Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Lønnsoppgjeret i staten er i gang og partane har fram til 30. mai på å kome til einigheit. Skjer ikkje dette, og mekling ikkje fører fram, kan det bli streik frå 24. mai. VG skriv om eit historisk skifte i forhandlingane etter som UNIO bryt med LO Stat i forhandlingane og søker samarbeide med fagforeininga Akademikarane.
Akademikarane, eit forbund av høgskule- og universitetsutdanna, braut tradisjonen for felles forhandlingar med LO i 2016, og har sidan framforhandla eigne avtalar. UNIO Stat, som også organiserar mange med universitets- og høgskoleutdanning, meiner deira medlemmar har fått for lite lønnsauke i forhold til yrkesgrupper utan høgare utdanning, og høgt utdanna tilsette i privat sektor. Dei er meir opne for lønnsforhandlingar på den enkelte arbeidsstaden, altså mer lokale lønnsforhandlingar. Dette er ei ordning Akademikarane sluttar opp om, medan LO ønsker sentrale lønnsoppgjer.
Fleire fagforeningsleiarar og aktivistar i LO seier at lokale lønnsforhandlingar også påverkar streikeretten, etter som ein kun kan gå til streik på bakgrunn av sentrale rammeavtalar, og ikkje over ueinigheit om den faktiske lønna, framforhandla på arbeidsstaden. LO er i år særleg opptatt av at alle grupper i skal løftast, ikkje berre enkelte. Dei trekk fram at det særleg er dei lågtlønna som råkast av krisa vi er inne i, og dei fryktar at mange tilsette innan det offentlege, som lærarar og sjukepleiarar, får svekka streikerett når UNIO vil overlate meir av forhandlingane til lokale oppgjer.
TFM har skrive om dette tidlegare:
Leiaren for Akademikarane Stat skriv at dei er opptatte av skilnadene mellom tilsette i offentleg- og privat sektor er 30% for enkelte grupper, og at lønna er den fremste årsaken til at medlemma deira ønsker å slutte i offentlege stillingar. Dersom UNIO og Akademikarane går saman blir dei den største parten i lønnsoppgjeret. Endringa får også konsekvensar for lønnsoppgjeret til dei uorganiserte.
Dette har fram til no fulgt oppgjeret til den største parten, noko som UNIO og Akademikarane seier dei forventar vil halde fram, men det er ikkje opplagt at det blir slik i følge leiaren for YS, som framleis forhandlar saman med LO. Han er ikkje overraska, men seier at bruddet vil splitta fagrørsla ytterlegare. Frå LO-hald uttrykkast det derimot overrasking, sjølv om leiar for Norsk Tjenestemannslag innrømmer at til dømes førstekonsulentar, ein stillingstittel mange kvinner innen offentleg administrasjon har, har hatt lite uttelling i dei siste lønnsoppgjera.
Referansar
VG: Statsoppgjøret: Historisk skifte
Fri fagbevegelse: Derfor bryter Unio samarbeidet med LO Stat
Fri fagbevegelse: Slik reagerer LO Stat på Unio-exiten
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.