Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Universitetsavisa meldte 7. mars at det skulle arrangerast «Pils og Porno», som internfest på Studentersamfundeet på kvinnedagen.
Arrangøren var Laurdagskomiteen, som er ansvarleg for det kulturelle som føregår på huset på laurdagar, med andre ord ein sentral aktør i studentmiljøet og for mange andre, sidan Studentersamfundet er ein viktig konsertstad i Trondheim. Sjølv om dette føregjekk i eit lokale som ikkje er ope for offentlegheita har det kome reaksjonar.
Universitetsavisa skriv at dette er eit årleg arrangement der det visast porno-videoar og hengast opp pornografi på veggane. Avisa skriv at deltakarar blei oppfordra til å kle seg minimalt og siterar frå invitasjonen: ««Dette er ikke bare en enkelt fest, det er en påminnelse om behovet av autentiske og meningsfulle opplevelser av samvær».
Det skal ha vore ein student som reagerte på at det skulle vere eit slikt arrangement på 8. mars som tipsa om saka. Også Raudt Trondheim Studentlag reagerar på arrangementet. I følgje UA seier ein representant: «Det er så mange kvinner i verden som blir utnyttet av pornoindustrien, så jeg stusser litt over arrangementet og timingen på dette».
Komiteen som stod for arrangementet ville ikkje uttale seg til avisa og leiaren for Studentersamfundet seier at dette ikkje er eit arrangement i regi av Studentersamfundet og at dei ulike frivillige gruppene står fritt til å arrangere private arrangement, så framt det ikkje strir mot Studentersamfundet sitt interne reglement. Ho seier arrangøren må rekne med reaksjonar men vil ikkje meine noko om eit slikt arrangement bør finne stad på Studentersamfundet.
Referansar:
Inviterer til pornofest på kvinnedagen – Universitetsavisa
Lørdagskomiteen – samfundet.no
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.