Tjen Folket Media
  • Nyheter
    • Krigen i Ukraina
    • Aktiviteter
    • Innenriks
    • Norden
    • Europa
    • Asia
    • Afrika
    • Nord-Amerika
    • Latin-Amerika
    • Midt-Østen
    • Internasjonalt
  • Film
  • Om oss
    • Om oss
    • Kontakt oss
  • Bidra
  • Teori
    • Revolusjonær teori fra Norge
    • Klassiske tekster
  • Lenker
    • Arkiv
    • Nettsider
  • English
Tjen Folket Media
Tjen Folket Media
  • Nyheter
    • Krigen i Ukraina
    • Aktiviteter
    • Innenriks
    • Norden
    • Europa
    • Asia
    • Afrika
    • Nord-Amerika
    • Latin-Amerika
    • Midt-Østen
    • Internasjonalt
  • Film
  • Om oss
    • Om oss
    • Kontakt oss
  • Bidra
  • Teori
    • Revolusjonær teori fra Norge
    • Klassiske tekster
  • Lenker
    • Arkiv
    • Nettsider
  • English
  • Innenriks

Bergen: Boligmangel for studentar held fram

  • 19. mai 2026

Av ein kommentator for Tjen Folket Media.

I Bergen er det stor etterspurnad etter studentboligar, men det går no mindre pengar til konstruksjon av studentboligar, og dei som blir bygd er av lavare kvalitet eller dyrare enn før.

Studentavisa, Studvest, rapportere at regjeringa skal tildele heile 1,3 milliarder til studentboligar i 2026, fordelt på 2000 tilskot over heile landet. Dette er 1000 mindre tilskot enn i fjor. Regjeringa forsvarar reduksjonen med at det den høge byggeaktiviteten i fjor gjer at det er mindre kapasitet til å starte bygginga av like mange nye studentboligar i år. Men kjem dagens tilbod til å være tilstrekkeleg?

I fjor var ventelistene på studentbolig i Bergen rekordlang, med 4500 studentar i kø. Studentskipnaden måtte for tredje år på rad sette opp midlertidige sovesalar for rundt 100 studenter som var framleis var i kø. Dette var 5 gongar så mange som i 2024. Samtidig har Bergen opplevd ei høg prisvekst på 8,9% på boligar ifølgje tal frå Eiendom Norge.

Salman Chaudry, student og SV-politikar, går ut i borgarleg media og seier at med så få leiligheitar tilgjengeleg og skyhøge prisar, så frykter han at mange av studentane som kjem til hausten vil slite med å få tak i ein plass å bu. I år er det rekordhøge søkartal for Bergen med rundt 21 000 studentar som har Bergen som førsteval, ifølge tala til

Samordna opptak. Chaudry avsluttar med å poengtere at det er sannsynleg at Studentskipnaden må ordne sovesalar i år og. Høgres gruppeleiar i bystyret, Chris Jørgen Rødland, bekreftar frykta, han seier at bystyret ikkje kan garantere at alle studentane som kjem til Bergen vil ha ein bustad i eller i nærleiken av Bergen sentrum ved studiestart.

Av studentboliger som er under bygging i dag i Bergen, så er det truleg få som blir ferdige til hausten i år. Det er 288 studentboligar frå Studentskipnaden, som skal bli ferdig til våren 2027 på Laksevåg Verft. Men desse er modulboliger som er konstruert for å vera flyttbare og meir midlertidige. Ein har også byggeprosjektet GMB Student som skal bygge rundt 300 studentboliger på Fjøsanger som skal vera klare til hausten 2027, men desse blir ein del dyrare enn Studentskipnaden sine boligar. 

Det har vore ei utvikling mot boligkrise i Noreg, med stor auking i bolig og leigeprisar. For studentar i Bergen så peikar situasjonen i dag mot at dei må velje mellom å bruke meir av inntekta si på leige dyrare boligar eller leige boligar med verre kvalitet. I tillegg vil eit uheldig mindretal ende opp på sovesal på starten av studietida.

Les også:

Vestlandet: Kraftig vekst i bolig- og leigeprisar
Økt boligmangel – Norge på vei mot boligkrise

Referanser:

Regjeringen tildeler 1,3 milliarder til studentboliger (studvest.no)

-Vi er i en litt annen økonomisk situasjon enn Sammen (studvest.no)

Her vil de ha 288 studentboliger (studvest.no)

Slår alarm om boligkrise for nye studenter – Nå fins det ikke nok tak i denne byen (ba.no)


Kjære leser!

Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.

Related Topics
  • Bergen
  • Byggebransjen
Tjen Folket Media
© 2024 Tjen Folket Media

Input your search keywords and press Enter.