Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Den siste veka har fleire akademikarar skrive innlegg mot norske universitet og høgskolar si handtering av folkemordet på Gaza, og at fleire institusjonar samarbeider med aktørar som bidreg til dei israelske styrkane.
Alle 11 høgare utdanningsinstitusjonar på Gaza er no heilt, eller delvis øydelagte, tre av dei er totalskadd. Eit av dei hadde blitt brukt som base av sioniststaten sine soldatar i 70 dagar før det blei øydelagt i ein kontrollert eksplosjon som også øydela eit museum med tusenvis av arkeologiske gjenstandar. I tillegg er fleire hundre universitetstilsette og studentar drepne. I tillegg har fleire universitet på Vestbredda blitt invadert av okkupasjonssoldatar som ofte ramponerer eigedomane. Dessutan fører okkupasjonen til at det for mange er umogleg å kome seg fysisk til lærestadene.
Dette, og dei andre langt verre konsekvensane av den sionistiske terroren er bakgrunnen for ein kronikk der fleire tilsette i akademia krev slutt på samarbeid mellom norske utdanningsinstitusjonar og tilsvarande institusjonar i Israel som støttar denne. Døma dei trekk fram er fleire samarbeidsavtalar. Universitetet i Bergen samarbeider med Tel Aviv University, som driv innsamlingsarbeid for studentar som krigar i Gaza, NTNU har utveksling med eit kunstakademi i Israel som aktivt støtter krigsbrotsverk, OsloMet og Universitetet i Søraust-Noreg samarbeider med University of Haifa, som på nettsidene skriv at «Vi står saman med IDF sine offiserar, soldatar og heile staten Israel».
Forfattarane kritiserer også fleire av rektorane ved universitet og høgskolar for å gjere for lite, samanlikna med handteringa av Russland sin invasjon av Ukraina. Fleire av dei som da fordømte okkupasjonen og uttrykte solidaritet med det ukrainske folket, lar no vere å nemne at det pågår ein okkupasjon når dei snakkar om «brot på folkeretten» og «medkjensle». I tillegg snakkar dei om «begge sider i konflikten» i staden for å snakke om solidaritet med det palestinske folket.
Forfattarane viser også til at Universitetet i Søraust-Noreg samarbeider med norske våpenprodusentar. Desse selskapa produserer våpen som sioniststaten brukar i folkemordet. Også NTNU har slikt samarbeid. Studentar for Palestina skriv i eit innlegg at universitetet i årevis har samarbeida med bedrifter som bidreg til okkupasjonen og trekk fram Kongsberggruppa, som produserer delar til flya som no bombar Gaza. Også Studentar for Palestina peikar på øydeleggingane av palestinske universitet, og begge innlegga vi har referert til viser til at nokre norske utdanningsinstitusjonar har kutta ut samarbeid med institusjonar i Israel når dei går imot argumentet om at slike brot går ut over akademisk fridom. Studentorganisasjonen skriv avslutningsvis at dei oppfordrar studentane ved NTNU til å delta i skolestreik fredag 2. februar frå kl.12 til 14, og at dei samstundes vil arrangere demonstrasjon på Campus Gløshaugen der dei krev at NTNU:
- Frys samarbeidet med Kongsberggrupp, fram til Kongsberggruppa sluttar å sel våpen eller våpendelar til Israel, enten direkte eller via tredjeland.
- Avsluttar alle utvekslingsavtalar med israelske universitet og høgskoler.
- Ikkje inngår nye forskingsprosjekt med israelske statlege institusjonar og bedrifter som bidreg til okkupasjonen, via Horisont Europa-rammeavtalen.
Les også:
https://tjen-folket.no/index.php/2023/12/17/norge-nammo-kartlegger-palestina-aktivister/
Referansar:
Hvor er norsk akademia- ens universitetene i Gaza blir tilintetgjort? – Khrono
https://www.adressa.no/midtnorskdebatt/i/GMk2dx/studenter-for-palestina-ved-ntnu-flaut-og-vondt-aa-tenke-paa
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.