Omsett for Tjen Folket Media av ein bidragytar.
Vi har oversett ein tekst frå dei finske kameratane i Punalippu om arbeidsinnvandring, rasisme og finsk imperialisme. Eventuelle feil og manglar står for vår rekning.
Publisert av Punalippu 13.09.24.
Debatten om innvandring rasar blant det finske borgarskapet. Dei er bekymra for om Finland er eit attraktivt land for «internasjonale talent» eller ikkje. Dei insisterer på at rasisme må utryddast, for Finland kan ikkje overleve utan innvandring. Nyleg blei det derimot teikna opp eit trugande bilde av ukontrollert innvandring. Antti Kaikkonen, politikar i Suomen Keskustan (lik norske Senterpartiet, vår merknad), sa at «Vi tek utgangspunkt i at du kan komma hit for arbeid. Vi treng derimot ikkje kriminelle, vi treng ikkje bombar her.» Dette uttrykkjer den parasittiske finske imperialismen og korleis han treng å auke utbyttinga og senke verdien av arbeid ved å bringe arbeidskraft til Finland frå undertrykte nasjonar.
I Finland er arbeidsrelatert innvandring utanfrå EU på eit historisk høgt nivå. Ved inngangen av 2024 søkte nesten 16 000 personar om si første opphaldsløyve basert på arbeid og/eller utdanning. Staten har hatt som mål å leggja til rette for rekruttering, og har til dømes forkorta saksbehandlingstida for opphaldsløyve. Derimot, vart det gitt ca. 6300 arbeidsløyve, over tusen færre enn i fjor. I tillegg til sesongarbeid, vart det gjeve ut flest opphaldsløyve til tilsette i reinhaldsbransjen, industri, omsorg og helse.
Nyleg sa Perussuomalaiset-politikar (Sannfinnane, euroskeptisk og nasjonalistisk parti, vår merknad) Jani Mäkelä at påstanden om “talentmangelen” berre er tull. Mot dette, sa EK-sjef (lik norsk NHO) Jyri Häkämies at Mäkelä sin påstand òg berre er tull. Ifølgje Häkämies tyder fødselsstatistikken og aaldring av folket at “talentmangelen” berre vil bli strammare med tida. Han seier at det stadig er fleire tusen menneske som forlèt arbeidsmarknaden enn som kjem inn. Samstundes er det framleis mange arbeidsledige i Finland, og arbeidsløysa blant unge og nyutdanna er spesielt høg. Prosentdelen arbeidsledige var 7,9% i juli, og for dei mellom 15 og 24 gjaldt det 11,5%. Generelt, har talet låge stabilt over 7%, noko som tyder at ei stor mengd menneske er konstant arbeidsledige. I EU, er det berre Spania og Hellas som har høgare arbeidsløyse, og sjølv i desse landa er situasjonen i ferd med å betrast, medan i Finland går utviklinga berre i dårlegare retning. Samstundes svakkar regjeringa til dømes vaksenopplæringa, noko som mogleggjer omskolering, feltskifte og utdanning for u-utdanna, «talentlause», vaksne.
«Talentmangelen» handlar difor ikkje om at det ikkje finst kvalifisert arbeidskraft i Finland, eller at slike «talent» ikkje kan trenast, eller lærast opp. Det handlar om at arbeidarar frå utbytta og undertrykte nasjonar utnyttast hardare enn finske arbeidarar. Dette senker prisen på arbeidskraft, og gjer det òg mogleg å importere høgt utdanna arbeidskraft frå utlandet. Spesielt arbeidar sesongarbeidarar under nesten semiføydale forhold i landbruket, kor sesongarbeidet sjølvsagt utførast av folk frå undertrykte nasjonar. Fleire saker har òg komme fram i til dømes bransjar som bærplukking, reinhald, restaurant, bygg og verftet i Åbo, kor arbeidarar frå undertrykte nasjonar har vorte halde under forhold som liknar slaveri.
Arbeidarar frå undertrykte nasjonar gjer spesielt tunge jobbar. Borgarskapet prøver å senke prisen på arbeidskraft ved å importere ho frå undertrykte nasjonar. Desse arbeidarane nyt ikkje arbeidararistokratiet sine spesielle rettar, og det er nettopp difor borgarskapet ønskjer å tilsette desse “internasjonale talenta”. Så det handlar ikkje berre om nasjonalitet, det handlar òg om klasse. I ein kronikk, uttalar Emilia Kullas, som er direktør for EVA (ein marknadsliberal tenkjetank, vår merknad), at konjunktursvingingar ikkje må lure ein, og at når økonomien tek seg opp vil det vera mangel på “sveisarar, bussjåførar, kodarar og sjukepleiarar”. Ifølgje Kullas kan ikkje Finland overleva utan innvandrarar, og ho krev til dømes ein slutt på behovsvurderinga ved søknad om arbeids- og opphaldsløyve. Dette vil gjera det lettare å erstatte innfødde arbeidarar med arbeidarar frå undertrykte land, fordi denne behovsvurderinga gjer at arbeidskraft utanfrå EU berre kan tilsetjast om det ikkje finst «tilgjengelege finske arbeidarar».
