Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Sidan i fjor har Trondheim kommune, St.Olavs Hospital og andre kommunar i regionen, innført det digitale journalsystemet «Helseplattformen». Systemet, og leiinga ved helseføretaket har fått skarp kritikk heile vegen. Seinast av ein kommentator i Adresseavisen.
I ein kommentarartikkel skriv han mellom anna at dei tilsette har gitt opp, at det ikkje blir meir nedslåande og at Trondheim har fått ei helseteneste som blir verre og verre for kvar dag. Systemet blei kjøpt for milliardar frå eit amerikansk konsern.
Avisa har også snakka med leiarar innan helsetjenester i Trondheim kommune som seier at systemet «holder rett og slett ikke mål», gjer arbeidet meir tungvint, feil stansar arbeidet og at informasjon forsvinn.
Skybakkmoen i Adresseavisa konkluderar med at systemet har gjort det farlegare å bli sjuk og at det antakeleg skapar problem både for finansiering av- og rekruttering til helsetjenesta, og slår fast: «Er det lenger noen tvil? Dette er en skandale for helsetjenestene i vår region. Det er en offentlig anskaffelses-skandale. Og det er en politisk skandale.»
Han skriv vidare at ein med systemet har importert ein bit av amerika som øydelegg bildet av den norske velferdsstaten og kritiserer helseministeren for at ein ved å skulde på brukarfeil har skapt eit inntrykk av at det handlar om vrange helsearbeidarar som nektar å tilpasse seg. Denne påstanden blei slått tilbake av staten sitt helsetilsyn i vår.
Referanse:
Mayday, mayday! Nå trenger vi din hjelp, Kjerkol – Adresseavisa (bak betalingsmur)
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.