Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
På 80-tallet ble Margreth Thatcher berykta for fagforeiningsknusing. Etter ein sommar prega av streik trer no ei ny lov som opnar for streikebryteri mot «militante» fagforeininger i kraft.
FriFagbevegelse skriv at dette skjer gjennom at arbeidsgjevarar no kan omgå streik ved å tilsette folk midlertidig, samstundes risikerar fagforeiningar firedobla maksimumsstraff dersom ein streik blir kjent ulovleg i retten. Den britiske næringsministeren, Kwasi Kwarteng, seier at midlertidige tilsettingar under streik no blir ein valmoglegheit for bedriftar.
Han seier vidare: – I lys av at militante fagforeiningar sine handlingar trugar med å stanse viktige offentlege tenester, har vi handla raskt for å oppheve desse tyngande, 70-talsaktige restriksjonane. Også den britiske transportministeren står bak lovforslaget og grunngir det slik: – Fagforeiningar har for lenge vore i stand til å halde landet som gissel mot løysepengar. Denne viktige reforma tyder at framtidige streikar vil skape færre forstyrringar.
FriFagbevegelse refererar vidare til britisk LO som fordømmer lova. Frances O’Grady, leiar for Trades Union Congress. TUC britane sitt svar på LO uttalar: – Dette er ei oppskrift på katastrofe. Fagforeiningar og bransjeorgan har ådvara ministrane mot desse uansvarlege planane, og meiner lova er “ei forgifting av industrielle relasjonar.”. Ho legg vidare vekt på at angrepet på arbeidarane si forhandlingsevne kjem i ei tid der millionar slit.
Transportarbeidarforeininga RMT, der Mick Lynch, eit nasjonalt symbol som streikegeneral meiner lova ikkje berre er uetisk og moralsk forkasteleg, men også fullstenig ugjennomførbar fordi tilsette i arbeidsbyrå ikkje har ferdigheiter og trening i til dømes å køyre tog, komplekst vedlikehald og anna kritisk tryggingsarbeid. Han oppfordrar alle demokratar til å stå imot det han kallar “siste steg i å slå ned på demokratisk ueinigheit”.I følge han er dei britiske fagforeiningsrettane dei verste i Vest-Europa, og han oppmodar regjeringa til å søke einigheit.
I juni gjekk 40 000 jernbanearbeidarar ut i det som var den største streiken i sitt slag på over 30 år, og det er varsla fleire streikehandlingar. To av dei den komande veka. Postarbeidarar og advokatfullmektige har følgd etter i streikebølga, og sjukehustilsette, brannmenn og tilsette i skoleverket har varsla streik. Dette kjem av at lønningane, særleg i offentleg sektor, ikkje har holdt følge med prisveksten. Reallønnsnedgangen i Storbritania har vore på 3,7% i år. Sidan ein byrja registrere slike tal i 2001 har den aldri vore så stor.
Referanse
Storbritannias regjering går i strupen på streikende fagforeninger – FriFagbevegelse
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.