Bilde: Susanna Gideonsson, Leiar for LO i Sverige
Opprinnelig publisert på Kommunistiska Föreningen 30. oktober 2022.
Omsett for Tjen Folket Media av ein bidragytar.
Korleis er ståa for arbeidarklassen i Sverige før ny hovudavtale trer i kraft i 2023? Svaret er at den står ovanfor ei dyrtid og ei formidabel levekostnadskrise
• Ifølge Medlingsinstitutet har inflasjonen i år alt utradert sju års reallønsauke.
• Matpriskontrollen slår fast at matprisane har stige med 14% på eitt år.
• Det rapporterast at mange utleigarar har varsla auke i husleige på opp till 10% for 2023.
• SVT/Novus fortel at flytande rente på bustadlån, som eit fleirtal av LO-organiserte arbeidarar har, kan drive ein halv million frå heimane sine.
• Vattenfall åtvarar mot fordobla straumprisar i vinter samanlikna med vinteren i fjor.
• Det talast om høgare prisar på vatn og avfallshandtering. Stockholm by planlegg prisauke på vatn med 25%.
• Ifølge Konjunkturinstituttet kjem realløna i år til å minke med 5,4%.
Korleis tenker da LO-leiinga møte dyrtida? Deira ”våpen” er sentrale forhandlingar og ei ekstra lågtlønssatsing. Løner opp mot ein viss sats, 27 100 kr i månaden, skal aukast med eit bestemt tal kroner. Løner over den satsen aukast i staden med ein prosentsats, som ikkje er fastsett enda. Lønsauken reknast deretter ut utifrå lønene på kvar arbeidsplass. Slikk samlast det ein pott, som skal fordelast på dei tilsette etter forhandlingar mellom fagforeininga og arbeidskjøparen lokalt. Det finst altså ingen garantiar for at den tilsette skal få ei bestemt lønsauke.
LO vil også opptre ”ansvarsfullt” og Metall, det mest tilpassingsvenlege fagforbundet, har alt varsla at det ikkje vil krevje full kompensasjon for inflasjonen. LO kan ikkje ein gong lenger skylde tilbakehaldenheita si på at det sitt ei sosialdemokratisk regjering ved makta.
LO sitt utgangspunkt er prinsipplaus og sørger for at arbeidarane kan sjå fram imot reallønsnedgang i den komande avtaleperioden. Det er naturlegvis ikkje feil å gjere ekstra innsats for låglønna, men det må skje med riktig utgangspunkt.
Det einaste riktige utgangspunktet er at arbeidarklassen skal kompenserast fullt ut for inflasjonen. Men det held ikkje med å vere imot reallønssenkingar – lønene må også aukast på profitten sin kostnad. Elers kan ikkje arbeidarklassen flytte fram posisjonane sine. Kapitalistane har til tross for koronapandemien og den pågåande krigen i Ukraina ikkje hatt nokon som helst problem med å auke fortenesta si.
På kvar arbeidsstad og i kvar fagforeining må arbeidarane diskutere kva for konkrete lønskrav som må stillast for at dei fullt ut skal kompenserast for dyrtida og dessutan sikre ei auking av realløna. Det held ikkje med å stille krav, det må også leggast press på fagforbundsleiingane, LO-leiinga og sist men ikkje minst må arbeidarane vere budde på å sette makt bak orda, d.v.s. nytte dei kampmidla som finst.
Full kompensasjon for dyrtida!
Høgare løn på profitten sin kostnad!
Eittårsavtale! Avtalen ut på avgjerande medlemsrøysting!
Gjer fagrørsla til ein kamporganisasjon – einskap på klassekampen sin grunn!
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.