Våre svenske kameratar i Kommunisten.nu har skeive om eit terroråtak mot ein demonstrasjon for Palestina, om politivald og tortur mot palestinaaktivistar. Her er ei oppsummering av saka.
Nettstaden skriv at den 10. august i år vart eit terroråtak utført mot ein demonstrasjon for Palestina. 68 år gamle Bo Ekström var på veg til ein restaurant i bil da han såg demonstrasjonen. Han bestemte seg for å køyre inn i toget, noko han gjorde to gonger før aktivistar klarte å jaga han vekk frå staden. Totalt 30 personar vart påkøyrde. Det tok politiet 15-20 minutt før dei kom, til tross for at stasjonen var i gangavstand. Politiet varetektsfengsla terroristen, men byrja etterpå automatisk å forsvare han, og malar eit bilde av at det var ei ulukke. Jourhavande etterforskingsleiar sa at det var ingenting som tyda på at han ville køyre over folk med vilje. I etterkant kan ein lese meldingar Ekström la ut på X ein månad før han utførte terrorhandlinga, der han seier at palestinarar er best daude, at dei er ekle og terroristar og at den einaste vegen til fred er ved å drepe alle palestinarar.
Politiet treng imidlertidig ikkje rasistiske gubbar til å trakasserer og terrorisere palestinaktivistar, dei klarar det heilt fint på eiga hand. For kommunisten.nu skriv vidare om politiets handtering av dei mange palestinaleirane på universita i Sverige. Den 29. mai i år informerte politiet okkupantane ved universitetet i Lund om at dei måtte fjerne seg, fordi nokre kanonar skulle bli avfyrt i høve ein doktorgradsseremoni. Okkupantane nekta å røyre på seg, og politiet gjekk så til åtak. Folk vart slegne og kasta i bakken og fleire blei skadd. Det tok 40-50 minutt før ambulanse kom fram, og ein paramedisinar som prøvde å hjelpe skadde aktivistar vart sjølv gripen av politiet under påskot av at hen kasta ei glasflaske. Dette kunne i ettertid motbevisast med lde, men borgarlege avisar brukte det sjølvsagt som ei unnskulding for politiet sin valdsbruk. 40 personar vart arresterte og tre vart sikta.
Som den 29. mai, vart 1. juni òg ein dag med politivald mot palestinaaktivistar. Under ein demonstrasjon, igjen i Lund, vart ein demonstrant kidnappa av politiet. Ho gjekk baklengs mot ein politibil, og hald avstand frå demonstrasjonen. Ho forstyrra ikkje politiet, men da ho kom til fortauget kom fleire politifolk bak ho frå politivarebilen og ho bliei kasta inn i bilen før dei køyrde frå staden, alt i laupet av nokre få sekund. Politiet kom med allslags unnskuldingar som at ho nekta å bevege seg vekk frå politibilen og blokkerte vegen, og at aktivisten hadde narkotika på seg. Alt kunne i etterkant motbevisast, og bilde viser det svenske politiet som kidnappar ein uskuldig og fredeleg demonstrant. Den sama dagen i Stockholm, gjekk politiet til åtak mot ein palestinademonstrasjon ved Kungliga Tekniska Högskolan med hundar både med og utan munnkorg. Fleire studentar ved universitetet fekk kutt- og bittskadar av hundane. Politiet forsvara valdsbruken med at demonstrantane «ropte og skreik».
Etter pågripingane i Lund, har fleire demonstrantar fortalt om torturforhold på glattcella. 20 av dei vart helde på isolasjonscelle heilt nakne i 10 gradar. På veggane var det smurt avføring og politiet kravde avhøyr av dei utan advokat. Dei truga òg med «smertestimulering» for å få informasjon om andre aktivistar. Det vart nekta mat fram til dei gjekk med på avhøyr. Ein mista medviten på cella, men vart nekta helsehjelp. Nokre av desse 20 vart heldt på denne måten utan korkje sikting eller dom i to heile veker.
Les også:
Referanse:
Terrorattentat, polisvåld och tortyr mot palestinarörelsen – kommunisten.nu
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.