Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Tjen Folket Media har tidlegare peika på at fattigdomen i Noreg aukar. Vi er ikkje dei einaste som har peika på dette. Nyleg har ein kommentator i Dagsavisen skrive om lange køar utanfor fattighuset i Oslo på nettstaden FriFagbevegelse.
Kommentatoren tar utgangspunkt i bildet «Kampen for tilværelsen» av Christian Krohg og skriv at desperasjonen ein kan sjå på dette bildet frå Christiania, som Oslo heitte da, ville sett ganske likt ut om ein henta motivet frå fattighuset i dag. Folk står i kø frå klokka sju om morgonen til utpå ettermiddagen for å få utdelt basisvarer og kanskje noko som kan glede barna så den fortvilte situasjonen deira ikkje blir alt for synleg. Fleire skjuler at dei har vore til fattighuset ved å putte det dei får utdelt i trillekoffert eller diskret tøypose.
Vidare skriv kommentatoren at 115 000 barn lev i fattigdom. Det vil seie eitt av ti, eller to til tre i ein gjennomsnittleg skoleklasse. Dei fleste av desse tilhøyrer familiar med utanlandsk bakgrunn, og at dette gjenspeilast i menneskemengda utanfor fattighuset ein vanleg vekedag. Fleire av dei som må gå til fattighuset jobbar deltid i lågtlønna yrke, uføre og eldre med låg pensjon. Dei opplev mellom anna at prisveksten i leigemarknaden, sjøl for kommunale boliger, spiser opp det dei får i trygd, som ikkje var sjenerøs i utgangspunktet. Det gjerast også eit poeng ut av at alt dette eksisterar side om side med børsfest og rikdom. Og at faktumet at slikt kan finne stad i dagens Noreg viser at sosialdemokratiet har svikta.
Referanse
FriFagbevegelse: «Vi kan ikke leve med skammen på Oslo øst»
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.