Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
I byrjinga av april skreiv kameratane i finske Punalippu (Raud Fane) om at leiinga i Sentralfagforeininga (SAK, finsk LO, vår merknad) avslutta ein fire veker lang politisk streik mot velferdskutt og innskrenking av streikeretten.
Bakteppet for streiken var fleire forslag lagt fram av den konservative regjeringa til statsminister Petteri Orpo. Desse forslaga var mellom anna velferdskutt og innskrenking av varigheita på politiske streikar til berre éin dag.
Sjølv om streiken var stor med 7000 streikande og sjølv om streiken gjekk utover finsk eksport og drivstofftransport, bestemte altså leiinga i SAK at streiken skulle avsluttast. Dette skjedde etter press frå regjeringa som sa at dei ikkje ville gå med på å forhandle med fagrørsla om dei heldt fram med streiken. Før leiinga bestemte seg for å avslutte, hadde dei forlenga streiken to gonger, og attpåtil sagt at dei ikkje kjem til å avslutte streiken før regjeringa går til forhandlingsbordet.
Leiinga til SAK uttrykker den same opportunistiske haldninga som vårt eige LO òg gjer: dei prøver å gjera streiken om til sin eigen demonstrasjon av styrke, men blir til slutt berre eit uttrykk for tannlaus reformisme. Fagrørsla si leiing samarbeider heller med staten enn å kjempe for arbeidarane sine krav.
Referansar:
SAK päätti: Lakot loppuvat ensi viikolla – Helsingin Sanomat
SAK:n opportunistinen johto antamassa periksi – taistelkaa vallankumouksellisen vapun puolesta! – Punalippu
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.