Omsett for Tjen Folket Media av ein bidragytar.
Kameratane våre i Die Rote Fahne rapporterer i høve den internasjonale solidaritetsveka 13. til 19. september for lauslating av alle politiske fangar i India. I Austerrike blei det organisert fleire solidaritetsaksjonar under overskrifta «10 000 i varetekt: fridom for alle politiske fangar i India».
I Wien vart det arrangert ein demonstrasjon ved den indiske ambassaden av Komitee zur Unterstützung des Volkskrieg in Indien (Komité for støtting av folkekrigen i India) og AGEB (Foreningen for arbeidande migrantar i Europa). Demonstrasjonen var til støtte for politiske fangar i India: 10 000 av dei sit i fengsel under verst moglege forhold. Samstundes har dei politiske fangane og deira kamp ei viktig tyding sidan dei syner styrka til den revolusjonære rørsla i India.
Elles i Austerrike under den internasjonale solidaritetsveka aksjonerte talrike støttespelarar og aktivistar frå komiteen med plakatar om dei politiske fangane i India, med slagord som «Fridom for India», «Fridom for dei kjempande i India» og «Fridom for alle politiske fangar». Dei aksjonerte i parkar, bustadområdar og med arbeidskollegaar. Blant aktivistane var det migrantar og ungdomar. Under same veka, tok lagerarbeidarar bilde framfor Votivkyrkja, eit av dei mest kjente landemerka i Wien. På plakatane dei heldt sto det «frigjer alle politiske fangar i India» på ungarsk.
Die Rote Fahne skriv om solidaritetsveka:
«Solidaritetsveka viste at det er stor interesse i Austerrike for å læra av forholda og erfaringane frå revolusjonen i India, og for å læra meir om politiske fangar sin kamp.
India talast ofte om som «verdas største demokrati» og dei austerrikske monopola har gode samband der. Terrormetodar, tortur og drap nyttast av den indiske staten og regjeringa mot demokratiske og revolusjonære folkekrefter og rørsler. Å snakke opp mot dette er viktig for mange menneske, òg her i Austerrike. Den internasjonale solidaritetsveka viste dette tydeleg.»
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.