Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
I Oslo og Trondheim blei det demonstrert mot at leiinga ved to universitet ikkje går inn for boikott, eller ville heise det palestinske flagget i samband med FN sin dag for solidaritet med det palestinske folket, onsdag 29. november.
Ved Universitetet i Oslo arrangerte studentparlamentet blokade utanfor bygget der universitetsleiinga har kontor. Rektoratet der har avslått både krav om å boikotte varer frå okkuperte palestinske område, og å markere FN sin dag for solidaritet med det palestinske folket. Demonstrantane sa til universitets- og høgskoleavisa Khrono at dei opplevde støtte frå tilsette som peika på dobbeltmoralen i at UiO flagga forl Ukraina, men nekta å gjere det for Palestina.
I Trondheim sto demonstrantar med tiknytta NTNU ved ein av hovudvegane og vifta med palestinske flagg. Som i Oslo peika ein av demonstrantane på dobbeltmoralen i korleis universitetet handterte okkupasjonen av Ukraina, da hovudbygget lyste i blått og gult, medan dei no nektar å heise det palestinske flagget. Til Khrono seier han vidare at han reagerar på at ingen vil boikotte israelske universitet eller snakke om sanksjonar mot Israel.
NTNU har fått kritikk etter at det frå leinnga blei argumentert mot boikott ved å vise til at regjeringa ikkje går inn for boikott av Israel, noko dei gjer overfor Russland etter invasjonen av Ukraina. Resonementet har fått kritikk, mellom anna av direktøren for dei nasjonale forskingsetiske komiteane som, utan å uttale seg konkret om dette spørsmålet, slår fast at universitet har ansvar for å gjere eigne vurderingar av forskingssamarbeid og ikkje kan følgje regjeringa blindt.
Referanser:
Rektor møtte studentparlamentet i døra – Khrono
Mener NTNU ikke oppfyller sitt etiske ansvar i boikott-sak – Universitetsavisa
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.