Av en kommentator for Tjen Folket Media.
Våre venner i Revolusjonære Kommunister har oversatt et opprop fra støttekomiteene for folkekrigen i India i Italia og Galicia. Dette er et viktig opprop som tar til orde for å gjøre 24. november til en internasjonal aksjonsdag mot den nye folkemorderiske operasjonen Prahaar 3 som reaksjonen utvikler mot revolusjonen i India.
For å ikke forvirre noen av våre lesere presiserer vi at det er viktige ideologiske og politiske motsigelser mellom oss og våre venner i Revolusjonære Kommunister. Vi velger likevel å videreformidle oversettelsen de har gjort da vi står sammen i flere spørsmål, blant annet i solidariteten med folkekrigen i India.
Vi slutter oss til kameratene i Italia og Galicia og oppfordrer våre lesere til å gjennomføre solidaritetsaksjoner den 24. november.
–
Oversettelse av opprop: Stans Prahaar-3!
Av Revolusjonære Kommunister
Vi publiserer her ei omsetjing av eit opprop lagt ut på nettsida til tidsskriftet Maoist Road. Oppropet kjem frå støttekomiteane i Galicia og Italia for folkekrigen i India. Kameratane fordømmar den nye undertrykkande kampanjen Prahaar-3, som den indiske staten set i verk for å knusa folkekrigen. I samband med dette, tek dei til orde for ein internasjonal kampanje 24. november.
Vi oppfordrar alle demokratar og anti-imperialistar til å følgja kampanjen, og delta i aksjonar der dei er.
Støttekomiteane i Galicia og Italia for folkekrigen i India ber verdsproletariatet, revolusjonære og demokratiske organisasjonar om å delta aktivt den 24. november, i kampanjen mot den nye folkemorderiske operasjonen Prahaar-3, og til støtte for folkekrigen og Indias Kommunistiske Parti (Maoistane).
I India utfaldar det seg ei prosess med frigjering av dei undertrykte klassane, som gir håp for proletariatet og dei undertrykte i verda. Indias Kommunistiske Parti (maoistane) leiar ein nydemokratisk revolusjon gjennom folkekrigen sin. Folkemassane utøver folkestyre gjennom det som vert kalla «Janatana Sarkar» (folkelege revolusjonskomitéar) i tusanvis av landsbyar i dei frigjorte områda, og får støtte frå dei folkelege militsane og Folkets Frigjeringsgeriljahær (PLGA). Dei frigjorte områda ligg i hovudsak i dei midtre og nordaustlege delstatane.
24. november 2021 er tiårsdagen for det feige drapet på Kamerat Kishenji. Dei siste ti åra har partiet og folkekrigen lidd store slag mot seg, men dei har også makta å slå alle dei folkemorderiske operasjonane som den indiske staten har sett iverk. Terroren til den folkemorderiske operasjon «Green Hunt» er velkjent, men den revolusjonære rørsla møtte han med dei rette politiske, organisatoriske og militære taktikkane. I tillegg til motstanden frå Folkets Frigjeringsgeriljahær, har det vore mogleg å stansa den folkemorderiske operasjon «Green Hunt» gjennom folkeleg agitasjon og viljestyrken til demokratiske intelektuelle, kunstnarar, journalistar, studentar, arbeidarar og bønder frå heile verda.
Sidan den fascistiske regjeringa til Modi er på offensiven, og med sin nye folkemordsoperasjon Prahaar-3 har tenkt å knusa heile folkekrigen og CPI (Maoist), og med tanke på den fascistiske undertrykkingspolitikken mot fattigbøndene, Adivasiane, Dalitane, dei intellektuelle, religiøse minoritetar og folka i Kashmir, Assam og Manipur, er det meir naudsynt enn nokon gong at vi bruker all vår internasjonale solidaritet, for å visa den fascistiske og folkemorderiske regjeringa til Modi at verken CPI (Maoist), folkekrigen dei leiar, eller massane i India er åleine.
24. november i år tek vi til orde for å gjennomføre aksjonar i ambassadar, konsulat og andre indiske institusjonar og interessar rundt om i verda, avhengig av dei nasjonale og lokale forholda i kvart land, for å slå som éi samla knyttneve i internasjonal solidaritet mot det fascistiske, folkemorderiske Modi-regimet og deira nye folkemorderiske operasjon Prahaar-3. For å visa, med løfta knyttnever, vår uatterhaldne støtte til folkemassane i India, til den skinnande folkekrigen og partiet som leiar han, som ein uunnværleg del av den proletariske verdsrevolusjonen.
STANS PRAHAAR-3!
DØD OVER DET FASCISTISKE OG FOLKEMORDERISKE REGIMET TIL MODI!
LENGE LEVE CPI (MAOIST)!
LENGE LEVE FOLKEKRIGEN I INDIA!
LENGE LEVE PROLETARISK INTERNASJONALISME!
Støttekomiteen i Italia for folkekrigen i India [email protected]
Støttekomiteen i Galicia for folkekrigen i India [email protected]
Referanse
Oversettelse av opprop: Stans Prahaar-3!
Support the People’s War in India
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.