Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Det meldast om akutt mangel på mat og medisinar i regionen som i fleire tiår har vore prega av konflikt og maktkamp mellom statane i regionen.
Etter over åtte månader med stadig tettare blokkade, har den humanitære situasjonen i Nagorno-Karabakh blitt katastrofal. Brød, ei basisvare for mange, er rasjonert ned til eitt stk. per familie per dag. Det er tomt for kritiske medisinar, og det er så lite drivstoff at mange pasientar ikkje kjem seg til lege uansett. Desperate innbyggarar tyr til sosiale media for å byttehandle, til dømes egg frå eigen gard mot eit kilo sukker. Ei ung mor posta eit bilde av barnemjølk med teksten: «Eg kjøper dette uansett pris.»
Beleiringa representerar den tøffaste taktikken tatt i bruk så langt av den Aserbajdsjanske regjeringa, i det den forsøker å ta tilbake kontrollen over Nagorno-Karabakh, ein enklave på om lag 4400 km² som er senter for ein fleire tiår lang konflikt med Armenia. Karabakh har vore internasjonalt anerkjent som Aserbaidsjansk territorium sidan oppløysinga av Sovjetunionen, men etnisk armenske styrker tok kontroll over det i ein krig som pågjekk frå 1988 til 1994 (armenarar utgjorde mesteparten av befolkninga). Hendingane i regionen, som byrja i februar 1988, med at nokre hundretals armenarar demonstrerte for at regionen skulle bli del av Sovjetrepublikken Armenia, sette i gang ei serie hendingar som førte til oppløysinga av Unionen. Armenia vann krigen, delvis med russisk militær støtte. Dei okkuperte også andre Aserbajdsjanske område. Krigen blei eit traume for Aserbajdsjan, og grensa mellom Armenia og Tyrkia blei stengt.
Konflikten var (for det meste) kald fram til det braut ut ny krig, som vara i seks veker, i 2020. Petroleumsstaten Aserbadsijan hadde blitt rikare, sjølvsikker og lei av at samtalane med Armenia ikkje førte fram. I tillegg spela tre andre faktorar inn. For det første hadde også Tyrkia blitt meir sjølvsikker og forsynte Aserbajdsjan med militær støtte i form av rådgjevarar og syriske leigesoldatar. For det andre hadde forholdet mellom Russland og Armenia blitt kjølegare etter ein relativt fredeleg «fargerevolusjon» i 2018, og fengslinga av ein tidlegare president og ven av Putin. Regjeringa i Azerbaijan gjekk derfor ut ifrå at Russland sin «antivestlege allianse» med Tyrkia ville vere viktigare enn å støtte Armenia. Noko som viste seg å stemme. For det tredje hadde USA-imperialismen, under Trump, gradvis trekt seg ut av området.
Aserbajdsjanske styrkar tok da tilbake mange av områda, etter at Rusland og Tyrkia fekk i stand ein fredsavtale som blei hylla i Aserbaidsjan, men utløyste kraftige demonstrasjonar der armenarar fordømte eigen statsminister for å ha gått med på avtalen. Den Aserbajdsjanske regjeringa pressar no på for ein avtale som vil fullbyrde sigeren deira.
Bilde: The Economist
Medan dei no omringar territoriet fullstendig, held Aserbaidsjan bokstaveleg talt alle korta. Armenia sin statsminister, Nikol Pashinyan, har sagt seg villig til å godta Azerbaijansk suverenitet over Karabakh med sine titusenar av etnisk armenske innbyggarar. Armenarane håpar framleis på å sikre ein slags garanti for rettar og tryggleik for karabakh-armenarane. Men eit utålmodig Aserbaidsjan prøver å sette fart på den diplomatiske prosessen – på bekostning av den Armenike befolkninga det hevdar å ville ønske velkommen tilbake i folden.
I desember iverksette regjeringsstøtta demonstrantar ein blokade av «Lachin-korridoren», den einaste vegen inn og ut frå Karabakh til Armenia. Sivil ferdsel blei avgrensa og forsyningar til Karabakh med mat, drivstoff og anna naudsynt blei innskrenka, sjølv om det kom inn nok til å unngå alvorlege vanskar. Men i april erstatta Aserbaidsjan demonstrantane med ein offisiell grensekontroll ved korridoren og i midten av juni stoppa dei all ferdsel. Ingen varer har gått gjennom sidan da.
Under krigen i 2020 utplasserte Russland «fredsbevarande styrker» i korridoren dei lenge hadde ønska inverknad over. Desse skulle etter planen vere der i fem, kanskje ti, år. Dette var ikkje ønska frå Aserbajdsjan si regjering etter som dei frykta russisk innblanding slik ein hadde sett i Georgia i 2008, men i frykt for å kome i direkte krig med Russland måtte tilstedeværet godtas og krigshandlingene i Nagorno-Karabakh stanse.
Tyrkia hadde også interesse av avtalen og kan ha vore involvert i forhandlingane sjølv om dette ikkje nemnast der. Etter underteikninga av avtalen fekk dei ein transportkorridor gjennom armensk territorium, frå den aserbajdsjanske enklaven Nakhchivan, som grenser mot Tyrkia, til hoveddelen av Aserbajdsjan og det kaspiske havet. Slik blei Tyrkia knytt til Sentral-Asia og Kinas belte- og veg-initiativ. Russland fekk kontroll over sjølve vegen medan tyrkiske og kinesiske varer blei transportert.
Stilt ovanfor den aukande mangelen inne i Karabakh, har Aserbajdsjan tilbudt ei livline: å opne sin eigen veg der forsyningar kan sendast frå andre stader i Aserbajdsjan. Men karabakh-armenarane ser dette som ein Trojansk hest som vil føre til at Aserbajdsjan får tilbake den effektive kontrollen over territoriet. Dei har gått så langt som til å sette opp sin eigen blokade, med sementblokker, på den nye vegen. For augeblikket veg den politiske uroa deira tyngre enn dei humanitære konsekvensane.
Internasjonale meklarar, leia av EU, forsøker å hjelpe dei to partane til å finne ein utveg. Eit kompromiss vil sørge for at begge vegar opnast, men regjeringane kranglar om prosessen. aserbajdsjanarane har tilbudt å opne Lachin-korridoren dersom vegen deira opnast først, men armenarane seier det er lureri og krev at dei to vegane opnast samstundes.
Det er vanskeleg å få tak i uavhengig informasjon frå det innestengde Karabakh. Men det er teikn til ein intens maktkamp mellom etnisk armenske leiarar der. I slutten av august gjekk, de facto president, Arayik Harutyunyan av etter skuldingar om at han er villig til å inngå kompromiss med aserbajdsjanarane. Meir uforsonlege karakterar har hevda seg.
Samstundes har det ofte brote ut samanstøyt ved grensa: Første september blei det meldt om tre drepne armenske soldatar etter skyting over grensa. Det er vanskeleg å sjå ein veg ut av uføret. Men uansett utfall, forsvinn eit kvart håp om at karabakh-armenarane kan leve i fred i Aserbajdsjan raskt.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.