Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Kameratane våre i danske Raude Fane skriv at dansk imperialisme forsøker å styrke seg i Afrika. Vi oppmodar lesaren til å lese heile artikkelen via lenka nedst i saka.
Raude Fane skriv at den imperialistiske danske staten opnar nye ambassadar i Tunisia, Senegal og Rwanda, samstundes som ambassadane i Mali og Burkina Faso stengast. Dette er ledd i regjeringa sin nye Afrika-strategi med milliardinvesteringar i fleira afrikanske land. Vidare er utanriksminister Lars Løkke Rasmussen og departementet klare på at dette handlar om «klare danske interesser» og at de vil «auke den diplomatiske muskelkrafta» ved ambassadane i Egypt, Kenya, Nigeria og Ghana.
Kameratane er klare på at dette er eit ledd i kappløpet om Afrika imperialistane imellom, og trekk fram at det dei siste åra har vore fleire statskupp der reaksjonære leiarar som støtta ein imperialist har blitt erstatta av andre reaksjonære som stør ein annan imperialist. Vidare skriv dei om at dei store imperialistane Storbritannia og Frankrike lenge har operert gjennom EU, mens det sosialimperialistiske Kina har styrka seg på kontinentet dei seinare åra og at den såkalla «økonomiske veksten» i fleire afrikanske land ikkje gagnar andre enn borgarskapet i imperialistiske land.
Referanse:
Dansk imperialismes nye ›kapløb om Afrika‹ Røde Fane
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.