Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Våre Danske kameratar i Røde Fane har rapportert frå ein fleire dagar lang protestleir for Palestina som organiserte blokade av Mærsk sitt hovudkvarter. Dei fortel om korleis blokaden vart angripen av politiet og om den danske staten si deltaking i folkemord.
Røde Fane skriv at protestleiren i København har vara sidan 21. februar. Leiren har blant anna arrangert ei rekkje demonstrasjonar for motstandskampen og hatt leirar ved Ungdomshuset. Dei seier vidare at leiren kulminerte den 24. februar i ein spontan blokade av Mærsk sitt hovudkvarter. Mærsk er eit internasjonal, men danskeigd, shipping- og handelsselskap med hovudkvarter i København. Kameratane fortel at selskapet har ei evigvarande avtale om våpentransport med det amerikanske tryggleiksdepartementet, ei såkalla «Indefinite Delivery/Indefinite Quantity»-avtale (IDIQ). På denne måten har Mærsk transportert tånnevis av våpen og anna krigsmateriale frå USA til Israel. Sånn har Mærsk og den danske staten vorte store profitørar på folkemordet, og er dermed direkte medskuldige.
Blokaden vart møtt av politiet som var tilkalla av Mærsk. Politiet haldt fram med å fjerne demonstrantane med grov vald: slag og spark, batongar, tåregass og hundar. I etterkant har borgarlege media forsøkt å svartmale blokaden ved å kalla han for «umeld», noko som sjølvsagt ikkje er ulovleg, og «valdeleg», noko protesten ikkje var. Han var derimot fredeleg og ytte ikkje vald sjølv da politiet gjekk til åtak. Bilde og videoar i den originale teksten visar kor valdeleg politiet var, sjølv om demonstrantane ikkje gjorde motstand mot arrestasjonar og oppløysing av blokkaden. Det meldast at 20 personar vart arresterte, og det er usikkert kor mange som vart såra.
Kameratane skriv vidare at politiet igjen har avslørt seg som imperialismen sin tenar. Det har blod på hendene og avslører igjen den danske staten sin klassekarakter som borgarleg og folkemordarisk.
Les også:
https://tjen-folket.no/2024/03/03/danmark-vapenindustrien-profitterer-pa-folkemordet-mot-palestinerne/
https://tjen-folket.no/2023/12/17/norske-selskaper-bruker-triks-for-a-selge-vapen-til-israel/
Referanse:
København: Politiet angriber pro-palæstinensisk blokade med knipler, hunde og tåregas! – Røde Fane
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.