Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Våre finske kameratar i Punalippu (Raude Fane) rapporterer frå Helsinki at politiet storma og braut opp demonstrasjonsleiren for Palestina ved Helsingforsuniversitetet.
Natt til torsdag braut politiet i Helsinki opp ein demonstrasjonsleir for Palestina ved Helsingforsuniversitetet, som ligg heilt sentralt i Helsinki. Leiren, med folk døgnet rundt i seks veker, møtte sin midlertidige ende, men ikkje utan kamp og motstand.
Måndag og tysdag denne veka, sende universitetet eit ultimatum til leiren. Der sa dei at heile leiren anten måtte fjerne seg fra eigedomen, eller bli fjerna av politiet. At leiren sakte men sikkert utvikla seg vart til slutt så pinleg for universitetsleiinga, at dei i staden for å avslutte sin støtte til eit pågåande folkemord, heller sende politiet på fredfulle demonstrantar og studentar. Dei brukte blant anna det at leiren hadde sådd gulrøter i blomsterbeda og at dei hadde demonstrert mot den finske veterandagen som unnskyldningar for å tvinge deira eigne studentar vekk frå universitetet.
Demonstrasjonsleiren hadde tre mål. Desse var at universitetet måtte avbryte alle utvekslingsavtaler og akademisk samarbeid med universitet i Israel, og at universitetet måtte gjere alle investeringar i israelske selskap kjent.
Aktivistane og demonstrantane ved leiren ga ikkje opp utan kamp. Om natta kom politiet med store panserbilar og fleire patruljar for å storme leiren. Fleire hundre som opprinneleg ikkje var med i leiren møtte opp for å demonstrere med dei som er mot folkemord. På motsett side venta politiet til seint på natta, da folk hadde gått til sengs i leiren eller fare heim, før dei gjekk til åtak på leiren. Politiet greidde så vidt å få tak i ein demonstrant, men dei andre demonstrantane klarte å få vedkomande ut av hendene til politiet før dei fekk til å arrestere.
Studentforeininga for Palestina ved Helsingforsuniversitetet kunngjorde torsdag ettermiddag, berre nokre få timar etter politirazziaen, at dei vil halde fram demonstrasjonen, og dei samla seg på ny ved universitetet torsdag kveld, kor dei planlegg ein ny og større demonstrasjonsleir.
Helsingforsuniversitetet viser heilt klart kva side dei står på i folkemordet. Leiinga og rektor har ikkje sagt seg villige til å i det heile møte demonstrantane for å snakke saman, men sender mykje heller politiet på den fredelege leiren. Dei går heller for politirepresjon for framleis å samarbeide med folkemordstaten Israel. Samstundes viser den finske imperialismen at han er redd for massanes slagkraft og at han vil gjera alt for å klamre seg fast. Den hyklerske sosialimperialisten smilar til verda som det lykkelegaste landet medan dei sender politi etter fredelege studentar midt i nattas mulm og mørke for å tiltrekkje seg så lite merksemd som mogleg.
Referanse:
Poliisi hajotti Helsingin yliopiston Palestiina-leirin yön turvin – Punalippu
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.