Omsett for Tjen Folket Media av ein bidragytar.
Det marxist-leninist-maoistiske tidsskriftet Communist International har publisert denne artikkelen i forkant av ettårsdagen for angrepskrigen mot Ukraina.
Mot imperialistisk aggresjon, løft folkekrigens fane høyt!
24. februar i år vil Russland sin fullskala aggresjonskrig mot Ukraina ha vara eit år. Denne urettferdige krigen har såra og drept hundretusenar og gjort millionar til flyktningar. Gjennom det ukrainske folket sitt heroiske forsvar av heimlandet, til tross for forrædarregimet leia av yankee-lakeien Zelenskiy, har ikkje den russiske aggressoren greid å oppnå måla sine.
Konvergensen av fleire motseiingar og interesser som pågår i Ukraina har skapt stor forvirring blant nokre kommunistar og antiimperialistiiske krefter generelt. Nokre ser til og med ut til å tru at vi står på randen av ein ny verdskrig. Derfor er det naudsynt å ta ei klar stilling på vegne av Internasjonalt Kommunistisk Forbund.
Hovudmotseiinga er den mellom Ukraina, eit land undertrykt av a imperialismen, og Russland, eit imperialistisk land. Uavhengig av klassekarakteren til det ukrainske regimet og at det tjener andre imperialistiske krefter, hovudsakleg yankee-supermakta. All forvirring om dette punktet fører til fornekting av Ukraina sin rett til uavhengigheit og nasjonal suverenitet, og dermed til, i alle fall indirekte, at ein stør interessene til russisk imperialisme.
Den interimperialistiske motseiinga kjem også skarpt til uttrykk. Yankeeane sin langtidsplan om å innsirkle og endeleg å overvinne sin einaste atom-motpart og dei russiske mottiltaka for å gjenerobre tapte stillingar, er nøkkelfaktoren som leia opp til krigen. Den ope uttala interessa til yankeeane er at Russland bindast opp i ein “endelaus krig”, som tappar dei for knappe ressursar og bind opp hovuddelen av dei konvensjonelle styrkane på sin vestlege front, slik at Ukraina i denne forstanden blir eit fullstendig militarisert bolverk, og at deira europeiske “allierte” i NATO tvingast til å stille seg bak sin strategiske plan som har kinesisk sosialimperialisme som hovudfokus. Interessene til dei andre imperialistane – fremst av desse Tysland, Storbritannia, Frankrike og Kina – står i denne konteksten i motsetning til Russland og yankeeimperialistane sine, men dei har ingen alternativ utanom å stille seg bak ein av atomsupermaktane. Ingen av desse imperialistane i dag har interesse av å stelle i stand ein verdskrig. Sjølv mogleg bruk av taktiske atomvåpen frå Russland ville ikkje blitt svara med atomvåpen av yankeeane, slik deira politiske representantar har slått fast gjentatte gongar. Derfor er fokus på faren for verdskrig – ein fare som alltid vil vere til stede så lenge det finst imperialisme – ein politisk feil som fører til at ein får samsvarande interesser med russisk imperialisme i namnet til “krigsførebygging”.
Desse eksterne motseiingane påverkar korleis dei indre motseiingane i den ukrainiske nasjonen utspelar seg. Zelenskyregimet står i faktisk motsetning til det overveldande fleirtalet av det ukrainske folket sine interesser, ved å kjøpslå med dei rettferdige patriotiske kjenslene deira, bruke absolutt sentralisme utan nokre demokratiske rettar i det heile tatt for folket. Retten til ytring, forsamling og organisering er undertrykt av drakonisk og sjåvinistisk represjon, og regimet stør seg på ope fascistisk militære formasjonar for å knuse eit kvart uttrykk for folkeleg usemje. Det saboterar folket sin uanvhengige væpna motstand ved å gjere seg avhengig av våpna, som det yankeeleia NATO ivrig gir, i frykt for det væpna folket som er dei einaste som verkeleg forsvarar anasjonen. Samstundes tjener regimet og medløparane deira seg rike på å selje kvar tomme av landet, medan folket ber byrdane av krigen. Det er i sanning eit regime av landsforædarar og leigesoldatar for yankee-imperialismen. Den einaste vegen fram for det ukrainske folket er å stole på eigne krefter og å forsvare nasjonen, mot den framande invasjonsmakta og forræderane som sel landet. Nøkkelfaktoren i dette er proletariatet si leiing, som folket si akse, gjennom fortroppen deira, kommunistpartiet vegleia av marxismen-leninismen-maoismen. Berre under kommunistpartiet sin leiarskap kan folket sin motstandskrig omdannast til ein verkeleg folkekrig som kan vise bort invasjonsmakta, alle imperialistar og marionettene deira frå ukrainsk jord. I dag finst det ikkje eit slikt kommunistparti, men det finst kommunistar under formasjon, revolusjonære og konsekvente anti-imperialistar, som må støttast av kommunistane i verda, slik at dei kan gå framover med å gripe den einaste ideologien til det internasjonale proletariatet, marxismen-leninismen-maoismen. Utan ideologien er det ikkje noko kommunistparti. Utan det kommunistiske partiet kan det ikkje finnast noko demokrati for folket, inga nasjonal frigjering og ingen revolusjon. Dei mest framskridne revolusjonære kreftene må støttast ideologisk, politisk, moralsk and materielt, så dei kan gå framover, under dei store vanskane dei står ovanfor, i kampen for rekonstitueringa av kommunistpartiet; dette er nøkkeloppgåva.
Vi må også gjere alt vi kan for å fremme venskapet mellom dei ukrainske og russiske folka. To folk som ein gong var samla som eit i den store Sovjetunionen under Lenin og Stalin sitt raude flagg med hammar og sigd, blir no drivne mot kvarandre på slagmarka grunna imperialistane sine intriger. Kommunistane under formasjon, dei revolusjonære og alle konsekvente antiimperialistar, har eit særskilt ansvar for å auke propagandaen mot Russland sin imperialistiske krig, å reise kampen deira til nye høgder mot imperialiststaten og angrepskrigen, med alle middel dei har til disposisjon, også å kjempe mot imperialistisk krigshissing og våpenforsendingar i sine respektive imperialistland.
Marxist-leninist-maoistane i Russland må modig gå framover i kampen for rekonstitueringa av partiet sitt og overvinne alle vanskar for å sameine seg meir med verda sine kommunistar for å vere betre i stand til å fullføre sitt historiske oppdrag med å gjenopprette proletariatets diktatur i landa som ein gong var det sosialistiske fedrelandet.
Som formann Mao lærte oss fryktar ikkje vi kommunistar verdskrigen, vi fryktar ikkje atomkrigen. Vi er mot den og vil gjere alt for å forhindre den ved å utvikle revolusjonen, for å bekjempe den reaksjonære krigen med folkekrig. Mens vi fordømmer den imperialistiske aggresjonen og krigshissinga til imperialistane, må vi aldri gløyme dette. Imperialistisk aggresjon må bekjempast med folkekrig.
Imperialisten Russland ut av Ukraina!
Lenge leve det ukrainiske folkets kamp!
Ned med yankeeimperialismen og alle medløparane!
Fram i kampen for rekonstituering av dei kommunistiske partia i Ukraina, Russland og heile verda!
Internasjonalt Kommunistisk Forbund
8. februar 2023
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.