Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Det meldast om at tusenvis har deltatt i solidaritetsmarkeringar for Palestina i Dublin dei to siste vekene. Det har også vore aksjon mot den israelske ambassaden.
Måndag 9. oktober demonstrerte fleire grupper, deriblant People Before Profit, utanfor den israelske ambassaden. Borgarleg media melder at fleire hundre deltok i markeringa og på kvelden blei to arrestert. Den ein etter å ha kasta raud maling på ambassadedøra. Det blei også meldt om eit stort politioppbod med trekte batongar som ropte at demonstrantane ikkje måtte krysse gjerdet ved ambassaden. Ein veg vart avstengt som følge av demonstrasjonen der det blei ropt “Palestine Will be free”, tent bluss og vifta med palestinske flagg. Ei lita gruppe demonstrantar skal også ha øydelagt israelske flagg som var lagt ned ved ambassaden.
Laurdag 14. oktober gjekk eit stort demonstrasjonstog frå hovudgata, O’Connell Street, til Israel sin ambassade. På eit tidspunkt skal det ha vore så mange til stades at det blei heldt appellar frå to scener ved kvar sin ende av demonstrasjonen.Ein appellant krevde at den israelske ambassadøren må utvisast, ein annan boikott av israelske varer. Andre igjen fortalte om kjente som var drepne under angrepa på Gaza. Også appellantar frå Syria og Libanon viste solidaritet med det palestinske folket. Det er varsla solidaeitetsmarkeringar kvar laurdag dei komande vekene. Sist laurdag blei det også meldt om markeringar i Ennis, Cork, Carlow, Limerick og Galway.
Titusenar slutta seg til demonstrasjonstog i britiske byar som Manchester, Liverpool, Edinburgh og sentrum av London. Også der har det blitt demonstrert ved den israelske ambassaden.
Referansar
Two men arrested in Dublin as hundreds gather outside Israeli embassy to protest bombing of Gaza – The Irish Times
Supporters of Palestine march to Israeli embassy in Dublin to protest against bombing of Gaza – The Irish Times
Thousands of protestors march through Dublin in support of Palestine – The Journal
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.