Omsett for Tjen Folket Media av ein bidragytar.
Dei svenske kameratane våre i Kommunistiska Föreningen skriv om ei viktig hending.
Hausten 2022 samlast Kommunistiska Föreningen till sin andre Einskapskonferanse. Ein særleg viktig konferanse for å forsvare marxismen-leninismen-maoismen som foreininga sin rettleiande ideologi mot åtak frå revisjonistiske strøymingar innan foreininga. Revisjonismen truga foreininga sin fortsette eksistens og overleving, arbeid og framtid, noko som kravde eit oppgjer. Kampen mellom den raude, proletære, marxist-leninist-maoistiske linja og den svarte, borgarlege, revisjonistiske linja, finns alltid innbygd i det kommunistiske partiet, likeins i foreininga vår. Det er kampen mellom proletariatet og borgarskapen som gjenspeglast innanfor partiet. Så lenge denne motsettinga rår kjem ein slik linjekamp til å finnast. Utan ein slik tolinjekamp kan ikkje organisasjonen utviklast og kva som er rett og feil blir uklart. Utan linjekamp, ingen einskap. Utan brotet med revisjonismen ville foreininga ikkje ha kunna sameine seg på eit høgare nivå, med meir fjellstø overtyding.
Revisjonismen forsøkte føre foreininga inn på ein legalistisk og parlamentarisk veg, der målet med rørsla skulle vere å sakte og på fredeleg vis, ”akkumulere styrke.” I ei tid med tilspissa motsetnader mellom proletariat og borgarskap, med aukande represjon, med overvaking og utvisingar av kameratar, ville denne linja overlate foreininga og kadrane der till reaksjonen sin vald. Denne linje ville forlatt Kommunistiska Föreningen ute av stand til å ta seg av oppgåvene med å leie proletariatet i ein sigerrik væpna revolusjon, noko som krev at kommunistane skolerer seg sjølve og massane i væpna kamp. Maoistane erkjenner den revolusjonære valden si absolutte naudsyntheit og den revolusjonære krigen si allmakt. Vi trur ikkje på ein langsam prosess med styrkeakkumulasjon, der vi sakte veks till i styrke for ein dag å, ein eller annan gong, kunne reise oss. Det er ein rein illusjon. Det går ikkje å utan aukande skolering i væpna kamp, utan militarisering, og over natta gå frå først lovleg til høgst illegal kamp. Linja om den fredelege styrkeakkumulasjonen bygger ei rørsle for å sjå den knusast av reaksjonen. Dette har skjedd i historia. Indonesias Kommunistiske Parti, som blei knust av reaksjonen med ein halv million avretta kameratar. Kommunistiska Föreningen har avvist denne revisjonistiske tasa og er derfor sterkare!
I staden manar vi till behovet for å bygge eit parti av ny type, eit parti i Lenin og Formann Mao si and. Som forstår behovet for å meistre alle kampmetodar, som veit å nytte den noverande imperialistiske krisa til å auke nivået på massane sin kamp, som ikkje låser seg fast til å dogmatisk hevde at vi må delta i parlamentariske val. Kommunistiska Föreningen fastslår at vår noverande situasjon stiller eit stort krav til oss. I denne tida med aukande reaksjon, som reflekterast i aukande miljøøydeleggingar, militarisering av politiet, meir krav om overvaking frå Säpo (Det svenske tryggingspolitiet), deportasjonar, inflasjon (der regjeringa berre seier til massane ”klar dykk sjølve”) og energikrise (samtidig som den svenske borgarskapen eksporterer energi), ser vi det største behovet for leiing i massane sin kamp. Frå Sveriges Kommunistiske Parti, med marxismen-leninismen-maoismen som rettleiing og kjerne. Rekonstiuert som eit militarisert parti, det vil seie, eit parti bygd som ei krigsmaskin, for å gripe makta gjennom revolusjonær vald. Dette partiet må vi, som Sveriges proletære revolusjonære, rekonstituere, gjenskape. Dei såkalla kommunistiske partia av i dag er gjennomsyra av revisjonismen, som propaganderer ein falsk kommunisme. Deira linje skil seg ikkje frå revisjonistane i foreininga vår. Desse partia har same praksis som Vänsterpartiet, men har kommunistiske fraser. Dei steller plikttru till val, seier det er leninisme og spreier same illusjonar om at systemet kan forandrast den fredelege vegen. Historia har alt prova at det er feil. Dei kjem aldri til å kunne leie proletariatet i kampen for å ta makta, aldri leie dei till å gripa makta. Til det krevjast marxismen-leninismen-maoismen, dei allmenngyldige sanningane den har, tillempa på forholda i Sverige.
Den Andre Svenske Maoistiske Einskapskonferensen leier oss framover i kampen for partiet vårt, rekonstitusjonen av det, samt i kampen for å feste marxismen-leninismen-maoismen som proletariatet sin allmektige ideologi, allmektig fordi den er sann, prova i praksis. Foreininga stålsett seg i sin fortsette kamp for å tillempe vår allmektige ideologi på våre forhold, for å utvikle den proletære rørsla, fram mot nya høgder, fram mot den væpna revolusjonen, sosialismen og den lysande kommunismen!
Fram for rekonstitueringa av Sveriges Kommunistiske Parti som proletariatets kampeining!
Knus revisjonismen! Forein dykk under maoismen!
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.