske verdsrevolusjonen, særleg i tredjeverdsland som lenge har vore modne for revolusjon og i dag meir enn nokon gong, er strålande. Men hovudfaktoren som radikalt endrar situasjonen og skil den frå andre epokar, er den ustoppelege framgangen til maoismen og den store nye bølga av proletarisk verdsrevolusjon, der fleir og fleir kommunistiske parti og organisasjonar bestemt tar opp oppgåva med å rekonstituere kommunistparti der dei ikkje finst og initiere folkekrig eller utvikle dei som alt pågår. Derfor gjengir vi oppmodinga i den felles 1. maierklæringa av fleire maoistiske parti og organisasjonar verda over: “Massene verda over ropar etter revolusjon. Det er opp til kommunistane å organisere og leie dei til å uttrykke sin fulle kapasitet til omforming slik at det ikkje vil finnast ei kraft i verda til å holde dei tilbake.
Lenge leve det kolombianske folket sitt store opprør!
Heider og ære til dei heroiske kolombianske massene!
Lenge leve Maoismen!
Ned med revisjonismen!
Fram kameratar!
For rekonstitueringa av kommunistpartia, starten på nye folkekrigar i verda, framgang for dei pågåande folkekrigane og den proletariske verdsrevolusjonen som einaste utveg på krisa!
Colombias Kommunistiske Parti (Raud Fraksjon) 20. mai 2021
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.
- Uhe-høgrepartiet som no har makta og ein av hovudrepresentantane for interessene til landeigarane og storborgarskapet i landet.
- Etter fredsforliket, inndelt i eit rottent valparti og nokre dissidentar framleis involvert i væpna kamp etter den same feilaktige linja som før.
- Framleis væpna, men har i årevis forsøkt å få dialog regjeringa om fredsavtale lik den med FARC i 2016.
- Djupt hat, særleg blant ungdom, mot Uribe Vélez og hans ytre høgreparti, som har hatt makta i nesten 20 år og har sterk kontroll over diverse statlege institusjonar.