Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Kameratane våre i Punalippu skriv om 1. maimarkeringar i Helsinki og Tampere prega av solidaritet med Palestina, kamp mot fascistar og borgarlege parti og fagforeiningar.
I vekene før 1. mai hengte aktivistar opp plakatar rundt om i finske byar for 1. mai, antiimperialisme og solidaritet med Palestina. Plakatane fremma hovudbodskapa «Fram for ein revolusjonær 1. mai!» og «Fram for ein antiimperialistisk 1. mai!». Aktivistar har òg delt ut flygeblad for revolusjonær kamp mot staten med blant anna ein tekst om sentralfagforeininga si kapitulasjon og avslutting av den politiske streiken mot innskrenking av streikeretten og velferdskutt. Dei delte samstundes ut andre flygeblad for Palestina, ein internasjonalistisk 1. mai og mot rasisme og fascisme.
Sjølve 1. mai var ein kjempande dag, med store demonstrasjonar, tog og markeringar mot fascisme og for dei 2700 partisanane som leid martyrdauden under den finske sosialistiske revolusjonen i 1918.
I Helsinki var 1. maitoget organisert av sentralfagforeininga, det sosialdemokratiske partiet SDP og Venstrealliansen (noko tilsvarande SV, vår merknad). Marsjen bruste over av kjempande entusiasme for Palestina, sjølv om arrangørane ga null plass til saka i paraden eller blant appellane, men heller valte å fokusere heilt på valkampen til SDP og snevre nasjonale problem.
1. maitog i Helsinki
Revolusjonære aktivistar i toget bar palestinske- og raude flagg med hammar og sigd. Dei ropte klare slagord som «From the river to the sea, Palestine will be free!», «Lenge leve Internasjonalt Kommunistisk Forbund!», «Daud over imperialismen!» og «Ned med staten!». Massar som gjekk med dei, vart med på mange av slagorda, og aktivistane delte ut veldig mange flygeblad. Kameratane endte dagen ved partisanmonumentet i Helsinki kor dei song revolusjonære songar og høyrte ei tale om dagens situasjon. Dei rapporterer at dagen var vellykka og ein siger, utan represjon fra politiet eller reaksjonen.
I Tampere starta revolusjonære aktivistar 1. mai med å hengje opp plakatar til støtte for den pågåande folkekrigen i India. Etter dette, gjekk dei til det offisielle arrangementet arrangert av sentralfagforeininga. Der delte dei ut 1. maierklæringa fra Internasjonalt Kommunistisk Forbund til massane. Dei vart godt tekne imot, og sjølv om dagen var travel, fekk dei snakka med folk om IKF og erklæringa.
Etter å ha delt ut flygeblad og erklæringa, deltok aktivistane i 1. maitoget. Dei leida den antiimperialistiske blokka, som var desidert den største, og presiserte kor riktig den palestinske væpna motstandskampen er. Slagorda dei ropte, engasjerte massane som både gjekk med dei, men òg dei som såg på. Mange fra fortauga slutta seg til aktivistane og marsjerte med. Slagorda var dei som allereie er nemnd, men òg fleire: «Ned med imperialisme – ned med sionisme!», «Lenge leve den palestinske frigjeringskampen», «Israel er terrorist» og «Ingen to statar – eitt fritt Palestina!». Dei ropte òg slagord for folkekrigane i Peru, Filippinane, India og Tyrkia, som engasjerte mange palestinaaktivistar og andre massar som gjekk med.
Etter toget tala venstrealliansepolitikaren Li Andersson om partiet hennar sin valkamp til europaparlamentet. Li Andersson har før sagt at Israel har rett til å forsvare seg, at Israel har rett på mykje av landet i Palestina, og at tostatsløysinga opnar opp for lovleg okkupasjon – eller «sjølvforsvar» som ho seier. Tala hennar vart møtt av palestinaaktivistar med slagord for Palestina og mot sionisme.
Etter den offisielle markeringa, arrangerte fascistane i «Blå-og-Svart-Rørsla» (SML) ein liten marsj for ein «kvit 1. mai». Marsjen føregår vanlegvis kvart år, og i år var det eit rekordlite tal med fascistar. Derimot, var motdemonstrasjonen massiv og entusiastisk! Det vart ropt slagord som «Daud over fascismen – fridom til folket!» og «Ingen nazistar i Tampere!». Rapporten fra motdemonstrasjonen seier at fascistane sto bak ein stor politieskorte og unngjekk augekontakt med motdemonstrantane medan dei åt kaker i telta sine.
Dagen i Tampere endte med ei gruppe revolusjonære aktivistar som samla seg ved gravmonumentet i Kalevankanka til partisanane som fall i 1918. Der sto dei æresvakt, medan dei ropte slagorda «Lenge leve proletarisk internasjonalisme!», «Lenge leve den proletariske verdsrevolusjonen!» og «Rekonstituer Finlands Kommunistiske Parti!».
Les også:
Referansar:
TRE: Julisteita vapuksi – Punalippu
HKI: Aktioita ennen vappua – Punalippu
HKI: Vappu 2024 – Punalippu
TRE: Vappu 2024 – Punalippu
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.