Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Den revolusjonære nettavisa The Red Herald har publisert to artiklar om korleis den russiske staten og andre reaksjonære brukar terrorangrepet i Moskva 22. mars, og om korleis russisk imperialisme si krigføring har ført til at krigen har kome «heim» til dei. Dette er ei oppsummering, og vi oppfordrar lesarane våre til å lese heile artiklane.
Den eine artikkelen er ei uoffisiell oversetting frå den russiske nettstaden Sluzhit Narodu som skriv at både offisielle russiske- og diverse reaksjonære fascistiske media byrja å spekulere med det same den nådelause handlinga fann stad. Til tross for at IS raskt tok på seg ansvaret, byrja desse media å hevde at Ukraina var involvert i planlegginga. Dette grepet kunne gagne eliten i Russland som vil utnytte raseriet til å fremma enda strengare lovar og innskrenke fridomen til innbyggarane og til og med fjerne all open opposisjon i landet. I tillegg kunne det sjølvsagt legitimere ytterlegare opptrapping av krigen. Artikkelen siterar fleire makthavarar og media som bygger opp under dette. Det trekkast også fram at etter terroren blei innvandrarar, muslimar og folk frå Kaukasus framstilt som moglege terroristar og ein fare for «den russiske staten»
I den andre artikkelen skriv kameratane i The Red Herald at Yankeeimperialismen skal ha fått informasjon om eit mogleg terrorangrep og delt denne vidare til styresmaktene via yankeeambassaden i Russland. I etterkant av terroren publiserte IS sitt nyheitsbyrå videoar av dei væpna mennene og aksjonen samt ein selfie der dei feirar angrepet. Som eit ledd i å knytte dette til Ukraina har russiske styresmakter uttala at dei fire gjerningspersonane skal ha forsøkt å flykte dit etter dei blei fanga. Den russiske imperialismen hevdar også at den ukrainske staten venta ved grensa for å beskytte terroristane. Russisk imperialisme hevdar vidare at dei gripne er frå Tadsjikistan og del av ISIS-K, som er IS si grein i Afghanistan og opererer i det dei kallar Khorasan-provinsen, det vil seie Sentral-Asia.
Yankeeimperialismen ser gruppa som ein aukande trussel og knyt dei mellom anna til angrepa på flyplassen i Kabul, da imperialistane flykta, og til angrep i Iran under markeringa av drapet på Suleimani. Ifølge Yankeeanalytikarar meiner ISIS-K at Russland har muslimblod på hendene etter invasjonane i Afghanistan, Tsjetsjenia og Syria. Gruppa skal også vere bak eit angrep på den russiske ambassaden i Kabul. Borgarlege akademikarar peiker på at gruppa ikkje berre driv væpna kamp i Sentral-Asia, men i tillegg angrip aktørar med ei viktig rolle i området og kan slik slå til innanfor impreialistmaktene sine nasjonale grenser.
Etter å ha fastslått at angrepet 22. mars er det største sidan slutten av 90-talet og tidleg 00-tal, angrep som også førte til imperialistisk offensiv i Kaukasus, går artikkelen vidare med fleire døme på brotsverk frå den sovjetiske sosialimperialismen og russisk imperialisme i Sentral-Asia Den nemner den tiårige okkupasjonen av Afghanistan, innblanding i borgarkrigen i Tadsjikistan på nittitalet og militærintervensjonen i Kasakhstan etter opptøyane i 2022. Saman med krigane i Tsjetsjenia ser den muslimske befolkninga denne aggresjonen som angrep på identiteten sin, og muslimar i Moskva med opphav frå undertrykte nasjonar og folk har fordømt aukande angrep og islamofobi sidan innvandringa til den russiske hovudstaden skaut fart på 90-talet. Russisk imperialisme står bak angrep mot muslimar også i fleire land i Afrika og Midt-Austen gjennom militærintervensjonar og støtte til lokale lakeiar. Artikkelen nemner ei rekke land der dette har skjedd.
Avslutningsvis slåast det fast at denne politikken med aggresjon og represjon mot dei undertrykte folka og nasjonane i verda, viser korleis russisk imperialisme er ein stor undertrykkar. Mange av desse folka deler den islamske religionen, nokre av desse har blitt brukt av organisasjonar som ISIS-K og ulike opprørsgrupper som leier massane sitt sinne mot russisk imperialisme. Dette viser også den historiske realiteten når det kjem til imperialistiske intervensjonar som er at når dei tar krigen til utlandet så kjem krigen heim. Sovjetisk sosialimperialisme, og deretter russisk imperialisme, tok krigen til folket i Afghanistan og land i Kaukasus, Afrika og Midt-Austen … og etter alt dette kom den tilbake i form av fleire væpna aksjonar på russisk territorium og i form av opprør i desse territoria.
Alt dette peikar på at til tross for at russisk imperialisme oppnår å sakte avansere i si noverande hovudutfordring, som er den imperialistiske angrepskrigen mot Ukraina, og er framleis ein viktig aktør på den internasjonale scena, likevel er den ikkje allmektig. Den brutale represjonen på internt plan og den store militærmakta har ikkje vore nok, og viser enda ein gang at imperialismen er ein papirtiger når den undertrykker og stillast ovanfor verdas folk.
Referansar:
Russia: The reaction is using the tragedy at Crocus City Hall for its own purposes
Attack of the ISIS-K in Moscow: “The war comes back” to Russia’s heart
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.