Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Våre kamerater i Dem Volke Dienen skrev den 18. september 2023 om ein vellykka blokade av ein anti-abort marsj i Köln.
Den 14. september skulle «Marsj for livet» finne stad for første gong i Köln den 16. september. «Marsjen» er eit opptog organisert av forskjellige reaksjonære organisasjonar for kriminaliseringen av abort. Nokre få hundre menneske samla seg på Kölner Heumarkt [red: eit torg i Köln] laurdag den 16. september, men det kom ikkje mykje ut av denne «marsjen», da han var over etter nokre hundre meter på grunn av dei mange blokadane.
«Marsjen» denne laurdagen vart nok ikkje som mange av deltakarane i den reaksjonære anti-abortdemonstrasjonen hadde forestilt seg, men dei hadde gjort stort inntrykk med sin første aktivitet på torget. Der hadde dei ein «kick-off-rally» med ei stor scene, videoskjerm, internasjonale «gjestar» – som abortmotstandarar frå Nederland – ballongar, og musikk. Men det kom lite ut av det til sjuande og sist. Alle som ikkje kom tidsnok til åpningsmøtet måtte rekne med å miste alt materialet sitt og få nokon ørefikar på veg til møtet. Og allereie før demonstrasjonen endeleg starta meir enn ein halvannan time forsinka, var ruta sperra, sånn at politiet måtte bytte til ei tilsynelatande førebudd alternativ rute.
Men sjølv på denne ruta fekk dei ikkje gå langt. Etter berre nokre hundre meter, kom det spontane blokadar av demonstrantar, som i dei kommande timane vart supplert med ytterlegare blokadar på alle sider av Heumarkt, sånn at berre vegen tilbake til formøtet gjensto. Politiet var på staden med for få styrker – til tross for forsterkningar med hundrevis av styrkar frå blant anna Hamburg – til å handheve demonstrasjonsruta, og ein stor del av dei var opptekne med å vilkårleg angripe deltakarane i den første blokaden.
Dette tillot motdemonstrantar å komme inn på området til åpningsmøtet, medan blokadane framleis pågjekk, kor dei øydela propagandamateriale. Til slutt, etter den massive forsinkinga, måtte «marsjen» bli ført av politiet tilbake til det herja området kor dei hadde åpningsmøtet. Arrangørane av motaksjonen seier derfor veldig rettkomme om ein fullstendig suksess for motaksjonen, sidan ikkje berre sjølve marsjen vart forhindra, men heile «marsjen» vart gjort om til ein farse.
Referanse
Vollständige Blockade des „Marsch für das Leben“ in Köln
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.