Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Fleire hundre menneske møtte opp utanfor Rådhuset i Bergen onsdag 30. oktober, for å protestere mot kutt i budsjettet for barnehagar og skular.
Onsdag 30. oktober organiserte Utdanningsforbundet i Bergen, Fagforbundet Vestland og Fagforbundet Bergenhus ein demonstrasjon før bystyremøtet der bystyret skulle legge fram sitt forslag til budsjett for 2025. Byrådet har tidlegare varsla kutt på 18,6 millionar for barnehagar og skular, og 1,7 millionar i kutt for spesialpedagogiske tenester. Finansbyrådet har også tidlegare trua med at haustens innsparing berre er “mikroskopiske bitar” i førehald til det som kjem i budsjettet for neste år.
Arrangørane skriv at dette er noko dei ikkje vil tolerere. Økonomien for mange av kommunens skular og barnehagar er allereie trang, og dette kan føre til meir sjukemeldingar for dei ansatte og vanskelegheiter med å følgje opp vald og truslar i skulen. Dei kallar haustens innsparingar for uforsvarlege.
Derfor krev dei at kravet om innsparingar i barnehagar og skular denne hausten vert droppa, at budsjettet for neste år står i samsvar med dei faktiske behova og ein styrking av bemanninga i barnehagane.
Tilslutta organisasjonar var Delta, Fagforbundet, Foreldreopprøret Bergen, Utdanningsforbundet i Bergen, FO Vestland og Norsk Lektorlag Vestland. I tillegg mobiliserte fleire skular og barnehagar ansatte og elevar for å komme på demonstrasjonen. Nokre av dei som var til stades var Midtun Skule, Rothaugen Skule, Leaparken Barnehagen og Christi Krybbe Skule.
Når alle desse stilte opp, så blei Rådhuset nesten komplett omringa av menneske. Det var mykje energi i dei yngste som ropte slagord som “Vi vil ha trapp! Vi vil ha trapp! Vi vil ha ny lekeplass!” og “Nok er nok” gjennom heile demonstrasjonen. Mange unge hadde også laga eigne plakatar som uttrykte krav om betre fasilitettar og meir bemanning på skulane. Fleire elevar på Christi Krybbe Skular sine plakatar uttrykte krav om å få den etterlengta opprustinga av skulen, som vart utsatt i sommar.
Det vert stadig meir og meir kutt innanfor den offentlege sektoren, som fører til både kutt i massane si velferd, men også til auka folkeleg motstand. Forråtninga i norsk imperialisme må gong på gong kutte og “spare” i velferd og utdannings sektorane, samtidig som den gamle norske borgarlege staten rustar opp med militarisering og auka våpenproduksjon. Medan imperialistane stadig sender fleire sektorar til kuttbordet, så møter dei stadig meir og meir motstand frå massane.
Referanser:
Facebook: Markering for en forsvarlig økonomi for skoler og barnehager i Bergen
Bergensavisen: Streiker mot kutt, Nok er nok!
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.