Tjen Folket Media
  • Nyheter
    • Krigen i Ukraina
    • Aktiviteter
    • Innenriks
    • Norden
    • Europa
    • Asia
    • Afrika
    • Nord-Amerika
    • Latin-Amerika
    • Midt-Østen
    • Internasjonalt
  • Film
  • Om oss
    • Om oss
    • Disclaimer
    • Kontakt oss
  • Bidra
  • Teori
    • Revolusjonær teori fra Norge
    • Klassiske tekster
  • Lenker
    • Arkiv
    • Nettsider
  • English
Tjen Folket Media
Tjen Folket Media
  • Nyheter
    • Krigen i Ukraina
    • Aktiviteter
    • Innenriks
    • Norden
    • Europa
    • Asia
    • Afrika
    • Nord-Amerika
    • Latin-Amerika
    • Midt-Østen
    • Internasjonalt
  • Film
  • Om oss
    • Om oss
    • Disclaimer
    • Kontakt oss
  • Bidra
  • Teori
    • Revolusjonær teori fra Norge
    • Klassiske tekster
  • Lenker
    • Arkiv
    • Nettsider
  • English
  • Innenriks

Bergen: Demonstrasjon for akademisk boikott av Israel

  • 30. november 2024

Av ein kommentator for Tjen Folket Media.

Torsdag 28. november organiserte studentgruppa Aktivister for Palestina ein demonstrasjon for akademisk boikott på Muséplassen utanfor Administrasjonsbygget ved Universitetet i Bergen (UiB). Dei krev at UiB innfører ein fullstendig akademisk boikott av Israel, på grunn av det pågåande folkemordet  mot det palestinske folket på Gazastripa og den systematiske utslettinga av akademiske institusjonar i Gaza. 

Inni bygget så hadde Universitetsstyret, det øvste organet ved UiB, sitt siste styremøte i år. Etter å ha drøfta akademisk boikott som virkemiddel på eit styremøte i mars tidlegare i år, så har universitetsstyret og universitetsrektoren fleire gongar sagt at dei er imot akademisk boikott av Israel og dei har nekta å ta opp igjen saka. Dette til tross for at kravet om akademisk boikott har vore eit av hovudkrava til fleire demonstrasjonar ved universitetet, studentleiren som var ved universitetet i vår og aksjonen som blokkerte inngongane til Administrasjonsbygget før sommaren. 

Demonstrasjonen blei avholdt framfor hovudinngangen til administrasjonsbygget. Metallgjerder stenger av eit stort område framfor bygget, der hovudteltet til studentleiren ein gong stod. Dei blei sett opp kort tid etter studentleiren vart teke ned, og har no stått oppe i fleire månader. UiB vil truleg gjere det vanskelegare å organisere ein ny studentleir ved universitetet.

Fleire av appellane på demonstrasjonen fokuserte på hykleriet i at UiB er imot akademisk boikott på grunn av at dei har ikkje lyst å svekke akademisk fridom, når palestinarane sin akademiske fridom blir teke vekk frå dei gjennom apartheid og folkemord. Mange av appellane fordømte at UiB prioriterte profitt over palestinerne sin rett til å leve. Dette kom også tydeleg fram i slagorda som blei ropt, sånn som “UiB har blod henda!», «UiB hør, studenter i Gaza dør!» og “Stengte dører for krigsprofitører!”.

Ein av appellantane frå Aktivister for Palestina annonserte ein streik kampanje mot UiB og NTNU. I leserinnlegget forklarte dei at universiteta kun prioriterer profitt og derfor oppfordra dei studentar til å stryke på eksamen for å kutte i inntektene universiteta får av studentar som består eksamen. Dersom ikkje universiteta godtok kravet deira om å innføre akademisk boikott av Israel i løpet av dette semesteret, så ville dei fortsette og utvide kampanjen neste semester. 

Andre slagord som blei ropt var “Boikott Israel!”, “Ingen toleranse for folkemord!” og “Intifada Intifada, Long live the Intifada!”. Den pro-palestinske sangen Hind’s Hall av den amerikanske artisten Macklemore blei også spelt under demonstrasjonen.

Sidan den palestinske nasjonale motstanden sin motoffensiv den 7. oktober i fjor, så har imperialistane og institusjonane deira sine koplingar og støtte til apartheidstaten Israel blitt avslørt for verda. Forråtninga i norsk imperialisme blir stadig meir open og syneleg, når borgarlege institusjonar stadig veljer profitt over massane sine krav og kjensler. Imperialistane må ta i bruk meir repressjon og overvakning for å halde kontroll på massane og for å halde på makta si, men dette skaper berre meir motstand frå massane.

Les også: 

Bergen: Studenter blokkerer rektors kontor
Bergen: Studenter trapper opp blokade

Referanser:

UiB: Notat om akademisk boikott som virkemiddel

Khrono: Vil ikkje ta opp boikott sak opp på nytt

Khrono: Ingen akademisk boikott av Israel ved universitetet i Bergen


Kjære leser!

Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.

Related Topics
  • Bergen
  • Demonstrasjoner og markeringer
  • Palestina
Tjen Folket Media
© 2024 Tjen Folket Media

Input your search keywords and press Enter.