Samstundes treng borgarskapet òg høgt utdanna arbeidskraft. ETLA (næringslivets forskingsinstitutt) sin forskingsdirektør Heli Koski seier om auke i patentsøknadar frå utlendingar at «høgt utdanna innvandrarar styrkar evna til innovasjon og fremmar økonomisk vekst». Høgt utdanna «spesialistar» har til ein viss grad høve til å velja mellom ulike imperialistiske land grunna deira utdanningsnivå. Dette er grunnen til at sjølv det finske borgarskapet let til å vera bekymra for rasisme. Den finske imperialismen må difor jobbe for å skapa eit «positivt landebilde», som borgarskapet seier «for å lukkast i konkurransen mellom imperialistane.»
Difor har regjeringa sitt lovforslag om at opphaldsløyvet til innvandrarar som ikkje er EU-borgar skal tilbakekallast etter tre månader med arbeidsløyse vekka bekymring hos enkelte delar av borgarskapet. For «spesialekspertar» vil grensa vera seks månadar. Tremånadersregelen i seg sjølv går ikkje imot den finske imperialismen sine ambisjonar. På radio, uttala rådgjevar Katri Niskanen fra arbeids- og økonomidepartementet at Finland treng «internasjonale talent» for å «blomstre som nasjon». Han forsvarar regjeringa sine handlingar og seier at dei jobbar for å auke innvandringa. Han understrekar derimot òg behovet for «etter-overvaking»: staten må ha middel til å overvake innvandrarar for å sjå anten om dei framleis jobbar eller om studiane skrid fram. Slik kontroll eksisterer foreløpig ikkje. Han seier tre-til-seksmånadersregelen vil vera ein del av slik overvaking, som vil «reagere på avvik under opphaldet», noko som tyder strengare og spesifikk regulering av innvandring, «screening» av innvandrarar. Dette viser tydeleg at borgarskapet ikkje ønskjer innvandring grunna nokre «verdiar»; berre fordi dei kan auke utnyttinga.
Næringslivet sitt hovudforbund har kritisert regjeringa si innvandringslinje og sagt at Finland treng 50 000 innvandrarar kvart år. Ifølgje deira direktør vekker tremånadersregelen bekymring blant innvandrarar. Teknologibransjen har òg uttrykt bekymring for lova og kutt i integrasjonstenester. Teknologibransjen sin representant Eero Manninen skriv at integrasjon er ei investering som betalar seg sjølv.
Midt i alt dette, oppfordrar borgarskapet til sjåvinisme mot innvandrarar for å bryte og splitte opp arbeidarklassa. Ifølgje borgarskapet er ein «god innvandrar» ein som kjem til Finland for å arbeide, ein som kjenner sin plass og som til og med er takksam for å kunne komma til og bli utnytta i «det lukkelegaste landet i verda». Samstundes fremmast trugselsbilde av «kjeltringar og kriminelle». Spesielt tener Sannfinnane den finske imperialismen i denne oppløysinga av arbeidarklassa: han villeier massane, tener normaliseringa av sjåvinistisk retorikk og politikk, og appellerer på den andre sida til frykta for eit forfallande arbeidararistokrati.
Den parasittiske finske imperialismen er på frammarsj og borgarskapet meiner at arbeidarar frå undertrykte land berre bør koma til Finland for å tene den finske imperialistiske nasjonen, som allereie er næra med blod frå landa deira. Splittinga av arbeidarklassa i arbeidararistokratiet og i dei djupaste og breiaste massane veks. Arbeidskrafta sin verdi reduserast. Samstundes er mellomlaga i arbeidarklassa erodert, og desse pressast inn i relativ fattigdom og overfolking. Finske arbeidarar kjem meir og meir i kontakt med sine søsken i undertrykte nasjonar, og imperialismen sin røyndom blir tydelegare og tydelegare for dei. Til tross for alle borgarskapet sine forsøk på å sile gjennom innvandrarane etter dei som er mest gunstige for seg sjølve, og på grunn av utnytting av innvandrarar, sjåvinismen retta mot dei, øydelegginga av deira heimland, og storstilt innvandring frå undertrykte nasjonar, blir situasjonen meir eksplosiviteten òg i imperialistiske land. Grunna alle desse forholda intensiverast den antiimperialistiske kampen òg innafor dei imperialistiske landa.
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.