Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Ei omfattande gransking gjort av NRK viser at meddommarar blant anna er rikare enn dei som blir dømte, og at dei går inn for strengare straffar di meir dei tener.
Undersøkinga, der det er sett på 9000 tingrettssakar, finn at meddommarane i snitt tener 200 000 kr meir, og er ni år eldre enn resten av populasjonen som kvalifiserer for vervet. For å kunne vere meddommar må ein vere mellom 21 og 70 år, snakke- og forstå norsk, og bli sett som personleg eigna. Vidare er heile 92% av meddommarane fødde i Norden, og har norsk-klingande namn. Blant dei som kvalifiserer til å vere meddommarar er prosentdelen 76. Når det gjeld alder er snittalderen blant dei som er meddommarar 53 år, medan den er 44 for populasjonen som kunne vore det.
Snittlønna for ein meddommar er 835 000 kr. Snittlønna er på 635 000 kr, eit tal som trekkast kraftig opp av rike, og ei lønn som er svært mykje høgare enn det mange tener. Dette har TFM skrive om tidlegare. Sjå lenke under. Snittlønna for dei tiltalte er 400 000 kr. Går vi tilbake til å sjå på bakgrunn har 67% av dei tiltala nordisk bakgrunn. Meddommarane er i snitt 17 år eldre enn dei tiltala.
Eit uttala prinsipp i borgarleg juss er at ein skal dømast av sine likemenn, men rettssystemet behandlar ikkje fattige og rike likt. Undersøkinga viser altså, ikkje overraskande, at dette heller ikkje gjeld representasjon blant dei som skal representere «folket» i domstolane.
Les også:
Referanse:
Det store dommerlotteriet – NRK
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.