Omsett for Tjen Folket Media av ein bidragytar.
Den revolusjonære nettavisa The Red Herald skriv at situasjonen i Frankrike framleis er spent, til tross for at opptøyane ser ut til å avta.
Publisert av The Red Herald 06.07.2023
Prærien er framleis varm
Frankrike er framleis varmt
Det spontane utbortet av klassekamp i Frankrike ser ut til å roe seg ned. Nettopp fordi det var spontant var det klart at opprøret ville ebbe ut med tida. Men likt eit brennande lag av kol under jorda som møter oksygen, vil klassekampen i Frankrike også flamme opp at, før eller seinare, definitivt, og den vil skape den leiarskapen den treng.
Berre ei kort oversikt over tala gir eit godt inntrykk av kva som skjedde:
Meir enn 800 politifolk er skada.
Det blei skader på over 1000 bygg.
Minst 250 politistasjonar blei angripne.
Meir enn 200 byar blei råka.
Meir enn 5500 bilar har blitt sett i brann.
Det blei gjort skade for godt over ein milliard Euro.
Meir enn 3300 personar har blitt arrestert.
Minst to menneske blei drepne under oppstanden. En 54 år gamal embetsperson blei drepen av eit streifskot i Cayenne, Fransk Guyana, og ein 27 åring blei skoten og drepen av opprørspoliti i Marseilles med eit flash-ball prosjektil (eit våpen som er meint å vere mindre dødeleg, brukt av fransk opprørspoliti. vår merknad)
Opprøret råka dei franske koloniane: I Fransk Guyana, braut det ut opptøyar og protestar i hovudstaden Cayenne. Demonstrasjonar fann stad i Guadeloupe og Martinique. I Réunion vara opptøyar i fleire dagar. Internasjonalt blei Brussel (Belgia), Lausanne (Sveits) og Montréal (Canada), råka av opprøret.
Dette opprøret er eit i ei nokså lang rekke med slike masseopprør i Frankrike. Om vi berre ser på dette hundreåret åleine begynte det i 2005 med det tre veker lange opprøret i forstadane. Sidan var det ungdomsprotestane i 2006, Villiers-le-Bel oppstanden i 2007, studentopprør frå 2007 til 2009, opptøyane i juli 2009, Trappesoppstanden i 2013, Sarcellesoppstanden i 2014, Corsica-urolegheitene i 2022, for ikkje å gløyme den framleis pågåande gule vestar-rørsla som javnleg barkar saman med politiet, og det siste store var og er kampen mot pensjonsreformane, som let Frankrike vere “i fred” i berre to månader før det siste opprøret. Men med tanke på omfanget, intensiteten og effekten skil juli 2023 seg klar ut.
Slik det blei analysert: Mordet på Nahel Merzouk har berre vore den utløysande hendinga for dei pågåande kampane som følgjer utviklinga vi har sett tidlegare i Frankrike. I eit eksklusivt intervju med The Red Herald, da kampane mot pensjonsreformane pågjekk, forklarar Frankrikes Maoistiske Kommunistparti (PCmF) at opprøra i Frankrike er eit uttrykk for den revolusjonære utviklinga i verda:
“Vi ser i Frankrike ein revolusjonær situasjon i ujavn utvikling, som uttrykkar seg i situasjonen i Europa.”
Les også:
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.