Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Kameratane våre i Punalippu (Raude Fane) har rapportert om fleire antiimperialistiske aksjonar i oktober for Palestina og mot sioniststaten sin kolonialisme og folkemord.
Helga 12. til 13. oktober hang aktivistar opp fleire plakatar og flagg i byen Tampere som ligg midt i landet.
Aksjonen var ein del av ein internasjonal kampanje for Palestina, etter initiativ frå koordineringskomiteen til Antiimperialistisk forbund (AIF). I Helsinki blei det òg hengt opp plakatar, og det blei heldt eit møte for AIF.
Den 14. oktober organiserte aktivistar i Helsinki ein demonstrasjon utanfor den israelske ambassaden. Demonstrasjonen vart arrangert for å vise motstand mot Israel si krigføring i Jabalia, ein flyktningeleir på Gaza som har vorte til ein by. Det var i underkant av hundre som møtte opp, men tross storleiken var det ein kraftfull demonstrasjon kor alle ropte slagord og kor dei palestinske flagga vaia prektig i vinden.
Politiet møtte opp med store styrkar. Dei forsøkte og avgrense demonstrasjonen ved å sette opp sperreband rundt. Under demonstrasjonen kom ein sionist ut av ambassaden for å høglytt uttrykkje sin støtte til folkemord og Israel. Demonstrantane svara med å rope slagorda enda høgare og slik jaga dei raskt vekk sionisten.
To dagar seinare, arrangerte aktivistar i Tampere eit ope møte med tittelen «Kva er imperialisme?» Arrangementet vart heldt av arbeidsgruppa i Finland for AIF. Tjue deltakarar møtte opp på møtet som var propagandert for med plakatar og flygeblad. Møtet forklara kva imperialisme er, og det blei vist fleire opptak frå forskjellige kampar i verda, spesielt frå den palestinske frigjeringskampen. Vidare snakka dei om den antiimperialistiske kampen og korleis den manifesterer seg i Finland og gjennom AIF. Til slutt vart alle på møtet invitert til å vera med å opprette ein antiimperialistisk organisasjon i Tampere. Møtet engasjerte dei frammøtte, og gode diskusjonar vart teke i mindre grupper etter presentasjonen. Mange var interesserte i organisasjonen og fleire ville vera med.
Referansar:
TRE: Aktioita toimintaviikonloppuna 12.-13. lokakuuta – Punalippu
HKI: Aktio Palestiinan tueksi – Punalippu
HKI: Mielenosoitus Israelin suurlähetystöllä – Punalippu
TRE: Anti-imperialistinen yleisötilaisuus – Punalippu
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.