Skrevet av en bidragsyter for TFM.
Tjen Folket Media har gjennomført to intervju med aktivistane Magnus Barka Hjelle, leiar for Studenter for Palestina Trondheim som tok initiativ til solidaritetsleiren Thawra, og Ahmed. Dei fortel om krava leiren stiller til universitetet, korleis dei har vorte møtt og om kva for støtte dei treng.
TFM: Leiren dykkar har nokre krav til NTNU. Kva er dei krava?
Ahmed & Magnus: Vi har fire krav. Det første er at NTNU fryser samarbeidet sitt med Kongsberg Gruppen (KG) fram til dei sluttar å selje våpen og delar til Israel både direkte og indirekte via tredjepartar. Det andre kravet er at NTNU utfører ein akademisk boikott av Israel og dermed sluttar å inngå nye samarbeidsavtalar med israelske institusjonar. Dei tredje og fjerde krava er at NTNU fordømmer israelske åtak på sivile mål og utdanningsinstitusjonar og at NTNU hjelper med gjenoppbygging av dei raserte utdanningsinstitusjonane i Palestina.
Ahmed: Desse er våre krav, og vi står fast bak dei.
TFM: Dykk vil ikkje inngå noko kompromiss på desse krava?
Ahmed: Nei, det vil vi ikkje.
TFM: Gjeld kravet dykkar om frysing av samarbeid med Kongsberg Gruppen òg våpen seld til den største imperialisten, USA?
Ahmed: Vi krev ikkje noko frysing av sal til USA, men det burde vera enkelt for KG å nekte vidaresal til Israel fra USA.
TFM: Desse krava har no vorte røysta over ved NTNU. Kva er det som har blitt vedteke?
Magnus: NTNU har vedteke ei lita fordømming, men det var ei fordømming som såg på sidene som likestilte, med ei fordømming av Hamas sitt terroråtak og Israel sine åtak på sivile i Gaza. Det dei har vedteke som er viktig, er at dei har bestemt seg for å ikkje inngå nye samarbeid med israelske institusjonar. Når det kjem til kravet om Kongsberg Gruppen, har dei vald å halde fram med det. Til slutt vedtok dei å sjå på korleis dei kan hjelpe å gjenoppbygge sivil infrastruktur på Gaza.
TFM: Dette med fordømming: kven meiner du bør fordømmast?
Magnus: Det er Israel som er okkupanten som driv med folkemord, det er jo dei som burde fordømmast. Motsett så skjønnar eg at NTNU ikkje treng å komma med ei støtteerklæring til motstandsrørsla; men at dei kvar gong nemnar Hamas sitt terroråtak med det same dei fordømmar noko Israel har gjort – dei to er ikkje tilsvarande i det heile.
TFM: No er krava dykkar berre delvis innfridd. Trur de at det er realistisk at alle blir det?
Magnus: Neste styremøte er 11. eller 12. september, så vi har tre månader å pushe kravet om boikott av Kongsberg Gruppen. Eg meiner det er mogleg; vi hadde ikkje hatt det målet om vi trudde det var umogleg. Dei har ikkje bygd NTNU på avtala med Kongsberg Gruppen, men eg trur det sit veldig langt inne for dei å avslutte det.
TFM: Vegen vidare til møtet i september; vil de gjera leiren større eller utvide aksjonen på annan måte?
Magnus: Planen er å førebu oss til fadderveka og starten på neste semester, så vi kan rekruttere så mykje som mogleg. Vi har ikkje planar om eskalering enno, men det er alltid ein trugsel om det. I og med at dei har vedteke dei fleste av krava våre allereie, ser vi på ei eskalering ved å utvide leiren som det beste.
Ahmed: Vi vil halde fram med leiren, som vi har fått lov av NTNU til å ha fram til 1. september. Om vi ikkje kan ha leiren lenger enn det, sjølv om vi søkjer om det, så er vi jo aktivistar, så vi er førebudd på å gjera det som trengst.
TFM: I andre land rundt om i verda har fleire leirar blitt åtaka og fjerna av politi. Korleis vil dykk reagere om det skjer her i Trondheim?
Magnus: I Bergen til dømes okkuperte dei ei bygning, noko vi òg kan gjera om vi ikkje blir teke seriøst, men til og med da i Bergen vart dei ikkje møtt med politiet. Vi er i ein annan situasjon enn dei i nabolanda våre og i USA.
TFM: Kva type hjelp er det dykk treng mest framover?
Ahmed: Vi er avhengige av å få folk som kjem opp uansett om du berre vil vera her eller donere mat. Spesielt når hausten kjem og det kjem mange nye aktivistar til leiren, treng vi folk som kan stille med mat.
Magnus: Det er det med å ta vakter som er viktigast. Vi treng vakter her heile tida for å sikre leiren. Vi har hatt folk som prøver å stele frå telt, og vi har hatt rusa folk som plagar oss, så å ha minst to vakter her til ei kvar tid er veldig viktig.
TFM: Har det vore noko åtak på leiren?
Magnus: Nei, det har ikkje vore noko åtak på leiren som ein til dømes ser i USA med organiserte sionistbandar og politi. Berre kranglefantar.
TFM: Korleis kan vi best vise støtte til Palestina?
Ahmed: Palestinarar på Gaza veit at mange i Noreg viser støtte til dei. Og det er nettopp denne internasjonale solidariteten som gjev styrke og mot. Vi som ikkje er på Gaza må snakke høgt om det som skjer der og vise solidariteten vår. Sjølv om det har gått ni månader sidan folkemordet starta, kan vi ikkje gje opp.
TFM: I protokollen til styremøtet nemnast ikkje Palestina i det heile, berre Gaza. I tillegg er israelarar omtala som “gislar” og”offer”, medan palestinarar/Hamas som angripaen. Du og vi i TFM meiner jo sjølvsagt ikkje at Israel er noko offer, men at dei heller er den koloniserande okkupanten og palestinarane dei kjempande undertrykte. Svaret og løysinga frå FN og mange land har vore tostatsløysing og diplomati. Kva meiner dykk om totstatsløysing og eventuelt ei anna løysing?
Magnus: Eg har personleg ikkje noko tru på tostatsløysing. Vi i Palestinakomiteen og Studenter for Palestina meiner at det er opp til palestinarane sjølve å finne den beste løysinga, ikkje opp til oss i Noreg. Palestinarane som er aktive her i leiren har heller ikkje noko tru på tostatsløysinga.
Ahmed: For min del, trur eg ikkje på ei tostatsløysing. Palestinarar og Israelarar har prøvd med tostatsløysing sidan nittitalet og fram til no har ingenting positivt skjedd, berre framleis okkupasjon og drap. Løysinga for min del er berre ei einstatsløysing kor alle har dei sama rettane.
TFM: Du vil har ein palestinsk stat?
Ahmed: Eg vil ha ein palestinsk stat, ja, der alle jødar, muslimar og kristne har dei sama rettane. Ein fri, demokratisk, sekulær og palestinsk stat.
TFM: Heilt til slutt: motet held seg?
Ahmed & Magnus: Ja, motet held seg. Det er rolegare no i sommarferien, men vi har like vel folk som droppar å fara heim til familie for heller å ta vakter her. Vi kjenner på samhaldet og det er god stemning.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.