Skrevet av en bidragsyter for TFM.
Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Før verdsmeisterskapet i ski gjekk av stabelen tidlegare i år i Trondheim, vart folket i byen og spesielt den lokale næringa lova folkefest, massiv inntening og god omsetting. Dette skjedde derimot ikkje, og samla gjekk faktisk inntekta til byen si næring ned samanlikna med sama periode i fjor.
La oss starte med hotella. Før VM såg fleire hotelldirektørar for deg stappfulle hotell under heile VM. I følgje Adresseavisen, såg desse direktørane for seg fullbooking og ingen ledige rom. Reisebyråleiar Marianne Reistveit sa til avisa at «vi hadde ikke trodd det skulle være ledige rom i Trondheim under et VM». Men sjølv om dei hadde desse store forventningane, så skjedde det motsette. Hotella var bortimot booka som på sama tid førre år, og den einaste grunnen for at dei kan seia at dei har auka innteninga, er fordi hotella reiste prisane med 70-80% under VM. Likevel, påstår direktørane at «det var bra besøk» og at «vi er fornøyde med jobben vi har gjort». Dei avdekkjer at dei har hatt mykje mindre inntening enn dei eigentleg ville, og Reistveit legg skulda på VM-organisasjonen ved å seia at dei promoterte for Finn og Airbnb.
Vidare gjekk det som forventa bra med utelivet og restaurantbransjen. Alkohol sel godt under soleis arrangement. Her gjekk dei opp 10,52% frå sama tid i fjor, i følgje Adresseavisen «VM-børs». Dette var ei nettside som viste total inntening i Trondheim under VM og samanlikna det med sama periode i fjor. I restaurantbransjen fortel mange at dei har gjort fleire nye omsettingsrekordar. Men lell her finst det òg negative opplevingar. Lunsjstadane som berre er opne på dagtid og dei små foodtruckane og andre små restaurantar som ikkje er kjedeeigde merka stor nedgang frå i fjor og møtte ein folketom by på dagen, for da var alle i Granåsen og såg på renna.
Men så kjem ein til den store taparen, og det er handelen. Her er tala frå Trondheim Torg og dei andre kjøpesentera klinkande klare: dei fall massivt i inntening. Senterleiar Jomar Asbøll skuldar på at det var for vanskeleg og få seg til sentrum under VM: «Media har hauset opp at det er umulig å komme til byen uten buss. Vi har aldri hatt så få biler i parkeringshuset som under VM». Fleire store gatar og vegar inn til sentrum var stengt under heile tilstellinga, og det var òg periodevis umogleg å få seg rundt i byen utan å gå massive omvegar. Det som vanlegvis er ein ekstremt god veke for desse sentera, altså under vinterferien som vart flytta grunne VM, vart eit mareritt for senterleiarane med ei total omsetting som var 18,84% lågare enn i fjor. Det som årleg skildrast som «den store kjøpefesten» vart ein strabasiøs veke for senterøkonomien.
Midtbyen Management som eig og driv Midtbyen, sentrum av Trondheim, rapporterer at talet besøkande i midtbyen gjekk opp. Dei visar til tala, men seier at besøkande gjekk ned på dagen, og massivt opp på kveldstid. Ein hadde store arrangement på Torget da alle sentera, butikkar og små restaurantar var stengde. Så i realiteten gjekk besøkjande ned. Vidare seier dei at omsettinga i handel og servering gjekk ned med 10,6% samanlikna med i fjor, og totalt har alt gått ned 9,02% frå i fjor. Kirsten Schultz i Midtbyen Management hentar det inn og seier at «alt kan ikke måles i penger». Men det er nettopp det det kan, og det er sånn kapitalismen ser verdi i noko. Vi ser at ski-VM i Trondheim langt i frå vart den folkefesten vi vart lovde. På dagen var midtbyen tom, med nedstengde telt der det eigentleg skulle vera aktivitetar og med små restaurantar og foodtruckar som måtte kaste maten sin fordi dei ikkje fekk seld det. «Folkefest» var det berre på kveldstid da alle var samla rundt scena som var konstruert på Torget før alle for heim, eller så gjekk dei ut og drakk.
Medan balubaet med «folkefest» og «ski-VM» dreiv på så bryt 20 av 55 skolar i Trondheim lova, og heile helse- og oppvekstsektoren i kommunen har stopp på å tilsette nye. Kommuneøkonomien er i ei krise. Dei har ikkje pengar til å ta vare på sjuke, gamle eller barn, men samtidig står ordføraren og syng av full hals på VM-scena utan å ense alvoret i situasjonen. Folk har byrja å bu på gatene i byen, mens bystyret heller vi bruke 1,2 milliardar kronar på noko som ikkje ein gong har fått bedriftene i byen til å gå i pluss. 1,2 milliardar kronar for «folkefest» berre for at restaurantar skulle stenge dørene og kaste mat. Kapitalismen er i krise, og dei svakaste merkar det først. Dei prøver å gje oss fest, sport og moro, mens massane i Noreg får verre og verre råd.
Les også:
https://tjen-folket.no/2025/02/24/trondheim-12-milliarder-pa-vm-varsler-kutt/
Kjelder:
20 av 55 skoler i Trondheim bryter lærernormen – Utdanningsnytt
VM-børsen – Adresseavisen(Bak betalingsmur)
Vi har aldri omsatt så mye – Adresseavisen(Bak betalingsmur)
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.