Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Igjen slår Sivilombodet alarm om bruken av isolasjon i Norske fengsel. Langvarig isolasjon reknast som tortur, og kortvarig kan forårsake både psykiske og fysiske skadar. Isolasjon nyttast hyppig og ofte som straff for åtferd som skuldast psykisk sjukdom.
Sivilombodet har sidan 2014 utført undersøkingar i norske fengsel for å kartleggje bruken av isolasjon. I 2019 slo dei alarm med ei særskilt melding til Stortinget om utolelege forhold i norske fengsel, der dei slo fast at bruken av isolasjon strid mot både norsk lov og internasjonale menneskerettar, og at menneske dermed påførast skadar i fengsel. «Særskilt melding» er Sivilombodet sitt sterkaste verkemiddel, og før denne meldinga vart send hadde dei allereie rapportert stor risiko for umenneskeleg behandling av innsette i norske fengsel. Kriminalomsorga hadde heller aldri følgd opp dei tidlegare rapportane om isolasjon.
I meldinga til Stortinget, rapporterer Sivilombodet at kvar fjerde innsette er innelåst på eiga celle i 16 timar eller meir i døgnet på kvardagar, og at omfanget er enda høgare i helgene. Den europeiske torturførebyggingskomiteen har tilrådd at innsette bør ha minst åtte timar utafor cella dagleg og drive med meiningsfull aktivitet. Noregs institusjon for menneskerettar føreslo i 2020 at dette skulle lovfestast, og at det norske lovverket dermed blir i tråd med torturførebyggingskomiteen sine tilrådingar.
Kriminalomsorga rapporterer sjølv ei årleg auke i bruken av isolasjon, og dette spesielt mot innsette som treng større psykiatrisk bistand. Ein rapport frå Trondheim fengsel, skildrar ei hending der ein innsett som nettopp hadde prøvd å ta sitt eiget liv, blei kleidd naken og kasta på isolasjonscelle. Han snakka ikkje norsk, og fekk heller ingen tolk da fengselspersonalet tok madrassen hans utan forklaring, etter at han hadde gøymd seg under den. Han blir liggjande på betonggolvet utan madrass i 17,5 timar. Seinare forsvarar fengselet hendinga med at dei ikkje hadde kontroll på han da han låg under madrassen etter som dei ikkje såg han. Sivilombodet sin besøksrapport skildrar dette, og kritiserer sterkt at isolasjon brukast som sjølvmordførebygging. Fengselet svarar at dette alltid blir gjort som absolutt siste utveg, sjølv om deira eigen rapport frå hendinga seier at den innsette vart kasta på cella minuttar etter sjølvmordsforsøket.
Denne rapporten er del av ei større undersøking som skal bli ei ny særskilt melding til Stortinget. Og denne gongen seier Sivilombodet at dei vil slå endå sterkare alarm. Dei rapporterer om store psykiske problem blant innsette som er forvirra, har dårleg korttidsminne, vanskar med å sova og fortel om sosial uro og angst.
For oftast er det dei med allereie psykiske vanskar som isolerast. Trondheim fengsel seier at 15 av 20 isolasjonar var grunngjeve med at den innsette ga uttrykk for sjølvmordstankar, sjølvskading eller direkte sjølvmordsforsøk. Sivilombodet har dokumentert fleire gongar at desse isolasjonane har skada innsette både fysisk og psykisk. Forholda har ikkje vorte betre, trass alle varsla frå ombodet.
Kriminalomsorga gjennomførte ei kartlegging i 2023 der dei ville finne ut korfor fengsel ikkje kan tilby innsette åtte timar utafor cella og korleis dette er kopla opp mot bruken av isolasjon. Dei slo fast at ein betydeleg del av bygningsmassen ikkje har tilstrekkelege areal for aktivisering og fellesskap. Vidare sett dei òg underbemanning som eit stort problem. Kriminalomsorga skriv at innsette rett og slett må isolerast fordi det ikkje er nok personale.
Isolasjon og lite eller ingen aktivisering og sosialisering er eit stort problem i norske fengsel. Innsette utsettast for torturliknande forhold under isolasjon, der dei bur 22 timar på eit rom med ein tynn madrass, hol i bakken som toalett og ei matluke nokre centimeter unna. Dei fleste innsette utsettast for dette, og mange fordi dei eigentleg treng akutt psykiatrisk hjelp. Dei blir altså straffa for å vera psykisk sjuke. Dei kastast på isolasjonscelle om dei blir for vanskelege for fengselspersonalet som korkje greier, eller er nok folk for å handtere slike lidande menneske. Stortinget har endra på lovverk, departementet har endra på normer og reglar, men når sjølv Kriminalomsorga seier at problemet er for dårlege og gamle fengselsbygg, for mange innsette per tilsett, så ser ein at problemet har ingenting å gjera med lovverk eller normer. Dyrtida og økonomisk krise har pregar den norske staten, og det er dei som allereie er nedst i samfunnet som blir råka hardast. Innsette blir gløymt i budsjetta, og dei med store psykiske problem, utviklar enda større problem. Dei blir sjukare, og når dei kjem tilbake til samfunnet, kjem dei seg ikkje i jobb og utdanning grunna djupe psykiske og ofte fysiske sår frå å ha sete i isolasjon i ofte opp til fleire år til saman. Mange held fram med å vera kriminelle, ut livet eller til dei sit i forvaring. Vi ser i dag at «velferdsstaten» ikkje er så viktig for politikarane å ta vare på som dei har sagt. Dei mest undertrykte i samfunnet straffast for å vera sjuke, inkludert innsette.
Referansar:
Johannes har sete fleire år i isolasjon i fengselet: – Det har både øydelagt og redda meg – NRK Vestland
Isolasjon i fengsel: Snittlengde på hel utelukkelse er 74 timer – Advokatbladet
Isolasjon i fengsel – nim.no
Særskilt melding til Stortinget om isolasjon i norske fengsler – sivilombudet.no
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.