Omsett for Tjen Folket Media av ein bidragytar.
Kameratane våre i Kommunistisk Internasjonale (ci-ic.org) skriv om protestar mot tyrkiske angrep mot Kurdistan.
Publisert av ci-ic.org 29.11.22
Oversatt for Tjen Folket Media av en bidragsyter.
Protestar mot bombingane til den tyrkiske staten
Partizan og TKP/ML: “Korkje teknisk og militær overlegenheit, eller fascisme og demagogi vil redde den fascistiske tyrkiske staten, den vil tape.”
For nokre dagar sidan annonserte borgarleg presse at Tykia har igangsatt ei serie bombeangrep i Syria og Irak for å angripe kurdiske gruppar Ankara ser som ansvarlege for ei bombeeksplosjon i Istanbul.
Minst 31 personar blei drepne berre i det nordlege Syria. Det tyrkiske forsvarsdepartementet sa seinare at angrep mot basar til kurdiske militante i nordlege Syria og nordlege Irak øydela 89 mål. Den demokratiske tyske nettstaden “demvolkedienen.org” (DVD) meldte:
“Den revolusjonære avisa Yeni Demokrasi frå Tyrkia, så vel som nettsida Avrupa Haber har dei siste dagane skrive om protestar i Tyrkia og Europa mot den tyrkiske staten sine angrep mot Rojava.
Folk protesterte mot Tyrkia sine luftangrep fleire stader mellom anna i Tyrkia og Europa. Ifølge rapporten var det aksjonar i Tyrkia, Hellas, Frankrike, Sverige, Sveits, Austrike, Tyskland og Australia. Revolusjonære i Partizan og TKP/ML deltok også i mange aksjonar, til dømes i Vien og Aten.
I tillegg protesterte mange menneske også mot bombingar i Tyrkia. Like etter angrepa utvikla det seg kampar i mange byar som fortsatt held fram. Yeni Demokrasi skreiv om talrike demonstrasjonar og markeringar. Motstanden var særleg sterk i Istanbul, der det oppstod protestar i fleire nabolag. Det var også kraftige protestar i Dersim og Bingöl. Den tyrkiske staten svara på protestane med storstilt represjon, arrestasjonar og forsamlingsforbod.
Partizan sendt ut ei uttaling der kameratane oppfordra til å intensivere kampen mot angrepa.. Kameratane skriv: “Korkje teknisk og militær overlegenheit, eller fascisme og demagogi vil redde den fascistiske tyrkiske staten, den vil tape.”
Den fascistiske tyrkiske staten held fram dei systematiske angrepa mot den kurdiske nasjonen ved å auke intensiteten. Den fascistiske tyrkiske staten, som ønska å nytte eksplosjonen i Istiklal gate til sin fordel, forsøkte dernest å skape infrastruktur for å gå inn i Rojava. I eit forsøk på å legitimere operasjonane mot Rojava i det tyrkiske folket sine auge, blei mange uttalingar pakka inn i løgner og bakvasking. Natt til i går, blei fleire mål i Rojava. bomba.
…
‘Dette bombardementet kan føre til ein bakkeopperasjon mot Manbij, Kobanê, kort sagt, mot det sørlege kurdistan. Det er kjent at den tyrkiske republikken har mål om å halde eit område som går 30 km inn over grensa, og at dette målet er nådd til ei viss grad, og at den ønsker å utvide okkupasjonen til å omfatte nye stader som Afrin, Jarablus, etc. Korleis og kva for retning prosessen vil finne stad avgjerast ikkje av kompradorstaten og herrane den har sine utrekningar ved skrivebordet og strategiske planar, men av arbeidarane av alle nasjonar og nasjonalitetar, særleg den kurdiske nasjonen, og deira væpna og uvæpna motstandsstyrker .’ (Oversett av ci-ic.org)”
Vi slutter oss til fordømmelsen og avstandstakinga og vi står i solidaritet med kampen til kameratane i Partizan og TKP/ML mot denne nye kriminelle handlinga til den reaksjonære tyrkiske staten.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.