Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Aukande leigeprisar på privatmarknaden og mangel på byggeprojsekt generelt har ført til at nesten 14 000 studentar står i bustadkø etter studiestart. Dette auker presset på bustadmarknaden generelt, der det no er stor bustadmangel og aukte leigeprisar.
Sjølv om studiar ved høgare utdanning har no offisielt byrja så er det framleis 13 758 studentar som står framleis i bustadkø. Dette er både ein auking på 1 333 frå i fjor og ein totalrekord på mengde studentar i bustadkø. Problema i studentbustad marknaden er hovudsakleg knytta saman med den forverrande krisa i den norske bustadmarknaden. Dei fleste studentbyane i Noreg har kun nok studentbustadar til rundt 15%-20% av studentmassen. Så majoriteten av studentar må gå ut på det privatmarknaden.
Det er for tida stor mangel på bustadar generelt. Prisane på leigemarknaden auker og det er stor mangel på bustadar. Det at ein større del av studentane no blir pressa ut på det private marknaden bidrar til den utviklinga.
På grunn av sterk auking av i leieprisar dei siste åra og mangel på tilstrekkeleg konstruksjon av nye bustadar, så blir mange studentar pressa ut av leigemarknaden. Desse problema har også gått utover kvaliteten på korleis bustad prosjekt som blir bygd i dag.
I Bergen har 88 brakker blitt sett opp til studiestart i år. Dei er på 9 kvadratmeter og har kun to kjøkken delt på 44 personar med tilgang til kvart kjøkken. Studentsamskipnad Sammen, som står bak brakkeprosjektet, vurdere å bygge fleire brakker. Men brakkebyen var i utgangspunktet midlertidleg og skulle eigentleg berre stå oppe i to år.
Les også:
Referansar:
Marius (20) starter studentlivet i en brakke: – Føler meg veldig heldig (nrk.no)
Over 13.000 studenter i boligkø, samtidig blir leiemarkedet dyrere (nrk.no)
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.