Omsett for Tjen Folket Media av ein bidragytar.
Dei tyske kameratane våre i Dem Volke Dienen skriv om det største fallet i reallønna som nokon gong er målt.
Publisert av Dem Volke Dienen 02.12.2022
Reallønna lågare enn nokon gong
Tysk SSB publiserte nyleg tal som viser fallet i reallønna i sommermånedene i år. Ifølge desse tala, fall reallønna med 5,7% i perioden juli til september 2022 på grunn av inflasjon og prisstiging. Dette er den høgste nedgangen som nokon gong er målt.
Inflasjonsraten var i snitt 8,4% desse månadane. Dette inkluderar ikkje generell prisstiging. Auka på 8,4% står i kontrast til den noverande inflasjonen som kom opp i 10%. Dermed er nivået til reallønna antakeleg enda lågare enn i perioden nemnt ovanfor.
I følge statistikkbyrået til den reaksjonære staten, står tilsette i Tyskland ovanfor den lengstvarande reallønnsnedgangen sidan ein byrja målingane. Reallønna har ikkje berre gått ned sidan sommaren 2022. I andre kvartal i år, hadde reallønna alt falt med 4,4%. I første kvartal fall ho med 1,8%. Siste kvartal i fjor såg ein nedgang på 1,4%.
Desse tala, om dei så er pynta på, viser enda ein gong kor ekstremt forverra situasjonen til arbeidarklassen i forbundsstaten har blitt. Samstundes viser dei at den økonomiske krisa ikkje berre utvikla seg som følge av imperialisten Russland sin krig mot Ukraina, men var der allereie, og at krigen berre var ein katalysator. Føderalregjeringa sine tiltak, som forsøker å lure arbeidarane og folket med latterlege eingongsutbetalingar, kan ikkje dempe krisa i det heile tatt. Dei som kallar seg arbeidarane sine representantar, frå dei gule fagforeiningane, har heller ikkje nokon gong krevd full kompensajon for insjationen i dei tallause arbeidarkampane dei siste månadene. Arbeidarklassen kan ikkje stole på regjeringa, og like lite på fagforeiningssjefane, i kampen for eigne levekår. Det som trengs er ei militant organisering av arbeidarklassen som tingingslaust tjener det arbeidande folket sine interesser og bryt den giftige sirkelen av gjentakande kriser.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.