Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Selskapet Bertelsen & Garpestad har gått konkurs og dratt med seg fleire andre samarbeidspartnerar og dotterselskap. Fleire pågåande veg- og tunnelprosjekt står no stille.
4. mars i år slo selskapet Bertelsen & Garpestad seg konkurs. Selskapet hadde fleire prosjekt pågang; E8 i Troms, Blindheim-Flisnes i Ålesund samt fleire prosjekt på Vestlandet. Selskapet hadde også Go Green-prosjektet, eit miljø prosjekt saman med fleire offentlege aktørar. Over 400 tilsette har mista jobben, og det kan ta tid før dei får uteståande penger. Sivilombodet har fått fleire klagar for lang saksbehandlingstid, opp til 15 månadar.
I løpet av våren har fleire selskap i konsernet lidt same skjebne. Sverre Garpestad, tidlegare styreleiar for selskapet, hadde eigarandel i mange selskap, og no er ti av dei konkurs, ifølgje Brønnøysundregisteret. Gjennom holdningsselskapet B&G Anlegg Holdning så har fire dotterselskap gått i konkurs. Inkludert i dei fire er sjølve Bertelsen & Garpestad og selskapa B&GVest og B&G Stein. I etterkant har også B&G Eiendom gått konkurs.
Konkursen har også påverka andre selskap utanfor konsernet, sånn som Aker Solutions og Skuffe23 AS. Dagleg leiar i det sistnemnte entreprenørselskapet har sagt at Skuffe23 gjekk konkurs som ein direkte følgje av konkursen i Bertelsen & Garpestad.
Bertelsen & Garpestad var også involvert i fleire rettssaker før konkursen. Ein der dei krevde 300 millionar frå Statens vegvesen og ein anna mot ein underentreprenør. Bertelsen & Garpestad tapte begge sakane, og måtte dekka både dagmulkt og sakskostnader i den førstnemte. I starten av mai blei det levert krav mot selskapet på totalt 3,2 milliarder kroner på grunn av konkursen, frå totalt 752 aktører.
Fleire store selskap har gått konkurs i byggebransjen dei siste åra, og bransjen har slitt sidan korona-pandemien og verker som det framleis er krise. Det er ein tendens at krisene i kapitalismen blir stadig djupare og at det blir vanskelegare og vanskelegare for kapitalistane å komme seg ut av dei.
Les også:
Referanser:
Konkurs med 76 millioner i gjeld (nettavisen.no)
Maskinar frå fjære til fjells etter gigantkonkurs (nrk.no)
Aftenbladet: 3,2 milliarder mot konkursmeldte Bertelsen & Garpestad (nrk.no)
Ny konkurs i Bertelsen & Garpestad-gruppen (at.no)
Konkurs etter milliontap: – Kunden betalte aldri (radioh.no)
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.