Omsett for Tjen Folket Media av ein bidragytar.
Bildet er fra en annen anlending og viser stridende fra den nye folkehæren (NPA) på Filippinene.
Den revolusjonære nettavisa The Red Herald skriv om aksjonar i folkekrigane på Filippinene og i India frå juni og fram til byrjinga av september. Fleire soldatar og agentar for dei gamle statane er drepne av maoistiske stridande.
Publisert av The Red Herald 10.09.23
Folkekrigar: Nesten 30 soldatar drepne på Filippinene, og nye aksjonar i India
Denne veka har nye utviklingar i folkekrigane leia av Filippinenes Kommunistiske Parti (FKP) og Indias Kommunistiske Parti (Maoistane) blitt kjent. Vi har tidlegare skrive om folkekrigane på Filippinene og folkekrigen i India.
Filippinene
Detaljert kart over Filippinene. Kjelde: website Population Data.
På Filippinene, er den mest nemneverdige hendinga kunngjeringa av at NPA (New People’s Army, vår merknad) sidan juni har drepe 22 tilhøyrande AFP (Filippinene sine væpna styrker). Dette hende i Sultan Kudarat-området. Dette har funne stad innanfor rammene til dei taktiske offensivane utført av NPA i området for å motverke operasjonane til 6.infanteridivisjon. Dei 22 eliminerte soldatane var del av 37.. infanteribataljon. I tillegg blei 18 soldiatar såra gjennom juni og juli.
Dei drepne fall i fleire bakhald og operasjonar iverksett av NPA, og AFP sine nedrelag har vore hyppige og alvorlege. Derfor har AFP hindra lokalbefolkinga i nærleiken frå å forlate heimane sine, for å forhindre spreiing av denne informasjonen.
Den 1. september utførte NPA nok eit vellykka bakhald mot soldatar tilhøyrande den Filippinske staten ved Sityo Pag-asa, Barangay Mapulot, Tagkawayan, Quezon. Fem soldatar blei drepne og fire andre såra. Som følge av denne sigaren, konfiskerte NPA fem M16 automatgevær, som Yankeeimperialismen har skaffa den Filippinske staten for å underkue det Filippinske folket, og særleg halde NPA nede. Etter ein planlagt eksplosjon, flykta nokre soldatar frå slaget, og seinare laug 85..infanteribataljon, eininga som var ansvarlege for AFP-operasjonane, i fråsegnene for å skjule at dei sjølve var årsaka til nederlaget.
NPA har vidare uttalt at dette angrepet på troppane til den Filippinske staten er del av rettferda det Filipinske folket må skape som følge av grusomheitene begått av staten sine soldatar i området.
M16rifler konfiskert av NPA i Quezon. Kjelde: PRWC.
India
Kart over delstatane som utgjer den indiske staten. Kjelde: Maximilian Dörrbecker (Chumwa).
Maoistiske geriljasoldatar har utført nye aksjonar i Chhattisgarh i byrjinga av veka. Dette er eit av områda der indiske revolusjonære har mest innverknad. Torsdag 31. august blei ein politibetjent arrestert og avretta i Duvalipara, I Bijapurdistriktet. I tillegg blei ein politiinformant avretta i Palaguda, Bijapur, fredag 1. september. Vidare melder Indisk politi at ein informant til i Chhattismgarh også blei drepen i juli.
I Bakramundi, Madhya Pradesh, distribuerte maoistiske geriljasoldatar flygeblad med kritikk av sentralregjeringa, som sa at regjeringa ikkje er meir enn «ei nikkedokke i selskapa sine hender.» Indisk politi har sagt at dei vil auke overvakinga i samband med komande val i området.
I distriktet West Singhbhum, Jharkhand, blei ein tidlegare agent for Grennsesikkerheitstjenestene (BSF), som fortsatte å samarbeide med den indiske staten som politiinformant drepen fredag 8.september. Det blei funne flygeblad i nærleiken av liket.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.